Kjelda nr 2, 2010 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Download Report

Transcript Kjelda nr 2, 2010 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda

Nr. 2 - Juni 2010. Årgang 19

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Sogn og fjordane fylkeSkommune Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Sogn og Fjordane fylke snart 250 år

2 Det er vel ganske utruleg? At Sogn og Fjordane om berre tre år kan feire 250 år som eige fylke. Mot alle odds, eigentleg: Utan nokon sterk by, tre ”fogderi” som knivar og slest seg imellom, fåe innbyggjarar, grisgrendt ”utkantfylke”, vanskelege kommuni kasjonar, langt frå ”dei sentrale strøk”. I tillegg mange iherdige for søk frå politikarar på å rasjonalisere bort Sogn og Fjordane. Lista kan gje rast enda lenger. Men dette står fast: Sogn og Fjordane eksisterer den dag i dag. Fylket er seigliva.

Det er allereie eit forsøk på gang for å få skrive ei fylkeshistorie i samband med jubileet i 2013. Historikar Finn B. Førsund har - saman med nokre andre - på oppdrag frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, utarbeidd ei n gjennomtenkt og velskriven rapport om korleis vi kan tenkje oss ei slik fylkeshistorie. Nå ligg saka hjå fyl kesrådmannen for vidare handsa ming.

Då er det vel eigentleg snart tid for litt feiring? Vi har ei gyllen anledning i 2013. Då er det 250 år sidan kong Frederik V ved kongeleg resolusjon i 1763 oppretta Nordre Bergenhus Amt, og den ambisiøse Joakim de Knagenhjelm tok til som første amt mann. Er det noko fylke i Noreg som treng å få skrive si historie, er det Sogn og Fjordane. Dette mangslungne ann leisfylket, som på ein så underleg måte likevel er ein viktig del av Vestlandet og Noreg si historie. På same tid både rotnorsk og så til dei grader internasjonalt orientert. Gjennom ei slik fylkeshistorie kan vi nøste litt i historia vår. Vi vil få fram masse ny kunnskap, og synleggjere dei lange historiske prosessane som påverkar dagens samfunnsforhold og ordskifte. Vi vil kunne sjå oss tilbake og få overblikk og avstand til oss sjøl ve. Skape undring og ettertanke om kven vi er og korleis samfunnet vårt er blitt slik det er.

Redaksjon

Snorre D. Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Olaf Knarvik

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 [email protected]

Fylkesarkivar:

Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:

Kristjan Logason (foto), Fototeknisk avd. [email protected]

Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]

Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, [email protected] Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, [email protected]

Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 17, [email protected]

Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected]

Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected]

Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv),tlf. 57 65 64 19, [email protected]

Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00 Mari Ormberg (prosjekt), tlf. 913 32 136, [email protected]

ABM-Sogn og Fjordane:

Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, [email protected] Eirik Stanghelle Morland, tlf. 57 65 64 08, [email protected]

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Men eit fylkesjubileum kan vere så mykje meir. Vi bør bruke 2013 til ”å setje fylket på kartet”, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men og nasjonalt og internasjonalt. Sjå berre på kva Flora har fått ut av byjubileet Florø 150 år. Jubileumsåret 2013 bør bli eit år prega av mangfald av aktivitetar og tiltak, alle med ei eller anna form for tilknyting til fylket og jubileet. Ikkje minst bør barn og ungdom engasje rast gjennom skulane. Finst det ein Sogn og Fjordane-identitet? Kanskje 2013 vil vere med på å avklare om det finst noko slikt. Sogn og Fjordane fylke 250 år er eit yppeleg høve til å styrkja Sogn og Fjordane fylke og til å sjå framover.

Personalnytt: sjå side 20.

Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

FRAMSIDEBILETE:

"Norwegian Haymakers". Handkolorert lanternefotografi teke av den britiske fotografen Samuel J. Beckett. Biletet er og nytta på trykk i reisehandboka "The Fjords and Folk of Norway" (1915), forfatta av Beckett sjølv, og utgjeve av forlaget Methuen & Co. Ltd.

Me veit ikkje kvar biletet er teke.

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Innhald

• Leiar: Sogn og Fjordane fylke snart 250 år

Av Snorre D. Øverbø ..........................................................................................

s. 2 • Sigrid Wulfsberg Tang: Journalisten og dei lokalhistoriske artiklane hennar

Av Randi Melvær ....

s. 4 • Arkivportalen

Av Karianne Schmidt Vindenes ..........................................................................................................................................................

s. 7 • Fylkesarkivet frislepp fotoskatt på Flickr

Av Elin Østevik ..............................................................................................................

s. 9 • Arbeidarhistorie på internett

Av Per Olav Bøyum .......................................................................................................................................

s. 11 • Eit ”udyr” på fylkesbaaten

Av Per Hovland ......................................................................................................................................................

s. 13 • Eit ørlite uttrekk frå ein arkivar emeritus

Av Hermund Kleppa ..................................................................................................

s. 14 • Ikkje arkivverdig?

Av Ole Stian Hovland ..................................................................................................................................................................

s. 16 • Einar Gimmestad: Losjeliv og bygdeliv på sørstranda frå 1907 til 1960

Av Randi Melvær ...................

s. 17 • Fattigomsorg i eit historisk perspektiv

Av Cecilie Astrup Bustad .................................................................................................

s. 18 • Med stort og bankande hjarte for dei svakaste

Av Espen Sæterbø ........................................................................................

s. 19 • Reiselivsbilete frå England til Noreg - Polytechnic Touring Association

Av Elin Østevik .........................

s. 21 • To Norway with fifty Northern Women! - reiseskildring frå Lingfords konkurransecruise til Noreg i 1932

Av Elin Østevik .........................................................................................................................................................................................

s. 23 • Astrup-steinen

Av Hermund Kleppa ................................................................................................................................................................................

s. 25 • Tingveggen på Gulatinget

Av Eirik Stanghelle Morland .............................................................................................................................

s. 27 • Folkestad bedehus

Av Hermund Kleppa .....................................................................................................................................................................

s. 29 • Jaktportrett

Av Olaf Knarvik .................................................................................................................................................................................................

s. 32 • Ei lita barnebok som gjer stort inntrykk

Av Randi Melvær ...........................................................................................................

s. 34 • Unikt gardsarkiv frå Kyrkjebø

Av Jan Anders Timberlid ........................................................................................................................

s. 35

3

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 4

Sigrid Wulfsberg Tang: Journalisten og dei lokalhistoriske artiklane hennar

Av Randi Melvær

På Fylkesarkivet har vi eit innhalds rikt privatarkiv etter Sigrid Tang. Eg vil her ta føre meg dei lokalhistoriske artiklane ho skreiv. Gjennom yrkesli vet frå 1914 til 1979 produserte ho artiklar, kronikkar og vekebladnovel ler i heile dette 65 år lange spennet i arbeidsår. Dette er eit imponerande langt arbeidsliv og ein imponerande variert produksjon.

Ein kort biografi

Sigrid Thora Desiree Wulfsberg blei fødd den 17. desember 1884 og den døydde 30. november 1982. Ho hadde slektsband til Sogn gjennom Munthefamilien på morssida og gjennom ektemannen Per Tang frå Hafslo. Ho vaks opp i Bergen og vi finn henne i folketeljingane der frå 1885, 1891 og 1900. I den siste av desse folke teljingane er ho registrert som gymnasi ast og ugift. Då budde ho saman med mora, Bolette Margrethe Munthe Wulfsberg, Olivia W. Munthe (rentenist) og tre brør. Det ser ut som faren Eyvind Andreas Wulfsberg, fødd på Røros, då var død, viss ikkje han var på reise som styrmann eller dampskipsførar og ikkje blei oppført av den grunn. I 1885-tel jinga var han oppført som fråverande – truleg i arbeid på sjøen. Sigrid Wulfsberg gifte seg i 1909 med Per Tang frå Hafslo, fødd den 1. juni 1882, død den 31. oktober 1954. Han arbeidde først i generalstaben, gjekk av som major og arbeidde sidan i Norges geografiske oppmåling. Per Tang hadde og slekt av Munthe-familien. Dei fekk ikkje born. Begge er gravlagde på Hafslo.

Som menneske var Sigrid Tang ei svært sosial dame. Ho var glad i å snakka med slekt og vener, og tok ofte kontakt med ukjende. Ho var intelligent og livleg og likte å halda både sinnet og kroppen i form. Mosjon fekk ho gjennom å sykla, ri og å reisa på landmålingsoppdrag med ektemannen. På garden Tang, der ekte paret var kvar sommar, ofte frå slutten av mai til slutten av oktober, hadde dei ein slipestein som det var trøer på.

Sigrid Wulfsberg Tang. Fotograf: Ukjent.

Denne brukte Sigrid Tang som trimap parat. På garden Tang, som broren til Per Tang dreiv, laga dei seg eit husvære i andre høgda. Medan dei var på Hafslo arbeidde dei begge, han med landmåling og ho med skriving. Likevel hadde dei og godt med fritid som dei nytta til å ri og til å vitja slekt og vener. Slekta var redd for korleis Sigrid Tang ville klara seg som enkje, sidan ho heile tida reiste med ektemannen då han levde. Men, ho klarte seg godt åleine, som den sosiale og positive personen ho var.

Yrkeskvinna Sigrid Tang

Før Sigrid Tang gifte seg, arbeidde ho som lærar. Sidan byrja ho å skriva for blad, tidsskrift og aviser. Artiklane hen nar var svært så varierte og interessante.

Ho skreiv godt. Ho illustrerte også ein god del av artiklane sine med eigne fotografi. Noko omsettingsarbeid gjorde ho og. I privatarkivet hennar finn vi brev både på engelsk og på tysk.

Det ho skreiv underteikna ho med Sigrid Tang, Sigrid W. Tang eller Sigrid Wulfsberg Tang. For vekebladinnlegg brukte ho av og til Sig. Gant eller Desiree. Nokre av avisstykka underteik na ho berre med –g eller G.

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Artiklar frå Sogn

For oss i Kjelda er artiklane frå Sogn spesielt interessante. Dei fleste av arti klane frå Sogn er frå Sogndal og Luster.

Det var jo her ho hadde familieband.

Nokre artiklar dreier seg om gardar, og då store gardar. Men ho skreiv og histo rier om kvinner som er interessante fordi vi ofte ikkje finn dette stoffet hjå andre skribentar.

Artiklar om gardar

Den 15. august i 1914 fekk Sigrid Tang ein artikkel på trykk i Husmoderen.

Tittelen var ”Aarøen gaard i Indre Sogn”. Denne artikkelen er truleg det første ho fekk publisert, dersom arkivet vårt er fullstendig. Dette er ein innhalds rik artikkel som tek føre seg garden Årøy i Sogndal, Munthe-slekta som eigde han, vegen mellom Årøy i Sogndal og Hafslo i Luster og stadnamn og segner på denne vegen. Ho tok og med stoff om laksefisket i Årøyelva.

Dette er ein svært så gjennomarbeidd artikkel. Artikkelen blei også publisert i Urd i 1935 i tillegg til at ei avis også trykte den.

Sognefjorden. Han kan ikkje ha vitja Amla, meinte Sigrid Tang, for der var det ingen uhyggestemning. morosame anekdotar om eigarane og samspelet deira med lokalsamfunnet.

Om garden Kroken i Luster skreiv ho to artiklar. Den eine om husmorskulen: ”Husstellskulen i Kroken i Sogn var vår første offentlige husstellskole” og ”Kroken gamle herregård i Hafslo i Sogn.” Urd tok inn artikkelen om hus stellskulen den 8. desember 1945. Her intervjua ho ”bestyrerinnen” frøken Ragna Hole. Sigrid Tang besøkte skulen og tok sjølv dei fotografia som skulle illustrera artikkelen. Skulen blei starta i 1877 som den første offentlege husstell skulen i Noreg. Ved oppstart heitte sku len ”Nordre Bergenhus amts praktiske jenteskule”. Den første plasseringa var i Holmedal, så på Svanøy og sidan i Kroken. Fundamentet var sjølvberging og faga var varierte, frå saum av sped barnstøy til praktisk og teoretisk hage bruk. Elevane fekk fri reise med Fylkesbaatane til og frå skulen, og hjelp til å få huspost for dei som ikkje gifte seg etter skuleopphaldet.

Artiklar om kvinner i Sogn

Den beste artikkelen om ei kvinne i Sogn tykkjer eg er artikkelen om ”jorda mori på Veitastrondi”, Bertha Kvam Nes, som fekk kongens fortenesteme dalje. Denne artikkelen er svært interes sant og skildrar vanskane ei landsens jordmor måtte takle på ein veglaus stad.

Sigrid Tang skildra også korleis Bertha Kvam Nes løyste vanskelege situasjonar på ein god måte.

I 1934 fekk Sigrid Tang inn ein artikkel i

Nynorsk vikeblad

om ”Sunni Mundal – Ein skapande prydkunstnar i vev.” Elles kan eg nemna artikkelen om ferje damene på Loftesnes i Sogndal. Her skildra Sigrid Tang levande arbeidet til dei tre søstrene som dreiv ferja over Barsnesfjorden saman med far sin. Ho fotograferte også Josefine, Maria og Sofie Loftesnes heime og i arbeid på ferja.

