Valdres - SB Skog

Download Report

Transcript Valdres - SB Skog

4
NYHETER
Lørdag 8. februar 2014
NYHETER
Lørdag 8. februar 2014
5
420 millionar til Tonsåsen
Langtransport best på bane
Kjøparen betaler transporten
5200 vogntog ut av Valdres
60.000–150.000 m3 på bane
Dokka var størst i landet
Valdresbanen: Strekninga Eina–Dokka er 47 kilometer lang, og Jernbaneverket/Railconsult har kostnadsrekna opprusting av sporet til 300 millionar kroner. Strekninga Dokka–Tonsåsen er 30 kilometer, og opprusting er
tippa til 120 millionar kroner. Banelengda Eina–Tonsåsen
er dermed 77 kilometer, opprusting 420 millionar kroner.
Hedmark/Oppland: I desember 2012 vedtok fylkes-
Dokka: – Det er tømmerkjøparen som betaler transporten på massevirket, og den dagen kan koma at transporten blir så dyr at me seier nei takk til å kjøpe massevirke,
seier tømmerkjøpar Geir Sandberg i SB Skog. – Difor må
me redusere kostnadene. Valdres er i dag for langt unna
kai eller tog, seier Vidar Lysnes i Nortømmer.
Valdres: I 2013 tok dei fire største tømmeroppkjøparane imot 208.000 kubikkmeter tømmer frå Valdres.
Omgjort i vogntog er det 5200 lastebilar. Minst halvparten av tømmeret frå Valdres er massevirke/slip, som teoretisk sett også kan sendast ut på jernbane. Det vil seia
at det årleg går 2600 lastebillass med slip ut av Valdres.
Valdresbanen: I «Mulighetsstudie: Ny tømmertran-
Dokka: På 1980-talet hadde Dokka landets største terminal for lasting av tømmer på jernbane. Årleg vart det
den gongen frakta 60.000–70.000 kubikkmeter tømmer
frå Dokka-terminalen. I 1981 utgjorde det 3747 vognlaster. Tømmertransporten var i drift til 1999, og då gjekk
det tre tog i veka med tømmer frå Dokka.
mennenes og -ordførerne «Strategi for skog- og tresektoren 2013–2016» «Mål: Redusere skogbrukets og skogindustriens transportkostnader. Strategier: Stimulere til
økt transport av tømmer og flis på bane gjennom investeringer i og utvikling av jernbanenettet og terminaler.»
sport på Valdresbanen» laga av Raiconsult i november
2012, blir det operert med eit muleg, årleg transportvolum på 60.000 kubikkmeter massevirke. Ole Helmer
Bjørlien i Trevekst Oppland meiner dette er for lite, og at
volumet heller kan bli 150.000 kubikkmeter.
Betre tømmespris om Valdresbanen var i drift
Dei tre konkurrerande tømmeroppkjøparane på Dokka ynskjer Valdresbanen gjenopna for tømmetransport heilt opp til Tonsåsen
– Skogeigarane i Valdres og Land hadde fått
mykje betre betalt for
massevirket sitt dersom Valdresbanen var
i drift. Me undrar oss
over at det er så lite diskusjon om dette mellom lokale politikarar.
Helge Gudheim
[email protected]
Dokka: Dette seier dei tre tømmeroppkjøparar som «Valdres»
møter på Dokka: Hallgeir Thorsen frå Viken Skog, Vidar Lysnes
frå Nortømmer og Geir Sandberg
frå SB Skog. Til dagleg er dei arge
kokurrentar i markanden, men
dei har felles syn på rammevilkåra i næringa og arbeidet for å
hjelpe skogbrukaren:
Trur på framtida
Alle tre har stor tru på framtida
for skogbruket. Lysnes: – Det er
underskot på trevirke på verdsbasis, og etterspørselen vil berre
auke.
Thorsen: – Verdien av langfibra tremasse vil stige – skog blir
i framtida «gull verdt». Alt som
kan lagast av olje, kan også lagast
av tre. Olje er omforma tre.
Store ringvirkningar
Sandberg: – Strukturendringane
i tømmermarkanden har ført til
at no blir nedlagde tømmerterminalar (Nesbyen) og sidespor
(Numedalsbanen)opna på nytt. I
nærområda rundt tømmerterminalane stig prisen på massevirke.
Lysnes: – Skogbruket i Land og
Valdres er viktig, og ringvirkningane av næringa er langt større
enn verdien på sjølve tømmerstokken. Men når masservirkeprisen er låg på grunn av kritisk
høge transportkostander, er det
spørsmål om skogeigaren vil
hogge. Dette handlar om eit samfunnsrekneskap.
Sandberg: – Eg er overbevist
om at Valdresbanen hadde gjeve
særs god samfunnsøkonomi, og
ringvirkningar på fleire område.
Thorsen: – Det tragiske med
Valdresbanen er sektortenkinga
med person-, gods- og tømmertransport. I sum blir reknestykket
annleis. Det er også eit stort poeng å få mest muleg godstrafikk
vekk frå vegane.
«Behovet for jernbane blir
større til lengre opp i Valdres ein kjem.»
Kjell Thorsen, tømmerkjøpar for
Viken Skog SA på Dokka.
FAKTA
Valdresbanen
■■ 110 kilometer lang sidebane
til Gjøvikbanen frå Eina til Fagernes, opna i full lengde i 1906.
■■ Persontrafikken vart nedlagd
31. desember 1988.
■■ Seinare har det vore turistog dresintrafikk i sumarhalvåret.
