Valdres landbruksnytt

Download Report

Transcript Valdres landbruksnytt

Nr.

3

2 0 0 8

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Valdres landbruksnytt

Tema: Kjær knoll - eple, kanteføl, potet Innhald:

Verdt å være vert Ein strålande landbruksdag Potetkåseri s 3 s 4 s 8 Potetdag på Løken Kjøttbeinmjøl s 10 s 14 Gjødselpriser s 17 Endring av regionalt miljøprogram s 18

1

VALDRES LANDBRUKSNYTT

leiar

Ein dag for Landbruket

”Det trengst kjærleik til krøter og åker. Det trengst viljekraft til arbeid og slit. Det trengst å kjenne ansvar for fjell og bygd – og få nye krefter til å fløta hit. Det trengst glede over blåe åsar. Det trengst glede over velstelt gard. Det trengst glede over gamle stølar. Det trengst glede over Valdres, Valdres vår eigen dal. Det trengst glede over grøne jorder. Det trengst glede over blanke kyr. Det trengst glede over friske vindar. Det trengst glede over skog og myr.”

Dette var noko av det Kirsten Inga Kamrud sa i prologen ho heldt på Landbruksdagen i fjor. Ho får sagt mykje om kva me vil med Landbruksdagen i Valdres. Me vil formidle at Valdres treng eit sterkt landbruk, og me vil spreie glede og stoltheit over det me driv med i landbruket.

Den tredje Landbruksdagen som vart halde i år syner at arrangementet tek til å finne si form. Heile landbruksmiljøet stiller opp og viser mykje av det ypparste me har både når det gjeld husdyr og matprodukt. Og det store og myldrande engasjementet gjer at alle som kjem på Landbruksdagen kan trivast og få ein opplevingsrik dag.

Me trur at Landbruksdagen kjem til å vere ein viktig samlings- og formidlingsstad for landbruket i åra framover. Den gledelege gåva frå det oppløyste Valdres plantelag på 86 000 kroner er med på å styrkje plattformen for Landbruksdagen. Takk til alle dykk som har bidrege på mange ulike måtar til å få til ein ny, svært vellukka landbruksdag!

Magnhild Strand Koordinator for Landbruksdagen dei siste to åra

Neste nummer av Valdres landbruksnytt kjem veke 49. Frist for å levere stoff som skal vere med i bladet er 19. november. Valdres forsøksring, Volbu, 2940 Heggenes.

E-post: [email protected]

. Telefon: 613 42 982 Redaktør: Trykk: Magnhild Strand Mariendal offsettrykkeri, Gjøvik Layout: Gunhild Bergene Framsidefoto: Fesjå; Ole Bjarne Strømmen Potetplukking; Odd Helge Nysveen

Hvorfor velge lokalt?

Valdres Gjensidige Brannkasse har i over 100 år gitt folk i Valdres økonomisk trygghet. Vi er et lokalt selskap som møter deg med kunnskap og forståelse.

Helge Wetlesen

Område: Etnedal og Sør-Aurdal, samt Nord-Aurdal sør for Fagernes.

E-post:

helge.wetlesen

@gjensidige.no

Lars Øystein Halden

Område: Vang og Vestre Slidre, samt vestre del av Nord-Aurdal.

E-post:

lars.oystein.halden

@gjensidige.no

Jostein Schlytter

Område: Øystre Slidre, samt Nord-Aurdal nord for Fagernes.

E-post:

jostein.schlytter

@gjensidige.no

Ønsker du mer info. om våre tjenester eller et uforpliktende tilbud, kontakt en av våre landbruksassurandører.

Anna Bakken

Kontorsalg og service av skadefor sikringer, privat og landbrukskunder.

E-post:

anna.bakken

@gjensidige.no

Tlf. 61 34 76 00 – Faks 61 34 76 01 www.valdres-brannkasse.no

2

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Verdt å være vert

Av Ingjerd Thon Hagseth Daglig leder OPUS Valdres

Å gi service er å gi en tjeneste, å gi god service betyr at det er kvalitet på denne tjenesten. Det er det personlige møte med mennesker som gjør at du vi si at du opplever god service. Du får en følelse av å ha fått noe «attpå». Service er ikke noe en blir ferdig med før lunsj på tirsdag eller har sesongsalg på to ganger i året.

Vi inngår alle hver dag i byggearbeidet av merkevaren Valdres. Service er en del av grunnmuren i dette byggverket. Det hver enkelt av oss gjør, er med på å skape omdømmet til regionen vår. I Valdres er vi mange som tilbyr varer eller tjenester, og mangfoldet av gode ”servicebedrifter” er stort. Vi må markedsføre og selge for å overleve. For å gi et fundament og for å formidle kunnskap og smakebiter av det som finnes av «godsaker» i Valdres, kjøres det kurs for alle som jobber med service på en eller annen måte. 120 personer fra en utvidet servicenæring ble godkjent som Valdresverter i vår. Kurset samlet representanter fra landbruk, reiseliv, handel, kultur og det offentlige. Etter en evaluering med et stort antall tilbakemeldinger, svarer samtlige deltakere at de vil anbefale kurset for andre, - noe som gjør at arrangørene tillater seg å kalle det en suksess.

«allmenndannelsen» vår, og sitter som en refleks i ryggmargen. Sjansen for å møte en valdresvert med kunnskap om både service og regionen Valdres vil etter hvert bli stor. Målet for 2008 er at hele 1% av Valdres sine innbyggere har tatt kurset. I framtiden vil vi at Valdres skal være spesielt kjent for sin gode service og med kunnskap og holdninger som løfter produktet Valdres. Når «valdresservicen» er et begrep, har vi kommet langt i merkevarebyggingen av Valdres.

I november kommer nye muligheter til å bli godkjent Valdresvert, med kurs både på dag- og kveldstid. Valdresvert kursene i høst følges opp med eget kurs i salg, i service, førstehjelp og ”kokke-kurs” hvor deltakerne både får mulighet til å lage mat av lokalproduserte råvarer, og ikke minst få informasjon om hvor man kan skaffe dette. I tillegg kommer Valdresmusea med et høyskolestudium i mat og mattradisjoner rett over nyttår. Betydningen av landbruket i Valdres er i en særstilling, og OPUS har en særskilt satsing mot landbruket, både det tradisjonelle og de som ønsker å tenke utradisjonelt. Ut fra signaliserte behov ønsker vi å tilby et kurs i grønn omsorg i vår. Vi er også i dialog med landbruksorganisasjonene, forsøksringen og Løken for å få innspill på utvikling av skreddersydde kompetansetilbud til landbruket som helhet. Utfordringen går hermed til dere alle som har landbruksskoen på. Ta kontakt!

Valdresvert-kurset er kompetanse- og vertskapskurs for næringsliv og offentlig virksomhet, og går over 16 timer. Målet er høgere servicegrad for dalens gjester, økt inntjening for bedriftene samt en tryggere betjening med bredere kunnskaper. Statens Landbruksforvaltning, Valdres Natur- og Kulturpark og Oppland fylkeskommune har bidratt for å få til dette løftet på tvers av næringene i Valdres.