Den 23. juni 1934 stod ein artikkel i Urd ”Hos godseier Heiberg og frue på Amble i Sogn”. Her starta Sigrid Tang med å sitera Henrik Wergeland: ”Den har været dødens gjest…” om Artikkelen om herregarden Kroken tek føre seg slektene som hadde eigd garden frå slutten av det 13. hundreåret med riddaren Alv i Kroken til Bolette Munthe Wulfsberg som selde garden etter 1876. I denne artikkelen er det Utover på 1950-talet skreiv Sigrid Tang mykje om yrkeskvinner. Her er nokre av dei lokale kvinnene ho skreiv om: Marta Kvikne i Balestrand: ”Kall meg krovert – ikke direktør” i Alt for damene

Laksefiske i Årøyelva. Fotograf: Ukjent, S. Tang?

5

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 1. mai 1954, ”Åtte unger og tusen jern i ilden” om Olga Berge i Sogndal 31.

mars 1956 i det same bladet. I Urd 14.

november hadde ho artikkelen ”En dri vende kvinne, Inga Nitter Walaker i Sogn.” Misjonæren Malla Moe frå Hafslo skreiv ho om i Nordmannsforbundet.

Dette var eigentleg ei bokmelding av ei amerikansk bok, men artikkelen var meir innhaldsrik enn det som er vanleg for sjangeren. Dette er ein heller lang artikkel. Artikkelen viser også at Sigrid Tang hadde kontakt med Malla Moe. Ho hadde oppmoda misjonæren til å skriva ein sjølvbiografi. Det ville ikkje Malla Moe.

Artiklar om forskjellige emne

I Illustrert Familieblad fekk Sigrid Tang inn artikkelen ”Henrettelsen på Eggjaberget i Sogndal i Sogn den 16.

Juli 1841.” Denne artikkelen fortel om Johannes Mikkjelsen på Eggja som blei dømt for å ha forgifta sonen sin og kona si med arsenikkpulver han hadde fått for å kvitta seg med rotter. Han prøvde også å drepa svigerfaren, men hadde brukt for lite gift. Johannes Mikkjelsen blei halshoggen av bøddelen Samson Isberg frå Bergen.

”Budeia i shorts…”. Fotograf: S. Tang?

Etter ein sommar i Sogn skreiv ho ein artikkel om stølsliv, mjølkestell og ysting av gamalost – ”Budeia i Shorts ødelegger ikke seterromantikken.” Her hadde ho med foto både frå heimestølen til garden Årøy i Sogndal, og fjellstølen Fjærlandsete i Leikanger.

I 1942 i Urd fekk ho inn eit stykke om presten Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik i Gulen og pionerarbeidet hans som gardbrukar. Ho vitja lensmann Bredvik og skreiv om hans engasjement for skogsaka. Året etter fekk ho inn flei re artiklar frå Sogn. Då skreiv ho at ho budde i Sogn om sommaren. Dette året skreiv ho artikkelen ”Dyrene og vi” frå Sogndalsdalen. Denne artikkelen var og illustrert med hennar eigne foto. I 1952 hadde Sigrid Tang ein artikkel i Nynorsk vikeblad om då Veitastrond fekk vegut løysing. Sigrid Tang skreiv ein artikkel til Urd om Ivar Olsen Hodlekve som var lam i beina. Tittelen på artikkelen er ”En som har trosset skjebnen”. Ho fortalde om korleis han dreiv med handverk og kom seg fram ved hjelp av hendene. Dette er ein artikkel frå Sogndalsdalen.

Den 1. Juli i 1944 hadde Illustrert Familieblad ein artikkel som heitte ”Litt om fruktdyrkningen her i landet.” Her er det foto frå forskningsstasjonen på Njøs i Leikanger og eit intervju med forsøks leiaren Per Stedje. Intervjuet var gjort før han døydde, men blei publisert etter på. I 1944 og hausten 1945 hadde Sigrid Tang ein artikkel i spalta Vårt Landbruk i Aftenposten ”Frå Statens Fruktforsøksgård i Leikanger i Sogn. Då var det forsøksleiaren Erling Kvaale ho intervjua.

I 1944 hadde Illustrert familieblad ein artikkel som heitte ”En historisk bygd i Sogn”. Denne tek hovudsakleg føre seg slaget ved Fimreite i Sogndal, men og Slindebjørka og Norane i nyare tid.

Det er freistande å nemna alle artiklane, men det blir for langt. Her under er nokre: ”Amerikansk familieliv” om familien Offerdahl frå Sogn som budde i Dane County, ”En trip til Jostedalen”, og ein artikkel om Urnes Stavkyrkje.

Frå Hafslo skreiv ho om eit møte med heimstaddiktaren Kristoffer Alme og ho skreiv ein artikkel om museet De Heibergske samlinger og Historielaget for Sogn som Per Tang var engasjert i. I Aftenposten 1942 hadde –g. inne ein artikkel om Hafslobygda. Her tok ho føre seg jordbruket, dei klimatiske tilhø va, og elektrisitetsutbygginga i bygda.

Nokre artiklar er truleg ikkje kome med i dette oversynet, men eg må la det bli med dette. Artiklane viser ein engasjert, lokalhistorieinteressert journalist som var flink både med pennen og med foto apparatet.

Kjelder:

• Privatarkivet etter Sigrid Tang • Sogndal bygdebok: gardar og folk: Stedje sokn bind 1. 2007 • Digitalarkivet: Folketeljingane for Bergen i 1885, 1891 og 1900 • Per Fredrik Tang, Hafslo, nevø av Per og Sigrid Tang.

6

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Av Karianne Schmidt Vindenes

6. mai i år vart arkivportalen lan sert. Dette er ein felles Internett portal for arkivinstitusjonar i Noreg. For første gong kan du gjere felles søk i historisk materiale frå stat, kommune og ulike private arkivskaparar. Arkivportalen er utvikla i eit samarbeid mellom stif telsen Asta, Riksarkivaren, landsla get for lokale og private arkiv og ABM-utvikling.

Som første arkivinstitusjon i landet har Fylkesarkivet teke i bruk bestil ling av digital kopi, som er ei av tenestene i arkivportalen. Som pålog ga brukar kan du bestille kopi av materiale du ynskjer å sjå. Målet er at vi på sikt får ein base der stadig flei re dokument og protokollar er digita liserte.

Utviklinga av arkivportalen har vore eit samarbeidsprosjekt og Fylkesarkivet er berre ein av mange arkivinstitusjonar som vil ta tenesta i bruk.

Når du søker på eit arkiv i arkivporta len har du høve til å legge arkivet i ei arkivtralle. Dette er praktisk viss du vil halde fram med å søke etter andre arkiv. For meir avanserte tenester må du registrere deg som brukar av arkivportalen. Du får då høve til å lagre søk, opprette fleire arkivtraller og til å bestille arkivmateriale til utlån på lesesal eller som digital kopi.

Det er berre høve til å bestille arkiv materiale på arkivstykkenivå. Det vil

Fylkesarkivet har publisert mange arkiv til arkivportalen. Arkivet etter formannskapet i Kinn kommune er eit døme på dette. I den venstre kolonnen kan du klikke deg ned gjennom dei ulike seriane som er registrerte. Viss du ynskjer å sjå meir på arkivet seinare, er det høve til å legge det på arkivtralla.

7

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Som pålogga brukar får du oversyn over dei einskilde bestillingane. Status for handsaming vil bli oppdatert og du får melding når arkivma terialet er klart til bruk.

For å bestille arkivmateriale må du vere registrert som brukar.

seie at du må bestille einskilde proto kollar, boksar eller mapper. Viss du finn interessant materiale som ikkje er registrert på dette nivået må du ta kontakt med oss på Fylkesarkivet. Vi vil også gjere brukarane merksame på at det ikkje er alle registrerte arkiv vi kan tilby digital kopi av. Nokre kommunar er ikkje med i depotord ninga, og sjølv om vi har registrert arkiva er dei framleis plassert i kom munane. For fleire kommunar vil det vere tilfelle der vi har registrert nyare arkivmateriale som framleis er opp bevart i kommunen. Deler av arkiv materialet vårt er klausulert og vil difor ikkje vere tilgjengelig for van leg innsyn. Klausulert arkivmateriale er merka med eit eige symbol i arkiv portalen.

Arkivportalen er ei ny og spanande teneste. Vi håper at brukarane våre vil verte nøgde med tenesta, og at de vil vere med å velje ut kva arkivmate riale vi skal digitalisere. Gå inn på www.arkivportalen.no og søk deg fram til arkivmateriale du er interes sert i. Viss du har spørsmål til bruk av arkivportalen er det berre å ta kontakt med oss på Fylkesarkivet.

Dette er det første dokumentet i sakarkivet til Aurland kommune. Dokumentet er digitalisert og klart til å bli publisert på arkivportalen.

8

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Fylkesarkivet frislepp fotoskatt på Flickr

Av Elin Østevik Fylkesarkivet sin profil på Flickr har adressa http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv

Som første norske arkiv vart Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane lansert på The Commons på Flickr onsdag 26. mai. Delar av fotosam linga som Fylkesarkivet forvaltar er dermed fritt tilgjengeleg for publi kum. Sosiale medium er arena er for dialog og samhandling - og med lanseringa på Flickr vonar vi nettopp å skape engasjement kring den rike fotoarven frå fylket.

Fylkesarkivet på Flickr

Flickr er den største fotodelingste nesta på nettet per i dag. The Commons, som er ein eigen ”avde ling” av Flickr, har blitt ein viktig arena for å synleggjere dei historiske fotosamlingane som det offentlege forvaltar. Fylkesarkivet sin profil på Flickr har adressa: http://www.

flickr.com/photos/fylkesarkiv. Til lanseringa har vi vald ut tre ”skattar” frå fotosamlingane våre.

Lanternefotografi – dei norske fjordane:

Ei svært flott og unik sam ling handkolorerte lanternefotografi (ei tidleg form for lysbilete) med motiv frå Vestlandet datert til ca.

1890-1915. Samlinga er knytt til den tidlege cruiseturismen, og inkluderer mellom anna bileta frå Nærøy fjorden, Balestrand og Geiranger.

Samlinga etter Paul Stang:

Ei sam ling svart-kvitt fotografi med motiv frå Stongfjorden teke av den sjølv lærde fotografen Paul Stang (1888 1923). Samlinga gir både eit spen nande innblikk i etableringa av Skandinavias første aluminiums fabrikk ”A/S Stangfjorden Elektro kemiske Fabriker”, og i arbeid og fri tid i Stongfjorden tidleg på 1900 talet. Bileta er daterte til ca. 1906 1923. 9

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 10

Responsen frå publikum har så langt vore veldig bra. Første døgeret på Flickr hadde vi over 15 700 besøk på sida vår, vi fekk inn nær 60 kommentarar til bileta og over 300 gonger merka nokon eitt eller fleire av bileta våre som favorittbilete. Samlinga med handkolorerte lan ternefotografia er ein favoritt blant mange Flickr-brukarar.

Vestlandsfotografen Mathias Anderssen: Andreas

Ei lita samling teknisk gode svart-kvitt fotografi frå perioden ca. 1880-1910 med motiv frå Vestlandet (Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland).

Anderssen (1849-1943) var frå Selje, og dreiv i løpet av sin lange fotograf karriere atelier både i Bergen og i Veblungsnes i tillegg til å jobbe som omreisande fotograf i heimfylket. Flickr kan få i gang samarbeid med utanlandske arkiv som jobbar med foto. Men viktigaste av alt altså: Vi vil gjerne ha publikum med oss på laget – ta bileta i bruk, del din kunn skap om bileta med oss og andre, diskuter og kommenter! Nye samlingar vil bli lagt ut med jamne mellomrom, så her er det berre å føl gje med!

Kvifor Flickr?

Fylkesarkivet har vald å ta del i the Commons på Flickr for å nå ut til eit breiare publikum og skape engasje ment for historisk fotograf i frå fylket. Vi vonar også at vi gjennom

Abonnér på Kjelda!

Ring tlf. 57 65 64 00, eller send e-post til: [email protected]

Ei årstinging kostar 195 kr.

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Arbeidarhistorie på Internett

Fylkesarkivet har digitalisert møtebøkene til Sogn og Fjordane Arbeidarparti og lokallaga av DNA fram til 1940. Protokollane fortel om ei turbulent og omskif tande tid, både innan partiet og i samfunnet elles. Dette spanande kjeldematerialet er no tilgjengeleg for ålmenta på Internett.

Fyrste lokallag i Florø

I Sogn og Fjordane var Florø fyrst ute med skiping av arbeidarlag i 1897. Det var likevel ikkje før etter den fyrste verdskrigen at det for alvor vart fortgang i opprettinga av partilag, mange truleg etter inspira sjon frå den russiske revolusjonen i 1917.

I somme kommunar fanst det før kri gen heradsparti. Dei fungerte som ein overbygning for lokallaga, og hadde som ei viktig oppgåve å sam ordne arbeidet i valår.

