Kyrkjebladet nr.4 2012 - Hemsedal kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript Kyrkjebladet nr.4 2012 - Hemsedal kyrkjelege fellesråd

GOL OG HEMSEDAL
Nr. 4 Sept./Okt. 2012 63. årgang
I nn h a l d
Min Salme....................................... 2
Kyrkja og staten.............................. 2
Andakt.. .......................................... 3
Nyansatte.. ...................................... 4
0-18 hjørnet.................................... 6
50 års konfirmantjubileum i Gol....... 7
Gullrekka for barn og ungdom......... 8
Kunngjeringar............................... 10
Velkomen til kyrkje!....................... 11
Eldprofeten på Santorini................ 12
Gullrekka tilbyr babysong, og Morten Kolsrud kosar seg med dottera Marisa-Agnethe Moholt Kolsrud på to år.
Foto: Kjetil Storebråten
Ola Lien er ein kjent og
kjær mann i Hemsedal, blid
og hjelpsom mot alle og
ikkje minst bygdas "Petter
Smart". Han er bonde og
jobbar også som friviljug
i blant anna Røde Kors og
idretten. Den fyrste salmen han kom
i hug då eg spurte han om
dette var; "Alltid freidig når
du går". Historia bakom, er at
i fyrste timen på skulen med
lærar Sletten, så byrja dei alltid
skuletimen med ei salme og då
song dei ofte denne. Det å byrje
dagen med ei salme tykte Ola
virka svært samlande. I tillegg
vart det ein god start på dagen.
Min
Salme
Tida i Ungdomslaget var og fin,
og der vart denne salmen nytta
i mange høve. "Det er ei salme
med eit sterkt innhald og den er
god å ha med seg i kvardagen.
Alltid freidig når du går
Alltid freidig når du går
veier Gud tør kjenne,
selv om du til målet når
først ved verdens ende!
Aldri redd for mørkets makt!
Stjernene vil lyse;
med et Fadervår i pakt
skal du aldri gyse.
Kjemp for alt hva du har kjært,
dø om så det gjelder!
Da er livet ei så svært,
døden ikke heller.
Toril Østby
Kyrkja og staten
Ein ny type statskyrkje
21. mai vedtok Stortinget endringar i to
paragrafar i Grunnloven som på radikalt
vis endrar tilhøvet mellom kyrkja og
staten. Om vi framleis kan kalle Den
norske kyrkja ei statskyrkje, så er det
ei statskyrkje av eit anna slag enn den
kyrkja landet har hatt i 500 år. Grunnlovsendringa har vekt lite oppstyr, i alle
fall i Hallingdal. To paragrafar er endra.
Kyrkjebladet vil gi ei kort orientering
om endringane.
Gammal og ny paragraf 2
Den gamle paragraf 2 lyder slik: ”Alle Ind­
vaanere af Riget have fri Religions­øvelse.
Den evangelisk-lutherske Religion forbliver
Statens offentlige religion. De Indvaanere,
der bekjende sig til den, ere forpligtede til
at opdrage deres Børn i samme”.
Den nye lyder slik: ”Værdigrundlaget
forbliver vor kristne og humanistiske Arv.
Denne Grundlov skal sikre Demokrati,
Retsstat og Menneskerettighederne”.
Gammal og ny paragraf 16
Den gamle paragraf 16 lyder slik: ”Kon­
gen anordner al offentlig Kirke- og Gud­
stjeneste, alle Møder og Forsamlinger om
Religionssager, og paaser, at Religionens
offentlige Lærere følge de dem foreskrevne
Normer."
Den nye lyder slik: "Alle Indvaanere af
Riget have fri Religionsøvelse. Den norske
Kirke, en evangelisk-luthersk Kirke, forb­
2
liver Norges Folkekirke og
understøttes som saadan
af Staten. Nærmere
Bestemmelser om dens
Ordning fastsættes ved
Lov. Alle tros- og Livssyns­
samfund skal understøttes
paa lige Linje”.
Kva endringane betyr
Den største prinsipielle
forskjellen mellom
gammal og ny lov, er at
staten ikkje lenger held
seg med nokon offisiell
religion. Dersom vi
framleis kan tale om ei
statskyrkje, kan vi altså
ikkje lenger tale om ein
statsreligion. På denne
måten blir det understreka at kyrkja er
eit trussamfunn, medan staten held seg
nøytral i religiøse spørsmål og stiller alle
trus- og livssynssamfunn likt.
Regjeringa skal såleis ikkje lenger
vere øvste organ i kyrkjestyret og
utnemne kyrkjelege leiarar. Det skal
kyrkja gjere sjølv. Med dette fell ei
viktig innvending mot statskyrkja bort.
Statlege eller verdslege organ skal ikkje
lenger utnemne leiarar eller gripe inn i
lærespørsmål.
Men staten trekker seg ikkje heilt
unna. Fordi religionen er ein viktig del
av folkets liv, vil staten garantere fri
religionsutøving og skape økonomiske
vilkår som gir trus- og livssynssamfunna
høve til å utfalde seg til beste for alle
innbyggarane.
Den norske kyrkja har likevel ei form
for særstilling. Ho er kalla Folkekyrkje,
og prestar og andre kyrkjelege tilsette
vil framleis få si lønn frå staten og vere
”offentlege tenestemenn”.