Gjennom Valdresvert-kurset ønsker vi å gi økt kunnskap om Valdres som region og bidra til å få flere med på laget til å bygge merkevaren Valdres. Kurset inneholder smakebiter av merkevaresatsingen i Valdres, kurs i salg og service, kulturaktiviteter og severdigheter, presentasjon av landbruket i Valdres, lokalprodusert mat, lokalhistorie, aktiviteter og opplevelser en kan finne i regionen. Målet må være at god service inngår som en del av

Mjølkerampe hos Mette Overdevest. Foto: Geir Norling

3

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Ein strålande landbruksdag

Av Magnhild Strand Valdres forsøksring Marit Hougsrud selde mais. Framom ser vi boden til Sau og geit. Foto: Magne Mjøs The Gamasamas heldt konsert. Bandet består av Tor Myrvold Hegge, Sondre Aastveit, Syver Myrvold Hegge , og Harald Østlund . Dei spela 50-60 tals musikk. Namnet Gamasamas kjem frå stølen Gamasama ved Yddin. Foto: Hanne Bergene

Drygt 1000 born og vaksne løyste billett for å delta på Landbruksdagen 2008. I tillegg var det ca 160 personar på dugnad, og eit tilsvartande tal utstillarar og andre bidragsytarar. Dagen var grå frå morgonen, men då solgløttane kom utpå dagen kosa alle seg.

Tradisjonen tru stilte Sælshagane gråtassforeining opp kom ein staseleg køyrehest.

med vetrarantraktorar og laga eit flott opptog frå Fagernes og inn på museumsplassen. Nytt av året var ein gamal brannbil frå Øystre Slidre brannvesen. Fyrst i toget 24 lokale matprodusentar, samvirkeorganisasjonar og faglag hadde bodar der dei selde produkt, delte ut smaksprøver og informerte om verksemda si. Nytt i år var samarbeidet med ”Bønder til Torgs”. Dei hadde ei samordnande rolle for ein del av utstillarane, og hadde laga eit spørjeark der publikum måtte innom mange av bodane for å finne svar på oppgåvene. Inne på museet var det eit yrande liv av aktivitetar, og det såg ut til at alle fann noko som passa for dei. Dei yngste køyrde tråtraktorar, plukka poteter, køyrde hest eller såg på kalvane. Ungdomane kunne vere med på konkurransar hjå 4H, sjå på motorsagshow med Bygdeungdomslaget og høyre konserten med The Gamasamas. Dei vaksne høyrde på potetkåseri, såg på gjetarhundoppvisning eller prøvde seg på å eksteriørdømme kyr.

Steinar Erland Bakken stilte med ein staseleg køyrehest . Foto: Gunhild Bergene.

4

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Feiring av potetåret

Av Magnhild Strand Valdres forsøksring

Eple, kanteføl, potet – kjær knoll har mange namn var temaet for årets Landbruksdag. Museumsbonden, Knut Biribakken, hadde sett potetåker med dei tre sortane Svart Valdres, Eigenheimer og Troll på museet, der born og vaksne kunne kome og plukke. Bioforsk Øst Løken og Valdres forsøksring hadde laga utstilling med 14 ulike potetsortar.

I Slidrehuset var det utstilling av potetarbeid laga av skuleborn i Valdres. Heggebø skule 1.-4. trinn vart utpeika til å ha den mest allsidige og beste utstillinga. Elevar og lærarar hadde starta på våren med å lage eigen potetåker på skulejorda. Dette vart grundig dokumentert gjennom ei ljosbileteframsyning. Av potetene hadde dei mellom anna laga potettrykk på kort og t-skjorter, potetsuppe og lomper. Dei hadde samla dikt om potet, kunstverk med potet som tema og laga potetkokebok. Høre skule og Reinli skule hadde også laga fine utstillingar som vart premiert.

Nils Garvik vann Valdresmeisterskapen i potetskrelling. Foto: Magne Mjøs

Åtte personar stilte til dyst i Valdresmeisterskapen i potetskrelling. Nokon hadde godt treningsgrunnlag og stilte med eigen med potetskrellar. Det viste seg å vere lønsamt. Konkurransen var slik at alle fekk tildelt 2 kg poteter i ei bytte med vatn. Så gjaldt det å skrelle størst mogleg mengde poteter i løpet av 3 minutt. Berre poteter som var ordentleg skrelt vart godkjent av dommarane. Dei tre beste skrellarane går vidare til NM i potetskrelling på Hamar 11. oktober. Resultatet vart slik: 1. Nils Garvik 880 g 2. Marielle Karlsson 540 g 3. Oddbjørg Rakkestad 460 g

Rå og kokte poteter. Svart Valdres (bak), Eigenheimer (t.v.) og Blå Kongo (t.h.). Foto: Odd Helge Nysveen Heggebø skule hadde ei allsidig utstilling av potetarbeid.

Foto: Magne Mjøs Reinli skule hadde mellom anna laga desse fantasifulle potettrolla. Foto: Odd Helge Nysveen

5

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Brei bufeutstilling

Bufeutstillinga hadde 14 kyr av sju ulike rasar. Det var NRF, Sida trønder/nordlandsfe, Telemarksfe, Vestlandsk raudkolle, Østlandsk raudkolle, Dølafe og Jersey.

NRF-kua Viola frå Ulven/Ringestad samdrift i Røn vart kåra til beste ku på utstillinga. I alt fire kyr fekk 1. premie:

327 Svarthauga

Eigar: Bjødnsplassen Samdrift Harmonisk ungku, litt kuhasa, godt festa jur med god speneplassering.

Kropp og bein 8 poeng - Jur og spenar 4 poeng 1. premie

293 Lykkeros

Eigar: Kåre Skogstad God STN type, litt skarp og uryddig rygglinje, gode bein, bollejur med god speneplassering. Kropp og bein 8 poeng - Jur og spenar 4 poeng 1. premie

156 Vårlin

Eigar: Tore og Oddny Ruud Høgstilt ku med god djubde, hellande kryss med god breidde, gode bein, velforma jur med god speneplassering (liten mellomspene) Kropp og bein 8,5 poeng - Jur og spenar 4 poeng 1. premie

Kjetil Opheim hadde teppe over ryggen på kalven sin.

Foto: Ole Bjarne Strømmen

313 Viola

Eigar: Ulven / Ringestad samdrift Djup / harmonisk type, gode bein, stort traujur med gode fester, noko stor speneavstand, tynne spenar. Kropp og bein 8,5 poeng - Jur og spenar 4,5 poeng 1. premie Utstillingas beste ku

Helga Thorvik Ulven med beste ku på utstillinga, nr. 313 Viola. Foto: Magne Mjøs

6

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Velstelte kalvar

Elleve ungar hadde teke vegen til Landbruksdagen med ein kalv dei ville mønstre. I kalvebingen ned mot Strandefjorden vart det gjort eit grundig forarbeid i timen før mønstringa. Kalvane vart greidd og pussa med stor omsut slik at dei skulle ta seg fint ut. Mønstrarane vart delt i to klassar, ein for nybyrjarar og ein for vidarekomne. For å kome i klassa for vidarekomne måtte både mønstraren og kalven vise at dei var godt samkøyrde og hadde god kontroll på mønstringa.

Kristian Kollstad Furulund med kalven Mairos vann klassa for vidarekomne.

