RAPPORT «TA BØLGJA» TIL SHETLAND 28.juni-01

Download Report

Transcript RAPPORT «TA BØLGJA» TIL SHETLAND 28.juni-01

RAPPORT
«TA BØLGJA»
TIL SHETLAND 28.juni-01.juli 2012
Kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund i Region Vest samarbeider om mange
prosjekt gjennom det interkommunale kultursamarbeidet IKKUS. Målet med
samarbeidet er å utvikla kvalitet og kompetanse i kulturarbeidet i regionen. Vi har ein
politisk vedteke samarbeidsavtale som definerer område vi fokuserer på, der vi nyttar
kvarandre sine ressursar for å få gode resultat for innbyggjarane i regionen.
Alle kommunane er opptekne av oppvekstvilkår, folkehelse og livskvalitet, og IKKUS
prøver å følgja opp med prosjekt og tiltak som gir gode kulturopplevingar, fysisk
aktivitet og høg trivsel.
Bakgrunn for minneseglasen
IKKUS sitt store fellesprosjekt i 2012 var å «Ta bølgja» til Shetland med unge
musikarar frå regionen for å æra minnet til tidlegare ordførar i Sund, Albrigt
Sangolt. Albrigt hadde ein genuin interesse og eit varmt hjarte for samarbeid og
kontakt med Shetland og folket der. Han var saman med Nordsjøfartmuseet,
sentral i arbeidet med å få reist eit minnesmerke i Scalloway i 2003.
Museumsopninga i Scalloway 17.mai 2012, var noko han hadde sett fram til å vera
med på, men som han dessverre ikkje levde lenge nok til oppleva. I tillegg til felles
kulturhistorie var han også opptatt av framtida representert ved barn og unge.
Galeasen Loyal
Då IKKUS sitt samarbeid vart formalisert,
var kultursjefane samde om å bruka
galeasen
Loyal
som
regionen
sitt
kulturelle flaggskip. I 2011 var Loyal på
vitjing
på
Glesvær
og
Langøy
kystkultursenter. Dette var knytt til
Periferifestivalen
i
Sund
og
Langøymarknaden i Fjell. Samtidig fekk
skuleelevane ein dag om bord som eit
DKS-tilbod.
Dette
vart
støtta
av
Kystsogevekene. På våren 2012 fekk
Kystmuseet i Øygarden og Strusshamn
kultursenter på Askøy same tilbodet.
Loyal er ei fantastisk skute å vera om bord i, og mannskapet med Audun
Hausberg som kaptein sikrar gode kulturopplevingar.
Toktet
Loyal var ein perfekt arena for prosjektet. 28.06.12 starta seglasen med blikk stilla
og sol. Om bord var 11 forventningsfulle ungdomar, 2 sjøsterke ordførarar og 2
tapre kultursjefar. Dei andre ordførarane og kultursjefane valde å reisa med fly. Det
same gjorde familien til Albrigt.
Musikarane vart snøgt samla på dekk av den musikalske mentor for overfarten,
Haakon Vatle, kjend som primus motor for shantykoret Storm Weather Shanty
Choir. På dekk vart dei alle bedne om å gje eit innblikk i kva dei som musikarar
hadde å by på. Det eine gullkornet slo det andre, og for alle som var om bord og
fekk oppleva levande og god musikk på ope hav, var dette reine skatten. Etter
kvart vart det musikalske opplegget for turen klart. Likeeins vaktlista med fordeling
av oppgåver om bord. Stemninga steig i takt med bølgjehøgda. Loyal fekk god bør og
kom fram til Scalloway seks timar før planen på fredag, altså lenge før
velkomstkomiteen og dei flybårne rakk fram.
Konsertane
Første konserten gjekk av stabelen same
kveld på The Boating Club. «Dei siste
sjømenn» frå Sund framførte tekstane til
kystens trubadur, Johannes Kleppevik. Det
vart allsong, dans og ei god stemning som
varte ut i dei små nattetimar.
Laurdag føremiddag var det omvising og
konsert på Scalloway Museum med
musikarar frå Fjell og Askøy. Dette var
samstundes ei offisiell markering med taler
og gåveoverrekkingar. Seinare på dagen var
det ein kald, men stemningsfull og flott
konsert i Scalloway Castle. Saman med våre
eigne ungdommar, fekk vi gode bidrag frå
unge lokale musikarar.
Om kvelden var vi samla i The Boating Club
til mat og musikk i ein god sosial setting.
Mat
frå
lokale
matprodusentar
i
regionen vår hadde send med oss
ingrediensar til eit fantastisk måltid. Det
var kjøtmat frå Strilalam, brød og
ramslauksmør frå Urtemakeriet, laks
frå Sea Eagle og Sotra Fiskeindustri,
aure frå Visningssenteret i Øygarden,
heimelaga flatbrød og cognacmarinerte
tyteber frå Mett og God. Lerøy Seafood
gav oss kr 10.000 så vi kunne supplera
med innkjøp på Shetland. Grethe Mong
Hansen og Ove Trellevik stod i bresjen for
kokkeleringa med god hjelp frå Gunnar
Brynjulfsen og Bernt Hjørnevik. Ekteparet
Grey frå nabolaget stilte også opp til
kjøkenteneste. Eli Berland var oppvasksjef.
Gode og mette sette alle musikarane seg i ring, og det var klart for hovudkonserten
på denne turen, - ein lett organisert konsert der samtlege artistar, vår eigne og
utøvarar frå Shetland tok del. Det var ein fantastisk høg kvalitet på alle
utøvarane, og dei følgde kvarandre opp med eit utruleg flott samspel.
Vi fekk presentert varierte musikksjangrar, det var allsong og stor stemning. Dette
skapte ei glitrande oppleving både for ungdommane sjølve og oss som fekk høyra