Regionalt kom det til tre krinslag i 1918: Indre Sogn Kretsparti, Kinn og

Av Per Olav Bøyum Frå møteboka til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. På eit ekstraordinært landsmøte 2.-4.

november 1923 vart DNA kløyvd på spørsmålet om medlemskap i Komintern. I Sogn og Fjordane kom saka opp på eit styremøte i fylkespartiet den 9. november. Fleirtalet gjekk inn for å halde fram medlemskapen i Komintern, og meinte difor at fylkespartiet skulle slutte seg til Norges Kommunistiske Parti. Anders A. Lothe var politikar, lærar og mål mann, fødd på ein husmannsplass i Gloppen i 1875. I 1927 vart han vald inn på Stortinget, som den fyrste representanten til Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjent

Omegn Socialdemokratiske Fisker forening og Ytre Sogn Kretsparti.

Litt seinare vart det òg stifta eit krinsparti i Nordfjord. For å få til eit effektivt og godt koordinert partiar beid, viste det seg snøgt at det var naudsynt med eit organisasjonsappa rat på eit høgare nivå. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vart difor skipa i 1920. 1918, og året etter melde partiet seg inn i Den kommunistiske internasjo nale (Komintern), ein samanslutnad av kommunistiske og sosialistiske parti grunnlagt i Moskva i 1919. Det norske Arbeidarpartiet var eit av få sosialdemokratiske parti som gjekk inn i Komintern.

Splitting i 1920-åra

Arbeidarpartiet opplevde på 1920 talet store interne konfliktar. Frå aust kom det politiske impulsar som splintra partiet. Den revolusjonære fløya vann fleirtal på landsmøtet i Den radikale lina førte til uro i parti et, men flokken haldt saman til Lenin utarbeidde Moskvatesene. Dei sette strenge krav til medlemskap i Komintern. Mellom anna kom det påbod om å fjerne reformistar og moderate krefter. Det førte til ei avskaling til høgre, ved at ein frak 11

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Spørsmålet om medlemskap i Komintern skapte bylgjer, også utanfor Arbeidarpartiet. Utsnittet ovanfor er henta frå Fjordenes Blad, 24. september 1920.

sjon som ikkje kunne stø dei harde vilkåra frå Lenin, melde seg ut og stifta Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Nordfjord 19. Totalt var 114 organi sasjonar tilslutta fylkespartiet, med ein samla medlemsmasse på 1500.

Lagsveksten etter 1927 var såleis formidabel.

Eit par år seinare braut Arbeidar partiet med Komintern. Det resulter te i nok ei oppsplitting. Dei Moskva tru revolusjonære melde seg ut og danna Norges Kommunistiske Parti.

Nokre år var det såleis tre arbeidar parti her i landet. I 1927 slo Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti seg saman til eitt parti.

Partisplittinga var godt synleg på lokalplan i Sogn og Fjordane, mellom anna i Innvik Arbeidarlag.

12. februar 1921 blei det gjort vedtak om å melde partiet seg inn i Nordfjord Kredsparti. Kort tid etter vart Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti oppretta, og på neste møte i arbeidarlaget, den 12. juni, kom saka om partitilhøyre på dags orden:

Da Nordfjord Kredsparti skal staa tilsluttet ”Det norske arbeiderparti” kan foreningen ikke gaa ind i kreds partiet. Derimot bestemmes at for eningen frå 1. juli gaar ind i ”Norges socialdemokratiske arbeiderparti”

Arkiva under krigen

Etter det Fylkesarkivet har oversyn over, er dei skanna møtebøkene komplette med omsyn til kva som er bevart for ettertida. Mange av parti laga sine arkiv gjekk tapt under kri gen. I september 1940 kom det pålegg om å kverrsetje arkiva til par tiorganisasjonane, men snartenkte partimedlemmer og likesæle lens menn sytte for at mange protokollar kom seg heilskinna gjennom krigså ra. Talande er eksemplet frå Leikanger, der fylkespartiet sitt materiale vart berga av Oscar Andersen:

Og lensmannen på Leikanger stakk innom Andersen ein dag og liksom såg på det partiet sat inne med av slike ting, men han sa frå om at dette var så mykje at han kunne ikkje bere det med seg. Han skulle kome att sei nare la han til. Det gjorde han no ikkje, for han var ein god nordmann.

Dermed fekk Andersen tid til å få vekk sakene.

Dei indre konfliktane verka lam mande på aktiviteten lokalt. Med lemstala gjekk ned, og mange trakk seg frå partiarbeid. Etter partisam linga i 1927 vart det derimot ny giv i arbeidet. Agitatorar som Oscar Andersen og Sverre Krogh reiste rundt i bygdene, og det vart skipa mange nye lag. Fleire av dei skanna møtebøkene er fruktene av denne verksemda.

Materialet Andersen fekk gøymt unna stod trygt i eit revehus til kri gen var over. Med omsyn til Arbeidarparti-arkiv kom truleg Sogn og Fjordane betre frå det enn mange andre fylke. I alt er det bevart møte bøker frå 28 lokale partilag med startår før 2. verdskrigen. I tillegg kjem fylkespartiet sine møteproto kollar.

I 1927 var det litt over 20 lag tilslut ta Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Fleire av desse hadde ikkje betalt kontingent til fylkespartiet, og var truleg inaktive. I årsmeldinga for 1937/38 blei det opplyst at det fanst 10 heradsparti, 12 ungdomslag, 7 kvinnegrupper og 85 partilag.

Partilaga fordelte seg slik: Sogn hadde 43 lag, Sunnfjord 23 og

Tilgjenge på Internett

Det digitaliserte materialet omfattar 42 protokollar, eller om lag 3500 skanna møteboksider. Dei utgjer eit sentralt kjeldemateriale til den poli tiske delen av arbeidarrørsla i Sogn og Fjordane.

Protokollane er lagde ut på Fylkes arkivet si heimeside (www.fylkesar kiv.no). Under menyvalet databasete nester f inn du "Digitaliserte 12

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Tabellen gjev eit oversyn over møtebøkene Fylkesarkivet har digitalisert.

bøker/protokollar". Det finst søke inngangar på arkivskapar og kommu ne. Møtebøkene er i tillegg tilgjeng elege i arkivportalen.

Litteratur

•Kleppa, Hermund: Arbeidarrørsla i Hornindal før krigen: kva veit vi om den? I: Hornindal Historielag – årsskrift nr. 10 (1994) s. 49-55 •Risnes, Kjersti: Leikanger arbei derparti: 75 år. I: Systrendingen årg. 1, nr 1 ( 1993 ) •Sogn og Fjordane Arbeidarparti gjennom 60 år: 1920-80. Sogndal, 1960.

Kjelder

•Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Møtebok 1921-1936 •Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Møtebok 1936-1947 •Innvik Arbeiderlag. Møtebok 1920 1939

Fylkesbåtane har frakta folk i lange tider, og dei aller fleste har nok hatt gode opplevingar inni mellom fjordane eller på veg til eller frå byen, men i dette tilfellet er det ein som har opplevd ein noko mindre hyggjeleg person, og melder om dette til lokalavisa.

Eit ”udyr” på fylkesbaaten

(Sogns Tidend 27. Oktober 1928)

No ein fredagskveld var eg med baaten innyver til Sogndal. Millom ferdafolket paa 2dre plass var det ein stakkar som truleg hadde bite hovudet av skammi fyrr. I fylla heldt han det gaande heile kvelden og natti med – klokka var 3 daa baaten var i Sogndal – med banning og slikt usedeleg snakk, at eg, so gammall eg er, endaa ikkje minnest aa ha høyrt maken. Fraa 2dre plass lugar paa ”Nordfjord I” tok han seg ein runde ned paa stova, inn paa 2dre plass soverom, og sjølvsagt vart hel ler ikkje ”damjelugaren” attsett. At ein sogning og attaat ein familjefar med fylla og raatasnakk kann fara so ufyse fram, er meir enn eg for staar.

Reservelugaren var meir enn god nok til slike; der kunde dei høyra paa sitt eige raatasnakk. Eg er ikkje av dei som klagar i tid og utid yver tilværet på fylkesbaatane; heller ikkje meiner eg med dette aa klan dra ordenshaldet paa ”Nordfjord I”.

Befal og mannskap strævar og slit seint og tidleg, og serleg naar dei er mykje etter ruta, som tilfelle var denne gongen, vert det ikkje mykje tid til overs aa halda fyllefantane i age.

Men eg vil segja til vaare folk umburd i fylkesbaatane: Me vil sjaa upp til Dykk med største vyrdnad, um De vil halda slike karar i tau mane, so ferdafolki paa 2dre plass kann faa ha det som det skal vera.

Det nyttar lite for nokon annan aa segja noko til slike, det vert paa jamnan verre, og for tilfelle er ein ikkje heilt trygg for fylgjorne. Er det ikkje plass i reservelugaren, so kast dei paa land. Paa dei fleste sta der er det baade lensmann og arrest rom, so dei fær baade hus og pass til fylla sig av dei.

Per Hovland

13

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Eit ørlite uttrekk frå ein arkivar emeritus

Av Hermund Kleppa

I førre nummeret av

Kjelda

(mars 2010), skriv Håvard Kastet om elektro niske arkiv. Mesteparten er gresk for ein arkivar emeritus, som nok for all tid vil finna seg betre til rette med skrift nedfelt på papir – ”den enkle og geniale metoden” – som Håvard tref fande seier det, enn skrift i digitalt for mat.

Håvard er også inne på periodisering og uttrekk. Som tidlegare arkivar med ansvar for kommunale arkiv, kjenner eg meg att i periodisering, men derimot ikkje i uttrekk . Assosiasjonsrekkja mi ved ordet uttrekk byrjar med det saman sette ordet ut-trekk-seng. Men så tek eg sjølvsagt til orientering at gamle ord får nytt innhald, anna meining enn eg er van med. Verre er det ikkje med aldringa, endå. Periodisering, dette at me deler arkivma teriale opp i bolkar, i bruksarkiv eller daglegarkiv og bortsetjingsarkiv, til ende leg plassering i fjernarkiv, har røter langt attende i tida, sjølv om det nok er slik at ordet periodisering er yngre enn fenome net. ”Ikke expederede Sager” og ”Expederede Sager” minnest eg me kom borti når me ordna arkivtilfang frå 1800 talet. Det var og ei form for periodisering – å skilja det mest aktuelle frå det litt eldre.

Håvard nemner at ein periode vanlegvis er fire år. Og då er det snakk om sentral arkivet i ein kommuneadministrasjon.

Arkivarar snakkar gjerne om arkivskapa rar, som vil seia organ, person, firma, foreining, organisasjon, m.m. som har skapt/danna arkiv som eit resultat av verksemda si. Tidlegare var det slik at eit kommunalt organ, t.d. formann skapet/kommunestyret danna sitt eige arkiv, ofte kalla formannskapsarkivet.

Skulestyret danna sitt arkiv, og fattigsty ret, seinare sosialstyret, sitt. Slik er det

Fødd i 1941 og pensjonert frå 67 går det ubønnhørleg mot meir inaktive tider, om enn det endå ikkje har kome heilt til stadia ”i bortsetjingsarkiv”, ”for det meste sengje liggjande og sterkt medisintrengjande”.

Derimot er det nok visse likskapar mellom arkivar emeritus-kontoret eg framleis har på Fylkesarkivet, og mannen på framsida på arkivutstyr-brosjyra med følgjande spørsmål: Tradisjon eller gammal vane?

14

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 ikkje lenger. Organiseringa av den kom munale verksemda er annleis enn før, og dermed arkiva.”Dei har omorganisert så fæle no, at det ikkje er råd å finna fram til dei rette folkja”, sa ein mann i telefonen ein dag. Han hadde vore på kommunen og spurt etter kulturkontoret.

Føremålet med å periodisera, å dela inn i bolkar, er først og fremst å halda dagleg arkivet kom på ved eit handterleg nivå.

Fireårsbolkane i den kommunale forvalt ninga følgjer valperiodane. Arkiv historisk finn me at periode-skifte også omlegging til nytt arkivsystem/ny arkivnøkkel.

I små og litt større landkommunar, som er mitt erfaringsområde, var det på 1800 talet ofte praktisert å arkivera og periodi sera kvart år. Den arkivansvarlege, til dømes ordføraren, journalførte gjerne i stigande nummerorden. Vart det fleire dokument i ei sak, kunne papira bli lig gjande samla i eit omslag eller ein konvo lutt. Reint fysisk vart sakspapira oftast emballert i pakkar. Når eit år var til endes, eller eit stykke ut på nyåret, pakka den arkivansvarlege sakspapira inn i grå papir, knytte ein tråd rundt, og skreiv utanpå, t.d ”Indkomne Brevskaber” eller ”Indkomne Skrivelser” pluss årstalet. Når arkivfolk i ettertid ordnar slike papir/saksdokument, opnar dei pakkane, blar gjennom, tek ut, brettar ut, fjernar ev.

binders eller andre festemekanismer (men held dokument samla med papi romslag), legg inn i omslagsmapper, set omslagsmappene oppi arkivboksar, registrerer/noterer innhald til arkivkata log, og etiketterer arkivboksane.