Ny kyrkjelov
Grunnloven trekker berre opp hovud­
linjer. Det står framleis att å utforme den
nye kyrkjeordninga i ein eigen kyrkjelov.
Kåre Olav Solhjell
Andakt
Se hele menneske!
I sommer har jeg vært på nordisk
konferanse i Sverige for Kristen
forening for helsepersonell. Tema
var: «Se hela menniskan i vård
og omsorg.» Det var foredrag og
godt fellesskap. Jeg fikk mange
tanker etter dette møtet.
N
år vi ser hverandre, hva er det
vi ser? Vi kan se de pene klærne
og det vakre håret, eller vi hører bare
problemer, og hverken ser eller hører
noe mer.
Hva sier bibelen om menneske?
Mennesket er elsket av Gud. Joh. 3.16.
Alle mennesker er like mye vert i Guds
øyne. Jesus så det hele menneske, d.v.s.
han så de forskjellige behov, det fysiske,
psykiske og åndelige behov. Jesus viste
mange eksempler på hvordan vi skal
behandle hverandre.
Han ga alle en ny sjanse, tok seg tid
til å lytte. Han brydde seg om mennesker
i ulike situasjoner, uansett bakgrunn,
kjønn, alder, etnisk tilhørighet, yrke, samfunnsklasse. Jesus så, og oppmuntret
menneskene han møtte. Han tjente
andre, og gav oss et eksempel da han
vasket disiplenes føtter.
Det er lett å vurdere menneskene etter hva de kan prestere, men Gud elsker
alle mennesker, og alle er verdifulle i hans
øyne. Om vi ser våre medmennesker
med Guds øyne kan vi se verdien hos
hvert menneske. Vi er hele mennesker
og ønsker å bli sett som hele mennesker,
om vi er syke, om vi er pasienter eller
klienter, eller friske. I de fleste liv kommer
vi i den situasjonen at vi blir pasienter for
en tid, og får prøve hvordan det er. Jeg
vil si at man lærer også noe av det, når
man bytter situasjon i fra det å hjelpe til
å motta hjelp.
Dette kan vi være med på alle.
Kanskje vi i dag kan prøve å se dem vi
møter med Jesu øyne?
Ingrid Økesveen
GOL OG HEMSEDAL KYRKJEBLAD
Antall nr.:
Utgjevar:
Redaksjon:
6 nummer i året
Sokneråda i Gol og Hemsedal prestegjeld
Kjell Slåtten, Kåre Olav Solhjell,
Toril Østby, Kjetil Th. Storebråten
Jan Olav Skinnemoen, Rune Abrahamsen (red.)
Ekspedisjon:
Kasserar:
Bankgiro:
E-post:
Kyrkjekontoret 3550 Gol
Arne Oddmund Tuv, 3560 Hemsedal.
Sparebank 1 Hallingdal 2367.60.00097
[email protected]
GOL, herad OG HEMSEDAL
Gol kyrkjekontor,
Gol kommunehus 3. etg.:
Tlf.: 32 02 90 00 • Fax: 32 02 90 10
E- post: [email protected]
www.kyrkjaigol.no
Kyrkjeverje: Anne Gerd Jorde
Kontortid: Måndag-fredag kl. 09.00–15.00
Dir.tlf. 32 02 91 35 • Mobil: 971 58 134
[email protected]
Sokneprest: Jan Olav Skinnemoen
Kontortid: Onsdag og fredag kl. 09.00–11.00
Dir.tlf. 32 02 91 37 • Mobil: 952 75 312
[email protected]
Måndag: Fridag.
Soknediakon: Ingrid Økesveen
Kontortid: Man–ons–fre kl. 09.00–11.00.
Dir. tlf. 32 02 91 38
[email protected]
Sekretær: Berit Langehaug
Kontortid: Mandag, tysdag, torsdag
kl. 09.00 – 14.30 • Dir.tlf. 32 02 91 39
[email protected]
Kyrkjetenar: Arne Braathen • Mobil: 90 13 66 47
Kyrkjetenar: Knut Ole Klepp • Mobil: 906 58 761
Menighetspedagog i Gol og Hemsedal:
Lina Turøy
Mobil: 489 59 826
[email protected]
Sokneprest: Allan Madsen
Tlf.: 31 40 88 46 eller 993 89 654
[email protected]
Kyrkjetenar: Hans Vidar Sørensen
Tlf.: 911 76 827
Sokneråda:
Gol:
Leiar:Leiar Trygve Lono
Smedsgård • Mobil 900 63 161
Herad:
Leiar:Lars Riise
Mobil:
951 03 305
Hemsedal:Leiar:Karin Slåtto
Mobil:
995 91 684
HEMSEDAL KYRKJEKONTOR
Hemsedal kommunehus
Tlf.: 31 40 88 45 • Fax: 31 40 88 30
[email protected]
www.kyrkjaihemsedal.no
Fellesråda:
Gol:
Leiar:Ola Grønseth
Mobil:
920 97 939
Hemsedal:Leiar:Karin Slåtto
Mobil:
995 91 684
Kyrkjeverje: Rune Abrahamsen
Kontortid: Måndag og torsdag kl. 10.00–15.00
Tlf.: 31 40 88 45 • 411 26 321
[email protected]
Ynskjer du å gje ei gåve til kyrkja:
Hemsedal: 2367.20.49482
Gol:
2324.20.01354
Herad:
2324.62.05795
3
Lina Turøy, ny kyrkjelydspedagog
Lina Turøy kom til Hemsedal 31. juli og begynte i vikariat
som kyrkjelyds­pedagog dagen etter.
