Olav Riste - Volda vidaregåande skule

Download Report

Transcript Olav Riste - Volda vidaregåande skule

Mannen bak landsgymnaset i Volda
Olav Riste
− Fødd i Volda i 1884
− Cand.philol i 1912
− Kjøpte i 1910 saman med J.F. Voss den
gamle mellomskulen i Volda
− Tok i 1912 til som lærar og styrar på Volda
private mellomskule og gymnas
− Sat som rektor for Volda landsgymnas fram
til 1954
− Døydde i 1967
Olav Riste vart fødd i Volda i 1884 av foreldre Per Riste og Synnøve Aarflot, som
begge to har sett djupe merke etter seg i den vestlandske kultursoga. Då Olav vart fødd,
hadde foreldra nett flytt til Rotset og busett seg i Ristegarden. Olav var odelsgut, og
faren ville nok helst at eldstesonen skulle ta garden, gå seminaret og bli lærar i
heimbygda, som han sjølv. I eit slikt opplegg var mellomskulen grei å ta med seg, og
han låg dessutan lagleg til i Volda. Meir strev vart det å få godkjent at han hadde skrive
stil på nynorsk til mellomskuleeksamen.
Etter mellomskuletida arbeidde Olav ein god del på heimegarden. Dette meinte han
seinare var til stort gagn for han "so seint utvikla og lite sterk som eg då var kroppsleg".
Det store spranget
Etter eit års omrømingstid tok han i 1903 det store spranget og drog til Hambros
gymnas i Bergen. Faren vog sterkt på dette, men Rasmus Steinsvik i Kristiania meinte at
det var ikkje noko å tvile på: "Du må lata Leiven [Olav] gå studeringsvegen. Me treng
norske embetsmennar, og den akademiske daninga kjem me ikkje utanom."
Far hans følgde Olav til Bergen og rekte han handa til avskil med orda: "Du veit kva
mor mi sa til meg, og du veit kva dine forfedrar har hatt å leva etter." Dette gløymde
sonen aldri.
Han kasta seg over bøkene med grådig hug, hoppa over første klasse og tok artium på
latinlinja i "dette merkelege året" 1905.
Olav Riste var ein rett vaksen student då han kom til Kristiania hausten 1905 for å
studere. Han melde seg inn i Studentmållaget, som var ein svært viktig møteplass for
bondestudentane i tigerstaden.
Studentmållag og Pønskarlag
Innanfor Studentmållaget felte det seg ut ei mindre gruppe av aktive målmenn,
"Pønskarlaget", dei kalla. Etter tur møttest dei på studenthyblar kringom i byen, og det
skifte med vitskapleg ordskifte, gaman og fest. For kvart dansk-norsk ord som vart
brukt, laut dei bøte med to øre i mulkt − som gjekk til øl!
Det var ikkje akkurat smågutar Olav trefte og vart godvener med i dette laget: Arne
Bergsgård, J.Fr. Voss, Knut Liestøl, Didrik Arup Seip, Olav Midttun, Sjur Bøyum, Nils
Trædal ...
Riste hugsa godt første innsteget. Det var eit sant symposion, sa han, der gleda stod høgt
under taket, så endå den alvorsame setesdølen Knut Liestøl måtte leite opp gamle
stubbar og "kveda". Saman med ulsteiningen og realfagsstudenten Olav Hatlemark heldt
Riste seg elles mykje saman med sambygdingen Rasmus Steinsvik, som var landskjend
bladstyrar i målavisa Den 17de Mai.
Striden om fristaten
Hausten 1905 stod den store striden om statsforma i Noreg. Målstudentane heldt alle
som ein på det dei kalla fristaten, altså republikken. Spørsmålet skulle avgjerast ved ei
folkerøysting i november. Regjeringa Michelsen sende ut eit opprop om å halde fast ved
kongedømet og røyste "Ja". Republikanarane svara med eit landsopprop der bodskapen
var eit like klart "Nei".
Studentmållaget vart eit samlingspunkt i kampen for republikken. Frå 13. oktober til 12.
november agiterte målstudentane i kvar sine krinsar, medan Midttun og Hatlemark
styrde agitasjonssentralen i Øvre Slottsgate.
Haustsemesteret 1905 ofra Olav Riste seg heilt for republikken. Men sidan "voni um
republikken brast, måtte eg som dei fleste republikanarar (sume rømde nok frå
tigerstaden for godt) taka alvoret fatt og studera".
Studium og embetseksamen
Riste valde filologien. Det fall liksom av seg sjølv. Ikkje av di han hadde tenkt å bli
lærar, men av rein interesse for sjølve filologien. Riste meinte i ettertid at studietida
gjekk rasande fort, men det tok då sine samfulle sju år.
Av professorane nemnde han Sophus Bugge i starten, og seinare Marius Hægstad,
Hjalmar Falk og særleg Gerhard Gran. Rettleiaren hans til hovudfaget var den
namngjetne folkeminnegranskaren Moltke Moe. Riste fortalde at han samrødde med
professoren mang ei natt. Moltke Moe hadde "i sanning eit kongeleg hjarte og hjelpte
meg meir enn nokon annan".
I 1912 tok Riste embetseksamen med hovudoppgåva om "Fredagsvessen", ei gammal
katolsk bøn med runeinnskrifter frå Sunnmøre.
Ein studentskule for bygdeungdom
Gjennom fleire år hadde Arne Garborg og Rasmus Steinsvik og andre agitert for tanken
om særskilde studentskular for bygdeungdom. I 1910 greip målstudentane J.F. Voss og
Olav Riste den historiske sjansen og kjøpte mellomskulen i Volda. Sambygdingen