Desse deltok i kalvemønstringa:

Magne Olaf Ruud

, 8 år med kalven Staslin

Kristian Kollstad Furulund

, 10 år med kalven 454 Mairos

Lars Torger Kollstad Hovi

, 15 år med kalven 463 Solan

Sander Fjelltun

, 9 år med kalven 456 Maikøll

Ørjan Fjelltun,

7 år med kalven 460 Gulldokka

Kristin M. Bakkene

, 11 år med kalven Nr. 217

Andreas Rødningen

, 6 år med kalven Nr. 650

Kristin Lie

, 10 år med kalven August

Birgit Liekren Hovi

, 8 år med kalven Nr. 581

Svein Liekren Hovi

, 14 år med kalv Nr. 582

Kjetil Opheim,

9 år med kalv Nr. 464

Andreas Rødningen med ein fin, ljos kalv. Foto: Ole Bjarne Strømmen

Landbruksprisen til Haldor Ødegård

Landbruksprisen for Valdres 2008 vart tildelt Haldor Ødegård for måten han driv eigen gard på og for det engasjementet han legg ned for å betre tilhøva for gardbrukarar flest. Haldor Ødegård var blant dei fyrste som bygde lausdriftsfjøs i Valdres. Han har satsa på stålsilo for konservering av grovfôret, han har sett opp moderne mjølkestall på stølen, og han driv med hytteutbygging for å få meir aktivitet i bygda. Då meieriet på Fosheim var truga av nedlegging, var Haldor ein av dei som engasjerte seg sterkt og var med på å få til ei sikrare framtid for Fosheim. Sist vinter tok Haldor initiativ til oppropet ”Er landbruket livskraftig nok til å forsyne Norge med mat?”. Oppropet var stila til landbruksministeren, og inneheld ei bekymring for utviklinga i landbruket, og eit krav om betre rammevilkår for næringa. Om lag 135 norske kommunar har slutta seg til og sendt oppropet til landbruksministeren. Sentralebondeleiarar meiner oppropet med støtte frå så mange kommunar, var med og påverka det siste landbruksoppgjeret.

Haldor Ødegård fekk Landbruksprisen. Foto Gunhild Bergene

7

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Potetkåseri på Landbruksdagen i Valdres

Av Olaf Nøkleby Rektor ved Valle vidaregåande skule

Gode valdrisar og tilreisande!

Potetåret innhaustinga.

2008 har komi Poteten, kantøffelen, jordeplet – lokalnamna på denne veksten er ulike etter kvar vi er i landet. Ordet potet har vi forresten fått frå engelsk. Engelskmennene fekk ordet frå spansk og spanjolane tok med seg ordet frå Latin-Amerika. Og da er vi ved opphavet til poteten og potetdyrkinga.

Den ville poteten veks i Sør-Amerika. Når inkaindianarane i Peru og Chile tok til å dyrke poteter, veit vi ikkje. Men da spanjolane erobra Inkariket på 1530 talet, var det ikkje berre gull og sølv dei fann. I lasta på turen over att til Europa hadde dei òg med seg poteten. Dei fyrste frøpotetene. Og for europearane vart denne nye matveksten det mest verdifulle som nokon gong har komi frå Amerika.

til vera tilpassingsdyktig. Han var rimeleg lett å dyrke. Han gav stor avling. Han var næringsrik og rik på vitamin og mineralar. Og ikkje minst gav poteten europearane nok C-vitamin.

Etter kvart som potetdyrkinga vart utbreidd, vart hungersnaud og feilernæring borte. Poteten viste seg å Frå dei fyrste potetene kom til Spania går det nesten 200 år før vi høyrer om poteter her i landet. Ingen veit eksakt når den fyrste potetknollen kryssa grensa til Noreg, eller kven som hadde han med seg. Men i ei hagebok – ”Horticultura” – som ein Kristian Gartnar gav ut i Trondheim i 1694, er poteten nemnd.

Og vi høyrer om potetdyrking fleire stader i landet på 1740- og 50-talet. Det var folk som hadde vori i utlandet – soldatar, glasverksarbeidarar, sjøfolk, handelsfolk og embetsfolk som hadde med seg dei fyrste knollane.

Men når kom poteten til Valdres? Det er eit godt spørsmål, som ingen kan gi noko absolutt svar på. Det må bli så nokonlunde. Det vi veit er at presten i Slidre, Hermann Ruge, fekk frøpoteter av presten Atche i Lærdal ein gong mellom 1750 og 1760.

Hermann Ruge på preikestolen i Slidredomen. Illustrasjon frå ”Potetboka” av Olav Nordheim og Mikael Holmber g

Potetdyrkaren Hermann Ruge var i godt selskap. Prestane på 1700-talet levde og virka i ein tidsperiode vi kaller opplysningstida. Dei var interesserte i naturfag og folkeopplysning. Dei var like mykje opptekne av at sokneborna skulle ha materiell framgang som av det åndelege. Ein god karakteristikk av prestane i opplysningstida har Henrik Wergeland gitt oss i diktet Eivindvik. Der seier han om presten Dahl i Eivindvik at han tvang ”brød av sten og ånd av striler”.

Presten dreiv som regel ein av dei beste gardane i bygda. Mange prestar var ivrige gardbrukarar som både forbetra jordvegen på prestegarden og prøvde ut nye vekstar. Dette gjorde dei både for å auke si eiga inntekt og for å vise bygdefolket korleis dei kunne drive jordbruk og få meir mat.

Det er ikkje så merkeleg at det fyrst og fremst var prestane som prøvde å få folk til å dyrke poteter. Dei såg så alt for godt at det vart stadig fleire folk i bygda, og at nauda til sine tider var stor.

Potetprestar har ettertida døypt dei prestane som misjonerte for ein ny kulturvekst. I dag ville vi kalt dei nytt.

innovatørar, gründarar eller entreprenørar. Folk som tør å tenkje

Poteten kjem frå Sør-Amerika.Her frå ein marknad i Peru. Foto: Kirsten Børup Sørensen

8

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Det er mange som har fått heiderstittelen ”potetprest” knytt til namnet sitt. For det er ein heiderstittel. Fyrste potetpresten var Hermann Ruge i Slidre som dyrka poteter på 1750-talet. Han ikkje berre dyrka poteter, han skreiv om potetdyrking og om korleis ein kan bruke poteter. I 1762 fekk Hermann Ruge gitt ut eit lite skrift med tittelen ”Forslag om Plandteringer til at lære at lætte Hungerens Nød”. Det var fyrst og fremst poteten han skreiv om.

Etter kvart vart poteten ein del av det vanlege kosthaldet. Når poteten vart fast følgje på middagstallerkenen i alle heimar, veit vi ikkje. Det er truleg at hardåra fyrst på 1800-talet gjorde sitt for å få folk til å eta noko nytt. Da poteten fyrst slo gjennom, må det ha gått fort. I 1835 var potetproduksjonen oppe i nesten 200 kg per innbyggar. I 1865 hadde dette auka til langt bortimot 300 kg.

Historikaren Tore Pryser seier at innføringa av poteten i det vanlege kosthaldet var det viktigaste som skjedde tidleg på 1800-talet. Poteten fekk meir å seia for folk flest enn Grunnlova frå 1814 og sjølvstende og demokrati. Grunnlova feirer vi kvar 17. mai. Poteten feirer vi i år 2008, fordi FN har vedteki at 2008 skal vera det internasjonale potetåret.