H
o er fødd i 1986 på Meisingset i
Tingvoll kommune. Namnet sitt har
ho frå Øygarden ved Bergen. Ho gjekk
musikklinja på vidaregåande i Kristiansund. Piano og gitar er instrumenta
hennar, mest piano. Men utdanninga
stansa ikkje der, for denne jenta har fare
vidt og lært mykje:
Eitt år gjekk ho på Indremisjonsforbundets bibelskole på Bildøy, og året
etter var ho stipendiat eller miljøarbeidar
på den same skolen. Deretter drog ho til
Mongolia, eit land som har 2,7 millionar
innbyggarar og er seks gonger så stort
som Noreg. Der var ho miljøarbeidar og
leksehjelpar for dei norske misjonærbarna for Misjonssambandet. Ho landa
der med fly, men kom heim att med den
transsibirske jernbanen. Deretter gjekk
ho eit år på Normisjons bibelskole i Oslo
og tenkte å ta bachelorgrad i musikk.
Men ho skifta meining. Ho kunne få
større nytte og glede av musikken om
han var hobby og tilleggsinteresse enn
Nyansatte
Lina Turøy frå Tingvoll
på Nordmøre begynte
1. august i vikariat som
kyrkjelyds­pedagog i
Gol og Hemsedal.
4
om han var jobb, tenkte ho. Så flytta
ho til Stavanger og studerte barnevernspedagogikk i tre år. Då er vi komne til
våren 2012. Klar til innsats! Ho kom med
alt ein kyrkjelydspedagog treng: Bibel,
barn, musikk, pedagogikk og misjon!
Utdanning er ein ting. Ho veit det
hjelper med noko attåt: Det er fint å vere
glad i folk, særleg barn og ungdom. Og
om ein er kreativ og impulsiv, om ein
vågar å kaste seg ut i det og tek ting som
dei kjem, utan at alt er planlagt, ja då glir
alt så mykje lettare.
Kvifor til Gol og Hemsedal? Det
skjedde som ei blanding av plan og
tilfelle: ”Eg trur Gud opnar dører, at hans
plan viser seg når ein går inn der dører
er opne, som i Hemsedal og Gol. Eg trur
det var meininga at eg skulle hit, og det
synest eg er veldig spennande. Samtidig
tenkte eg at det kan vere fint å komme
til ein mindre plass, ikkje til ein by. Og
så såg eg denne annonsen i Vårt Land.
Eg ringde til Olga Løken Møllerplass og
kjende meg velkomen. Det har eg gjort
sidan også. Folk helsar og spør, og er
interessert både i meg og i jobben min.
Eg går inn i eit vikariat og skal føre
vidare noko som er godt i gang. Samtidig
får eg lov til å gjere ting på min måte.
”Gullrekka” i Gol, som starta fredag 24.
august, er noko nytt som skal byggast
opp frå grunnen. Eg veit det følgjer stort
ansvar med den oppgåva eg har fått. Eg
skal vere med og bere kyrkjas ansvar for
opplæring av alle døypte. Det handlar om
å skape eit godt og trygt miljø, formidle
kunnskap og oppleving. Men det må
ikkje berre bli hektiske aktivitetar. Dei
unge må få møte Jesus og vekse i tru
og kjærleik.
Og så står eg ikkje åleine. Eg deler
ansvaret med alle tilsette og med ein
stor flokk av frivillige hjelparar.
”Nå ser de bildet av meg i Kyrkjebladet. Hels på meg når de ser meg!”
Kåre Olav Solhjell
Det var nesten meir enn han
kunne håpe på: - Eg har ikkje
hatt eit slikt orgel sidan eg reiste
frå England, seier Justin Vickery,
den nye organisten i Gol.
Gledeleg overraska over orgelet
S
idan tidleg i august har den 46-årige
engelskmannen vore på plass i Gol
med kone, ingen barn, men to katter.
Dei er like gamle som opphaldet hans
i Norge, 16 år.
Kyrkjebladet møter han på orgelkrakken i Gol kyrkje. Orgelet som sytte for ein
ekstra hyggeleg velkomst til Gol.
- Det er eit veldig bra orgel, som det
var ei gledeleg overrasking å finne. Her
kan ein spele romantisk musikk, som eg
likar svært godt. Også orgelet i Herad
kyrkje er bra, men det eignar seg best
for barokkmusikk, slår han fast.
Fransk spesialitet
Justin Vickery er frå Nottingham i
England. Han har musikkutdanning frå
universitetet i Birmingham, og seinare
ulike kurs i Frankrike og Nederland.
- Fransk musikk er spesialiteten min, den
likar eg veldig godt, fortel han.
Det var også denne musikken som for
ein del år sidan skaffa han 2. premie i den
velrenommerte orgelkonkurransen César
Franck i Harlem i Nederland.
