ÅRSMØTE FOR 1994 - Øystese jeger

Download Report

Transcript ÅRSMØTE FOR 1994 - Øystese jeger

Årsmøte for 2013
ØYSTESE JEGER- OG FISKARLAG KALLAR MED DETTE INN TIL ÅRSMØTE
ONSDAG 19. FEBRUAR KL.2000
MØTET VERT HALDE PÅ «KONTAKTEN »
SAKLISTE
1. ÅRSMELDING
2. REKNESKAP
3. INNKOMNE SAKER
4. ARBEIDSPLAN 2014
5. KONTINGENT
6. ORIENTERING SKYTEBANEANLEGG I VANGDALSÅSEN
7. BUDSJETT
8. VAL
-STYRET-
Årsmelding frå Øystese Jeger- og Fiskarlag 2013
Årsmøtet for 2012 vart halde på Kontakten 20.2.2013, sidan dette har styret har vore samansett slik:
Styreleiar
Kasserar
Skrivar
Leiar Fiskestellsutvalet
Nestleiar/Leiar Jakt- og Viltstellsutvalet
Leiar Elvautvalet
Leiar Jakstskyttarutvalet
Kvinnekontakt
Varamedlem
Thor-Arvid H. Pedersen
Tormod Lunestad
Johan Aksnes
Frode Melstveit
Ove Sandven
Leiv Sandven
Jarand Dalatun / Olav Vidar Melstveit
Ingunn Hildonen Teigland
Håkon Arne Laupsa
Styret har hatt 9 styremøte og handsama 27 bokførde saker. Som før er mange av sakene delegert til utvala. Utvala rapporterer til styremøta. Dei viktigaste sakene laget har arbeidd med i 2012 vert teke opp her. Styret viser i tillegg til melding frå
kvart enkelt utval og evalueringa av arbeidsplanen under sak 4
Medlemstal
Medlemstalet var per 1.1.2014 på 289 registrerte medlemer. Barne- og ungdomsmedlemer utgjer 121 av desse. Talet på registrerte medlem ved slutten av året var ein nedgang i høve til førre året. Framleis er det verving av jegerprøvekandidatar og vervekampanjar initiert av NJFF der dei gir gode tilbod til barn som melder seg inn i laget og Fiskeklubben som gir nye medlemer.
Ny skytebane I Vangdalsåsen
Styreleiar har vore med i fleire fellesmøter mellom heradet, skytterlaga i Kvam og Kvam Pistolklubb om ny skytebane i Vangdalsåsen. Det vart i oktober etablert ei skytebanenemnd der alle laga er representrert. I budsjettvedtaket i heradstyret for 2013
vart det vedteken av Kvam herad dekker inntil 10 mill.kr. i samband med skytebana i Vangdalsåsen. Desse 10 mill.kr. skal
forvaltes av skytebanenemnda og skal gå til etablering av infrastruktur og fellesanlegg i anlegget. Øystese JFL er aktivt med i
denne nemnda og innehar nestleiarvervet. Viser elles til orienteringa i sak 7.
Blekeld
Me har i 2013 lagt mørtel på ein del av skiferhellene rundt grillhuset. Noko arbeid står att i 2014.
Vetleheimen
I 2013 har vi fått satt opp snøfangarar.
Økonomi
Laget har ein sunn økonomi. Rekneskapet viser eit overskot på kr. 82.174,33 som er vesentleg betre enn budsjettert, og
skuldast i hovudsak generelt lågt forbruk og god deltaking på jegerprøvekurset.
Øvst: Dameskyting på leirduebanen med barnepass og luftgeværskyting for barna 
Nede til venstre: Fisklykke under «Fiskesommer» på Steinstøberget!
Nede til høgre: Isfiskedag i Fitjadalen
FISKESTELLUTVALET
Leiar:
Medlemer:
Varamedlem:
Frode Melstveit
Magnar Augestad, Torbjørn Toft
Arvid Huun
Utfiskinga i Fitjadalen starta ca. 14 dagar seinare enn normalt dette året p.g.a. sein isgang. Isen gjekk først 5. juni som er det
seinaste i ”manns minne”. Den første tida etter at vatnet er isfritt er ofte den tida med best garnfiske og den vart vesentleg kortare enn normalt. Dette medførde at den samla fangsten gjekk noko ned dette året. Det blei fiska ca.14 dg. om våren og 3 veker
om hausten , det vart fiska 3340 aurar på til saman 224 kg. Størrelsen på fisken aukar litt, men ”akk” så seint. Den er av stort
sett god kondisjon og ein del byrja bli raudare i kjøtet.