I dag er poteten den tredje viktigaste matveksten i verda. Det er berre kveite og ris som gir menneskeætta meir næring. Og poteten er på frammarsj. Det blir dyrka 25% meir poteter i dag enn fyrst på 1990-talet. Medan potetdyrkinga har gått nedover i industrilanda, har det auka på i utviklingslanda. I dag er det Kina som dyrkar mest poteter – over ein femtedel av all potetproduksjonen i verda skjer i Kina. Her i landet auka potetproduksjonen jamt og sikkert frå tidleg på 1800-talet og fram til 1940. Men produksjonen per innbyggar heldt seg jamt på 300 kg for året. Det fyrste krigsåret gjorde produksjonen eit skikkeleg byks oppover, og produksjonen kom godt over 400 kg for kvar nordmann. Og på det nivået heldt potetproduksjonen seg på heilt til midt på 1960-talet. Alle hadde vi eit forhald til poteter. Alle som kunne, dyrka poteter. Somme berre til husbruk, andre til mat for både folk og dyr – og totningane dreiv stort med både spritproduksjon og potetmjøl attåt matpoteter til seg sjølve og til byfolk.

Alle åt vi poteter til middags. Mang ein julegris vart feita opp på poteter. Ku og geit og sau fekk poteter. Og poteten vart brukt til både akevitt og dyrlegesprit, til potetmjøl og seigmenn.

Da Einar Gerhardsen-epoken var over, var det òg slutt på storheitstida for poteten. I dag ligg avlinga på rundt 400.000 tonn for året. Det er omtrent ein tredel av avlinga i toppåra, og berre 80 kg i gjennomsnitt for kvar nordmann.

Alle var vi med på potetplukkinga i 1950- og 60-åra. Slik er det ikkje lenger. Dei som driv stort med poteter i dag, har strengleggar og meir eller mindre automatisert opptaksutstyr. Kostnaden til dyrkingsutstyr bikkar fort millionen. Det krev stort produksjonsvolum og effektiv produksjon.

Og dei som står på opptaksmaskinene er ikkje lenger husmødrer og arbeidsviljug norsk skoleungdom. I dag talar dei fleste som driv med innhaustingsarbeid polsk eller litauisk eller ukrainsk. Nordmannen har fått andre interesser enn potetplukking.

Men – eg vil attende til FN og potetåret 2008. Det var litt av eit samantreff at det just var i det året FN valde å bruke til å rette søkjeljoset mot poteten og potetdyrkinga, at prisane på matvarer skulle gå rett til himmels.

Potethausting på Landbruksdagen. Foto: Magne Mjøs

I 2008 har den globale matvarekrisa vori fyrstesidestoff i media. Drøftingar i FAO om korleis vi skal bera oss åt så det blir nok mat i verda, har fått meir omtale og plutseleg vorti viktigare enn global frihandel.

Vi har venta på det lenge – at politikarar og folk flest atter ein gong skulle bli klar over at det er mat vi lever av. Vi lærte det i 1940. Vi vart minna om det i 1973. Nå skriv vi 2008. Bonden har det viktigaste yrket i verda – og vil ha det viktigaste yrket i framtida, sa Øystein Dahle, tidlegare styreleiar i Den norske Turistforening, i eit intervju i Dag og Tid i vår ein gong.

Han har rett. Alt organisk liv på denne kloden er avhengig av den forunderlege prosessen som skjer i grøne planter. Fotosyntensen kaller vi det. Uorganisk materiale blir gjort om til organisk materiale. Samtidig blir lufta reinsa for CO2.

Denne prosessen er grunnlaget for alt liv. Denne prosessen skjer berre i grøne planter. Ingen har greidd å skapa organisk materiale av uorganisk på kunstig vis.

Eit par linjer som Hermann Wildenwey skreiv i ein prolog på 30-talet er like aktuelle i dag som for 70 år sidan:

Det ble et magert taffel om industrien, med kniv og gaffel ble alene om å dekke bord.

Og med det vil eg takke for meg, og ønskje oss alle ei god innhausting, med mykje sol og god lotørk.

9

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Potetdag på Løken

Tekst og foto: Odd Helge Nysveen Valdres forsøksring

Valdres forsøksring og Biofosk Øst Løken inviterte 20. august til fagdag om dyrking av mat- og setjepotet i Valdres. Spesiell vekt vart lagt på utprøving av setjepotetdyrking i fjellet, og dyrking utan bruk av plantevernmiddel.

Ottar Martinsen frå Valdres forsøksring orienterte innleiingsvis om status for potetdyrkinga i Valdres før og no, både setjepotet og matpotet. Saman med Bioforsk Øst prøver i år Valdres forsøksring ut dyrking av setjepotet i ulike høgdelag i stølsområda. Desse felta ligg på Åbjørstølen 800 meter over havet, Yddin 875 meter over havet og Herredalen 950 meter over havet. Eit referansefelt er anlagt på Bioforsk Øst Løken 550 meter over havet. Potetsortane Aksel, Asterix og Troll er med i desse felta.

Målet er å undersøkja om ein ved å flytta dyrkingsplassen høgare over havet kan unngå angrep av sjukdomar, som t.d. turrote. Nattefrost er ei utfordring i dette høgdelaget, og her kjem lokalklimatiske tilhøve sterkt inn. På felta er det plasert ut temperaturloggar. Setjepoteten frå fjellet vil neste år bli brukt som bruksfrø til matpotetdyrking nede i bygda, for å undersøkja om setjepotetene produsert i fjellet er fullgode som bruksfrø. Fysiologisk alder på setjepoteten avgjer kor fort den spirar og korleis avlingspotensialet er.

I Norge har vi om lag 200 potetsortar. Av desse er 34 sortar med organisert setjepotetavl. På verdsbasis er det ca 4000 sortar, og innanfor EU systemet 350-400 sortar.

Kristin Daugstad frå Bioforsk Øst Løken er i gang med oppformeiring av meristemstiklingar av potetsorten Svart Valdres. Det gamle bruksfrøet av denne sorten er sterkt befengt med virus, men ved bruk av slike stiklingar unngår ein at viruset følgjer med til setjepoteten. Avlinga frå desse stiklingane skal brukast som grunnlag for å dyrke setjepoteter i 2009, og i 2010 vil ein ha nok frø til å anleggja forsøksfelt. I forbindelse med Rakfiskfestivalen har det vore in del etterspørsel etter sorten.

Per Møllerhagen frå Bioforsk Øst Apelsvoll tok for seg temaet dyrking av mat- og setjepoteter utan bruk av kjemiske plantevernmiddel. Dette er ei stor utfordring. Vi må droppe beising av setjepoteten, ikkje sprøyte mot ugras eller insekt, Turrotesprøyting og nedsviing av riset før opptak må droppast. Dei tiltaka vi kan setja i verk for å unngå sprøyting er i stor grad førebyggjande. Heilt frå val av setjepoteter som må vera friske, setja godt grodde poteter i varm jord for å få rask spiring og høveleg setjedjubde (5 cm) i gode drillar. Hypping 3-4 gonger for å bekjempe ugraset kan vera aktuelt. For å bekjempe insekt som teger og sikader, kan tildekking med duk vera aktuelt, men neppe gjennomførbart i stor målestokk. Ikkje legg potetstykket inntil jordekantar med mykje busk og kratt, her finn insekta skjul.