Vickery pratar godt norsk etter 16 år her
i landet, fyrst to år i Rendalen og seinare
14 år i Haugesund. Mykje var vel og bra
der, men dei hadde ”berre” barokkorgel,
og ikkje eit slikt instrument som møtte
han i Gol!
Ville på landet
- Kva var grunnen til at du søkte hit?
- Me hadde vore lenge i Haugesund. Det
er rett nok ikkje nokon storby, men no
ville me bu på landet. Eg kjenner ikkje Gol
anna enn at eg har køyrt gjennom her
eit par gonger når eg har vore på besøk
i Rendalen. Hallingdal er jo kjent frå
folkemusikken, som også er ein sjanger
eg er interessert i. Det blir arrangert
folkemusikkmesse her iblant, og det gler
eg meg veldig til, forsikrar han.
- Ein annan grunn var kanskje vêret. Det
blæs mykje i Haugesund, sjølv om det er
veldig fint der om sommaren.
- Men du veit det kan vere kaldt i Gol
om vinteren?
- Eg veit det. Men ikkje så kaldt som i
Rendalen!
Også komponist
I tillegg til å spele til kyrkjelege handlingar, tek han også sikte på å arrangere
jamlege konsertar. Han har alt begynt
å planleggje den fyrste i haust. Etter
kvart håpar han også å kunne starte eit
kyrkjekor.
Justin Vickery ikkje berre framfører
musikken, men skriv han også. Med
andre ord komponerer. Han er nettopp
ferdig med variasjonar over ”Ingen vinner
fram til den evige ro”. Den kjem ut i løpet
av hausten. Og det kan ventast meir frå
hans hand.
- Interesser utanom musikken?
- Eg likar godt å lage mat, spesielt fiskerettar. Gjerne også internasjonale rettar,
fortel han.
Visitten på orgelkrakken er over, han
vil gjerne øve litt til eit bryllaup dagen
etter. På veg ned den bratte trappa frå
galleriet, får eg følgjande oppmoding
med meg: - Du må få med ei utfordring
til alle som likar å syngje, om at dei tek
kontakt!
Kjell Slåtten
5
Fagdag for Hallingdalkommunane
Gullrekka er i gang!
Barn i alle aldre,
med og uten foreldre,
er velkommen til spennende
aktiviteter på Gol bedehus:
Kl.16.00: Middag (60/40 kr)
Kl.17.30: Felles samling
Kl.17.45 -19.30: Aktiviteter for
0-3 år, 4-9 år og 10-13 år.
Forsvarleg praksis for trus- og livssynsutøving for menneske
som tek i mot helse- og omsorgstenester.
Målgruppe:
• Miljøterapeutar • Miljøarbeidarar • Koordinator for
funksjonshemma • Medlemmer i eit koordinerande team
• Med fleire interesserte
24.aug
14.sept
19.okt
16.nov
7.des
GOL kommune og Gol kyrkje
inviterer deg til seminar med Tor Ivar Torgauten
8. november 2012 på Torpomoen kl. 09-15.00
Spørsmål? Ta kontakt med:
Diakon Ingrid Økesveen tlf. 32 02 91 38
e-post: [email protected]
Helseleiar Aud Torill Sæbø tlf. 916 73 948
e-post: [email protected]
Løn og personalleiar Helene Holand tlf. 916 73 902
e-post: [email protected]
Acta – Normisjonen, Frelsesarmeen,
Søndagsskolen Sprell Levende
og Den Norske kyrkje – Gol
Påmelding:
Servicetorget 32 02 90 00 innan den 25.10.2012
(Hugs å søke hos arbeidsgivar om å delta i god tid
i tilfelle det må skaffast vikar for deg)
Eit samarbeid mellom
GOL DIAKONIUTVALG
0-18
t
e
n
r
ø
j
h
e.
mme som en bond
t er omtrent det sa
De
?
er
e
og
e
rd
hy
sin
en
ne
a
Vet du hv
passer på saue
en del bønder, og de
sauene tilbake fra
I Hallingdal er det
e
Om ikke leng skal
a.
br
t
de
ha
al
sk
ad om alle sauene
vil at de
blir nok bonden gl
Da
t.
se
fjø
i
n
in
kas 15, står det om
beitet og
nye testamentet, Lu
t
De
I
.
n!
je
ig
em
hj
kommer
en dag bare telte 99
0 sauer, men som
10
e
dd
ha
m
so
e
en bond
Av og til kan det være artig å g jemme seg.
Har du noen gang prøvd denne leken:
«Gjemsel med en ny vri»
Dette er en gjemselvariant der en person får et par minutter på å gjemme seg.
Resten av gruppa skal nå være detektiver på egenhånd og prøve å finne den
savnede. Den som først finner den savnede skal denne gangen ikke varsle de
andre, men selv gjemme seg på samme plass. Til slutt blir det flere og flere som
gjemmer seg på skjulestedet og færre og færre som er detektiver.
Den som først fant den savnede får gjemme seg neste gang.