I ein del av dei høgare - liggjande fjellvatna, der ein tidlegare måtte setja ut fisk p.g.a. manglande gyting, er det no kome små
fisk. Gytinga har tydeleg slege til, i alle fall ein og annan årgang. Kva som gjer dette er ikkje godt å sei, truleg er vannkvaliteten blitt betre og milde vintrar spelar kanskje og ei rolle. Skal vi oppretthalda fisk av brukbar kvalitet må det nok fiskast meir
med garn her og, spesielt etter småfisken.
Elles vart det arrangert isfiske (famelidag) i Fitjadalen på ettervinteren, som må seiast og vera vellukka. Bra frammøte, sol,
kaffibål, grilling og faktisk ein del fisk. Dette freistar til gjentaking.
ELVEUTVALET
Leiar :
Medlemer:
Varamann:
Leiv Sandven
Harald Flotve, Harald M. Madsen
Jan Ove Laksemo
Utvalet har hatt to møte og 3 koordineringstelefonar. I tillegg har utvalet stått for rydding av elvekanten mellom riksvegen og
Holmahølen på austsida av elva.
Elva er framleis stengt for fiske. Det nye i 1013 har vore at ungdomar saman med ein frå ØJF har kunna fiska. Dette som ein
del av ungdomsoplegget og det å fylgja med i fisken i elva.
Det vart søkt om løyve til stamfiske og rognplanting. Dette vart gjeve for 10 laks og 30 sjøaurar. Resultatet vart 5 laksar der ein
var oppdrettslaks og 2 stk hanfisk sjøaure. Dette gav 4,5 l lakserogn som er planta avom Svartabrua.
Gjennom sommaren og hausten har ein fylgt med på fisken i elva.
Ved snorkling og observasjon ser ein både aure og laks.
Jan Ove Laksemo er den som har lande dei fleste satmfiskane. Det vart fanga ein oppdrettslaks, som er sendt Fylkesmannen
med vekt, lengde og skjellprøvar.
Utvalet har kjøpt inn komplett fiskeutstyr til bruk i elva. Dette kan lånast av ungdomar som vil prøva å fiska, men ikkje har
eigna utstyr.
Leiv Sandven har delteke for ØJF i synfaringa av Øysteseelva som NVE hadde hausten 2013. Synfaringa gjekk frå fjell til
fjord. Her fekk ein høve til innspel av ØJF sine syn på både BKK og Øystese kraft sine utbyggingsplanar.
Tiltak i elva 2014.
1. Kontroll av rognplantinga.
2. Rydda sti til Lakshølen.
3. Legga ut gytegrus i bekker og elv.
4. Legga bru ved Storeholmen.
Utvalet og ungdomane.
Utvalet og medlemmeri ØJF.
Utvalet og medlemmer i ØJF.
Utvalet og medlemmer i ØJF.
JAKTSKYTTARUTVALET
Leiar:
Medlemer:
Varamann:
Jarand Mo Dalatun
Olav Vidar Melstveit, Hans Tørvik
Olav Rykken
Nok eit år er over på leirduebanen på Melstveit, med ein liten nedgang i aktiveiteten men sånn svingar vell litt. Som vanleg var
det ein del jegar på treningskveldane når hausten nærmar seg. Lagskonkuransar har det vore dårleg med men sikkert bedreing
til neste år.
Det har vore arragert to jegertrap stemne det fyrste var 5. mai der møtte 30 stk. og vinnaren vart Geir Magnus Tysdal Stand JFL
med 47 treff. Det andre 30. juni der møtte 22 stk. og vinnaren var Steinar Gjerde Samnanger JFL med fult hus 50 treff.