Ei tid samla eg på ulike binders og andre festemekanismer for to eller fleire papir.

Det vart fleire enn eg hadde venta meg. Å sjå på arkivemballasje gjennom tidene er og interessant. Arkivboksane til dømes.

Eg høyrer vel ikkje med til dei mest for herligande av før i tida, men eitt vil eg påstå, at arkivboksane har tapt seg i kva litet. Materialet i dagens arkivboksar tyk kjer eg meir minner om papp, enn solid kartong. Men, har nokon vore borti tøn ner som arkivemballasje/arkivoppbeva ringsmedium? Eg har. Ein gong. Og eks tra arkivhistorisk interessant er dette til fellet ved at den temmeleg uvanlege arki vemballasjen også har å gjera med å skil ja eldre arkivsaker frå nyare dokument, daglegarkiv og bortsetjingsarkiv. Eg har solid dokumentasjon på kva eg snakkar om. Det står skrive, i Fjelberg (no i Kvinnherad kommune, Hordaland) for mannskap, møtebok 1838-1881, sak i 1879:

”Paa Ordførerens Andragende om at faa bevilge noget til at opbevare Arkivet i, samt til at ordne de gamle Sager sært (for seg) fra de nyere, besluttedes enstemmig at lade indkjøbe en Tønde til deri at lægge de gamle Sager og at bemyndige Ordføreren til, i Tilfælde saadant skulle trænges at akordere med en paalidelig Mand om at paatage sig denne Ordning paa Herredets bekostning”

Det høyrer med til historia at sitatet står på første sida i Arkivkatalog Kvinnherad kommune. Våren og sommaren 1984 var eg innleigd av Kvinnherad kommune til å ordna ”de gamle Sager” frå dei tidlegare kommunane Varaldsøy, Kvinnherad og Fjelberg. Arkivtønna dei etter alt å døma kjøpte inn og brukte i Fjelberg, kom eg ikkje over, men allehånde slags annan arkivemballasje. Alt arkivtilfanget, i underkant av 1000 protokollar og 238 arkivboksar, ser eg, blei pent og pynteleg plassert i avdelt rom i tilfluktsrommet i Rådhuset i Rosendal. Om ”de gamle Sager” framleis finst i same rommet, veit eg ingen ting om, men eg lever sjølvsagt i full forvissing om at viss ”de gamle Sager” i Kvinnherad har vorte flytta, så er det til eit betre tilvære. Ja, eg vedgår at eg har lett for å samla. Ei tid samla eg på illustrasjonar knytta til kontorarbeid og arkiv, enkle strekteik ningar for det meste, og litt anna. Til dette vesle ”uttrekket” frå eiga arkiverfaring gjennom mange år, har eg også gjort eit uttrekk frå ein perm eg har med illustra sjonar.

Framsida på ei brosjyre av eldre dato frå ein arkivutstyrsprodusent. Det handlar om ei utvikling – frå innpakka informasjon i grått papir der vevkjerringa har gode vilkår, til opp bevaring i mapper og solide arkivboksar. I 2010 kan me strekkja utviklingslina noko lenger, til ein dings (ekstern harddisk, seier Håvard) der det korkje er snakk om innpakningspapir, omslagsmapper og arkivboksar, til vår elektroniske lagringstid, og det kan sjå ut som ”alt det gamle er forganget, og alt er blevet nytt.” Ja, svære greier, men …

15

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 16

Ikkje arkivverdig?

Av Ole Stian Hovland

Tidlegare i år fann eg ein plakat som låg att i arkivet i Gulen kommune.

Kommunen har avlevert alt arkivma teriale som er skapt før 1964 til depotet på Fylkesarkivet, men denne plakaten låg att der dette var oppbe vart i kommunen. Eg tykte den var artig, og fekk lov til å ta den med meg til Fylkesarkivet. No heng den på veggen på kontoret mitt. Eg har undra på opphavet til denne plakaten.

Det er eit par opplysningar på sjølve plakaten, mellom anna riksvåpenet og at det står Justisdepartementet nedst på den, elles er det lite som seier noko om kva samanheng denne har vore brukt i. Eg har gjort nokre undersøkingar for å finna ut meir om bakgrunnen, mellom anna har eg søkt opp plakatteksten i Google. Det var lite å finna der, utan om nokre spor som sa meg at dette var eit slags slagord som nok truleg var brukt i tida før eller under okkupasjonen av landet vårt. Eg vil difor nytta høvet til å fri til lesaren. Er det nokon som kjenner til dette slagordet, eller har opplysningar om denne plakaten? I så fall er det fint om de tek kontakt med Fylkesarkivet, slik at eg får stilt nyfikenheita mi.

Kanskje meir interessant er spørsmå let om kvifor denne plakaten ikkje har blitt halden saman med arkivet til Gulen kommune. At noko ikkje vert med i avleveringa er gjort i samsvar med lovverk og retningsliner og fordi arkivarane ved Fylkesarkivet har for talt kva som skal takast vare på og ikkje. Det kan slik vera minst to årsa ker til at plakaten vart liggjande att.

Det kan vera at den ikkje vert rekna som eit arkivdokument etter arkivlo va sin definisjon, eller at den ikkje har vore gjenstand for sakshandsa ming eller har verdi som dokumenta sjon av kommunen sine oppgåver.

Når ein tek ut dokument av eit arkiv fordi ein meiner at dei ikkje høyrer heime der, kallar me det for

arkiv avgrensing.

Dette er ei viktig oppgå ve for arkivarar. Me skal sikra fram-

Er det nokon som kjenner til denne plakaten? Ta gjerne kontakt med oss om de kan fortelja noko.

finninga i arkiva, og då lyt me sjå til at dei ikkje vert for omfattande. Tek me vare på alt papir som måtte koma inn til ei verksemd, vert det vanske legare å finna fram i arkiva. Me lyt såleis driva ei slags akademisk kjel desortering. Det ligg på eit vis mykje makt i dette arbeidet. I Riksarkivaren sin retningsliner står det at me skal ”velge ut og oppbevare arkivmateria le i dets historiske, juridiske og administrative kontekst”. Me rår såleis over historia her. Kontekst tyder samanheng, og så kan ein spør ja seg korleis skal ein ta vare på ein historisk kontekst? Er me ikkje i ferd med å fjerna konteksten når me tek ut noko materiale frå eit arkiv og

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 seier at det ikkje høyrer heime her?

Ein kan sjølvsagt argumentera med å seia at det er her dei historiefaglege kunnskapane våre kjem inn, og at me veit kva som er relevant å ta vare på.

Dette argumentet bit seg like fullt noko i halen, sidan desse kunnska pane er ein arv frå andre historikarar som har fått sine kunnskapar frå kjel der som tidlegare historikarar har valt ut. Den franske historikaren Jacques Le Goff seier at ”dokumen tet er ikkje eit objektivt, endeframt råmateriale, men eit uttrykk for sam funnet si makt over minnet og over framtida: dokumentet er det som er att” (fri omsetjing) 1 No har eg ikkje tenkt å driva denne drøftinga vidare i denne samanhen gen, meininga var å seia noko om kva følgjer vala me som arkivarar gjer kan få for kjeldetilfanget i eit arkiv og kanskje få vita noko meir om den plakaten eg har hengt opp på kontoret mitt. Kan hende nye opplys ningar kan føra til at eg tek den ned att frå veggen min, men til vidare får han henga der til syn for segn.

1 Etter Terry Cook: Archival science and postmodernism: new formulations for old concepts. Archival Science 1. Kluwer Academic Publishers 2001.

Denne reklamen fann eg i arkivet til Leikanger skulestyre. Dersom den er alvor leg meint, er den ein god illustrasjon på at tidene har endra seg.

Einar Gimmestad: Losjeliv og bygdeliv på Sørstranda frå 1907 til 1960

Av Randi Melvær

I arbeidet med heftet har Gimmestad nytta seg av eit omfattande arkivmateriale. Den viktigaste kjelda har vore arkivet etter Losje ”Sørstrandstryggjen” som omfattar både møtebøker og lagsavisa ”Kveldshyggjen”. Han har og nytta materiale frå det Kristlige Ungdomslaget, møte boka til barnelosjen ”Vårdag” og lagsbladet for barnelosjen ”Vårblom”. Elles har han nytta både trykte kjelder og munnlege kjelder.

I.O.G.T.

På Sandane var det ein losje som inspirerte ungdommane på Sørstranda til å danna sitt eige losjelag. Skipinga gjekk føre seg på Rygg skule. Dei valde Johan Lothe til forstandar og Hans Sande som øvstetemplar. Medl emmene måtte lova å ikkje nyta alkohol. Elles fekk alle oppgåver og plikter, og gjorde dei ikkje det dei skulle, ville dei få bøter. Ei streng rørsle med andre ord, men på møta var det og humor og moro. Dei bar symbol som viste kva funksjon dei hadde og det som gjekk føre seg på møta var hemmeleg. Dersom nokon ville bli medlem, måtte dei få ei tilrå ding frå ein av medlemmane.

Møta gjekk føre seg med faste ritual. Desse rituala var i byrjinga spanande, men på slutten verka dei alderdommelege og var kan hende med på at laget vart ned lagt.

Totalfråhaldslag med kultur arbeid

Det var ikkje berre fråhald ung dommane var opptekne av. Dei dreiv med kulturarbeid av ymse slag som teater, folkeviseleik, opplesing og folkeopplysning.

Nasjonale tankar kom ofte fram i programinnslag. Om sommaren arrangerte dei fjellturar. Laget hadde så stor oppslutnad at dei måtte skaffa seg eige hus. Det fekk dei for 100 kroner. Men, alt i 1910 fekk dei seg eit nytt hus som stod på Rygg.

Skiping av barnelosjen ”Vårdag”

Losjen var og med å stifta ein barnelosje for dei mellom 10 år og konfirmasjonsalderen. Dette var ikkje indremisjonen så glad for. Dette blei ein konkurrent for dei. I barnelosjen var det tobak ken som var bannlyst i første rek kje, så kom alkoholen. Einar Gimmestad tek føre seg skilnadane mellom og tilhøvet til indremisjonen, ungdomslaga (både kristlege og frilynte) og losjerørsla. Han tek og føre seg straumdrag i tida, nasjonale, frå halds- og religiøse drag. Gimme stad fylgjer grundig oppturar og nedturar i lagsarbeidet, kva akti vitetar dei dreiv med og stoda i bygda elles. Dette er ei god og grundig lokalhistorisk skildring.

Eg vil særleg nemna at dei mange sitata frå lagsavisa ”Kveldshyggjen” er med på å gjera skildringa levande. 17

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 18

Fattigomsorg i eit historisk perspektiv

Av Cecilie Astrup Bustad

Det har alltid eksistert fattigdom i Noreg, men synet på dei fattige har variert. Det har veksla mellom eit humanitært syn, der fattige vart sett på som vanskelegstilte menneske ein burde hjelpe, og ei oppfatning av dei fleste fattige som late og ansvarlege for sitt eige elende.

Fattige i historia

I mellomalderen vart alle fattige kristne rekna som verdige trengande, og tigging var akseptert. Dette gjaldt anten ein var frå området, eller om ein var omrei sande. Hjelpa til dei fattige var basert på almisser frå fellesskapet, administrert av kyrkja. Ved å hjelpe dei fattige kunne ein vente seg løn i himmelen. Etter reformasjonen tok staten over mykje av fattigomsorga, særleg i byane, og omrei sande fattige og tiggarar vart rekna som kriminelle, og vart forviste. Tidleg på 1600-talet fekk vi også det første fattig huset i Noreg, lokalisert i Oslo. Utover på 1700-talet vaks det fram ei offentleg fattigomsorg på landsbasis, der målet primært var å bli kvitt tigginga, det såkalla betleriet. Lokale fattigkommi sjonar vart oppretta i 1743, og ein fekk no eit sterkare skilje mellom verdige og uverdige fattige.

Kvifor vart fattigvesenet oppretta?

Målet med opprettinga av fattigvesenet var todelt. I tillegg til å skulle gjere ende på tigginga, var det også eit ledd i tryg ginga av einevaldsmakta. Lausgjengeri vart rekna som ein trugsel mot ro og orden, og i forlenginga av dette; ein trugsel mot staten. Lausgjengarar høyrte til gruppa av uverdige fattige, saman med tiggarar, kriminelle, folk som drakk, lausaktige kvinner, og menn som deserterte frå militæret. Ved å få desse vekk frå bygater og landevegar ville ein stabilisere og trygge samfunnet. I løpet av 1700-talet vart likevel det humanitæ re aspektet tydelegare. Staten vedkjente seg eit ansvar for å hjelpe dei fattige i form av eit offentleg organisert fattig stell. Men dette ansvaret gjaldt berre for dei som vart rekna som verdige treng ande. Dersom ein var arbeidsfør, men ikkje hadde arbeid, vart ein sett på som lat, og dermed uverdig fattig. Det var på grunnlag av dette at fattigkommisjonane vart oppretta i 1743, dei skulle føre til syn med fattigstellet i dei einskilde byar og prestegjeld. Og mot dei uverdige fat tige vart det ført ei hard linje. Som eit ledd i forsøket på å få dei vekk frå gatene, vart dei plasserte i tukthus. Her måtte dei arbeide hardt, til dømes med tekstilproduksjon, noko som var meint å

Utsnitt frå møteboka. Sak nr 12 gjeld Hans Navedahl. Dato: 1.10 1853.

skulle verke avskrekkande på andre ”late” fattige. Slike tukthus vart oppret ta i byane, så fattige frå Sogn og Fjordane som vart dømde til tukthu sopphald vart dermed sendt til Bergen.