6
Hilsnean
Li
50
års konfirmantjubileum i Gol
Konfirmasjonsdag
29. april 1962
Første rad frå venstre: Barbo Kinnebergbråten, Hilma Turhus , Marit Smøttebråten, Gerd Glomsrud, Ella Kjerulf Storeli, Britt Bråthen,
Oddbjørg Rolid. 2. rad frå venste: Egil Breili, Arnhild Gjerstad, Eli Eidsberget, Anne Grethe Hallingstad, Margit Jegleim, Grethe Skjegstad,
Arnfin Listøen, Randi Vidvei. 3.rad frå venstre: Reidun Enga, Reidar Larsplass, Gunnar Skredderberget, Birger Hjallen, Kåre Lokreim, Egil
Hoftun Hovland. 4. rad frå venstre: Sokneprest Jan Olav Skinnemoen, Ola Bakken, Per Einar Brøto, Odd Gunnar Brøto, Guttorm Rust,
Arne Magne Haugstad, Sigmund Haugen, Anfinn Brennhovd, Audun Oddvar Steinkjer
Fotograf: Marit Skredegård
50
års konfirmantjubileum i Hemsedal
Konfirmasjonsdag
6. mai 1962
Damer frå venstre: Aase Fredriksen, Ragnhild Intelhus, Anne Lise Leonsen, Birgit Marie Ransedokken, Astrid Wenthe, Grethe Solheim,
Olbjørg Kirkedelen, Kari Bjerkheim, Anne Tuv, Aud Holde Aarnes. Menn frå venstre: Ola Veslestølen, Odd Arne Grøthe, Mikael Rusto,
Jonn Storejordet, Hermund Furuhaug, Syver Olav Tuv, Sverre Knut Gabrielsen, Syver Hjelmen, Kåre Thorset, Ingvar Ødegård, Rolf Helge
Solbakken, Nils Mythe, Bjarne Mythe, Ole Edin Furuhaug og Knut Harald Røang.
7
Nokre av medarbeidarane
Gullrekka for barn og ungdom
Denne hausten startar «Gullrekka» opp på Gol bedehus.
E
i mengd med frivillige medarbeidarar har saman med nokre tilsette
starta eit nytt barne og ungdomsopp­
legg på Gol. Eigentleg er ikkje opplegga
nye, men at alt foregår på ein og same
kveld.
Det er mogleg å kjøpe enkel, billig
middag frå kl 16.00 for alle som ynskjer.
Kl 17.30 starter ei kort fellessamling for
alle før gruppene deler seg opp etter
alder.
I andre etasje ligg ein del babyar på
eitt teppe på golvet, medan leiar Martha
Maria Lye frå Frelsesarmeen syng og
bevegar seg etter ulike tekstar. Ho er
ansvarleg for baby- og småbarnsamlingane.
I naborommet er den gode gamle
flanellografen i bruk. Anne Gerd Jorde
levandegjer bibelforteljinga for borna
i alderen 4 til 6 år som sit på golvet, og
deltek engasjert. Du har to Jesusar, ropar
8
ein av ungane, og Anne Gerd gøymer
straks unna den eine av flanellografJesusane, så antalet vert rett.
I kjellaren har dei som er mellom
7–9 år funne veg. Der har Marianne
Munkejord samling med dramatisering av bibelteksten for dagen, sang og
leikar. Opplegget er basert på konseptet
Sprell Levande der borna høyrer bibelhistorier, syng, leikar, og driv med
formingsaktivitetar. Etter at samlingane
er over samlar dei to gruppene med
barn i alderen 4-9 seg og dagens aktivitet står for døra. Denne dagen har
Jorunn Bjørnebråten og ­Margit Svello
laga til muligheit for å lage eit felles
bilde. Her er aktivitet for mange. Nokon
kastar seg over malingskosten for å male
på trebokstavar, mens andre er svært
opptekne med fingerhekling som skal
bli lange snorer som det går an å lage
figurer av på bildet etterpå.
Tekst og foto: Kjetil Th. Storebråten
Nede i Storesalen driv Menigheits­
pedagog/Trusopplærar i Gol og
Hemsdal Lina Turøy eit opplegg for
aldersgruppa 10 til 13 år. Dei sit to og to
og spør kvar­andre kva tre ting dei ville
hatt med seg på ei øde øy. Og her er det
mange ulike behov. Alt frå mobiltelefon
til Bibelen blir nemnt. Etterpå samlas
dei i ei stor gruppe der dei har fleire
leikar, og etterkvart teiknar dei, syng
og kosar seg.
I Veslesalen sit ein meir vaksen
gjeng. Her er det mogleg å sette seg
ned i fred og ro etter ei travel veke for
foreldre og andre. Praten går livlig over
kjeks og kaffi. Her er det rom for mange
tema alt frå kvardagslege ting til tankar
om tru og tvil.
På kjøkkenet er middagsgjengen
ferdig med matlaging og oppvask,
og småpratar om det nye opplegget.
Når barneopplegget er ferdig er det
tid for samling for ungdommane
i Nikodemus­kjellaren. Her blir det
andakt, leik, mat og anna moro.
For å få til Gullrekka trengs det
mange frivillige medhjelparar, fortel
Lina og Anne Gerd. Mange har sagt
ja til å vera med, men me treng fleir,
spesielt karar, seier Anne Gerd.