Deretter hadde ØJFL Fylkensmeisterskap i leirduesti 11. august med berre 17 deltkarar. Fylkensmeisteren kom frå arrangertklubben og var bokstavlegtalt på heimebane og han heiter Olav Vidar Melstveit med 96 treff. Øystese tapetiserte pallen med
Jarand Mo Dalatun på andre og Are Severin Martinsen på tredje. Lagskyttingen vann sjølvsagt Øystese framfor Åsane og
Samnanger.
Vestlandsmeisterskapet vart arrangert 16-17 juni i Engersund/Jæren med ca. 60 deltkarar. Frå Øystese var det med 3 deltkarar:
Jarand Lars og Andor. Dei gjore det skarpt og vann lagskyttingen i jergertrap og Lars best av dei med ein sterk 4. plass. I leirduestien var det 4 deltkarar frå Øystese det var Are Severin, Lars, Jarand og Andor. Best av dei var Are Severin på femte med
90 treff.
I år som åra før ver det ein gjeng som reiste på NM i jegertrap/leirsduesti som vart arrangert av Oppdal JFL. Øystese JFL stilte
med 6 deltkarar. I jegertrap sleit Lars og Olav Vidar seg nett med til siste finaleserien men låg for langt bak til å vera med i
teten. Lars enda på 18. plass med 93 trekk og Olav Vidar enda på 21. plass med 92 treff. Dei andre sine resultat var Magnar
med 44 treff, Jarand med 38 treff, Andor med 35 treff og Heine med 31 treff. I leirduestien kom Olav Vidar til hovudfinalen
men tabba seg ut på den fyrste posten på finalerunden og enda tilslutt på 5. plass med 94 treff, vinnaren hadde 96 treff. Dei
andre sine resultat var:Jarand med 43 treff. Lars med 41 treff, Andor med 41 treff, Magnar med 39 treff og Heine med 35 treff.
Me hadde det knall skøy og til neste år må fleire verta med til Bardu og nyta midnattsole.
JAKT- OG VILTSTELLUTVALET
Formann:
Medlemer:
Varamann:
Ove Sandven
Alf Olav Melstveit, Magnar Dalatun
Alf Ekaas Sandven
2013 har vore eit roleg år i jakt- og viltstellutvalet.
Når det gjeld jaktterrenget på Kvamskogen, nærare bestemt Fossdal, har det vore særs liten aktivitet. Mykje av skulda for dette
må nok vegsituasjonen som har vore i Tokagjelet i haust ta. Me har selt 2 kort. Fangstrapport: ingenting sett, ingenting skote.
Sjansen for å jakte hjort mellom 1. og 10. september var det heller ingen som nytta seg av.
Jakt- og viltstellutvalet har prøvt å dra i gang ein predatorkonkurranse i jaktåret 2012/2013. I skrivande stund har det ikkje vorte framvist ein einaste skoten predator for underteikna eller på skytebana på Melstveit, slik reglane tilsa. Har hatt nokre få meldingar om skotne predatorar men ingen handfaste bevis. Konkurransen blir avslutta ved dette jaktåret.
Til dei andre faste postane i året som gjekk:
Jegerprøvekurset vart avvikla med særs godt resultat. Det var 22 deltakarar på kurset 2013, helde av Olav Rykken og Odd Aarsand. Av dei 22 var det 21 som stod til jegerprøveeksamen. Me gratulerer, ynskjer lukke til og skitt jakt!
Når det gjeld hjortejakta, så hadde laget i 2013 ikkje hjorteløyve. Me skal prøva og få tak i eit løyve no til hausten. Dette vil
primært verta brukt til opplæringsjakt av nye hjortejegerar. Skulle ikkje dette føra fram kan ein eventuelt ta nokre helgar med
ordinær drivjakt eller liknande.
KVINNEKONTAKT
Kvinnekontakt: Ingunn Hildonen Teigland
Kvinneutvalet har i 2013 hatt:
Skytekveldar
Kvinneutvalet har skipa til fire eigne kveldar med hagleskyting for kvinner, på Melstveit, frå 19. august til 9. september. Her
var det også eit tilbod for born om å skyta med luftgevær, med to røynde skyttarar som instruktørar (Silje Mo og Kristi Skår).
Jakthelg for kvinner
Helga 27. til 29. september var Fossdal-terrenget avsett til kvinner. Medlemer kunne ha med seg ikkje-medlemer denne helga.