Mot slutten av 1700-talet gjekk tukthusa gradvis over til å verte fengselsinstitusjo nar for straffedømte tjuvar, og vart avvik la som arbeidsinstitusjonar for fattige.

Endring i synet på fattige

I 1845 vart det vedteke nye fattiglover, der kommunane skulle overta det meste av fattigomsorga frå staten. Dei nye lovene delte dei fattige inn i tre grupper.

Folk som var fysisk eller psykisk ute av stand til å arbeide utgjorde den første gruppa, medan foreldrelause og barn utan skikka foreldre hamna i gruppe to.

Den tredje gruppa inkluderte dei som av ulike grunnar berre delvis kunne syte for seg sjølv og eventuell familie. Som vi ser, famna ingen av desse gruppene dei arbeidsføre fattige, dei var ei van skeleg gruppe å handtere. Resultatet vart at dei for første gong fekk eit retts leg krav på støtte, men mest fordi det var umogleg for fattigkommisjonane å nekte dei støtte. Det ville ha vore umen neskeleg, og ville ha vekt stor motstand i samfunnet. Synet på arbeidsføre fattige som uverdige og late var på vikande front, og det vart auka aksept for at også arbeidsføre kunne trenge hjelp.

Spor i kjeldene

Eit godt døme på denne endringa finn vi i møteboka til formannskapet i Gulen kommune frå 1853. Her har formann skapet behandla eit brev frå Jørgen Underthun som ba om at Hans Navedahl måtte få hjelp av fattigkommisjonen i kommunen. Hans Navedahl var eigent leg bonde og dreiv sin eigen gard, men eit jordras forårsaka store øydelegging ar. Av møteboka går det fram at for mannskapet godkjente søknaden, og Navedahl fekk dermed innvilga økono misk hjelp frå fattigkommisjonen. Frå tidlegare å vere forbunde med skam, ser vi her at det å få hjelp frå fattigkommi sjonen kunne verte sosialt akseptert. I dagens samfunn ville ulike forsikrings ordningar og erstatning frå staten ha berga han ut av knipa, men slik var det ikkje på denne tida. Likevel var det eit stort framsteg at det gjekk an å få hjelp medan han bygde opp att garden.

Kommunane har bevart møtebøker og materiale frå fattigkommisjonane, og dette vert oppbevart hos Fylkesarkivet.

Desse er gode kjelder til historia om fat tige i Sogn og Fjordane, og gir eit inn blikk i korleis det var å vere fattig før utbygginga av den norske velferdsstaten.

Litteratur:

• Mykland, Liv og Kjell-Olav Masdalen. Administrasjonshistorie og arkivkunnskap - kommunene. Oslo 1987 • Seip, Anne Lise. Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740-1920, Oslo 1994

Uprenta kjelder:

• Masdalen, Kjell-Olav: Prestens rolle i skole- og fattigkommisjonene, www.digitalarkivet.no

• Gulen kommune. Formannskapet.

Møtebok 1837-1885

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Med stort og bankande hjarte for dei svakaste

Av Espen Sæterbø

På slutten av 1800-talet mottok og behandla fleire av kommunestyra i Nordre Bergenhus amt søknadar frå foreldre som søkte økonomisk støtte for at ungane deira skulle kunne gå inn som elevar ved ”Jakob Sæthres institutt for Aandssvage Børn” i Bergen. Som ein del av den tidlege kommunale forvaltninga innanfor åndssvakeomsorga, gjekk fleire av kommunestyra inn med midlar for at lokal, trengjande ungdom skulle få opphalde seg ved skulen som heldt til i Bergen.

I 1882 i Bergen opna “Jakob Sæthres Institut for Aandssvage Børn” med adresse Laksevåg i Bergen. Formålet med skulen var å kunne gje eit tilbod til den kategorien elevar som fall utan for vanleg undervisning. Og raskt voks skulen til å ta seg av stadig større kull med elevar. Grunnleggjaren av skulen, Jakob Sæthre, vert rekna som ein av pione rane innan åndssvakeomsorga i Noreg.

Jakob vart fødd i 1854 i Gloppen kom mune, som den nest eldste av i alt 12 søsken etter gardbrukaren Peder Sæthre. I oppveksten hadde Jakob flei re oppgåver på farsgarden, og ved eit høve fekk han vera med far sin på marknaden i Bergen for å selja gard svarer. På denne marknaden trefte dei på godseigaren frå Rosendal, Marcus Gerhard Hoff-Rosencrone, som etter kvart skulle bety svært mykje for den unge Jakob Sæthre. Takka vera godsei garen tok Jakob til på Stord-seminaret, og etter fullført eksamen tok han fatt på yrkeslivet. Etter nokre år som lærar i Sunnhordaland, vart han i ein alder av 23 år henta inn av godseigaren frå Rosendal for å fungera som styrar for ”Rosendal Privatskule”. I Rosendal underviste Sæthre i eit par år før han etter kvart tok til på meir utdanning. Etter nokre år med studium i utlandet, bar det til Oslo og lærarjobb ved ”Anstalten for aandsvage gutter”.

Kanskje låg draumen i det fjerne om å starte opp med noko eige for dei ”åndssvake” borna? For frå starten av 1880-talet starta Sæthre opp arbeidet med å skipa ein skule i lag med kona, Gjertrud.

Med støtte frå Nordre Bergenhus Amt

Med lån og stønad i frå Stortinget samt både Søndre og Nordre Bergenhus Amt gjekk Jakob Sæthre i lag med kona og starta opp ”Jakob Sæthres institutt for Aandsvage Børn”. I søkna den til Nordre Bergenhus Amt søkte Sæthre med grunnlag i at:

Skolens og navnlig Pleiehjemmets Indredning og Udstyr kræver en Kapital, eg desværre ikke besidder, og Skriv frå Jakob Sæthre til soknepresten i Askvoll.

19

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 20

som jeg vil have faare vanskelig for at tilveiebringe ved privat Laan. Det er derfor jeg herved i al Ærbødighed henvender mig til Det ærede Amtsformandskap, uagtet jeg, i alle Fald ikke for nærværende, ser mig i stand til at tilvejebringe saadan Sikkerhed for Laanebeløbet, som under almindelige Omstændigheder formentlig vilde kræves .

1 beslutning der Til omhandlæde Guts anbringelse paa Sæthres Institutt for aandsvage Børn bevilges Herredets Bidrag for 2 aar med 200 kroner, lige saa man også vedtager at utrede 1/5 av utgifterne ved Guttens Beklædning.

Herredstyrelsen finder, at den ikke i dette Tilfældet bør binde sig for en længre Tid, førend den erfarer hvilke Fremskridt Gutten har gjort i disse 2 aar.

4

Avslutningsvis la Sæthre til

at dette mit ærbødige Andragendes Skjæbne i væsentlig Grad vil influere paa Institutets Virksomhed er en Selvfølge, og jeg grunder mit haab om et gunstig Udfald paa Forvisningen om, at det ærede Amtsformandskab gjerne ser den gode Sag fremmet.

Amtmannen gjekk med på å innvilga eit rentefritt lån kr. 1000 på 5 år. Og i 1882 opna ”Jakob Sæthres Institutt for Aandsvage Børn”.

Nokre år seinare fekk kommunestyret i Askvoll (den 7. februar 1900) inn

”Andragende frå Nils L. Haug om aaret af refundere Askvolds herreds kasse det beløp som fattigstyret ved beslutning af 5. Februar har tilpligtet ham at udrede af omkostningene ved hans aandsvage datters opphold ved Sæthres indstitut”.

5

Andragendet frå Nils L. Haug vart samrøystes stetta.

Kommunane sender elevar til Jakob Sæthres institutt

Frå instituttet opna, skulle det frå kom munane sin side etter kvart dukke opp fleire som hadde behov for å sende borna sine til instituttet i Bergen.

I 1894 sendte Rasmus Kjøde i Selje ein søknad til Selje formannskap om å få dottera plassert på Jakob Sæthres insti tutt. Liknande saker finn ein i fleire av kommunane i fylket. 4 år seinare, i 1898, søkte Nikolai P. Gåsvær i Gulen om at

”hans aandssvage Søn Peder maa blive anbragt paa Jakob Sæthres Institut i Bergen ”.

2

Herredstyrelsen støtta søknaden til Gåsvær, og garan terte for 1/5 av utgiftene samt bekled ning. For Jakob Sæthre sin del, var han sty rar for instituttet fram til 1910 før den yngre bror hans Søren Sæthre overtok.

Same året vart Sæthre utnevnt til rid der av 1. klasse. Den andre store drau men hans, opprettinga av eit ettervern og pleieheim fekk han diverre aldri oppleva å fullføra.

1 Nordre Bergenhus Amtsforhandliger for 1882 s. 106-107 2 Møtebok Gulen Gamle fsk 1886 – 1901 s. 26B 3 Møtebok Askvoll Kommune, formann skapet, 1889 – 1909 S. 3A 4 Møtebok Askvoll Kommune, formann skapet, 1889 – 1909 S. 3A 5 Møtebok Askvoll Kommune, formann skapet, 1889 – 1909 s. 106 A

I Askvoll kommunestyre si møtebok for 1889 – 1909 kan ein lesa at Herredstyrelsen i 1899 behandla

”en skrivelse frå Jak. Sæthre av 21.

Desember til Sognepresten i Askvold ang. den aandssvage Gut Gabriel E.

Vaages anbringelse paa Sæthres insti tutt med et udfyldt schema angaaende Guttens Tilstand. I paategning skri velse af i dag anbefaler Sognepresten Guttens indlæggelse paa Indstitut ”.

3

Kjelder og litteratur:

• Nordre Bergenhus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1882 • Askvoll Kommune Formannskapet møtebok 1889 – 1909 • Gulen Kommune Formannskapet møtebok 1886 - 1901 • Skarstein, Jakob Jakob Sæthre – utdyping på http://www.snl.no/.nbl_biografi/Jako b_S%C3%A6thre/utdypning Askvoll kommunestyre tok det mot tekne skrivet opp til vurdering og vote ring, og gjekk inn med ein samrøystes

Personalnytt

Som omtalt her tidlegare, er Erle Hind frå Tromsø er tilsett som musikkarkivar. I september avslut tar ho studia ved masterprogrammet i kulturstudiar ved Høgskulen i Telemark, Avd. Bø. Erle tok til i job ben 14. juni 2010.

Kristjan Logason frå Island, er tilsett i 1 års vikariat som fotograf. Han har vore profesjonell fotograf på Island i meir enn 15 år, og har brei erfaring frå fotofeltet på Island. Kristján tok til i jobben 7. juni 2010.

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Reiselivsbilete frå England til Noreg – Polytechnic Touring Association

Av Elin Østevik

fram med å jobbe utadretta for å spreie kunnskap til den jamne inn byggjar i London. Mellom anna vart det oppretta ei rekke ulike sportslege og sosiale klubbar som var opne alle, ikkje berre for tilsette og studentar.

Polytechnic Touring Association (PTA) starta som eit slikt sosialt til tak.

Reisefølgje i Nærøydalen ca. 1892-1901. Fotograf: Samuel J. Beckett.

Polytechnic Touring Association

The Polytechnic Institution arrang erte den første skuleturen til utlandet allereie i 1888. Tanken var at elevane skulle få sjå stadane dei lærte om i geograf itimane. Med stiftinga av PTA på 1890-talet vart desse reisene opne for alle. Folkeopplysnings tanken stod som nemnt sterkt i insti tusjonen, og med stiftinga av PTA fekk også folk flest høve til å vitje og lære om andre land. PTA vart raskt eit framgangsrikt reisebyrå som til-

Fylkesarkivet har nyleg motteke kopi av ei samling bilete med motiv frå Vestlandet frå University of Westminster, London. Samlinga, som er knytt til turarrangøren Polytechnic Touring Association, omfattar fotografi og postkort datert til ca. 1890-1910. Samlinga gir eit spanande innblikk i den tid lege cruiseturismen i Noreg.

The Polytechnic Institution

Biletsamlinga, som omfattar totalt 105 fotografi og postkort, er nært knytt til historia til University of Westminster. Forlauparen til dagens University of Westminster var nem leg The Polytechnic Institution stifta i 1838 i London. Når The Polytechnic vart etablert i 1838 var føremålet å demonstrere ny tekno logi og nye oppfinningar for publi kum. Seinare, i løpet av siste halvdel av 1800-talet, endra institusjonen form (og namn) og vart ein offentleg f inansiert utdanningsinstitusjon.