Turrote er nok den største utfordringa for dei som vil dyrke potet utan sprøyting. Viktige førebyggjande tiltak her er friske setjepoter og val av sortar som er sterke mot turrote på ris og knollar. Ved eventuelt større angrep, må ein fjerna riset. Risknusing bør skje i sollys. Ein time sollys drep 95 %

Per Møllerhagen er fagleg rådgjevar for potetforsøka i fjellet

av turrotesporane. Opptak bør skje før jordtemperaturen vert for låg, ved 8 10 gradar. Temperaturen på lageret set vi gradvis ned til ca 4 grader rundt 1. desember.

På rundturen ute såg vi på stiklingane av Svart Valdres, forsøksfeltet på Løken og på eit demonstrasjonsfelt med 7 sortar hjå Tor Einar Rogne. Sortseigenskapar, bruksområde, dyrkingsteknikk, turroteangrep, tidspunkt for opptak og potetdyrking generelt vart diskutert.

Dagen vart avslutta med ei synfaring på feltet på Yddin. Vi registrerte at det var frodige potetris utan sjukdom eller skade av noko slag. Per Møllerhagen meinte at fjelltraktene i Valdres kan vera eit interessant nytt område for økologisk Sør-Norge. I dag skjer så å seie all slik dyrking i Alta.

setjepotetproduksjon

Kursdeltakarane såg på eit demon strasjonsfelt hjå Tor Einar Rogne.

i

Slik såg dei største knollane av Svart Valdres ut inni.

10

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Balansegjødsling er god økonomi

www.yara.no

I Norge er Yara aktivt med i utviklingen av landbruket – og har vært det i over 100 år. Blant annet med Fullgjødsel ® som er skapt for å optimalisere norske avlinger. En sukessoppskrift som har gjort det til landets desidert viktigste gjødslingsprodukt.

Å gjødsle etter balanseprinsippet betyr å erstatte de næringsstoffene man fjerner med avlingen. Her kan Yara tilby et komplett sortiment tilpasset nye fosfornormer og norsk jordsmonn.

Med Yaras nye familie av globale produktnavn vil YaraMila ™ være Fullgjødsel ® i framtiden – suksessoppskriften er den samme.

11

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Kongens gull til Magnus Sandberg

Tekst og foto: Odd Helge Nysveen Valdres forsøksring

Underteikna hadde saman med mange andre ære og glede av å vera invitert på Grøndalsstølen til Magnus Sandberg den 15. august i år. Vi forstod at det var store ting på gang utan at dette var sterkt publisert.

framleis står sterkt, men no meir i retning av å formidla kunnskap spesielt om landbruk og tradisjonar, vidare til folk flest.

Til slutt: God tur på Slottet i møte med Kong Harald, det var vel fortent!

I nærvær av fylkesmann, ordførar, næraste familie og andre inviterte gjester vart Magnus heidra med Kongens fortjestmedalje i gull. Fykesmannen la i si helsingstale spesiell vekt på Magnus Sandberg sitt samfunnsengasjement på fleire områder, noko ho også gav fleire eksempel på.

Som tilsette og medlemmer i oppstartfasa av Valdres forsøksring kjenne vi Magnus sitt engasjement som kunnskapsformidlar. Han var veldig opptatt av kunnskapsformidling ut til yrkesutøvarane innan landbruk. Kunnskap såg han på som nøkkelen for å forenkle kvardagen og betre økonomien til den enkelte bonde. Likeeins såg Magnus at ein forsøksring ville vera ein nyttig reiskap for bøndene i Valdres. Han var ein av initiativtakarane og ein pådrivar i prosessen med å få det heile i gang, han la helle ikkje inn årene om forsøksringen kom godt i gang, heile 14 år etter oppstarten sat han i leiarstolen. Som ”pensjonist” er aktiviteten han framleis på topp, har registrert at kunnskapsformidling Magnus Sandberg med Kongens fortjenestemedalje i gull

12

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Oppdagingsferd i gamal eng- og beitemark

Tekst og foto: Magnhild Strand Valdres forsøksring

I slutten av juni, ved dei tidene blomsterengene er på sitt finaste, arrangerte Valdres forsøksring to markvandringar i artsrike kulturbeite. Me var i Sørre Hemsing i Vang ein føremiddag, og me var på Bergatn i Bagn ein kveld. Begge stader var Tanaquil Enzensberger kunnskapsrik gaid gjennom ulike typar spennande kulturmark.

I Valdres har me ein god del gamal kulturmark som ikkje har vore eigna for moderne drift. Samstundes har me eit aktivt husdyrhald med beitedyr som har vedlikehalde gamle slåtte- og beitemarker. Mange sjeldne raudlisteartar finst i desse kulturlandskapa. Og gardbrukaren kan få ekstra miljøtilskot for å vedlikehalde slike marker.

Finn du gulaks, harerug, dunhavre, tjæreblom, skogkløver, tepperot, hjartegras eller kattefot i eng- og beite, er dette teikn på at enga har vore i god, kontinuerleg drift i lang tid utan å ha vore gjødsla med kunstgjødsel. Ballblom og bekkeblom finn me i gamal fukteng. Både i Sørre Hemsing og på Bergatn fann me den rosa orkideen marihand som finst på ein god del beiter i Valdres. Me fann også marinøkkel, som er ei lita bregne som er ekstremt lite tolerant for gjødsling. Båe desse står på raudlista som nær truga artar.

Tanaquil Enzensberger viser fram typiske artar for gamal eng. Her finn ho den vesle bregnen marinøkkel.

Er det derimot mykje sølvbunke (fuktig eng), finnskjegg (tørr mark) eller blåtopp (myr), er det teikn på overbeiting, og enga blir meir artsfattig. Bringebær, skogstorknebb, mjødurt og hundekjeks er teikn på attgroing. Har skogen og krattet allereie fått tak, er det om å gjere å rydde på riktig måte: Ringbork ospa og lat trea døy før ein skjer dei ned for å unngå rotskot. Ta gradvis ut bjørker, slik at gras og urter får meir ljos. Me høyrer at det blir færre sommarfuglar og at fleire bieartar har døydd ut. Mange av desse insekta er avhengige av å leve på heilt spesielle planter. Desse plantene att er avhengige av at areala blir hausta gjennom slått eller beite utan sterk gjødsling. Slik ser me at mykje heng saman i naturen. Ca 35 prosent av dei utryddingstruga artane i Noreg finst i kulturlandskapet, og landbruket har ei viktig oppgåve med å vere med å ta vare på desse.

Tanaquil anslo enga på Bergatn til å ha rundt 60 artar per kvadratmeter. Det er svært artsrikt. Skogmarihand t.v.

13

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Kjøttbeinmjøl

Av Gunhild Bergene Valdres forsøksring

Norsk protein er stadig ute og reklamerer for kjøttbeinmjøl som et alternativ til kunstgjødsel. Etter en rask telefon til norsk protein på Hamar får vi vite at de er utsolgt for i år. Men, det er kanskje muligheter for å bestille til høsten 2009. Vi har fått fleire spørsmål om produktet og her får du vite litt om gjødseleffekt og bruk av kjøttbeinmjøl.

Kjøttbeinmjøl

Kjøttbeinmjøl er et restprodukt frå slakteindustrien som varmebehandles ved 133°C for å drepe eventuelle smittestoff. Kjøttbeinmjøl som anvendes til gjødsel produseres av lavrisikoråvarer.