Gullrekka er eit samarbeid mellom
Kyrkja, Normisjon, Sundagskulen
og Frelsesarmeen. Opplegga er
basert noko på tilsette, og noko
på frivillig basis. Men summen er
at mange trengs til ulike opp­gåver
desse kveldane som er planlagd ein
fredag i månaden. Tanken er at dei
som kjem kan sleppe stresset med
middag, og koma rett på bedehuset
og få kjøpt eit rimeleg måltid mat
før aktivitetane begynner. Men det
er også mogleg å koma rett til aktiviteten. Me vonar mange kjem, seier
Marianne Munkejord. Uansett vil me
tilby kvalitet på opplegga me har
desse kveldane. Ingen hugsar heilt
kven som kom opp med namnet
Gullrekka, men den er nok inspirert
av NRK si gullrekke, der det eine
betre programmet enn det andre
kjem etter kvarandre.
Fyrste gullrekke går mot slutten, og tilsette og frivillige er veldig
godt nøgde med fyrste kvelden. No
vonar me endå fleire får med seg
dette, og kjem neste gong seier,
Lina, Marianne og Anne Gerd.
For meir info om Gullrekka logg inn
på: http://tinyurl.com/brol8dh
10 til 13 gruppa er samla for felles leikar
Anne Gerd Jorde dramtiserar
bibelforteljingar på Flannellografen
Spennande å
høyra bibelhist
orier
9
Kunngjeringar
Døypte
Gol kyrkje
03.06.12 Sofie Skredderberget Blakkestad
17.06.12 Magnus Brenna-Kristoffersen
(døypt i Gol stavkyrkje)
01.07.12 Murilo Josvanger
(døypt i Norvik kirke)
01.07.12 Gustavo Josvanger
(døypt i Nordvik kirke)
08.07.12 Ine-Celine Ingarsdotter
Bråten Mythe
12.08.12 Julie Løvseth Bøe
(døyt Sangefjell Naturkatedral)
19.08.12 Ole Jørgen Sommersten
Herad kyrkje
10.06.12 Lauritz Øynebråten Sæterli
26.08.12 Synne Bråten-Espe
Hemsedal kyrkje
24.06.12 Kevin Haug
Stavkyrkjetomta i Hemsedal
05.08.12 Hjalmar Aamot
05.08.12 Frida Fjeldheim Myklebust
Vigde
Gol kyrkje
23.06.12 Janne Bergheim
og Torbjørn Hovdegard
04.08.12 Gunhild Iren Sehl
og Anders Øfjord Ramsli
18.08.12 Line Marie Nordhaug Faleide
og Magnus Bergan
25.08.12 Camilla Flaten
og Rune Johan Førland
25.08.12 Anette Moen og Andreas Eskilt
Herad kyrkje
02.06.12 Camilla Larsen
og Magne Hoftun
Gol stavkyrkjetomt
18.08.12 Gudrun Larsgard Rudningen
og Øystein Skjælaaen
Gol stavkyrkje
02.06.12 Siv Rundiløkken
og Lars Henrik Lagergren Smith
14.07.12 Mari Mikalsen
og Øyvind Sofienlund
Oset kapell
21.08.12 Aud Ingeborg Holth
og Sven Seeberg
25.08.12 Anne Mette Kjær
og Audun Haga
10
Hemsedal kyrkje
16.06.12 Karen Yvonne Børseth
og Svenn Ivar Fure
23.06.12 Astrid Sudmann
og Knut Fausko
30.06.12 Hege Ask Henriksen
og Kristian Kullerud
30.06.12 Heidi Vold
og Svein Ove Intelhus
04.08.12 Audun Jonassen
og Anni Krarup Husted
25.08.12 Gro Nilsen og Hans Inge Berg
01.09.12 Karin Bakke Jensen
og Anders By Teigen
01.09.12 Irene Aarset Johansen
og Erik Alexander Jansson
Lykkja kapel
28.07.12 Marianne Kjærnaas
og Raimund Fjæren Sagsveen
Harahorn Kapell
28.07.12 Laila Helen Lohne Eriksen
og Lars-Morten Tveit
18.08.12 Monica Pedersen
og Lars Martin Nilsrud
25.08.12 Gro Nilsen og Hans Inge Berg
f. 1923
f. 1920
f. 1936
f.1950
f. 1913
f. 1939
f. 1922
f. 1918
Herad kyrkje
08.07.12 Oddvar Kolstadbråtenf. 1933
27.07.12 Reidar Larsplass
f. 1947
Hemsedal kyrkje
24.05.12 Odd Bråten
08.06.12 Ola Fausko
14.06.12 Leif Ulsaker
29.07.12 Svein Grøv
Arbeidet med den store reformen av
gudstjenestene i Den Norske Kirke
går mot slutten. Soknerådene våre
skal, ­innenfor rammer som er satt
opp av Kirkemøtet, gjøre viktige valg
for guds­tjenestene våre i Hemsedal,
Gol og Herad. For Soknerådet er
det viktig å få drøftet denne guds­
tjenestereformen med flest mulig
kirkemedlemmer før vi tar de ­viktige
avgjørelsene. Vi innbyr derfor til et
åpent kyrkjelydsmøte.
• Hemsedal: Mandag 8. oktober
kl. 19.30 på Kyrkjestugu.
• Gol: Søndag 14. oktober etter
guds­tjenesten i Gol kyrkje.
• Herad: Søndag 21. oktober etter
guds­tjenesten i Herad kyrkje.
Her vil det bli gitt en orientering
og god tid til å drøfte de viktige
spørsmålene.
Hemsedal, Gol og Herad sokneråd.
