Galleriet 2014

Download Report

Transcript Galleriet 2014

Galleriet 2014
vårutstilling frå 10. mai
Hillestad
Galleri
2014
ODDLEIV MOLLESTAD
separatutstilling
maleri og grafikk
Oddleiv Mollestad (1943) og
er sjølvlært som kunstnar.
Han har delteke på Sørlandsutstillinga og har hatt utsmykkingar og utstillingar m.a. i
Galleri Bi-Z og Galleri Smia.
Alle motiva til Oddleiv Mollestad er henta frå konkrete
stader. Han finn motiva i
nærleiken av heimen sin,
og der han har hatt ein av
turane sine på ski eller til fots.
Tidligare arbeidde han med
skipsbygging, men dei siste
15 åra har han vore kunstnar
på heiltid.
sommerutstilling frå 5. juli
GUNILLA HOLM PLATOU
maleri og grafikk
LISE BIRKELAND
bilete og skulptur
SIRI STOKKELAND
glas
Gunilla Holm Platou (født
1972) er velkjent for sine humoristiske og oppfinnsame
ku-motiv. I dei siste åra har
Gunilla Holm Platou vekt oppsikt med biletserie sin «Rødlista»; Ei utstilling om trua
artar, og kva som gjerast for
å take vare på dei. Ho er utdanna Art Director fra Westerdal reklameskole i 1993-95,
og har også kunstutdanning
frå Kunst- og design college
i Asker 1991-1993. Ho har
eige galleri og verkstad i
Drammen.
www.gunilla.no
Lise Birkeland (1965) er
født og oppvaksen i Flekkefjord. Bur nå i Stavanger
og har eige verkstad der.
Utdanna ved Kunst og
håndverkskolen i Oslo.
Arbeider både med skulptur
og bilete. Lise Birkeland
arbeider i svart stål. Bitar
og kapp blir modellert med
sveiseapparat. Stålet blir
bygd opp, kappa og slipt.
Bileta er djuptrykk som
monotopi og deretter
handkolorert med akvarell.
Motiva er ofte kvinner og
feminine former.
www.lisebirkeland.no
Glasblåsar og kunsthandverkar
Siri Stokkeland (1988) er født
og oppvaksen i Kristiansand.
Som 15-åring reiste hun til
Sverige der hun starta ei sju år
lang utdanning innan glas og
design. Etter tre år ved Glassskolan i Kosta, fortsette turen
til Danmarks Designskole
Bornholm, og i 2011 gjorde
ho ferdig bachelorgraden sin
i kunsthandverk og design.
Siri finn inspirasjon igjennom
objekt vi omgir oss med i kvardagen. Noen blir til glaskaraflar
med baderomsproppar, eller
store diamantring-smykkeskrin.
www.sirigranstokkeland.com
haustutstilling frå 6. september
juleutstilling frå 8. november
OTTAR JOHANSEN
separatutstilling
”Min tid” fotografi 1965-2013
SCOTT AANBY
separatutstilling
maleri og grafikk
Ottar Johansen (1944) frå Froland og Arendal vil
på denne haustutstillinga fylle galleriet med fotografi frå lokalmiljøet på Sørlandet. I meir enn femti
år har han arbeidd som journalist og fotograf, ofte
litt på sidan av den nyheitsprega journalistikken,
og med ei særleg interesse for fotografi.
På byrjinga av 1970-tallet fekk han antatt eit fotografi på Sørlandsutstillinga, et konsertportrett av
ein da ukjent visesongar. Det viste seg at songaren
var Kristin Berglund, seinare kjent som Norges
bluesdronning.
Nå er det vel ingen tvil om at foto er kunst, men
Johansens bilete, dei fleste i svart kvitt, er meir
realistiske reportasjebilde, tidsdokument frå
1960-talet. Denne utstillinga vil vekke mange minner.
Scott Aanby (1947) frå Åmli er utdanna ved Universitetet i Bergen 1976. Lektor ved Målselv Gymnas og
Tvedestrand vgs. med norsk hovudfag. Sjølvlært
som kunstnar. Arbeider både med måling og grafikk.
Kurs ved kunstlinja ved Nansenskolen, Lillehammer
1990-2006 og ved Norske Grafikeres Verkstad.
Scott Aanby stiller ut landskapsbilde. Bilda viser den
naturen han har rundt seg. Sidan granskogen veks
tett utanfor atelierveggane, er det naturleg for han at
skogen blir hovudmotiv i desse bilda. Skogen sluttar
aldri å inspirere meg seier Scott, han skiftar uttrykk og
talar til oss heile tida i takt med vekslingane i det store
lyset som fyller tilværet. Bilda blir på ein måte til i møtet
mellom denne vekslinga og eigne tankar og kjensler.
Hillestad Galleri opna i 1985. Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane
i landet hatt separatutstilling her. Kvart år blir galleriet besøkt av ca 15 000 menneske. På
dette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakker
kunst og handverk. Vi har godt utval av grafikk fra kjente kunstnarar. Heile sortementet av
Hillestad-smykke er utstilt og til sals her. I Kramløa i underetasjen fører vi blant anna produkt
frå Broste Copenhagen og Ekelund.
I Gallerikafeen kan du mellom anna kjøpe den gode heimelaga kringla. Selskap kan vi
også arrangere, frå bedriftsmøter til bryllup. Overnatting ordner vi på feriesenteret i flotte
hytter med eige svømmebasseng.
Kunststi og installasjonar
Ved galleriet kan du ta deg ein tur i kunststien. Både tett ved galleriet og i dei nære
omgivnadane er det små og store kunstverk installert ute i naturen.
Leikepark og turstiar
Utanfor galleriet er leikeparken for barn i alle aldrar. Her er nifse rutsjebanar, naturløype og
bålplassar som alle kan bruke. Fiskeplassar langsmed elva.
Det er 20 tilrettelagte sommerturløyper i Åmli kommune og seks av desse har utgangspunkt
i Tovdal. Det er utleigehytter både nede i dalen og på Hillestadheia. På vinteren er det flotte
oppkøyrde skiløyper bare få kilometer frå Galleriet. Tovdal og Åmli er dermed ein ypperleg
stad for å kombinere kunst, kultur og natur.
1. februar – 9. mai
kvar helg 12 – 16 og etter avtale
10. mai – 6. juli
tirsdag til fredag 11 – 16
laurdag og søndag 12 – 17
mandag stengt
7. juli – 24. august
mandag til fredag 11 – 17
laurdag og søndag 10 – 18
25. august – 21. desember
tirsdag til fredag 11 – 16
laurdag og søndag 12 – 17
mandag stengt
Hillestad Galleri
Hillestad 194
Tovdal
N-4869 Dølemo
T +47 37 08 10 20
[email protected]
Hillestad smykker
Hillestadheia
Hillestad feriesenter
For meir informasjon og
opningstider i jul og påske,
sjå www.hillestad.no
Framsidebilde av Scott Aanby / grafisk utforming Nina Akersveen / trykk Erik Tanche Nilssen as