Men The Polytechnic haldt likevel

På ekskursjon med stolkjerre, ca. 1892-1901. Vi veit ikkje kvar fotografiet er teke. Tips oss viss du har informasjon! Biletet er merka ”Part of road by lake side”. Fotograf: Samuel J.

Beckett.

21

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 dje og siste serien inneheld 51 glas plater (både glasplatenegativ og lan ternefotografi) daterte til ca. 1892 1901. Glasplatene er produsert av Samuel J. Beckett som var tilsett som fotolærar ved The Polytechnic. Alle tre seriane inneheld bilete av typiske turistdestinasjonar i Noreg, medan dei to sistnemnde seriane også inne held bilete av reisefølgjet.

Vil du sjå fleire bilete?

Bileta etter PTA er å f inne i Fylkesarkivet sin fotobase. Du finn biletsamlinga etter PTA ved å søke på samlingsnummer SFFf-100498.

Ablegøyer ombord. Fotografiet, som er merka ”Some of our shipmates”, vart teke på eit cruise til Noreg i 1907. Fotograf: Ukjend.

baud cruisereiser i den rimelege enden av prisskalaen.

Litteratur:

•Beckett, Samuel J. (1915),

The Fjords and Folk of Norway,

London: Methuen & Co.

•Beckett, Samuel J. (1935),

A Wayfarer in Norway,

London: Methuen & Co.

Biletsamlinga

Bileta vi har motteke digitale kopiar av er delt inn i tre seriar. Den første serien omfattar 22 postkort produsert av PTA for å marknadsføre Noregscruisa. Postkorta er hovud sakleg daterte til ca. 1910. Den andre serien inneheld 25 svart-kvitt foto grafi som alle truleg er tekne på ei og same reise til Noreg i 1907. Den tre-

Uprenta kjelder:

•Skriftleg informasjon frå Elaine Penn, universitetsarkivar ved University of Westminster, London.

Postkort med motiv frå Romsdalen utgjeve av Polytechnic Norway Cruises. Postkortet, som er signert E.A.P., er sendt til Mr. Frank Goring i Kent 16. juni 1903. E.A.P. skriv: “Dear Mr. Goring. This is a scene to delight the families hearts & I wish you were here. Am having a very jolly time, but the cruising at the end of last week was very rough. Best wishes to family & wife E.A.P.”

Fotograf Samuel J. Beckett

Beckett, som forresten vart uteksa minert som fotograf frå The Polytechnic i 1892, fungerte ved fleire høve som offisiell fotograf på PTA-cruisa. Beckett vitja Noreg fleire gonger og gav med tida ut to reisehandbøker om Noreg.

Bøkene,

The Fjords and Folk of Norway Norway

(1915) og

A Wayfarer in

(1935), både førde han i pennen og illustrerte med sine eigne fotografi. Nokre av bileta frå PTA-samlinga er å finne på trykk i desse to bøkene. Beckett var ein dyktig fotograf, og han vart vart mellom anna tildelt den høgste utmerkinga til The Royal Photographic Society, “Fellow of the Royal Photographic Society”.

At Beckett sine fotografferdighei ter også vart sett stor pris på av gruppene av PTA-reisande, vitnar dette reisebrevet frå Fred W. Heale om:

Sunday, July 9th [1893]…. A little excitement was caused at three o’clock when we crossed the Arctic Circle. I failed to see much diffe rence, except that it was getting colder… Upon crossing the line, the horn was blown to intimate the fact. I now felt a little tired and thought I would take forty winks. I had just gone off, when I was awoke by the shout, “Nansen's ship ahead". Quite a number of after noon naps came to a sudden termi nation, and our ship showed a full complement of passengers. Upon getting alongside Nansen’s vessel, a truly British cheer went up from our steamer, three times three in gallant style, followed by rockets.

The gallant Captain Nansen then appeared on the upper deck and our enthusiasm was unbounded.

What a trade the cameras did!

Every camera set, for some took as many as seven snapshots, but I think our indispensable Beckett has knocked them all out and caught a fine view.

22

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

To Norway with fifty Northern Women! –

reiseskildring frå Lingfords konkurransecruise til Noreg i 1932

Av Elin Østevik Dei 50 heldige vinnarane reiste med cruiseskipet SS Mongolia til Noreg.

I dette og tidlegare nummer av Kjelda har vi satt fokus cruise turismen i Sogn og Fjordane og fotografiske kjelder til reiselivs soga. Men korleis opplevde cruise turistane møtet med Noreg? I 1932 vann Anna A. Hopper som ei av 50 britiske kvinner eit 7-dagars cruise til Vestlandet. Og ikkje bare det ho vann også 5 pund for å ha skrive den beste reiseskildringa frå cruiset. Reiseskildringa les du her.

To Norway with fifty Northern Women!

You wouldn’t believe there were rab bits at sea. Yet the curling crest of creamy foam that danced ahead of the S.S. “Mongolia” across the North Sea must have been none other than the White Rabbit, leading us, like Alice, to Wonderland.

Noroway, to Noroway, to Noroway ower the faem”.

When dusk was falling the distant hills were sighted and we went below with eager anticipation of the mor row.

An early Monday morning found us in the Sogne Fjord approaching the tiny hamlet of Laerdal, sheltered on either side by lofty mountains, some bluff, some gaunt. Green-whiskered giants they were, wooded with fir and pine. Some were capped with impassive snow, while the hot sun burnt and freckled us. Some wore vivid green patches where clearings had been made to cultivate squares of grain and precious grass, and some were silver streaked where, here and there, a waterfall glided, ghostlike, downwards. Laerdal lay sleepily at their feet. It was a good natured North Sea too, smiling and smooth. The Sunday was given to exploring our splendid ship and to forming friendships, while the engines droned realistically “To We steamed gently ahead and by mid-day reached Marifjaeren which seemed, like Laerdal, to have crept between the feet of the mountain giants. Here we landed, greeted by sturdy, flaxen-haired children offe ring for sale tiny baskets of luscious raspberries and picture postcards of their quaint little village. The pine-wood houses were painted white, pale-green or reddish-brown and some were raised upon a stone foundation four or five feet high. It is in this “basement” that the cattle are sheltered during the winter. Every tiny space in the valley was cultiva ted. Hay was being dried and sunned over frames of wire and birch poles.

We motored along narrow roads, tree-fringed with scarlet-berried rowans, silver birches and pale aspens against a background of dark-green spruce and fir. There were huge boulders lichen covered and familiar heather and blue-bells.

We skirted Hafslo Lake – which might have been one of our Cumberland gems – and paused in breathless astonishment at the ravis-

23

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

hing beauty of the falls of the Aaroen River.

deck – on a floating palace in a natu ral wonderland.

Our ship lay at Sogndal in a veri table Fairyland. The sun itself had slipped into the green water, tinting it to lapis-lazuli blue and the splash of an oar might have been the play ful diving of a mermaid.

We sailed away in the twilight to Balholm. The new moon hung over us. There was no movement on the waters. Almost, one could hear “the horns of Elfland faintly blowing”. Tuesday was spent in exploring Balholm, where trees were laden with fruit. It was here we glimpsed the pale red-brown cows and heard the faint tinkle of their bells. Tiny shops were tempting with their beau tiful furs, enameled jewellery and quaint wood-work. Everywhere we were met with charming old-world courtesy. The Norwegians were fri endly and trusting, with an air of happy contentment as though they had lifted their eyes to the hills and found life good.

We said good-bye to Balholm as we steamed for Bergen, and danced in fancy-dress on a gaily-festooned There was a busy air about Bergen, for it was market day. Garden pro duce was plentifully displayed and fish, alive in tanks, were sold very fresh indeed. Bergen commands a magnificent view over the islands which encircle it. Some of its chalets and farmsteads seem to have craw led daringly up the mountain slopes to squat with quaint dignity.

From Bergen we motored to tiny, pic turesque Fantoft Stavkirke (Church), built pagoda style, of Norwegian pitchpine. In the dusk we ascended by funicular railway the Fliofjellet Mountain and stood enraptured with the wondrous panorama spread below and beyond us.

A crowd had gathered to watch us depart and, as we slowly moved away, there came a cheer which tou ched our English hearts and we che ered them again and again.

We greeted Tysse on Thursday mor ning. All day we cruised among the blue-grey hills that lay in chains around us. In the hot sunshine the snow gleamed above the tiny homes teads. At twilight we turned and, in starlight took a last lingering look till the evening mists drove us to the cheerful atmosphere of an impromp tu concert.

We had hailed “Norge” in the grey half-tones of fading day. We said farewell when the veils of evening were slowly dropping. It seemed that a filmy curtain had been raised and again lowered. All that lay behind it will be forever a fragrant memory “in the deep heart’s core”.

Oppskriftsheftet har Fylkesarkivet fått låne inn frå Sarah Jane Hails, Leikanger. Hails si bestemor var blant vinnarane av Lingford sin oppskriftskonkurranse og var såleis med på cruiset i 1932.

Can I hope in about 12 months’ time, to raise the curtain on another won derful holiday? Lingford’s labels are already mounting up in a readiness to try.

24

Lingfords konkurransecruise

Cruiset som Anna Hopper og dei 49 andre kvinnene vann vart organisert av Joseph Lingford & Son, produsent av Lingfords bakepulver, i samband med at dei utvida varesortimentet sitt til også å inkludere vaniljesaus pulver, ris, maismjøl og blanc mange (ein type dessertfromasj).

Vinnarane hadde alle delteke i ein oppskriftskonkurranse, der eitt eller fleire av dei nye produkta måtte inngå i rettane.

Eit av Anna A. Hopper sine to vinnarbidrag var denne opp skrifta på plommepudding – kanskje verdt å prøve til haus ten?

Kald plommepudding

700 g raude plommer 2 matskeier demerasukker 220-340 g daggammalt brød ½ liter vaniljesaus (aller helst laga av” Lingfords Custard Powder”, sjølvsagt).

1,4 dl vatn Kok sukker og vatn i ca 5 min.

Fjern stilken på plommene og vask dei. Ha plommene i sukker sirupen og kok til plommene er møre. Fjern plommesteinane.

Kle ei puddingform med skiver av daggammalt brød (utan skorpe). La så forsiktig denne brødkledningen bli gjennom bløytt av noko av juicen frå den stua frukta. Ha så i eit lag plommer og eit lag brød til forma er full. (Merk: Små biter av daggammal skorpe kan nyttast inni puddingen). Plasser ei stor rund skive brød på toppen av forma, sett ein tallerken oppå forma og press med ei tung vekt.

La puddingen stå til den er kald, og kvelv han så over på eit fat.

Lag tjukk vaniljesaus, og når sausen er kald, hell han over puddingen.

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

MINNESMERKET

”Ufullendt” minnestein Astrup-steinen i prestegardshagen på Ålhus (Jølster) er i søkelyset. Nokon har oppdaga at det manglar noko. Det skulle vore innfelt eit portrett-relieff av kunstnaren. No er spørsmålet om misforholdet bør rettast opp.

som nå ønskjer å ta fatt i saka om det manglande por trett-relieffet, er på leit etter historia om minnesteinen.

Kulturhistorisk Leksikon har artikkel om Astrup-stei nen. Kjeldene er småstykke i lokalavisene Firda (Førde), Firda Folkeblad (Florø) og Firda Tidend (Sandane). Noko arkiv frå minnestein-nemnda har Fylkesarkivet diverre ikkje kjennskap til.

Minnestein-historie

Kva skjedde då Astrup-steinen vart reist i 1938? Dei

Astrup-steinen

Av Hermund Kleppa

"NIKOLAI ASTRUP 1880-1928" Det står innhogge på Astrup-steinen i det gamle prestegardstunet på Ålhus.

"Soleis skal óg han sjølv og livsverket hans for alltid vera innrissa i vårt og våre borns minne", sa lærar S.

Sandnes i avdukingstalen sin, søndag 28. august 1938.

Mange tok farvel

Nikolai Astrup døydde laurdag 21. janu ar 1928, berre 47 år gamal. Astrup var på besøk i Førde då han vart liggjande sjuk med lungebetennelse. Hjå venene, dokter Bydal og kona hans, fekk han det beste stell, men livsdagen var slutt.

Mange var samla i heimen til Bydal dagen då båra vart køyrd heim til Jølster, og ei stor folkemengd var møtt fram ved kyrkja i Ålhus. Dei hadde sett opp flagg som danna ein portal i veg krysset opp til kyrkja.

Nikolai Astrup vart gravlagd tysdag 31.

januar. Det vart sagt at det var den stør ste gravferda som hadde vore i Jølster.

Jonsokbål

av Nikolai Astrup. Posten gav ut dette frimerket i 1980 i serien

Norsk målar kunst

1912.

. Astrup daterte sjeldan kunstverka sine. Jonsokbål vart måla mellom 1902 og

Tanke om minnestein fekk tilslutning

Fem år seinare kom tanken opp om å reisa Nikolai Astrup ein minnestein. Det var lærarane Daniel Viken og Eivind Fossheim som fyrst orda frampå, og det vart vald ei "bautastein-nemnd." Nemnda samla inn midlar og fann fram til ein seks-sju meter lang, naturleg forma stein i stranda på Svidalsneset.