Døde
Gol kyrkje
05.06.12 Gudrun Rotneim
24.07.12 Sjugurd Viljugrein
28.07.12 Olav Solli
08.08.12 Krasimir A. Moraliyski
10.08.12 Alfild Gundersen
13.08.12 Olav Løken
18.08.12 Barbo Marken
22.08.12 Ola Østro
Viktig kyrkjelydsmøte i
Hemsedal, Gol og Herad
f. 1926
f. 1921
f. 1925
f. 1912
GOL GRAVFERDSBYRÅ
c/o Bente Andreassen
Tlf.: 32 07 75 51/mob. 480 23 477
HEMSEDAL GRAVFERDSBYRÅ
Olav Støyten og Hans Vidar Sørensen
Tlf.: 97 41 41 00
Hallingdal Gravferdsbyrå
Steinar Aa
www.hallingdalgravferd.no
Tlf 32 08 23 00
GRAVSTEINER OG GRAVERING
Kontakt gravferdsbyrået eller
Roar og Tor Erik Strand 3576 Hol
Tlf.: 32 08 81 94/mob. 911 65 008
Dugurstreff
på Gol bedehus fra kl. 11.00 til 13.30
Torsdag 4. oktober. Vi snakker om gamle
dager. Dugurdsmat. Sang og opples­ning.
Et treff for deg som er godt voksen!
Velkommen er du!
Arr: Diakoniutvalget
Åpent hus på Gol bedehus
Torsdag 27. september kl. 11.00
Bevertning. Kollekt. Andakt og sang.
Torsdag den 25. oktober kl.11.00
Besøk av Sigrun og Leif Kaslegard.
Bevertning. Kollekt. Hjertelig velkommen! Arr: Diakoniutvalget.
Torsdagstreff for kvinner.
Flerkulturelle treff for kvinner
på Helselagstugu
Torsdag 20. september.
Torsdag 18. oktober
fra kl.18.30 til 21.30.
En møteplass for kvinner fra ulike kulturer. Treffes til fellesskap, foredrag, mat
og underholdning. Velkommen!
Arr: Gol Røde kors, Diakoniutvalget og
Helselaget.
Velkomen til kyrkje!
7. oktober – 19. s. i treeiningstida
HERAD KYRKJE KL. 19.00
Gudsteneste. Presentasjon av konfirmantane. Madsen. Takkoffer: Konfirmantarbeidet
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Madsen.
Vi minnest dei som har gått bort siste
året. Takkoffer: Familie- og samlivskontoret på Ål.
HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00
Sundag for alle.
HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00
Sundag for alle.
14. oktober – 20. s. i treeiningstida
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen.
Menigheitsmøte om den nye liturgien.
Takkoffer: Stiftelsen Kirkens Bymisjon
Oslo
GOL KYRKJE KL. 18.00
Gudsteneste. Nattverd. Økesveen.
Skinnemoen. Vi minnest dei som har
gått bort siste året. Kyrkjekaffe v/diakoni­
utvalet. Takkoffer: Sjelesorginstituttet
Modum Bad.
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Madsen
Takkoffer: institutt for sjelesorg, Modum
11. november – 24. s. i treeiningstida
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Madsen.
Takkoffer: Det Norske Misjonsselskap
21. oktober – 21. s. i treeiningstida
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen.
Takkoffer: TV-aksjonen.
Menigheitsmøte om den nye liturgien.
28. oktober – Bots-og bønedag
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Madsen.
Takkoffer: Kyrkjelydens landbrukspro­
sjekt i Aserbajdsjan.
Bileter frå Aserbajdsjan og kyrkjekaffi
etter gudstenesta
4. november – Allehelgensdag
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Økesveen.
Skinnemoen. Vi minnest dei som har
gått bort siste året.
Takkoffer: Familievernkontoret Hallingdal. Kyrkjekaffe ved diakoniutvalet.
Thorset og Løken kvinneforening
startar opp at for hausten. Fyrste møte er
heime hjå Einar Thorset 13. september
kl. 14.00. Vi har ledige plassar så er du
interessert ta kontakt med leiarane våre
Haldis Løken (tlf 32 06 03 82) eller Einar
Thorset. Velkommen!
Velkomen til Sundagsskulane i
Hemsedal.
Alle barn frå 4 år er velkomne til sundagsskulen på Ulsåk og Tuv.
Vi har desse samlingane denne hausten:
23/9 Familiegudsteneste kl. 11.00
30/9 – 14/10 – 28/10 – 11/11 – 25/11
Sundagsskule kl. 10.00
9/12 "Sprell levende gudsteneste" kl. 11.00
18. november – 24. s. e. pinse
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Skinnemoen.
Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet
HEMSEDAL KYRKJE KL. 19.30
KRIK-messe. Skinnemoen.
Takkoffer: Norges kristelege student og
skoleungdomslag.
25. november – Domssundag.
Kristi kongedag
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste med Lys våken. 11-åringane
overnatta i kyrkja! Skinnemoen. Turøy
Takkoffer: IKO
29. november – Konsert med Hallinggospel
GOL KYRKJE KL. 19.30
Ope Hus i Hemsedal
Velkommen til Ope hus på Kyrkjestugu
i Hemsedal.