Marius Schjelderup i Kristiania hjelpte til med finansieringa.
Møre melde om kjøpet i mars 1910 og kunne fortelje at dei to unge eigarane ville prøve
å få skulen over på heilnorsk grunn. "Dei tenkjer å reise ein studentskule på denne
midskulen. Og her er dei inne på ei landssak av rang."
Ja, det skal vere visst. Etableringa av Volda private mellomskule og gymnas vart eit
tidarvende for både Volda og Sunnmøre, ja, for så vidt for heile landet òg.
Landsgymnaset er nemleg ein særeigen norsk konstruksjon, utan førebilete eller
parallellar.
Riste og Voss drog etter kvart med seg ein del målvener som lærarar til Volda, til dømes
den seinare så vidkjende historieprofessor Arne Bergsgård. Hatlemark vart òg med eit
års tid, før han drog til Ålesund og Søndmørsposten som journalist.
Filolog og ikkje diplomat
Då Riste var ferdig kandidat i 1912, måtte han utan vidare ta til som lærar og styrar ved
den nye Volda-skulen. Dette var både til godt og vondt, sa han seinare. Godt fordi han
no fekk flytte heim att, ta farsgarden og reise sin eigen skule i ånda til sine allgilde
forfedrar. Og kanskje mindre godt fordi læreåra hans i skulen helst burde ha vore på ein
annan stad enn i heimbygda. Endå Riste var lokalpatriot som få, hadde han alle dagar eit
tvisynt forhold til heimbygda, som han ein stad nemner som "den tronge, dømesjuke
bygdi". Han meinte sjølv at han var fødd med tvisynet i voggegåve, og at han laut
dragast med det.
Riste var ein skarpskoren filolog og slett ingen diplomat. Han gjekk rett på sak, ofte
uvyrden og kvass i replikken. På sin endeframme måte meinte Riste at det berre fekk
våge seg. Og sambygdingane kunne ikkje anna enn like den bramfrie skulemannen som
kalla seg bonde og skogreisar, og som brukte hesten som køyredoning.
Giftarmål og kulturelt midtpunkt
I 1916 vart han gift med farmasøyt Bergliot Meidell frå Selbu. Ho vart ein heilt
uvurderleg støttespelar, både i heim og skuleliv. I deira tid heldt Ristegarden fram med å
vere ein kulturell midtstad i Volda og heile regionen. Kunstnarar og intellektuelle
utanfrå visste alltid å finne fram til Ristegarden når dei var på innsteg i Volda. Det galdt
til dømes personar som Arne Garborg, Dagfin Werenskiold, Hugo Lous Mohr og
Arnestein Arneberg. Mohr var i Volda då den gamle kyrkja brann ned våren 1929, og
han var den første som gjekk inn for å reise ei ny kyrkje i stein. Mohr fekk varm støtte
av Olav Riste, som kom inn i byggjenemnda som talsmann for "dei unge" og
"steinmennene".
Grøndalsbrev og utanlandsferder
Ved sida av rektorgjerninga heldt Riste fram med forfattarskapen og granskingsarbeidet
sitt. I 1916 publiserte han i Syn og Segn eit standardarbeid om primstaven. Som
mangeårig formann i Volda Sogelag gav han ut ei rad årsskrift, der han presenterte stort
opplagde artiklar om Volda i farne tider. Fleire av artiklane hadde eit biografisk tilsnitt;
det gjeld til dømes viktige arbeid om Hans Strøm og Sivert Aarflot. Riste hadde ein
herleg driv med pennen, og var nok betre skriftleg enn munnleg.
Utanom skulen, bøkene, jorda og skogen var Riste ikkje minst ein frilufts- og
idrottsmann. Han hadde ei hytte på fjellet i Grøndalen i Austefjorden. Der kunne han
vere i dagevis og vandre i fjellet og drøyme og filosofere. −Det er i grunnen min høgste
og einaste passion, skreiv han ein gong.
Han gjorde to større studieferder til utlandet med offentleg stipend. Den første ferda var
i 1920 til Frankrike og Italia, den andre til Tyskland og attende over Praha og Wien.
Sommaren 1928 var han med på det som vart kalla Norrønaferdi til Færøyane,
Orknøyane, Hjaltland og Island. Desse ferdene hadde han mykje gagn og glede av. Eit
utval av reisebreva vart utgjevne i 1957 under tittelen Grøndalsbrev og nokre gamle
minne frå utanlandsferder.
Riste som bladmann
Eit kapittel for seg er Riste som bladmann, hans mesta uteljande artiklar og innkast i
aviser og blad, også i hovudstadspressa. Eit av dei aller siste stykka han skreiv, heitte
"Har menneskja ei framtid?". Riste syner her igjen og for siste gongen sin radikale og
demokratiske grunnhått, noko han hadde fått med morsmjølka, og som han var trufast
mot heile sitt lange liv. Han viste til trongen vi har i oss til å realisere fridom, sanning
og kjærleik som det høgste, i vissa om at vi alle som menneske har ein part av
allheimskrafta i oss. Kan noko vere meir typisk Olav Riste enn desse orda: "Hugs
dykkar humanity, mannemilde og gløym resten!"
Frå 1917 hadde Olav Riste hovudansvaret for Volda landsgymnas som eigar og rektor,
inntil han i 1954 gjekk av for aldersgrensa. Eit portrett av han er måla av venen Hugo
Lous Mohr.
Olav Riste døydde i 1967.
Av Jostein Nerbøvik
Portrettet stod i "100 år, 100 navn", utgjeven av Sunnmørsposten Forlag 2000.
Attgjeve med løyve frå Ellen Kristvik og Sunnmørsposten.