Meininga var å få støypt eit portrett-reli eff, men steinen vart reist utan. Av reportasjen frå avdukinga i Firda går det fram at det var tanken å få ordna med portrett-relieff seinare, når dei hadde midlar nok.

Avdukinga byrja med gudsteneste

Astrup-steinen var avduka søndag 28.

august 1938. Veret såg ruske ut frå mor gonen, men det letta og klårna opp utover dagen. Om føremiddagen var det gudsteneste i Ålhus-kyrkja. Sokneprest Kallhovd kom i preika si inn på Astrup sin kunst. Han nemnde særskilt målar stykket Jesus i Getsemane. Det hadde alltid tala sterkt til han kvar gong han såg det.

Nikolai Astrup levde frå 1880 til 1928. Han vart fødd i Bremanger der far hans, Christopher Astrup, var sokneprest.

Familien flytte til Jølster i 1883. Etter mellomskule i Trondheim gjekk Nikolai Astrup i lære hjå Harriet Backer i Oslo, og var dei næraste åra på kortare studieferder i Tyskland og Frankrike. Astrup kom heim att til Jølster i 1903 og vart buande i Jølster resten av livet. Han gifte seg 23.12.1907 med Engel Sunde (1892-1963) frå Jølster. Dei fekk åtte born.

Fem - seks hundre menneske tilstades

Sjølve avdukingshøgtida tok til i totida.

Formannen i minnesteinnemnda, Nikolai Berg, ynskte velkomen og for talde om førebuingsarbeidet. Lærar Sandnes heldt avdukingstalen. Han for talde frå livet til Nikolai Astrup som kunstnar, og nemnde særskilt den første utstillinga hans i Oslo i 1905. Utstillinga vekte ein åtgaum som knapt noko anna utstilling har gjort her i lan det, sa talaren.

og kjenningar i bygdene her har kjent trong til å reisa han eit minnesmerke her på prestegarden. Det er ein gråstein. Det er den første bautastein som er reist i Jølster. Denne steinen skal vere med og halde minnet om den store kunstnaren levande for slektene som kjem. Det er med takk og vyrdnad for den innsats Nikolai Astrup fekk gjort, at vi i dag er samla her." Til slutt i talen sin sa lærar Sandnes: "Bygdefolket og Nikolai Astrups vener Så fall duken, og Nikolai Berg overle verte steinen til Jølster kommune.

Ordførar Øygard tok imot og takka.

Lensmann N.O. Øvrebø helsa frå famili 25

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

MINNESMERKET

kunstutstilling. Her kunne folk sjå fleire kunstverk av Astrup, både målarstykke og tresnitt.

Under minnehøgtida kunne folk elles sjå tre av fanene Astrup måla; - Ålhus Ungdomslag, Gjesdal Ungdomslag og Myklebust Ungdomslag sine.

Astrup-steinen vart reist sumaren 1938 med avdukingshøgtid søndag 28. august. Nikolai Berg laga eit tresnitt av steinen. Det stod i Firda som illustrasjon til reportasjen frå avdukinga.

Astrup-steinen i den gamle prestegardshagen på Ålhus. Steinen er kring seks meter høg. Dei kila han ut or ein stein i stranda på Svidalsneset.

en Astrup og takka for den heider bygda hadde synt på denne måten. Kristen Sunde, utflytta jølstring i Måløy, helsa frå vener av Astrup sin kunst og la ned ein vakker lyngkrans ved foten av min nesteinen.

Forfattar og datering:

Hermund Kleppa, 20

06.

Prenta kjelder:

•Firda. 25.01, 28.01.1928 og 08.07, 12.07, 23.08, 26.01, 28.01.08. 1938.

•Firda Folkeblad. 12.07, 30.09. 1938.

•Myklebust, Sverre: Kring Nikolai Astrup og Jølster. I Jol i Sunnfjord.

1959.

Innskrifta på Astrup-steinen. '.. han sjølv og livsverket hans (skal) for alltid vera innrissa i vårt og våre borns minne', sa lærar S.

Sandnes i avdukingstalen sin, søndag 28.

august 1938

Kommunal middag

Etter avdukingshøgtida gav Jølster kom mune middag i prestegarden for fram møtte frå Astrup-familien og ei rekkje innbedne. Vertskapet kunne by på nasjo nalretten rømmegraut og spekekjøt. Det var tale av sokneprest Kallhovd og tidle gare lensmann Øvrebø. Kristen Sunde heldt eit morosamt kåseri.

Kunstutstilling

I det gamle prestegardshuset var det 26

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Tingveggen på Gulatinget

Av Eirik Stanghelle Morland Skulpturen ”Tingveggen” vart avduka i 2005 og er laga av kunstnaren Bård Breivik. Fotograf: Anne-Karin Misje

Tingveggen på Gulatinget er eit monumentalt kunstverk på ein stad med ei mektig historie og naturskjøne omgivnader.

nitt og består av 22 høgt reiste stei nar. At kunstverket markerer ein his torisk plass vert også tydeleg gjennom sin likskap med andre monument i naturen, til dømes Stonehenge. Det monumentale gjer derfor at kunstverket vert eit symbol for tradisjon, makt og stadens histo riske viktigheit.

Kunstverket og omgivingane

Spesielt med kunstverk som vert I samband med opninga av Tusenårsstaden Gulatinget i 2005 vart det monumentale kunstverket ”Tingveggen” oppført. Skulpturen er laga av kunstnaren Bård Breivik, kjend frå fleire andre store skulptur prosjekt, mellom anna Torg allmenningen i Bergen.

Monumental framtoning

Kunstverket er det første som møter deg om du oppsøkjer Gulatinget, og står fram som eit symbol på ein his torisk møteplass med sitt mektige monumentpreg. Veggen er laga i gra-

Oversiktsbilete frå Gulatinget

27

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Tingveggen er ein del av sine omgivnader, og veks opp frå bakken som ein skulpturvekst. Fotograf: Eirik Stanghelle Morland.

plasserte ute i det fri er at dei vil bli sett i samanheng med sine omgivna der – landskapet, naturen og staden.

Sjølve staden har som sagt historiske røter som vert ein del av kunstopple vinga, men også dei naturlege omgivnadene har vore teke med i utforminga av ”Tingveggen”. Den mest openbare samanhengen med naturen er kanskje sjølve materialet, altså steinane, som vi også finn i knausane rundt minnesmerket og i landskapet rundt omkring i Gulen.

Kanskje kan ein tenke seg at det er som ein vekst som kjem opp frå steingrunnen, som om dei vert plan ta som eit frø ved det historiske Gulatinget og har vokse til eit monu ment. Historiske røter er i så måte ein god metafor på korleis monu mentet symboliserer historia. I til legg kjem den praktiske funksjonen monumentet tener; som bakgrunn for scene for framsyning av både musikk og teater, og som naturleg midtpunkt for amfiteateret som berget dannar rundt kunstverket. Difor seier ein gjerne at kunstverket heng saman med og er i dialog med, sine om givnader, i staden for å stå ut som eit framandelement i naturen.

Eit historisk samlingspunkt

Gulatinget er kjend frå historia som eit høgtideleg samlingspunkt, og med kunstverket ”Tingveggen” kan ”Tusenårsstaden” igjen virke som høgtideleg samlingspunkt i vår sam tid. Ikkje berre er det eit monument som markerer ein historisk stad, men det er ein identitetsskapar for staden og ei framheving av både historia og naturen. Og det er eit naturleg sam lingspunkt for både kunst, teater og musikk i regionen. 28

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

BEDEHUS

Sogn og Fjordane har ni kapell/bedehuskapell som kvar har det meir avgrensa bedehus som en del av historia si. Sju av dei er å finna i kystbygdene. Dei har som felles kjennemerke at dei er ”oppgraderte” til kyrkjeleg bruk (i eitt tilfelle skjedde endringa i plan leggingsfasen). Utvendig kjem dette gjerne til syne ved tårn og innvendig mellom anna ved altarinn reiing. Alle bedehuskapella er omtala i boka på På kyrkjeferd (Selja forlag 2000), og i Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk Leksikon. Bedehus-artik kelen denne gongen har tittelen Folkestad bedehus – gudshuset på Våge (høyrde til Askvoll kommune til 1991 deretter Fjaler) som stod ferdig som bedehus i 1912, vigsla til bedehuskapell i 1939, nemnt som bedehus til 1983, og deretter omdøypt til Folkestad bedehuskapell. Artikkelen er eit supplement til artik kelen i Kulturhistorisk Leksikon.

Folkestad bedehus

"eit av dei finaste (..) bedehusa i vide krinsar." Det skreiv Brynjulv Lunde i ein avisartikkel om Folkestad bedehus då huset runda 50 år i 1963. I 1939 vart bedehuset vigsla til kapell, men namnet bedehus vart brukt heilt til huset vart påbygt i 1983 då "bedehus" vart endra til "bedehuskapell".

25. mai 1913. Til 50 årsjubileet i 1963 skreiv Brynjulv Lunde ein lenger artik kel i Firda om soga til huset. Lunde har med meir om den eldste soga om bede huset i artikkelen sin enn i artikkelen i Kulturhistorisk Leksikon om Folkestad bedehuskapell, som er ei redigert utgåve av artikkelen i boka På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane (2000).

Brynjulv Lunde skreiv historisk atter syn i 1963

Folkestad bedehus vart teke i bruk i 1912 men vart ikkje vigsla før året etter, den

Misjonstiltak eller breitt bygdetiltak?

Artiklane er ikkje heilt samanfallande om korleis det bar til at bedehuset på

Av Hermund Kleppa

Våge vart reist. I følgje Lunde var det misjonsfolket som gjorde opptaket og dreiv fram byggjearbeidet. Artikkelen i På kyrkjeferd .. held fram at ynskje om eige "gudshus" sprang ut av at folk kvid de seg for sjøstrekninga over til Vilnes (Folkestad-Våge-Korssund-Lutelandet, Lammetu høyrde til Askvoll prestegjeld, Vilnes sokn). Grendene fekk eigen kyr kjegard like etter 1900, og "undervegs i arbeidet [med kyrkjegarden] byrja pla nane om eit eige gudshus å ta form.", står å lesa i På kyrkjeferd.

Folkestad bedehuskapell år 2008. Bygningshistoria er tredelt: midtpartiet stod ferdig i 1913, koret i 1940, og tilbygget i nord (venstre) i 1983.

Fotograf: Hermund Kleppa

29

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

BEDEHUS

Misjonsfolket arbeidde i lag

Folkestad indremisjon vart skipa i 1897, eitt år før Det Vestlandske Indrmisjonsforbund. Møtet vart halde i løa til David M. Folkestad. Årsmøta samla mykje folk og det var eit heilt arbeid å rydda løer og setja i stand til "møtesal". Difor gjekk det ikkje lang tid før indremisjonsfolka tok til å emna på planar om å byggja bedehus. Men kristenfolket som sokna til Det Norske Misjonsselskap (NMS) hadde også trong for bedehus. (Gamlemisjonen var i mange år eit folkeleg namn på Det Norske Misjonsselskap, misjonsorgani sasjonen frå 1842 som hadde som hovudmål å senda ut misjonærar til andre verdsdelar for å driva misjon for kristendommen.) Gamlemisjonsfolka slutta seg til tanken om å byggja bedehus og støtta opp om pengeinnsamlingsar beidet indremisjonsfolket sette i gang.

Det første møtet

I 1911 vart alle som var interesserte i å byggja bedehus kalla saman til førebu ande møte hjå Kolbein Skaar. Nokre menn hadde alt gått i gang med arbeidet: Gerhard Folkestad, Adolf Folkestad,

Folkestad bedehus kort tid etter at det stod ferdig i 1913. Fotograf: Halvdan Furset

Bernt A. Folkestad, Sjur Hovland, Jakob Einen og Johan R. Skaar. Dei hadde kjøpt inn materialar og hadde fått lovnad på gratis tomt hjå Alexander Folkestad.

Våge i staden for Folkestad

På møtet hjå Kolbein Skaar kom det opp framlegg om å byggja huset i Våge i sta den for på Folkestad, vel 1 km lenger nord i bygda. Grunngjevinga var at dei no heldt på med å laga til hjelpekyrkje gard der. Huset ville koma til nytte ved gravferder. Johan S. Skaar, frå Korssund, hadde fått lovnad på gratis grunn hjå Joar Holstad. Eit anna godt kort for den nye staden Våge, var at mannen som hadde påteke seg å byggja huset, Gerhard Folkestad, sa frå om at dersom huset ikkje vart bygt i Våge, ville ikkje han ha noko med byg gjinga å gjera. Fleire på møtet forandra meining, og det vart vedteke å byggja i Våge. I artikkelen sin skreiv Brynjulv

Huset sett mot hovudinngangen. Fotograf: Hermund Kleppa

30

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 Lunde (1963) at "vi som bur her i dag er glade for at planane vart forandra".