■■ Tømmertransport frå Dokka
stasjon feram til i mars 1999.
■■ 18 kilometer av sporet vart
fjerna mellom Fagernes og
Bjørgo i åra 1991 og 2002.
– Ingen garanti for framtida
Sandberg: – Jernbanetransport
handlar om å sjå framover, og mulegheita til å drive skogbruk i våre
bygder. Alt er i snøgg endring, og
det er ingen garanti for at lokale
sag overlever og tek imot i framtida. Og kvar skal valdrisar og landingar då levere sagtømmeret sitt
– utan ein operativ jernbane? Då
har me ikkje tid til å bruke eitt år
på opprusting av banen.
– Me veit kva me har, men ikkje
kva framtida vil by. Sjå kva som
skjedde på Follum/Tofte. Fordi
me manglar jernbane, er våre område så sårbare på pris.
Thorsen: – Håpet er å få opp
att massevirkemottak på Follum,
kanskje om tre års tid. Men uansett vil det vera eit kjempepluss å
ha ein operativ jernbane for tømmertransport. Behovet blir større
til lengre opp i Valdres ein kjem.
Medan me enno har oljepengar
bør det investerast i infrastruktur i innlandet. Då kan me også ha
noko å drive med i framtida.
Helge Gudheim
[email protected]
FAKTA
Ynskjer Tonsåsen-terminal
Lysnes: – Det skogbruket treng er
ein tømmerteminal på Tonsåsen,
og ein på Dokka eller Odnes. Då
kunne tømmerbilane kjøre dit, og
redusere transportkostanden.
Thorsen: – Eg kjenner Valdresbanen godt gjennom over 30 år i
denne bransjen, og strekninga
Tonsåsen–Dokka er i betre teknisk stand enn banen frå Dokka
til Eina.
Ventar på toget: – Derfrå skal tømmertoga frå Tonsåsen koma, seier tømmerkjøparane på Dokka; (f.v.) Vidar Lysnes (Nortømmer), Hallgeir Thorsen (Viken Skog) og Geir Sandberg (SB Skog). Dei står på Dokka stadjon og peiker oppover mot Valdres.
Lang veg for massevirket
Store transportvolum
Tømmerkjøparane på Dokka
seier det årleg blir avvirka ca.
100.000 kubikkmeter tømmer i
kvar av dei to Land-kommunane.
2013-talet for dei seks valdreskommunane var 208.000 kubikk
– altså rundt 400.000 årleg. Ein
lasebil tek gjennomsnittleg 40
kubikkmeter – noko som betyr at
det årleg går 10.000 vogntog med
tømmer i Land og Valdres. Det er
27 bilar om dagen. Av det er 5000
med massevirke (13 bilar dagleg).
Thorsen seier ein tømmerterminal på Dokka også ville kunne
ta imot massevirke frå Snertingdal og Vingromsåsen.
I Valdres: Hallgeir Thorsen er Viken Skogs tømmerkjøpar i Vang,
Vestre Slildre og Øystre Slidre.
Når tømmer blir hogge, er om lag
halvparten sagtømmer og halvparten massevirke (slip). I Øvre
Valdres er det rundt 60 % slip.
Tidlegare gjekk mykje massevirke frå Valdres til fabrikkane
på Ringerike (Follum og Tofte).
Inntil vidare er dei nedlagde, og
då må massevirket anten skipast
ut med båt frå Drammen (til Kontinentet) eller på tog mot Sverige.
Reknar ein frå Fagernes, er det
185 kilometer på veg til Drammen og 165 kilometer på veg (via
Gjøvik) til togterminalen på Sørli
sør for Stange i Hedmark. Nord i
Valdres blir avstanden sjølvsagt
tilsvarande lengre.
I dag er fraktkostnaden mellom bil og bane om lag lik ved 130
kilometer. På kortare strekningar
er tømmerbil rimelegast, men tog
om avstanden er lenger.
Massevirkeprisen til bonden i
Dokka-området er no om lag 200
kroner pr. kubikkmeter, og om
lag 30 kroner mindre i Fagernesområdet. Tømmerkjøparane på
Dokka seier transportavstandane
frå Øvre Valdres er så store at det
er vanskeleg å tilby ein anstendig
pris på massevirket.
– Veit ikkje haldninga
Aurdal: – Eg veit ikkje kva det
nye regjeringa meiner om opprusting av Valdresbanen. Men det
eg veit, er at regjeringa generelt
sett ynskjer å satse på jernbane.
Og då vil sjølvsagt nytte/kostnad
ha avgjerande betydning, seier
Frp-aren Olaf Nils Diserud.
– Eg har nær og jamleg kontakt
med Samferdselsdepartementet,
og har lyst til å lufte Valdresbanespørsmålet med den politiske leiinga. Men eg må vel seia eg er noko tvilande til om opprusting av
Valdresbanen er eit satsingsområde i fyrste omgang. Samstundes
veit eg godt til at transportavstandane er eit kjent problem for tømmernæringa i Valdres. Dermed er
det også viktig med god standar
på E16 og rv. 33.
– Men det kunne vera moro å
sjå reknestykket for å få sett Valdresbanen i stand att. Ein kostnad
på 300 millionar kroner for strekninga Eina–Dokka høyrest i mine
øyre lite ut. Samstundes har Oppland i lang tid vore neglisjert når
det gjeld satsing på infrastruktur,
og det er eit formidabelt etterslep
på mange område, til dømes også
på Gjøvikbanen, seier Diserud.
Tvilande: Olaf Nils Diserud trur det
blir dyrt å oppruste Valdresbanen.