Gjødseleffekt og bruksområde

Kjøttbeinmjøl har et høyt innhold av nitrogen og fosfor, men lite kalium. Per 100 kg viser varedeklarasjonen 8,5-10 kg Nitrogen, 3,0-5,0 kg Fosfor, 0,3-0,8 kg kalium og 7,5-11,0 kg Kalsium. Forsøk frå jordforsk viser at 80% av nitrogenet virker første året. Før var det kun lov til å spre beinmjøl i åpen åker, men nå er det også lov til å bruke til eng og beite når det blandes med andre produkt (møkk, kunstgjødsel, jord o.a.). I gjenlegg er det ikke krav om innblanding. Å bruke kjøttbeinmjøl aleine som gjødsel er lite aktuellt da plantene får alt for mye fosfor og for lite kalium. Det er på nydyrkede områder og eng med lave fosfortall at kjøttbeinmel er best egna. På jord med høye fosfortall blir fosforgjødslinga for høg.

I Jæren forsøksring har de hatt forsøk med beinmjøl. De hadde gode erfaringer med å blande 100 kg beinmjøl pr 3 tonn storfegjødsel i møkkummer under omrøring. Det ga en god næringsbalanse. I de fleste tilfeller bør det tilleggsgjødsles med Nitrogen.

Ved bruk må en være klar over sperrefristen på 3 uker fra utkjøring til arealet blir beita eller høsta. Det er også et krav at det skal oppbevares protokoll i minst 2 år. Den skal inneholde oversikt over mengde som er brukt, dato og sted for organisk gjødsel og dato når besetningen får beite på enga eller når fôret høstes.

Økologisk

Det er mulig for økobønder å søke DEBIO om å få bruke kjøttbeinmjøl. Får en dispensasjon, gjelder regelen om maks 8 kg totalt Nitrogen pr daa av ikkje-økologisk gjødsel. Det tilsvarer litt i underkant av 100 kg kjøttbeinmjøl.

Utkjøring og kostnader

Kjøttbeinmjølet leveres i 800 kg og 1300 kg sekk eller i bulk. Det har mjølkonsistens og vil derfor støve når det ikke blandes med møkk eller vann. Det anbefales å bruke kalkvogner når beinmjøl blandes med kunstgjødsel for å sikre en jevn spredning på eng. Valdres last tar 175 kr/tonn for å frakte storsekker med beinmjøl frå Hamar og til Valdres. T.o.m oktober 2008 koster mjølet 10 øre per kg. Går en ut fra 100 kg beinmjøl pr daa gir det en gjødselkostnad på 10 kr for mjølet og 17.50 i frakt, tilsammen 27,50. I 100 kg kjøttbeinmjøl er det ca 8,5 kg Nitrogen. Det gir en kostnad på 3,24 kr/kg Nitrogen. Til sammenligning koster det 24,7 kr/kg Nitrogen i 19-4-12. Det vil med andre ord si at nitrogenet i kjøttbeinmjøl er billig. I tillegg får du kalkeffekt av mjølet. På den andre siden er det merarbeid å blande husdyrgjødsel og beinmjøl, eller merkostnad ved å leie kalkvogn for spreiing. I de fleste tilfeller vil det være behov for å tilleggsgjødsle med Nitrogengjødsel eller NK-gjødsel.

Er det noe mer du lurer på, så ta kontakt med forsøksringen. En Valdresvert er en serviceorientert og salgsrettet person i din bedrift som kan videreformidle kunnskap om Valdres til våre besøkende og kunder.. 120 har allerede gjennomført kurset.

Målsetting er høyere servicegrad for våre gjester, økt inntjening og omsetning i din bedrift og tryggere betjening med bredere kompetanse.

Kurset er rettet mot bedrifter og enkeltpersoner med direkte kundekontakt innen: • Handel • Reiseliv • Landbruk • Kultur • Offentlig sektor Innhold i kurset (totalt 16 timer. Dagkurs 2 dager.

Kveldskurs 4 kvelder.)

• Merkevaren Valdres • Landbruk • Aktiviteter • Salg og service • Opplevelser • Kultur • Mat • Lokalhistorie DAGSKURS: 4/11 kl 9–16 • 11/11 kl 9–16 KVELDSKURS: 4/11 kl 18–22 • 11/11 kl 18–21 • 19/11 kl 18–22 • 25/11 kl 18–21.30.

FORDYPNINGSKURS (totalt 12 timer):

Salgskurs 19/11 • Servicekurs 20/11 FOR MER INFORMASJON, SE www.valdres.no

Kursavgift: kr 700,-

Påmelding innen 29. okt. til: Opus Valdres v/Mari-Ann Ødegård E-post: [email protected]

Tlf. 61 35 66 00 · 61 35 66 12 · Faks: 61 35 66 01

Valdresmusea

Arr: OPUS Valdres, Fagernes Handelsstand, Valdres Natur- og Kulturpark, Valdres Destinasjon, Valdresmusea, Fylkesmannen i Oppland Landbruksavd., Bioforsk Løken, Valdres Matforum, Valdres kvalitet.

14

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Inn på tunet – informasjonsmøte

Prosjektet ”Heime og på støle” i Vestre Slidre arbeider med ulike tiltak for å styrkje drifta på gardane. Satsing på ”Inn på tunet” (grøn omsorg) er eitt av tiltaka. Dei har hatt studietur og arrangert fleire informasjonsmøte. Nå har dei etablert kontakt med den private barnevernsaktøren Aleris Ungplan som vil halde eit informasjonsmøte på Fagernes 19. november.

Aleris Ungplan gjev tilbod om bo-, omsorgs- og behandlingsplassar til barn og ungdom som har spesielle behov eller er hjelpetrengande. Dei søkjer kontakt med personar som ynskjer å utvikle seg fagleg innanfor barnevern og som ynskjer å ta i bruk garden til sosialt arbeid. Å vere familieheim eller drive annan form for familiebasert omsorg, gjev moglegheit til å kombinere interesse for å arbeide med barn og ungdom med ny næringsveg på garden. Sjå kontaktinformasjon på baksida av bladet.

� � � ���� !��"�� ����������� ����� ������������##�$� ���������#����

�������� ������������������ ������������������������

%���� ����&�'�����(��)��*����� +��� � �� � �������� �� ����������������������������� ����� ������ ���� ������� �� ������������������������� �����������

����"�!)�� ������������

�"�����������(�� �� �����+��& �� / � �1� �0�2���-� � �(���� ������ "�+��� � ���"����"�� +���0 ."���� ��� ������ ����������+��& �� /& �����3���1�0

� �� �� ������ ��� ��� ���� ��� ��� ��� ��� ��� � �� ����� ��������� ������ ���� �������� ��� ���� ����� �� ���� ���� ��������� ���� �������� ������������� ��� �� �� ��� ���� ����������� ������ � ������ � �� �� ����� ��� ������ ����� � �� ������ � ���� ��� ���� ���� ���� �� ����� ���� ��������������������������

."����/���� ��+���(�� ��"�� ��� *(� �"�*����+��-� (���-������(� ���������%�����&0���� �"��"* � �&�� � �� ��

�������

,-�� ������!���"�����"�

15

VALDRES LANDBRUKSNYTT

På skattejakt i åkeren

Gunhild Bergene Valdres forsøksring

En fin høstdag i september bestemte vi oss for å gjøre noe vi aldri hadde gjort før. Vi satte kursen mot Begnadalen og Hougsrud gard. Vel framme fant vi det vi var ute etter, rad på rad og laaaangt bortover. Vi ruslet ned i åkeren, fant hver vår kolbe, skrellte oss gjennom lag på lag med agner og tilslutt fant vi skatten

-en stor solgul mais.

