Områdeplan Måløy sentrum

Download Report

Transcript Områdeplan Måløy sentrum

Områdeplan Måløy sentrum
Bakgrunn
• I gjeldande kommuneplan vart Måløy sentrum sett av
som ”bykjerne”, og lagt opp til utarbeiding av ein
kdp/rpl for sentrumsområdet i etterkant.
• Mangel på overordna plan er ei barriere for privat
detaljregulering av sentrumseigedomar.
• Planutvalet vedtok 30. november i fjor planoppstart for
områdeplan Måløy sentrum.
Vedtok samstundes offentleg ettersyn av tilhøyrande
planprogram.
Kommunedelplan eller områdeplan?
• Formannskapet har teke stilling til spørsmålet og har
vedteke at det skal utarbeidast ein
områdereguleringsplan for Måløy sentrum.
• Eitt av argumenta for å velge områdeplan, er at det set
krav til direkte varsling. Dette gjer at grunneigarane i
sentrum tidleg blir klar over at planarbeidet er sett i
gong.
• Det legg også til rette for auka medverknad, ved at alle
får høve til å kome med innspel på planen heilt frå
starten, og ved at dei kan påverke korleis planarbeidet
skal gjennomførast (innspel på planprogrammet).
Stadanalyse
• Det vart samstundes med vedtaket om planoppstart
og ettersyn av planprogram, understreka at det er
viktig at prosessen med områdeplanen vert ein god
debatt om stadutvikling.
• Eit hovudgrep for å få til både:
- eit godt kunnskapsgrunnlag
og
- ei brei involvering,
ville vere at kommunen lyste ut og fikk gjennomført ei
ny stadanalyse.
Stadanalyse (2)
• Ei stadanalyse skal vere eit verkty for involvering og
medverknad.
• Prosessen med den skal peike ut dei viktigaste
- verdiane
og
- handlingsalternativa
for Måløy sentrum.
Stadanalyse (3)
Oppstartsmøte 10. januar:
Arkitektane hadde store kart over byen på bordet
og gjennomførte ein serie ”lynmøter” (15 min.)
med representantar for offentlege/allmenne
interesser:
- Kommunen (eigedom, VVA og byggesak)
- Skram skole
- Vågsøy ungdomsskule
- Ungdomsrådet og repr. for barna
- Eldrerådet
- Kommunerådet for funksjonshemma
(forts.)
Stadanalyse (4)
- Måløy kunstlag
- Vågsøy historielag
- Nordfjord Hamn IKS
- Måløy vekst
I tillegg vart det gjennomført ei grundig synfaring
av planområdet, med lokal kjentmann.
Lokalavisa
Lokalavisa Fjordanes Tidende vart invitert til å helse
på arkitektane som var ”i byen”.
Dette medførte ein fin artikkel som omtala at:
- stadanalysearbeidet var i gang,
- kva ei slik analyse skal innehalde og
- at det blir lagt opp til å halde ”ope lokalkontor”, i ei
heil veke, i eitt av dei tome sentrumslokala.
Lokalavisa (2)
• Avisa har skrive fleire artiklar om stadanalysearbeidet.
• Den første artikkelen, som nemnt ovanfor, kom på
trykk tre veker før ”ope lokalkontor” skulle
gjennomførast.
• Både idèen om lokalkontor og idèen om å opprette ei
eiga Facebookside for stadanalysa, vart omtalt i avisa.
Lokalavisa (3)
• Den andre kom på trykk mandag 13. februar, første
dag av veka med ope lokalkontor.
• Avisa besøkte kontoret og tredje artikkelen kom kort
tid etter at veka var over, med fokus på at
lokalkontoret var bra besøkt (om lag 100 tilsaman) og
at det kom mange gode innspel frå innbyggjarar med
god aldersspreiing og av begge kjønn.
Planforum
• Gjennomført onsdag i veka med ope lokalkontor.
• Møtedeltakarar: Fylkesmannen si miljøvernavdeling,
fylkeskommunen (plan- og samfunn, samt kultur),
Statens vegvesen og NVE.
• Underteikna orienterte om planarbeidet og
stadanalysa.
• Generell diskusjon om ulike tema.
• Konkrete innspel vart sendt inn som formelle
fråsegner.
Lokalavisa (4)
• Påskenummeret hadde stort oppslag med ”lekkasje”
frå stadanalysa, som då akkurat var levert kommunen
men ikkje publisert.
• Ei av dei første avisene over påske, hadde intervju
med ”arealplanleggjaren”, samt fleire smålekkasjar.
• ”Lekkasje” til avisa, av ein fagrapport på 91 sider, var
bevisst gjort både for å gjere den ferdige analysa kjent
og med vesentleg lavare ”brukarterskel” når presentert
i avisa.
Stadanalysa på Facebook
• ”Stedsanalyse Måløy” (sjekk den ut!) har hatt godt
besøk (243 ”likar”).
• Arkitektane har lagt ut informasjon og dømer på tiltak
frå andre byar, som så er blitt grunnlag for diskusjon
på FB.
• Har generert interessante diskusjonar om ulike tema
og enkelttiltak.
Ope ”Lokalkontor”
• Det vart gjort avtale med eigarane av det mest
sentrale av dei ledige sentrumslokala, midt i
handlegata (Gate 1) og rett ved Torget, om å bruke det
som ope lokalkontor i ei heil veke.
• I erkjennelse av kor viktig stadanalysa er for den
komande områdeplanen, og kor viktig den igjen er for
utvikling og handel i sentrum, gjekk eigar av lokalet
med på fri leige den veka, bakeriet (på Bryggja!)
leverte gratis kaffimat og det nyaste hotellet lot
arktektane bu vederlagsfritt.
Ope ”Lokalkontor” (2)
• Rundt 100 personar var innom lokalkontoret i løpet av
veka. Mange gode diskusjonar og innspel.
• Ei oppsummering av dei einskilde dagane, fordelt på
fem store (A2) plakatar, vart i etterkant hengt opp i
vindauga på lokalet.
• Alle innspel til stadanalysa er teke med og vil, via den
ferdige stadanalysa, bli vurderte som innspel til
områdeplanen.
Ferdig stadanalyse..
• Førstkomande mandag 23. april, vil den ferdige
rapporten bli offentleggjort på kommunen si
heimeside.
• Analysa har i stor grad teke med seg og bygd vidare
på innspela som er komne, både frå enkeltpersonar og
frå næringsliv.
• Forslag til tiltak varierer frå små og rimelege, til store
og ”spektakulære”, og - dei fleste er bidrag til ei positiv
utvikling av Måløy sentrum basert på medverknad frå
engasjerte innbyggjarar.
Stadanalyse → områdeplan
• Strategigruppa skal no diskutere stadanalysa og gje
føringar for bruken av analysa i arbeidet med
områdeplanen.
• I starten av mai vil det bli arrangert ei opa markering
av at stadanalysa er ferdigstilt, men som også skal
framheve at den no skal vidareførast inn i prosessen
med å utarbeide eitt eller fleire forslag til områdeplan.