Huset vart på denne måten liggjande om lag midt i bygda.

til kyrkjelege handlingar. Såleis vart det ordna med altarring som kunne setjast inn i huset når det var nødvendig. Det vart vanleg at konfirmantane gjekk til altars i bedehuset.

Byggjearbeidet

På møtet i 1911 vedtok dei å gå i gang med byggjearbeidet. Grunnen vart utgra ven på dugnad. Ivar Haugen og fleire mura kjellaren. Gerhard Folkestad var arkitekt, byggjeleiar og bygningsmann.

Han hadde god hjelp av Adolf H.

Folkestad og Kristen O. Hovland. For arbeidet hadde dei til saman 330 kroner.

Elles nemner Lunde at det var Gerhard Folkestad som bygde bedehuset i Skifjord (1914) og i Dale i Luster (1903).

Sleppte ikkje til ungdomslaget

Samla kostnad var mellom 3 og 4000 kroner, men då var ikkje matsalen i kjel laren ferdig. Det frilynde ungdomslaget tilbaud seg å setja kjellaren i stand mot at dei fekk nytta han. Men Kolbein Skaar var imot dette, fortel Brynjulv Lunde. På eiga rekning leigde han ein mann, fekk med seg andre på dugnad og sette i stand kjellaren.

Huset vart også teke i bruk ved gravfer der. På slutten av 1930-talet vart huset påbygt med kor i sør. Bygdefolket tok kostnaden saman med Askvoll kommu ne. Ingeniør Sigurd Haugen i Stong fjorden laga teikning, og byggmeister denne gongen var, som i 1912, Gerhard Folkestad. Huset vart vigsla til kapell i 1939 av biskop Andreas Fleischer.

Ombygging kring 1980

I 1978 stod ombygging av Folkestad bedehus på saklista til kommunestyret i Askvoll (området vart lagt til Fjaler frå 1. januar 1990). Kommunestyret vedtok å kosta den planlagde ombygginga med tårn, sakristi og utviding av kjellaren for å få eit betre sanitæranlegg. Ikkje alle var samde i den påtenkte ombygginga.

Vigsling

Folkestad bedehus vart teke i bruk i 1912, men først vigsla året etter, 25. mai 1913. Andreas Lavik, den første sekretæ ren i Vestlandske Indremisjon, var ein av hovudtalarane. Johan Midttun var tilsta des på vegner av Misjonsselskapet.

Forkynnaren Matias Stårheim var óg med. Orheim frå Bernhard Folkestad (Kristeleg Folkeparti) meinte at eit bedehus korkje skal ha tårn eller sakristi. - Huset blei bygt som bedehus og det må det få lov til vera, heldt han fram. Det var å øydeleg gja for "Gudsrikes arbeid" å endra på huset, refererte avisa Firda. I ordskiftet heldt Folkestad vidare fram at namnet kapell i tillegg til bedehus var eit hale heng som prestane ville ha. Bygningen var innvigd til kyrkjeleg bruk (1939), og etter hans meining var huset fullt tenleg.

Bernhard Folkestad vann ikkje fram. Det ombygde bedehuset stod ferdig i 1983, og det offisielle namnet vart no Folkestad bedehuskapell.

Lover og styring

Lover for Folkestad bedehus blei vedtek ne på eit møte dagen før vigslinga.

Vedtektene vart førde i penn av Andreas Lavik og paragraf 1 hadde denne ordly den: "Huset eies av de ved innvielsen eksisterende indremisjons- og hedninge misjonsforeninger [Gamlemisjonen] innen krinsen". I paragraf 6 stod det at Det Vestlandske Indremisjonsforbund og Det Norske Misjonsselskap hadde avgjerdsrett i eventuelle tvistemål det lokale styret ikkje greidde å løysa.

Brynjulv Lunde peikar på at det var var Indremisjonen og Misjonsselskapet som vart ståande som eigarar, men det var bygdefolket som hadde kosta huset.

Prenta kjelder:

• Firda, 03.09.1963

• Firda, 06.07.1978

• Kulturhistorisk Leksikon: Folkestad bedehuskapell

Kyrkjelege handlingar - kapell

Folkestad bedehus vart snart teke i bruk

Til to gjenter

Den flinkaste gjenta i klassen har evner og kunnskaps logikk og tunga på rette plassen i fransk og i matematikk Den venaste gjenta i klassen har ynde og feilfri fysikk og gav meg på rette plassen med Amors piler eit stikk Den flinkaste gjenta misunner eg både på kryss og på tvers men til venaste gjenta i verda skriv eg klingande kjærleiks vers

H.S. i Firdaljos, lagsavisa til elev laget Aurora, Firda Gymnas, Sandane 1952 H.S. – Herbjørn Sørebø?

31

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Jaktportrett

Av Olaf Knarvik

Jaktportrettet som sjanger har ei lang historie både i form av måleri og foto grafi. I Norge dukkar det opp mange bilete av lykkelige jegerar som poserer med byttet om hausten, vanlegvis er dyret ein hjort. Det fins også ein del andre dyr det har blitt drive jakt på, vi presenterer her nokre av dei saman med dei stolte jegerane.

Dette er ein liten lokal jakthistorie i bile te med dei uvanlege byttedyra ørn, oter, nise, hare og grashopper. Om sistnemn te er eit godt gjennomført døme på ein tidleg (1937) fotomanipulasjon, har vi framleis ikkje fått tydeleg svar på.

Dei nokså unge jegerane som poserer med ein hare gjev også inntrykk av å ikkje vere heilt dokumentarisk, men iscenesett.

Dei andre bileta, derimot, har tydelege kjenneteikn av klassiske jaktportrett: jeger og byttet ute i feltet.

Mann med død ørn. Ola Vollan. Foto utlånt av: FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal. Eigar: Ingebrigt Vollan. (FAKf-100151.132679) Isak J.Hellebust, Wilhelm Nøstdal, Johan Hellebust. Tre svært så unge jegarar med kvar si børse. Ein hund og ein hare som sprett ikring. To bilete på ei glasplate. Fotograf: Isak I Hellebust. Eigar: Nordfjord Folkemuseum. (SFFf-1990060.119924)

32

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Ola Sanden med oter som vart skoten med han var i ferd med å plyndre måsereir på Holmen ved Sanden på 1950-talet. Foto utlånt av: FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal. Eigar: Marie Sanden.

(FAKf-100421.206842) Gerhard K. Haugland arbeidde i fleire år i dei norske miljøa i Amerika (som lausarbeidar og på farmen til broren Ivar i Jewell, Iowa). Eit av postkorta han sende heim var dette, av ein stolt jeger med Remington rifle og ei nedlagd grashoppe! Gerhard kom heim til Noreg att i 1941. Fotograf: Coles Studio. Eigar: Marie B Wergeland.

(SFFf-1994266.0022) Martin var ein ivrig jeger, og somrane var han alltid på jakt etter niser med "nisekrokjen". Her viser han stolt fram fangsten sin i fjøra på Indrehus. Person: Martin Henrikson Frimannslund (f. 1898). Fotograf ukjend. Eigar: Margun Indrehus. (SFFf-100042.102781)

33

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19 34

Ei lita barnebok som gjer stort inntrykk

I skuggen av ein krig av Henrik Leirvik. Eige forlag 2009.

Av Randi Melvær

Henrik Leirvik har skrive ei barnebok på berre 71 sider om opplevingane sine som gut under krigen. Mora hadde lova far sin å alltid halda saman med syskena før han døydde. I familien hans var det to onklar som var innmeldte i NS, og nokre av søs kenborna stod i Unghirden. Sjølv om for eldra til Henrik ikkje hadde sympati med tyskarane og nazistane, var dette nok til at familien blei uglesett, guten kalla ”nazi jævel” og utsett for overfall. Han blei og ofte utestengt frå leik med dei andre borna. Eg gjev att ei av historiene i boka:

Kva er gale med far?

Krigen gjekk mot slutten. Alle visste at det berre var veker eller dagar att før krigen var tapt for tyskarane. Men det var fleire hundre tusen tyske soldatar i Noreg, og ingen kunne vite om dei ville gje seg utan kamp. Kaiane i Florø var minelagde, vart det sagt, og om tyskarane bestemte seg for å sprengje, ville store delar av byen verte øydelagd. Dei tyske stabsbilane for pilande mellom Førde og Florø.

Støvskyene rakk ikkje å leggje seg mellom kvar gong dei grå militærbilane susa forbi. Stadig fleire frekke kommentarar møtte Henrik når han skulle gå ærend for mor.”Når krigen er slutt skal far din ding le. Han er sambandslærar!” ”Mor, kva er det å vere sambandslærar?” ”Alt det du spør om! Kan du ikkje spørje far?” Jau, det kunne Henrik gjere, men det var så mykje lettare å spørje mor. Mor sette seg i omnskråa og klappa på stolsetet ved sida av. Henrik tok plass, og mor byrja ei for klaring som ho hadde vanskar med å setje ord på: ”Før krigen var far med i Lærarlaget, ein organisasjon som passa på lærarane sine rettar. Men så bestemte nazistane at det skulle opprettast ein ny organisasjon som bar namnet Norges Lærarsamband. Alle som ikkje nekta å bli medlem, vart automatisk overførde til den nye organisasjonen. Dei som nekta, kunne bli fengsla, nekta lønsutbetaling eller få vanskar på andre måtar. Det vart sendt ein hemmeleg beskjed frå dei som var imot nazistane: Ingen lærarar måtte la seg overføre til Norges Lærarsamband. Men lokallaget der far var med, våga ikkje å gje denne beskjeden. Sidan det var så mange nazistar i familien, såg dei på far som ein sikkerheitsrisiko. Dermed fekk far aldri den beskjeden dei andre lærarane fekk, og han vart altså ståande som med lem i ”Lærarsambandet” som det heitte på nynorsk. Mange lærarar vart arrester te og nokre sat i fangeleir, men alle bøyg de av og underteikna medlemspapir til sist.” ”Men snakka ikkje far med dei andre lærarane? Han måtte vel merke at nokon vart arresterte?” Henrik funderte og såg spørjande på mor. ”sjølvsagt kjende han til det som gjekk føre seg, men han visste også at det vart sett inn nazistlærar i pos tane til dei lærarane som vart arresterte, og for far var det viktigaste at borna fekk ha ein kristen lærar som var trugen mot kongen og den lovleg valde regjeringa.” Mor sukka tungt og reiste seg frå krakken.

”Det har jammen kosta oss dyrt å ha nazistar i den nære familien!” ”Kan far bli arrestert når krigen er over?” spurde Henrik. ”Det kan eg aldri tenkje meg,” sa mor. ”Men nazistane vert vel arresterte?” Henrik ville ikkje sleppe samtaleemnet. ”Ja det er fare for det,” sukka mor. ”Dei får nok ei vanskeleg tid.

Vanskane er nok ikkje over sjølv om krigen tek slutt.”

kjelda, nr. 2 – 2010, årgang 19

Unikt gardsarkiv frå Kyrkjebø

Av Jan Anders Timberlid

Erling Normann Berge frå garden Berge på Kyrkjebø kan dokumen tera drifta på garden dei siste 55 åra, ein periode då norsk landbruk gjekk gjennom kanskje dei største endringane på 2000 år. Frå perio den 1948-2003 gjorde først faren Odd Berge, sidan han sjølv nøy aktige registreringar over drifta. Dagbøker, statusbøker, husdyr kontroll

Dei første nedteikningane kom lenge før det vart ein obligatorisk del av det å vera bonde. Sidan overtok Erling føringane heilt fram til 2003 då han selde garden og pensjonerte seg. Dag for dag, veke for veke, er det gjort sirlege noteringar. Forutan meir standardiserte skjema, har Berge også teke vare på meir private lommebøker som inneheld detaljerte opplysningar; var det tidleg våronn, var sommaren tørr eller våt? kom hausten tidleg? Forutan desse dagbø kene er det timelistebøker, statusbø ker, husdyrkontroll, driftsanalyse og ei mengde med vedlegg. Dette grunnlagsmaterialet er lagra hjå Norsk institutt for landbruksøkono misk forsking. Prøver frå dette mate rialet er lagt ved denne teksten.

Kartlegge endringar

Berge er interessert i at dette materi alet vert brukt i arbeid som kan kart leggja dei store endringane som har funne stad i jordbruket etter krigen.

Med eit slikt materiale vil ein kunna få ein framifrå dokumentasjon på korleis lønnsemda i landbruket har endra seg. Stilt opp mot liknande materiale frå andre stader i fylket eller landet elles vil dette gje auka kunnskap om ein viktig periode i norsk historie.

Erling Normann Berge kan kontaktast på tlf: 913 09 743. Døme på dokument frå gardsarkivet til Berge.

35

Før og no

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Over: Hans Blomgata sett vestover, med sjukehuset til venstre og kyrkja i enden. Datering: 1945-1970. Fotograf: Kåre Botnmark.

Under: Bilete frå jubileumsåret 2010. Endringane er, ved fyrste augnekast, ikkje påfallande. Fotograf: Per Olav Bøyum