Som det eneste stedet i Valdres kan Marit og Knut lokke med selvplukk av mais. De sår 3 dekar hvert år og hver plante setter en kolbe. For at maisen skal komme raskt dekkes fårene med plast om våren. Etter 6 uker fjernes plasten og halvparten av maisen dekkes videre med fiberduk. Dette gjør de for å få 2 ulike modningstider. Knut og Marit Hougsrud har hatt selvplukk i 4 år og har opparbeidet seg en fast kundekrets. I tillegg får de gjerne besøk av barnehager og skoler. Sesongen er over nå, men f.o.m 20. august neste år ønsker Marit både store og små velkommen til en koselig stund i maisåkeren.

- og maisen vår den kokte vi . Den var søt og god og smakte fortreffelig med salt og smør på. Sitter du på gjerdet og lurer på hva du skal gjøre? I tilfelle er du ikke den eneste.

Oppland Bondelag arrangerer nå ei samling for alle som sitter på gjerdet. Du kan, med utgangspunkt i deg sjøl, din familie og din gard, lage en plan for framtida. Med deg/dere får du en veileder som har god erfaring på nettopp å stake ut kursen framover.

Bygdekompasset er et hjelpemiddel som kan brukes enten du vil bygge ut, legge ned eller gjøre små eller store endringer på din gard. Vi anbefaler at flere fra hver gard deltar. Det er et kurs for deg/dere som vil gjøre bevisste valg.

I Valdres blir det holdt to oppstartsmøter 27. og 28. oktober og ei felles helgesamling 7.-9. november. Påmeldingsfristen var 24. september, men dere kan undersøke om det fortsatt er ledige plasser. Se kontaktinformasjon v/ Astrid Simengård på baksiden av bladet.

Den skal tidlig krøkes... Øystein, 1 år syntes det var morro å plukke mais.

Foto: Gunhild Bergene Harald Hougsrud, 3 år, er en erfaren maisplukker og lærer gjerne bort til Eivind Bergene, 3år, hvordan kolben skal skrelles. Foto: Gunhild Bergene

73, 84, 90 oh 102 hk

2960 Røn - Tlf. 61 34 45 00 - Faks 61 34 45 05

16

73, 84, 90 oh 102 hk VALDRES LANDBRUKSNYTT

Nye gjødselpriser

Gunhild Bergene Valdres forsøksring

Det ble varslet nye priser i vår og fra 1. juli kom bomben: dobbel pris på fullgjødsel. Nitrogengjødsla hadde noe mindre økning. Samtidig kom det en ny ordning med fastsetting av priser. Før ble de framforhandlet for ett år om gangen. Nå fastsettes prisene for 3 måneder og 3 måneder, men termintillegga går som før. Felleskjøpet anbefaler fremdeles å kjøpe gjødsel tidlig. I denne artikkelen vil vi se på pris/ 100 kg og pris pr kg/nitrogen i 600 kg sekk. Pris pr kg/N er mer riktig å bruke når vi skal sammenligne gjødselslag, da det er nitrogen som bestemmer mengde gjødsel per dekar. Men, husk at plantene også trenger fosfor og Kalium.

Prisene gjelder fram til 30. september

Vareslag

12-4-18 19-4-12 18-3-15 22-3-10 25-2-6 21-3-8 m/selen 6-5-20 mikro OPTI NK 25-0-9 CAN N27 OPTI-KAS 27-0-0 OPTI NS 27-0-0 (4% S) Kalksaltpeter

Pris/100 kg

Ikke prisa 470 465 450 425 480 590 425 265 295 295 265

Sortiment

* Råfosfat og Svovel-kalksaltpeter utgår.

* 40 kg sekk av 22-2-12, 25-2-6 og OPTI-KAS 27-0-0 utgår * 12-4-18 erstatter 11-5-18 * 19-4-12 erstatter 17-5-13 * 22-3-10 erstatter 21-4-10 * OPTI-NK 25-0-9 erstatter OPTI-NK 22-0-11

Er det mulig å få ned gjødselkostnadene utan at avlinga reduseres?

- Utnytt husdyrgjødsla godt. Ikke bruk mer enn anbefalt mengde i åpen åker.

- Fordel husdyrgjødsla enda bedre på engareal. En god praksis er å dekke behovet for fosfor og kalium med blautgjødel eller gylle og supplere med rein nitrogengjødsel som er billigere enn fullgjødsel.

- Unngå høstspredning, bruk husdyrgjødsla i vekstsesongen - Innblanding av vann i husdyrgjødsel tar bedre vare på nitrogenet slik at det ikke fordamper under og etter spredning.

- Hyppigere omløp og i såing av kløver eller andre belgvekster er med på å holde avlingsnivået opp hvis kunstgjødsla reduseres.

Besøk frå Sveits

Ei gruppe på 14 økologiske rådgjevarar og forskarar frå Sveits var på rundtur i Noreg på forsommaren, og stoppa to dagar i Valdres. Dei var ein tur i fjellet for å sjå på stølane og driftstilhøva i fjellet, og dei fekk omvisning på Bioforsk Øst Løken.

Sveitsarane var opptekne av kva som var hovudutfordringane hjå oss ved omlegging til økologisk drift. Dei meinte mellom anna at vi hadde tradisjon for å gjødsle sterkt med nitrogen, og at det fører til at overgangen frå konvensjonell til økologisk drift blir stor. Samstundes er det ein føremon å ha så god tilgang på fjellbeite. I Sveits er det stor fokusering på fagkunnskap, og dei kunne fortelje at dei er i ferd med å innføre krav om landbruksutdanning for å få offentlege tilskot.

Dei studerte sveitsiske forskarane og r å d g j e v a r a n e det ø k o l o g i s k e potetfeltet. Foto Magnhild Strand

Pris / kg N

24,7 25,8 20,5 17,0 22,9 98,3 17,0 9,8 10.9

10,9 17,7

BANK • FORSIKRING • SPARING med Terra Næringspartner

• Leasing, tjenestepensjon, forsikring, betalingsformidling

– eit komplett tilbud til næringslivet fra din lokale Sparebank

• Etnedal Sparebank – tlf. 61 12 15 00 • Vang Sparebank – tlf. 61 36 76 00 • Vestre Slidre Sparebank – tlf. 61 34 36 00 • Øystre Slidre Sparebank – tlf. 61 34 09 50

www.etnedalsparebank.no – www.vang-spb.no – www.slidrebanken.no – www.osbank.no

17

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Endring av regionalt miljøprogram

Av Magnhild Strand Valdres forsøksring

Fylkesmannen i Oppland har sett i gang ein prosess for å evaluere og vurdere endringar i regionalt miljøprogram for Oppland. Det har blitt brukt 52 mill. kroner på denne ordninga i vårt fylke dei siste åra. Mesteparten av midla har gått til stølstilskott, drift av brattlendt jord og endra jordarbeiding. Dei to medarbeidarane hos Fylkesmannen, Stig Horsberg og Ola Rosing Eide, presenterte nokre tankar om kva endringar det kan vere aktuelt å gjere på møte på Fagernes i vår.