på. Mange seier i evalueringa at dette var høgdepunktet på heile turen.
Søndag morgon starta med ei kort minnemarkering ved minnesmerket for dei
falne i Nordsjøfarten, der Ove Trellevik heldt ei tale kring Sangolt sitt minne. Martha
Sangolt la ned kransa på vegne av kommunane. Jack Burgess la ned krans frå
Shetland Bus Friendship Society. Etter denne markeringa var det tid for
gudsteneste med musikalske innslag frå våre unge artistar. Dei framførte
vakkert song og musikk som skapte ei høgtidleg ramme i kyrkja. Like høgtidleg
var det ikkje når Håkon Vatle kommanderte heile delegasjonen frå regionen
opp til alterringen for å framføra ein shanty på direkten. Den sporty presten
var med på notane, og applausen og trampeklappinga var spontan og
hjarteleg.
Til slutt heldt Martha Sangolt ein fin minnetale over Albrigt og fortalde om kor
sterkt knytt han var til Shetland og Scalloway. Ho takka samstundes for det flotte
initiativet til denne minneseglasen og sa kor takksam familien var for det dei hadde
fått vera med på.
Under kyrkjekaffien etterpå snakka alle om kor rørte dei var over måten Martha
framførte talen på og innhaldet i det ho sa. Etter dette nærma det seg avgang for
Loyal. Alle deltakarane samla seg om bord for gruppebilete. Dei flybårne og ein liten
avskjedskomite stod på kaien og vinka dei av garde med norske og shetlandske
flagg då dei kasta loss. Brian og Maggie gav dei gode tradisjonslåtar med på turen
heim. Artistane om bord i Loyal svarte med eit par shanties. Måndag kveld ankra
dei opp i Forlandsvågen etter ein 30 timars seglas og vart ynskt velkomen heim.
Evaluering
Evalueringa viser at minneseglasen har vore ei sterk og god oppleving for alle.
Det viste seg at vi hadde fått med oss særs flinke musikarar, som evna å
formidla norsk kunst og kultur på ein fin måte, og som spreidde musikkglede i
samspel med ungdom frå Shetland.
Det var veldig kjekt å få med seg lokalprodusert mat frå bedrifter i regionen, slik at
vi kunne invitera til felles middag basert på våre mattradisjonar.
Hovudmålet med minneseglasen var å heidra minnet til Albrigt Sangolt og
knyta venskapsband mellom ungdom i regionen og på Shetland gjennom
felles kulturhistorie og nyskaping.
Vi lukkast i å nå det målet. Alle hadde respekt for at minneseglasen kunne
opplevast sårt for familien og nære vener så tett opp til Albrigt sin bortgang. Men
samtidig var dette eit høve til å trekkja fram alle dei gode minna på ein fin måte.
Prosjektet fekk bra merksemd
på Shetland.
Det gjorde inntrykk at familien
var representert så sterkt. At alle
ordførarane og kultursjefane var
med, vart opplevd som svært
positivt. Prosjektet resulterte i eit
stort oppslag i The Shetland
Times. Lokalt hadde Vestnytt
fleire
gode
reportasjar
om
minneseglasen. Askøyværingen
hadde intervju med deltakarane
frå kommunen i forkant.
Med omsyn til planlegging og
organisering
har
vi
forbetringspotensiale, men alt i
alt var alle særs nøgde med
prosjektet. Målet i åra framover
vil vera å utvikla dette til ei
internasjonal
ungdomssatsing
ved hjelp av EU-midlar og støtte
frå fylkeskommunen.
Økonomi
IKKUS sleit med finansieringa av prosjektet, som var budsjettert til kr 180.000.
Kultursjefane hadde forventa ei vidareføring av KUP-midlar, men fekk berre tilskot
til eit forprosjekt i 2011. Saman med tilskot frå Coast Alive, Plan Periferi og Lerøy
Seafood dekka det 2/3 av kostnadene. Resterande utlegg vart dekka av
kommunane.
Takk
IKKUS takkar alle deltakarar, støttespelarar og kontaktar i regionen og i Scalloway.
Største takken går til familien til Albrigt Sangolt som lot oss få gjera dette. Det var
ei sterk og meiningsfull oppleving for alle. Loyal med sin kaptein og sitt eminente
mannskap skal også ha ein stor takk for sin innsats og gjennomføringa av seglasen.
Humør, dugnadsiver og samarbeidsevna var formidabel. Til slutt skal Håkon Vatle
ha ein velfortent takk. Han heldt i den musikalske tråden og leia oss fram til flotte
konsertar og allsong. Gjetordet gjekk om «The strong man» på Shetland i dagane
etterpå.
Summa summarium. Prosjektet gav meirsmak. Vi vil «Ta Bølgja» på nytt og på nytt.
Deltakarar
Familien:
Artistane:
Mannskapet:
Ordførarane:
Kultursjefane:
For IKKUS
Laila Klemetsaune
Kultursjef i Sund
Martha Fjell Sangolt, Herman Fjell Sangolt, Bjarte Sangolt og
Kari Troland
Marie Hauge Fondevik, Seont Jon, Fredrik Søreide,
Hilde V Brynjulfsen, Endre Nordvik, Anne Sofie Skålvik, Ole
Rasmus Øvretveit, Rune Solberg, Simon Kalgraf, Nicolay Hamre,
Knut Joakim Pedersen og Håkon Vatle
Audun Hausberg, Grethe Mong Hansen og Tom Best (+
deltakarar med gyldig skipsførarsertifikat)
Siv Høgtun, Otto Harkestad, Eli Berland og Ove Trellevik
Gunnar Brynjulfsen, Bernt Hjørnevik, Lennart Fjell og
Laila Klemetsaune