Vi tar til kl. 11.00 desse tysdagane:
• 2. oktober: Allan Madsen kommer.
• 6. november: Karsten Isachsen kommer
og vi markerer 30-årsjubileet vårt.
• 4. desember: Adventssamling.
Velkommen.
Småbarnstreff i Hemsedal
Tysdagar på Kyrkjestugu frå kl. 10.00 til
ca. kl. 12.00.
2. desember – 1. s. i adventstida
HERAD KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd. Innføring av ny
gudstenesteliturgi i Herad sokn. Madsen.
Takkoffer: Ungdomsarbeidet Nikodemus.
HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00
Sundag for alle.
8. desember – laurdag
GOL KYRKJE KL. 19.00
Juleforestillinga «Den fjerde vismann» m/
bl.a Maria Solheim, bandet ­«Humming
people»
9. desember – 2. s. i adventstida
GOL KYRKJE KL. 11.00
Gudsteneste. Nattverd.
Innføring av ny gudstenesteliturgi i Gol
sokn. Skinnemoen. Takkoffer.
HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00
Familiegudsteneste. Sprell levande med
sundagsskulen. Innføring av ny guds­
tenesteliturgi i Hemsedal sokn. Madsen.
Takkoffer: Søndagsskulane i Hemsedal.
11. desember – tysdag
HERAD KYRKJE KL. 18.00
Adventstund. Mennesker med utviklingshemming deltek. Økesveen.
Skinnemoen.
Kyrkjekaffe på bedehuset.
NESTE KYRKJEBLAD
Nr. 5/2012 kjem ut rundt 26. oktober.
Stoff sender ein til:
[email protected]
innan 8. oktober.
Nikodemus
Har i haust samling i kjellaren på Gol
bedehus disse fredagane:
7. sept, 14. sept, 28. sept, 19. okt,
1. nov, 16. nov, 7. des og juleavslutning 21. des.
Ledig stilling
Frå 1. november det er ledig vikariat som
kyrkjeverje i Hemsedal. Stillinga er på
70% og vikariatet varer til 31. juli 2013.
For meir informasjon sjå:
www.kyrkjaihemsedal.no
Datoar for hausten 2012:
16. okt, 30.okt, 13. nov, 27. nov
og 11. des
Alle barn mellom 0–5 år er velkommen
i lag med ein vaksen.
11
Informasjon
Ikonostasen i kapellet i Elias-klosteret på Santorini (Thira) i Hellas
Eldprofeten på Santorini
Den som har vore på reise, har alltid noko å fortelje. Denne medarbeidaren i Kyrkjebladet kjenner seg særleg tiltrekt av kyrkjelege
besøksmål. Dei kan gi innsikt i folks liv gjennom tusen år, og kan
utdjupe oppleving og forståing av religionens plass i eige live.
I
gresk-ortodokse kyrkjer slår det
ein raskt at dei legg større vekt på
symbol og kunstnarlege uttrykk for
å formidle religiøse sanningar, enn vi
gjer i vår kyrkje. Her er vi meir opptatt
av forkynninga, og av rett lære. Det
har igjen ført til strid og oppsplitting
i mange kyrkjesamfunn. I Hellas er 99
prosent av folket medlemmer i kyrkja.
Har vi kanskje noko å lære? Det er slike
tankar som kjem til Kyrkjebladets
medarbeidar når han står framfor
ikonostasen i det vesle kapellet i Eliasklosteret på Santorini.
Santorini eller Thira som er
øyas greske namn, er ei vulkanøy i
koret. Denne er kalla kongedøra. Til
høgre for denne er eit bilde av Kristus
Pankrator, allherskaren. Til venstre er
Theotokos, gudberaren, som er jomfru
Maria. Lengst til venstre er døyparen
Johannes. Eit av hans kjenneteikn er
peikefingeren som peikar på Jesus. Den
neste på høgre side kan vere ein patriark eller ein grunnleggar av klosteret.
Lengst til høgre er eldprofeten Elias
som klosteret er innvigd til. Rekka øvst
viser personar og scener frå kyrkja sitt
liv, motiv som ein gjest treng hjelp for
å tyde. Aller øvst tronar treeininga.
Elles er rommet rikt på detaljar,
som ein lett kan oversjå. Vi legg merke
til eit egg. Det har sidan oldkyrkja
vore brukt som eit sentralt symbol.
Meininga er at på same måte som det
levande i egget bryt gjennom skalet,
kunne heller ikkje den levande haldast
tilbake i ei forsegla grav.
øygruppa Kykladene. For 3500 år sidan
eksploderte vulkanen og la øya i grus.
Det tok nesten tusen år før det igjen
kunne bu folk der. Men i dag er øya
ei av Egeerhavets vakraste ferieøyer.
På øyas høgaste punkt, så å seie på
øyas Karmel-fjell, har kyrkja bygd eit
kloster vigsla til eldprofeten Elias. Der
står ei perle av eit kapell, som ingen
som besøker øya, bør gå forbi.
Ikonostasen er frontveggen i ei
gresk-ortodoks kyrkje, eller rettare
ein delevegg mellom kyrkjerommet
og koret innafor. Utforminga følgjer
eit mønster, men med variasjonar.
Midt i veggen er opninga inn til
Kåre Olav Solhjell
Gol Grafiske as – tlf. 32 07 43 65