Organisert beitebruk

Dei meiner det er aktuelt å styrkje organisert beitebruk og meir planmessig samarbeid om beitetiltak. Dei ynskjer at beitelaga skal ha godkjente beitetiltaksplanar. Vidare vil dei vurdere om det bør innførast eit årleg tilskot til vedlikehald av utmarksgjerde og til vedlikehald av innmarksgjerde som omfattar fleire eigedomar. Støtte til restaurering og skjøtsel bør gå til prioriterte beiteareal. Dei meiner også at det bør vurderast å auke støtta per dyr og til tilsyn i prioriterte beiteområde (rikt biologisk mangfald, stølsområde osb.).

Dyr på beite

Det kan vere aktuelt å auke tilskota til somme dyreslag med viktig beiteeffekt, og slik at ein samstundes får utløyst potensial for auka produksjon, til dømes når det gjeld kastratar.

Arealretta tilskot

Desse tilskota går til innmark i stølsområde, bratt dyrka jord og til skjøtsel av biologisk viktige areal. Det kan vere aktuelt å satse sterkare på prioriterte kulturlandskap og å ha sterkare kontroll og krav til skjøtsel av områda.

Når det gjeld tilskot til innmark i fjellet, lufta horsberg og Rossing Eide moglegheit for å knytte tilskotet sterkare til stølsmiljø, og å ta vekk tilskota til store nydyrkingsfelt som ikkje er knytt til kulturmiljøet på stølane. Dette gav grunnlag for ein del diskusjon i møtet. Dei lufta også om det er aktuelt å utjamne tilskota for slått og beite av areal i fjellet.

Dei meinte at tilskota til hausting av bratt areal må oppretthaldast. Desse areala er svært viktige for det inntrykket ein få av ei bygd, fordi dei er så synlege. Det kan vere aktuelt å fjerne differensieringa på over/under 50 daa og å differensiere mellom slått og beiting av slike areal. Når det gjeld biologisk viktige areal vil dei vurdere å auke satsane for slått.

Stølstilskot

Stølstilskotet skal oppretthaldast, og det bør drøftast om dette ligg på eit riktig nivå. Det vart også lufta om ein skal halde fram med å differensiere mellom 4 og 8 veker på stølen.

Høyringsrunde

Faglag, kommunar, interesse organisasjonar og økonomiske organisasjonar i landbruket vil få forslag til endringar til høyring. Fylkesmannen vil sende sitt forslag nytt regionalt miljøprogram 2009-2012 til Statens Landbruksforvaltning innan 1. november, og det vil bli vedtatt ny forskrift for Oppland i løpet av vinteren 2009. Geiter på Lykkjestølen i Øystre Slidre

18

VALDRES LANDBRUKSNYTT

Kulturlandskap i Endring

Av Nils Rogn For Valdres landbruksnytt

Fagernes

Ein fin og lett tilgjengeleg utsiktsplass over Fagernes enno i dag, er utsiktstårnet som Fagerlund hotell fekk sett opp ved Blåbærmyra. Motiva viser at det her faktisk har blitt mindre vegetasjon, men desto fleire hus. Framleis står annekset til Fagerlund hotell, og det er det eldste huset på Fagernes i dag. Det vart bygt i 1885. Sjølve hotellet brann under ei pelsdyrutstilling i 1936. Det eldste motivet er frå før 1906, sidan jernbanen enno ikkje er komen. Men inne i skogen kan me skimte Fagernes hotell.

Hegge

Eit oversiktsbilde frå Heggebygda syner at det er vegetasjonen og vegen som har endra seg mest på dei hundre åra som er mellom fototidspunkta. Nye hus og store raude låvar har også kome opp og Hegge stavkyrkje har skifta farge frå kvitt til brunt. Og Rundemellin har ikkje vorte høgare!

Vang

Mange av husa står enno, auka vegetasjon er største endringa i Vang sentrum i løpet av hundre år. Men den hitaste store bygningen, Nordby, er borte no. Her vart det drive handel fram til ikring 1905. Seinare vart bygningen nytta som bustad. I 1974 vart Nordby offer for ei brannøving. Midt i bildet ligg Vang Hotell som Ola Nilsson Får frå Vestre Slidre sette opp i 1891 (seinare kalla Grindaheim Hotell og ”Sumarhotellet”- no Grann hotell). Neste bygning tilhøyrde bruket Grindaheim, der Per Odnes som den fyrste i Vang tok i mot farande gjester frå omkring 1867. Han dreiv òg handel der. Huset brann ei jolehelg i slutten av krigsåra. Ovafor vegen ligg Vang telefonsentral og på det eldste motivet ser me også Klukkarhaugen og kyrkja. På det nyaste motivet ser me butikkbygningen til H. T. Ellingbø som kom opp i 1932. Hugakollen bak har endra seg lite.

19

Møtekalender

Bygdekompasset

Et bedriftsutviklingsprogram for gardsbruk og andre småbedrifter. Oppstartskveld: - 27. oktober på Idstad i Volbu - 28. oktober på Nord-Garthus i Bagn. Helgesamling 7.-9. november på Nythun Høyfjellstue, Nord Aurdal For nærmere opplysninger kontakt Oppland Bondelag v/ Astrid Simengård, [email protected]

, tlf. 61 05 18 05/ 97 00 36 84

VALDRES LANDBRUKSNYTT Informasjonsmøte om familiebasert omsorg på gårdstunet

19. november kl 10.00-15.00, Quality hotell Fagernes . For nærmere informasjon og påmelding, kontakt Aleris Ungplan v/ prosjektleder Hanne Fosser, [email protected]

, tlf. 48 95 47 74, www.alerisungplan.no

Valdresvert

Kurs for bedrifter og enkeltpersoner med dirkete kundekontakt innen handel, reiseliv, landbruk, kultur og offentlig sektor. Dagkurs 4/11 og 11/11 kl 9.00-16.00

Kveldskurs 4/11, 11/11, 19/11 og 25/11 kl 18.00-22.00

Påmelding til Opus Valdres v/ Mari-Ann Ødegård, mari-ann.odegard@oppland.

org , tlf. 61 35 66 00

Raude låvar Plantevernkurs

Seminar i november om ny bruk av ”Raude låvar”. For nærmare informasjon, kontakt ”Heime og på støle” v/ Hanne Lykkja, tlf. 48 27 21 52 Det vil bli arrangert nytt autorisasjons kurs for handtering og bruk av plantevernmiddel i februar 2009. For nærmare informasjon og påmelding, kontakt Valdres forsøksring, [email protected]

, tlf 61 34 29 80

BONDENS TRYGGE VALG

Trilling

- og for liten til å slaktes

For å få full fart på tilveksten er det aktuelt med appetittfôring på kraftfôr ved siden av godt grovfôr. Drøv Lam har en sammensetning som gjør at lammene tåler store kraftfôrmengder.

Blandingen har moderat stivelsesinnhold, høyt fiberinnhold, god proteinkvalitet og er tilsatt buffer. Kraftfôret er kopperfritt.

Drøv Lam får du hos din lokale Norgesfôr-bedrift

Norgefôr Hadeland

Tlf 61 36 44 80 www.norgesfor.no

Forhandler i Valdres: Eiksenteret Fagernes

Tlf. 61 33 68 20 Avsender: Valdres forsøksring, 2940 Heggenes

20

tlf. 61 34 29 81 e-mail: [email protected]