MATERIELL SOM ER I LAGET SI EIGA 31.12.13
Vetleheim gnr. 43 bnr. 43 med lagsrom. Stamfiskhus med 2 kummar. Vassleidningar med inntak frå elv og vassverk.
Fiskeutstyr
40 garn (prøvefiske, utfisking)
1 kastenot
4 fiskevekter
3 merdar, 1 ruse.
3 håvar
3 vadebukser
2 tørrdrakter
1 oksygenflaske m/ventil
10 redningsvestar
1 kano
3 båtar, 2 gummibåtar
1 ekkolodd
2 utanbordsmotorar
I Vetleheim
1 moccamaster kaffetraktar
1 vaffeljarn
1 støvsugar
Bokverket jakt og fiske
3 bord, 4 sofaer, 5 stolar,
10 samanleggbare stolar
1 pc m/skrivar og prosjektør
1 frys
Diverse vervepremier
Utstyr på leirduebanen
1 anleggshus m/diverse lausøyre
2 barakker
2 våpenskap
5 heilautomatiske kastemaskinar
1 handkastar
1 sett automatisk utløysarutstyr
10 figurar til jaktsti og figurjakt
1 moccamaster kaffitraktar,
1 vasskokar
1 pylsekokar
1 fyrstehjelpsskap
1 Katalyt-omn
1 støvsugar
.
Varelager Melstveit - Leirduebanen 10.1.2014
stk
Innkjøpskost
Premiar
Duer
48000
kr 0,60
Skot
26000
kr 1,40
kr 6 000,00
kr 28 800,00
kr 36 400,00
SUM
kr 71 200,00
Varelager inngang 2014
Varelager inngang 2013
kr 71 200,00
kr 64 350,00
Auke varelager
Jaktutstyr
1 RCBS ladesett
ladekomponentar
4 jaktradioar
Diverse anna utstyr
1 aluminiumsstige
1 miniatyr elgbane
1 kaffikjel
1 fyrstehjelpskoffert
1 kråkefelle
5 mårfeller
1 lavvo
1 digitalt kamera
1 elektrisk halsband
kr 6 850,00
Skuld - Forskotsbetalte seriar
-kr 5 000,00
Øystese 31.1.2014
Thor-Arvid H. Pedersen
Tormod Lunestad
Olav Vidar Melstveit
Johan Aksnes
Leiv Sandven
Ove Sandven
Ingunn Hildonen Teigland
Håkon Arne Laupsa
REKNESKAP FOR ØYSTESE JEGER- OG FISKARLAG 2013
REKNESKAP FOR ØYSTESE JEGER- OG FISKARLAG 2013
SAK 3. INNKOMNE SAKER
Det er ingen innkomne saker.
SAK 4. ARBEIDSPLAN FOR 2014 OG VIDARE
Planen styret har for dei neste åra skal
1. Danna grunnlag for ein diskusjon om kva oppgåver laget skal satsa på framover
2. Vera grunnlag for utarbeiding av arbeidsplanar for utvala for kvart år i perioden
3. Vera eit middel for å sjå om arbeidet i det føregåande året er i samsvar med målet vårt
Framlegg til vedtak: Styret bed om at planen vert vedteken med dei endringane som vert gjorde på årsmøtet.
Avsnitt A: Organisasjon
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Å knyta jegerar og fiskarar og andre interesserte saman til felles arbeid for å auke vilt- og fiskebestanden ved positive
tiltak i arbeidsområdet til laget, å arbeida for human jakt og ferd i skog og fjell., å arbeida for betre dugleik i bruken av våpen
og fiskereiskap.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Arbeida i høve til fylkeslag og forbund.
Delta på samlingar skipa til av dei same.
2. Arbeida i høve til herad og fylkesmann
Delteke fylkesårsmøtet i Øystese med ein
deltakar
Deltek i nemnda for ny skytebane i Kvam
Ja, årleg
3. Skulera tillitsvalde
4. Satsa på ungdomsarbeid gjennom eigne
aktivitetar/kveldar
Lyst ut og helde om 20 kveldar/dagar
Etter behov, ynskjeleg med årleg kurs
Sjå kalender
Ja etter behov
Avsnitt B: Jakt og viltstell
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Arbeida for å skaffa jaktrettar for medlemene, planleggja og gjennomføra viltstelltiltak.
