Vis denne presentasjonen i PDF

Download Report

Transcript Vis denne presentasjonen i PDF

Magnus Lagabøtes landslov 750 år
Odd Einar Haugen (UiB):
Modellar for tekstutgjeving
Idémøte i Bergen, 20. april 2012
Magnus Lagabøtes landslov 750 år
.i.
Kva har vi?
.ii. Kva ønskjer vi?
.iii. Kva har vi å støtte oss på?
Kva har vi ?
Ei kritisk utgåve av landslova i Norges Gamle
Love bd. 2 ved Keyser og Munch i 1848.
Eit glossarium i Norges gamle Love bd. 5 ved
Ebbe Hertzberg i 1895.
Ei omsetjing ved Absalon Taranger i 1915.
Men er ikkje det nok ?
Under den syntaktiske analysen av ein frase i
Kjøpebolken kap. 11 vart vi ståande fast på
denne frasen i handskriftet Holm perg 34 4°:
firir hværtt .x. marka kaupa eða meira
Kvifor kaupa, og ikkje kaup? Er det genitiv
fleirtal av kaup n. eller infinitiven kaupa?
Lat oss sjekke omsetjinga!
‘for kvart kjøp på 10 merker eller meir’
Kanskje NGL kan hjelpe ?
Utgåva som byggjer på AM 60 4°, har
lesemåten ‘kaup’, og ingen variant.
Då må vi gå til primærkjelda ...
Holm perg 34 4°, bl. 67 v gjev svaret!
Kvifor er ikkje dette nok ?
Stadig fleire har vanskar med å lese fraktur.
Den trykte utgåva er for lengst utseld.
Sjølv om det no er ein faksimile av utgåva på
nettet, er denne ikkje søkbar.
Inga lenking til omsetjing og faksimilar.
Ingen systematiske kommentarar til lova.
Kva ønskjer vi ? (del 1:4)
To typar av utgåver:
(a) Ei kritisk utgåve bygd på ein ny resensjon
av handskriftene, i prinsippet av same type
som Keyser og Munchs utgåve.
(b) Diplomatariske utgåver av dei viktigaste
handskriftene, minst ei frå kvart av lagtinga.
Kva ønskjer vi ? (del 2:4)
To typar av lenkingar:
(a) Ei omsetjing som er lenka til den kritiske
tekstutgåva, kapittel for kapittel.
(b) Faksimilar i fargar av handskriftene, lenka
til dei diplomatariske utgåvene.
Kva ønskjer vi ? (del 3:4)
To typar av ressursar:
(a) Ein leksikografisk base over alle ord som
førekjem i lova, med ordforklaringar.
(b) Ein løpande kommentar av filologisk og
rettshistorisk art.
Kva ønskjer vi ? (del 4:4)
Digital versjon eller trykt på papir?
(a) Den kritiske utgåva (kan hende med
parallell omsetjing) og kommentarane bør
liggje føre både i digital og i trykt form.
(b) Dei diplomatariske utgåvene, faksimilane
og den leksikografiske basen bør truleg berre
liggje føre i digital form.
Kva har vi å støtte oss på ? (1:2)
Ein digital transkripsjon av AM 309 fol, frå
1980-talet, under leiing av Magnus Rindal.
Fleire tekstutgåver og omsetjingar av dei eldre
landskapslovene, av m.a. Jan Ragnar Hagland
og Magnus Rindal.
Enkeltstudiar av lov og kontekst, t.d. av
Gulating og Gulatingslova, ved Knut Helle.
Kva har vi å støtte oss på ? (2:2)
Nyss avslutta doktorgradsarbeid av m.a. Bjørg
Dale Spørck (Magnus Lagabøtes kristenrettar)
og Torgeir Landro (kristenrett og kyrkjerett i
Borgarting).
Gjennomtenkte og konkrete prosjekt for
utgjeving av landslova, både ved Magnus
Rindal og ved Børge Nordbø.
Og i det aller siste Menotec ...
Digitale transkripsjonar av åtte landslovhandskrifter (ved Anna Horn, Karl G.
Johansson mfl.) – kvar på ca. 40.000 ord.
AM 56 4°
AM 302 fol
Holm perg 30 4°
AM 60 4°
AM 305 fol
Holm perg 34 4°
AM 78 4°
DG 8
(AM 309 fol)
Og i det aller siste Menotec ...
Innan utgangen av året ein fullstendig
morfologisk og syntaktisk annotasjon (ved
Fartein Øverland, Eiríkur Kristjánsson, Odd
Einar Haugen mfl.) av
Holm perg 34 4°.
Truleg også ein morfologisk (men ikkje
syntaktisk) annotasjon av endå eit handskrift.
Og kva kan alt dette brukast til ?
Digitalt grunnlag for oppbygginga av
tekstutgåvene (slik som i Ibsen-prosjektet,
Holberg-prosjektet mfl.)
Digitalt grunnlag for resensjonen av
handskriftene etter dei nyaste kvantitative
metodane (kladistisk analyse).
... som til slutt kan føre til:
Ei breitt fundamentert utgåve, kritisk og
diplomatarisk, både til filologisk og
rettshistorisk bruk, støtta av faksimilar av
handskriftene, parallelle omsetjingar til
norsk og engelsk, leksikografiske ressursar,
og ein kommentar av både filologisk og
rettshistorisk art.