BKK-Bulken rennet vert flytt til Hamlagrø!

Download Report

Transcript BKK-Bulken rennet vert flytt til Hamlagrø!

BKK-Bulken rennet vert flytt til Hamlagrø!
BKK-Bulken rennet, krinsrenn i fri teknikk, som vert arrangert sundag 9. februar, vert flytt frå
Dalane/Skjeldal til Hamlagrø. Det er diverre ikkje kome meir snø i løypene på Dalane, men
på Hamlagrø er det rikeleg med snø, og flotte tilhøve! Sjå link til foto
Tilkomst:
Frå Bergen tek ein av E16 på Dale, og køyrer opp Bergsdalen. Om lag 30 minutt køyretid frå
Dale. Frå Vossasida tek ein av E16 ved Bulken, og føl skilting mot Hamlagrø. Om lag 30
minutt køyretid frå Bulken og.
Parkering:
Vil i hovudsak bli langs fylkesvegen, om lag midt i mellom stølane Grønestad og Nore
Hamlagrø. Dei som er fyrst ute, får plass på p.plass til hyttefeltet på Hamlagrø. Det vil vera
parkeringsvakter på plass. Dei vil ha program til rennet for kr 50,-. Det er om lag 500 m å gå
opp til stadion, både frå p.plass og fylkesvegen. Der er trakka løype heilt ned til fylkesvegen.
Funksjonærane parkerer på p.plass ved infoskilt/bosskontainer. Det vil ikkje bli høve til å
køyra opp i vegen til hyttefeltet, kun for dei med særskilt løyve.
Løyper:
Det vil bli løyper på 1 km, 2 km, 3 km og 5 km. Distanselengder går fram av
renninvitasjonen. Hamlagrø løypelag stiller med trakkemaskin, og det har vore køyrd løyper
heile vinteren. Det er difor faste, fine trasear. Det vil bli lagt ut løypekart seinare i veka.
Rennkontor:
I brakke ved stadion. Startnummer må hentast her lagvis innan kl 12. Det er høve til
etterpåmelding, seinast kl 12, men til dobbel startkontingent. Startkontingenten vert fakturert
lagsvis etter rennet. Hugs eigne startbrikker! Rennstart kl 13.
Fasilitetar:
Det er ikkje hus til kafe el. varmestove ved stadion. Der vil bli sett opp to store lavvoar
m/vedomn, til kledbyte og høve til å varma seg. Det vil bli toalettbrakke ved rennkontoret.
Me oppmodar klubbar som har smøretelt om å ta desse med. Me oppmodar likeins deltakarne
om å kle seg godt, ta gjerne med ekstra varme klede.
Det vil bli enkelt salsopplegg ved stadion.
Langtidsvarselet på yr.no for helga er truleg litt snø el.sludd, men lite vind. Me vonar dette
varselet slår til, då vil det bli gode tilhøve på Hamlagrø. Skulle vervarselet verta vesentleg
dårlegare fram mot helga, kan rennet på kort varsel verta flytt til Ulvik. Dette vil i så fall
verta kunngjort fredag 6. feb, på www.bulkenil.no.
Løypesjef:
Rennleiar:
TD:
Hermann Skjeldal 90733110
Magne Skjeldal 99467655
Harald Tveito
Hjarteleg velkomne til Hamlagrø!
Bulken IL, langrennsgruppa