Arbeida for bruk av jakthun-
dar.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Tilby hjortejakt
2. Tilby rypejakt og skogsfugljakt spesielt til
ungdomar
3. Tilrettelegging av jaktområde
To løyve i Fossdal
Ja
Ja, årleg
Ja
Ikkje
Ja, etter behov
Avsnitt C: Fiske
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Gjennomføra ynskjelege tiltak vedkomande elve- og ferskvassfisket, arbeida for å skaffa fiskerettar for medlemene.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Føra vidare arbeidet i Fitjadalen
2. Setja rogn ut i klekkekassar i elva.
3. Organisera og ha ansvaret for fiskekortordningane
3340 fisk teke opp
Satt ut 4,5 liter både aure- og lakserogn.
Har avtalar med Kyrkjevika hyttelag og Bergen turlag. Elles sal på Statoil, Fitjadalen og
Lie.
Rydda elvekanten mellom riksvegen og Holmahølen på austsida av elva.
Ikkje gjort i 2013.
Fekk også i år også løyve frå Fylkesmannen til
både stamfiske og fiske etter oppdrettsfisk.
Dette også i år gjennomført som ein ungdomssatsing.
Ja, årleg
Ja, årleg
Ikkje fiskekortsal i elva.
4. Rydda langs elva og leggja til rette nye
fiskeplassar
5. Arrangera fisketurar for juniorar
6. Drive stamfiske og fiske etter opprettsfisk
i Øysteseelva
Ja, vei til Laksehølen.
Ja, elvefiske for ungdommar
Fortsetja å søkja om løyve frå Fylkesmannen og ungdomssatsing
Avsnitt D: Jaktskyting
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Gi medlemene har tilbod om instruksjon og opplæring i bruk av jaktvåpen, trening og konkurransar i jaktskyting.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1.
2.
3.
4.
5.
OK
Ja, men ikkje månadleg
OK
Ingenting
Delteke i skytebanenemnd for nytt felles skytebaneanlegg i Vangdalsåsen.
Ja, kvar veke i sommarhalvåret
Ja, minst ein per månad
Ja, minst ein per månad
1-2 nye kastemaskinar i 2014
Planleggja løpande elgbane i Vangdalsåsen.
Driva treningskveldar
Skipa til konkurransar for medlemene
Eigne kveldar for juniorar og kvinner
Rusta opp anlegget
Planleggja ny bane
Avsnitt E: Opplæring-Kurs
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Driva jakt- og fiskerelaterte kurs for å auka dugleiken til medlemene og å møta krav frå grunneigarar og styresmakter.
Tiltak:
I.
II.
Gjennomføra eller delta på kurs
arrangert av laget eller av fylkeslaget
A.
Jegerprøven, praktisk/obligatorisk kurs
B.
Opplæring i skyting rifle/hagle og lading
C.
Fiskekurs
D.
Vilt- og fiskestellkurs,
E.
Jegeropplæring etter jegerprøven. Fadderordning.
Etter trong skipa til andre kurs
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
Jegerprøvekurs helde, opplæring i skyting med
haglgevær for kvinner og ungdom lyst ut og
helde.
Ja
Kultiveringskurs for elv helde for ungdom
Arrangert kurs i lokkejakt på rev i januar 2013
Ja etter behov
Avsnitt F: Intern kontakt
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Syta for at medlemene vert dregne med i aktivitetar som går føre seg i laget.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Presentera det som skjer i laget eigen nettside og facebookside
2. Senda ut SMS i samband med aktivitetar
og kurs
3. Alle kurs skal lysast ut i lokalavisa
OK
Auka bruken av internett
OK
Førast vidare
OK
4. Lagskveldar med eller utan program
5. Fleire helgearrangement
1 heldne
3 helgearrangement
Førast vidare, må vurdera kostnaden
ved lysingane
Ja, månadleg i vinterhalvåret
Ja, 2-4 helgar
Avsnitt G: Ekstern kontakt
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Å skapa interesse og støtte for laget sitt føremål og arbeid.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Svara på dei høyringane som kjem til laget.
