Årsmelding for Vågen bedehus

Download Report

Transcript Årsmelding for Vågen bedehus

Årsmelding for
Vågen bedehus - 2014
VISJON FOR BEDEHUSET
Levande Kristustru - inkluderande
fellesskap.
Saman vil vi byggja fellesskap der
Guds storverk blir forkynt, menneske
møter Jesus og blir utfordra til teneste.
Årsmøte for 2013 vart halde på Vågen bedehus søndag 22. jan. 2014.
Siv Heidi Eidsheim hadde andakt.
Styret:
Lars Fjelltveit
Oskar Feed
Eivind Hetland
Ragnhild Thorsen
leiar
nestleiar
styremedlem
kasserar
Inger E. Koch
Berit Ølfarnes
Arne Borgemyr
Karl Einar Tvedt
sekretær
1. varamedlem
2. varamedlem
3. varamedlem
Jan Børge Landro og Leiv Karsten Medhaug vart attvalde som revisorar.
Inger Elisabeth Koch har permisjon frå styret frå august 2014 til august 2015.
Styret har i 2014 hatt 11 styremøte og handsama 68 saker.
Internett.
Vågen bedehus har si eiga internettside med denne adr. www.vaagenbedehus.no og anonnserar på
Facebook.
MØTEVERKSEMD:
A) Møteverksemd
Det har i vår og haust vore arrangert møter og møteveke med god oppslutning. Styret har etter
forslag frå årsmøtet 2013 fordelt ansvar for møter over på forskjellege foreiningar og
organisasjonar. Styret synest dette har vore ein god løysing for å avlasta styret og for å skapa eit
godt samarbeid. Styret jobbar framleis med korleis ein best mogleg løyser korleis ein skal få
denne kabalen til å gå opp.
B) Bønemøte
Det har vore bønnemøte nesten kvar onsdag med noko varierande frammøte. Styret vil halde fram
med regelmessige bønnemøte og håpar fleire finn høve til å delta på dette.
C) Opningshelga
Dette året var det Kjell Haaland frå Stord som var talar. Det blei ei flott helg med god forkynning
og godt frammøte.
D) Basarar
Det har vore dei same basarane som tidlegere år: Bedehusbasar, Sjømannsmisjonen, Indremisjonen, Enig og tro (NLM) og Daniel.
E) Julefest
Familiefesten var 4. juledag. Elisabeth Fauskanger hadde andakt. Fullt hus og ein fin fest.
F) Søndagskaffi
Det har vore godt oppmøte på dette, og dette er ein fin arena for å ta med seg vener og naboar.
Styret vil oppfordre til å nytte desse samlingane til å få med seg fleire til bedehuset.
G) 17.-maifest
Tidlegere sokneprest Trygve Sandvik var talar. Det var ein fin fest, med om lag 35 frammøtte.
H) Arbeidet
Det er mange som gjer eit fantastisk arbeid i og for bedehuset. Vi opplever at det oftast er lett å be
folk, men vi trur og at er trong for ennå større og breiare engasjement for å kunna realisera nytt
bedehus i bygda.
I) Fellesmøter
Det blei arrangert fellesmøter i Ølen kyrkje 28.10-9.11. Dette blei to flotte veker, med godt
oppmøte og god forkynning.
JULEMESSA
Styret uttrykkjer ein stor takk til dei som jobbar med julemessa. Eit nytt fantastisk resultat på brutto
kroner 266 271,-. Veldig godt oppmøte, mange positive tilbakemeldingar og flott andakt og song.
BYGNING OG UTSTYR
I år har vi gjort nokre innkjøp til bedehuset. Lydanlegget har blitt oppgradert, og vi fekk ei øyremerka
gåve på 10. 000 kroner til dette. Det er installert internett med trådlaust nettverk. Nye bord m/tralle er
kjøpt inn. Varmepumpe er montert i litlesalen. Stor takk til alle som er med på å halda huset reint og i
stand.
BARNE OG UNGDOMSARBEID
Det har vore eit svært godt arbeid også dette året. Takk til alle som er med som leiarar i dette viktige
arbeidet.
ØKONOMI
Stønad frå SØK på 2500. Styret er takksame for dette og takkar for gåva. Takk og til andre som har
gitt store og små gåver og for kollekt på møta. Det er ein komité som jobbar med sponsing osv. til
bedehuset. Styret har starta med fast gjevarteneste. Det er no 8 faste gjevarar, og vi får inn 3100 per
månad. Styret håper fleire vil være med på dette. Det er no sett av nær 1 mill. kroner med føremål nytt
bedehus.
NYTT BEDEHUS?
Vi har ei nemnd som jobbar med dette. Arne Borgemyr er leiar. Det har ved fleire høve blitt orientert
om status i arbeidet.
NYE VEDTEKTER
Ei nemnd har kome med eit forslag til nye vedtekter for bedehuset som styret har gjennomgått og lagt
fram til godkjenning på ekstraordinært årsmøte den 24.09. Desse vart godkjende med unntak av §9.
Det blir gjort framlegg til endeleg ordlyd for nye vedtekter på dette årsmøtet.
SAMARBEID
Vi er med i eit Samarbeidsorgan i kyrkjelyden. I år har det vore to møte, der tema særleg har vore
korleis me kan samordne møteverksemda mellom kyrkja, Kyrkjetunet og bedehuset.
Kven kan gjera kva på bedehuset?
Styret har i år jobba med noko me kallar tenestegrupper. Her er det høve til å melda si interesse viss
det er noko ein har lyst til å bidra med.
TAKK OG HELSING FRÅ STYRET
Styret vil med dette få takka alle leiarar som har gjort det mogeleg å driva arbeid i ulike lag og
grupper på bedehuset .Takk også til alle dykk som er med på dugnad av ulik art som blir utført
gjennom året. Alle saman gjer de ein viktig innsats i Guds rikes arbeid i bygda vår. Vi har eit
godt arbeid som vi gjerne vil ha i framtida og.
Styret vil og takka alle som forkynte Guds Ord i tale, song, andakt og vitnesbyrd. Guds ord ber
oss om å setja mot i kvarandre. La oss alle få vera til oppmuntring.!
Ølensvåg, 18. januar 2015.
Lars Fjelltveit
Leiar
Oskar Feed
Nestleiar
Ragnhild Thorsen
Kasserar
Eivind Hetland
Styremedlem
Berit Ølfarnes
Styremedlem
Arne Borgemyr
1.varamedl.