Naturklatrejungel & Naturhelsestudio

Download Report

Transcript Naturklatrejungel & Naturhelsestudio

Naturklatrejungel & Naturhelsestudio
Bulken IL skal lage Naturklatrejungel og Naturhelsestudio
i Eideshagen.
Me har leigd inn kyndig byggeleiing og 23. –26. mai kjem
Anders Vik for å veilede oss.
Vil du lære korleis du bygger
ein klatrejungel med enkle
redskap? Eller kor du kan lage treningsapparat?
Dugnad mandag 20. mai (2. pinsedag) kl. 10.30
Klargjering av området: Rydding av småkratt og lauvtre.
Betre tilkomsten til parken frå banen. Me håper at ca to stk
per fotballag kan møte. Lagleiar organiserer dette.
Ta med hansker, greinsaks, hørselvern, krafse, spade; evt.
motorsag. Sjølvsagt vert det dugnadskaffi og dårlege vitsar!
Etablering av klatrepark 23-26. mai
Vi treng folk med arbeidslyst, humør, drill, gode løysingar, motorsag, kreativitet, stort utstyr,
dugnadsmatlagingskunnskap, snekkerferdigheitar, kaffikokarkompetanse, boring-i-fjell-utstyr,
nysgjerrighet, gjerdekunnskap eller hjarta for sunn aktivitet! Ein del har allereie blitt kontakta; og oversikt over mannskapet kjem snart.
Har du ikkje blitt spurt enno og har moglegheit til å bidra? Kjempebra; vi treng deg ! Gje ein
lyd til Mari Aker; tlf 41 66 37 47 el [email protected]