2. Senda resultatlister etc til lokalavis(er)
Svart på høyringar knytt til Øysteseelva kraftverk og BKK sine overføringsplanar
Lokalavisar er tipsa om artiklar på lagets
heimeside.
Var deltakande organisasjon med «Familiedagen» under «Kom deg ut dagen» i regi av
DNT.
Ja
3. Markera laget ved deltaking i andre arrangement.
Ja
Ja, ved høve
Avsnitt H: Vetleheim
Sist revidert: 19.02.2014
Mål: Gjera Vetleheim til samlingspunkt for laget med faste aktivitetar. Halda huset ved like.
Tiltak:
Gjort 2013:
Førast vidare/tidsrom:
1. Lagskveldar med eller utan program
2. Montera snøfangarar
1 helde
Gjort i 2013
Månadleg i vinterhalvåret
Ferdigstilt
Oppmoding frå styret:
Det er mogeleg å registrera e-post adresse og mobilnr på www.njff.no. Dersom langt fleire gjer det kan me
langt raskare, oftare og billigare koma ut med meldingar til medlemene.
Framgangsmåte: Gå inn på www.njff.no , klikk på
”Min side”. Når du har logga inn får du ei side som
vist til høgre her med informasjon om deg, fyll inn epostadresse og mobiltelefonnr (rett også andre opplysningar som måtte vera feil). Etterpå klikkar du på knappen ”send”
som ligg nedanfor dette skjemaet og me har fått e-postadressa di.
Styret oppmodar alle med Facebook-konto til å «Lika» laget sin Facebook-side. Då vil dei få varsel om arrangement og artiklar
på lagets sine ordinære nettsider.
SAK 5. KONTINGENT
Framlegg til vedtak: Kontingentsatsen vert uendra i høve til 2014. Kontingentsatsane vert i 2015 som fylgjer:
Senior m/tids
Kr 120
Junior m/tids
Kr 0
Junior u/tids
Kr 0
Sidemedlem
Kr 60
Familiemedlem
Kr 60
Pensjonist m/tids
Kr 60
SAK 6. BUDSJETT FOR ØYSTESE JEGER- OG FISKARLAG 2014
Utgifter
Inntekter
Jakt og Viltstellutvalet
3100 Drift JVU
3150 Jegerprøven
3200 Jaktkort
kr 3 000,00
kr 12 000,00
kr 5 000,00
kr 0,00
kr 26 500,00
kr 2 000,00
3600 Drift JSU
3650 Opprusting bane
3700 Stemne/Trening
kr 6 000,00
kr 20 000,00
kr 70 000,00
kr 0,00
kr 0,00
kr 110 000,00
4100 Drift Elveutvalet
kr 6 000,00
kr 0,00
kr 3 000,00
kr 4 000,00
kr 6 000,00
kr 0,00
kr 14 000,00
kr 0,00
kr 6 000,00
kr 0,00
kr 5 000,00
kr 12 000,00
kr 25 000,00
kr 10 000,00
kr 45 000,00
kr 5 000,00
kr 8 000,00
kr 17 000,00
kr 30 000,00
kr 0,00
kr 5 000,00
kr 0,00
kr 2 000,00
kr 45 000,00
kr 0,00
kr 2 000,00
kr 0,00
kr 5 500,00
kr 3 000,00
kr 0,00
kr 256 500,00
kr 256 500,00
Jaktskyttarutvalet
Elveutvalet
Fiskestellutvalet
4600 Drift FU
4700 Fiskekort fjellet
4800 Kultivering Fitjadalen
Styret
6100
6200
6300
6400
6500
6600
6700
6800
6900
Kontorhald/Kontingent
Stønader
Reiser/kurs
Styret/Lagskveldar/årsmøte
Drift Vetleheim
Kvinnekontakt
Frifond/Ungdomsarbeid
Disponibelt for styret
Drift Blekeld
Andre
8100 Renter
8200 Årsavslutning/Overskot
SAK 7. NYTT SKYTEBANEANLEGG I VANGDALSÅSEN
Vert munnleg orientert om på årsmøtet.
SAK 8. VAL
Valnemda har i år vore Johannes Laupsa, Harald Flotve og Lars Knut Haukaas. Innstillinga frå vert lagt fram på årsmøtet.