Høg standard Best i finalen Vann pris

Download Report

Transcript Høg standard Best i finalen Vann pris

Ryfylke
– lokalavis for indre Ryfylke
Tysdag 12. november 2013 • Nr. 83 • Årgang 87 • Laussal kr 20,- • www.ryfylke.net
Returadresse: Rådhusgata 1, 4200 Sauda
218 kilo, lett!
”
Leiar
Slik tenker likevel
ikkje ein publikumsfavoritt...
Side 4
SIdE
10 – 11
Hildeborg Juvet Hugdal skuffa ikkje dei mange saudabuane som hadde møtt opp for å sjå 30-åringen i aksjon under VM
i styrkeløft i Stavanger i helga. Etter eit underkjent førsteløft i benkpress viste Juvet Hugdal kven som er best. I siste
forsøk auka ho sin eigen verdsrekord med ein halv kilo, og tok med det også sølv samanlagt.
– Eg er veldig godt fornøgd. Eg klarte målet mitt, seier Hildeborg Juvet Hugdal. (Foto: Linda Merethe Lie)
Høg standard
Vann pris
Best i finalen
Sauda Fjordhotell er blitt eit Best Westernhotell.
Fløgstad skule var best på samarbeid då
dei konkurrerte under First Lego League
i Haugesund i helga.
«Ka é da?» kom seg gjennom Salemscupen
utan tap og kunne med det feire sigeren
i A-klassen.
Side 5
Side 9
Side 12 – 13
RYFYLKE
2 - Tysdag 12. november 2013
Ras ved Tysseland
Ønsker seg pengar til jul
Rundt midnatt natt til fredag fekk Risa melding
om at det hadde gått eit ras ved avkøyringa til Tysseland. Steinblokker hadde då løsna frå fjellveggen
og dekka vegbanen i begge køyreretningane. Fleire
bilar måtte derfor avvente turen mot Sauda.
Risa fekk like før klokka 02.00 bistand frå ein
hjullastar. Oppryddingsarbeidet kunne med det
starta og vegen blei opna kort tid etter.
Sauda Røde Kors søker Sauda
kommune om 5 000 kroner i
støtte til sitt årlege julekveldarrangement for eldre og einslege. Arrangementet har vore
ein tradisjon i mange år, der
deltakarane får servert julemiddag med dessert, kaffi og kaker
i fellesstova på Høllandstunet.
– Mange deltakarar kjem år
etter år. Me håpar på eit positivt
svar, slik at det også i år kan bli
SPERRA VEGEN: Steinblokker dekka store delar
av vegbanen. (Foto: Linda Merethe Lie)
felles julefeiring, skriv leiar i
Sauda Røde Kors, Ingrid Schibevaag i søknaden til kommunen.
Talet på deltakarar har dei
siste åra lege på rundt 25. Røde
Kors stiller sjølv med 15 frivillige denne kvelden. Ein av prestane vil også komma innom i
løpet av kvelden og lesa evangeliet og vera med på allsong.
– Ein risiko å dra til hyt
Hytteeigar Svein Ivar
Rosnes er sterkt i mot
at legevakta blir flytta
til Ølen.
Marita iMs
– Kostnaden med å halda legevakta
i Sauda var det einaste argumentet
ordførar Frode Sulen hadde til oss
i høve debatten om innføring av
eigedomsskatt for hytteeigarar.
Dersom legevakta blir flytta fell
dette argumentet i grus, meiner
Rosnes.
Kjem hyttefolket tilgode
Ordførar Frode Sulen stiller seg
undrande til utspelet og har såleis
ingen kommentar til Svein Ivar
Rosnes. Ordføraren vil likevel presisera at eigedomsskatten ikkje skal
inngå i drift.
– Den skal gå til gode investeringar som vil komma både saudabuen
og hyttefolket til gode, seier Sulen.
Krise
Svein Ivar Rosnes har vore hytteeigar i Svandalen i åtte år og har
i løpet av desse åra nytta seg av
legevakta fleire gonger. Trass legane
sine uttalar i lokalavisa nyleg, om
at flytting av legevakta vil vera det
beste, er han fortsatt uroa dersom
dette blir utfallet.
– Eg meiner det vil bli ein risiko
å dra til hytta, der me ikkje lenger
vil vera sikre på å få hjelp raskt. Ein
ting er dersom ein brekk ein fot,
ei anna sak er dersom noko meir
alvorleg skjer, som kan ha dødeleg
utgang, presiserer Rosnes og trekk
fram brann som eit døme.
– Brannvesen kan ikkje røykdykka utan at det er medisinsk
personell tilstades. Må dei venta
til lege kjem, før dei kan gå inn?
spør han.
Skeptisk
Asbjørn Eik-Nes frå Røyksund
er hytteeigar i Åbødalen og også
blant dei skeptiske til flytting av
legevaktsentralen.
– Det blir sagt at det skal bli
betre med tanke på bemanninga,
men det vil ta akkurat like lang tid
å komma fram. For pasienten som
treng hjelp er ikkje dette positivt,
meiner Eik-Nes.
Han kjøper heller ikkje argumentet om at samanslåing til ei
felles legevakt i Ølen vil gjera det
enklare å rekruttera legar til Sauda
legesenter. At legane i Sauda er
positive til ei samanslåing endrar
ikkje hytteeigaren sitt syn på saka.
– Ambulansepersonell kan gjera
ein god jobb, men er den god nok?
spør Asbjørn Eik-Nes.
Føresetnad
Tidlegare saudabu og hytteeigar i
Åbødalen, Per Magne Sælevik let
seg heller ikkje venda i saka trass
optimisme blant legane i Sauda.
– Same korleis ein snur og
vender på dette er flytting av
legevakta, utan tvil, negativt,
seier Sælevik. Han viser til over
ein time i køyring til Ølen, i tillegg
til utfordringar på somme dagar
der ein verken kjem seg ut av eller
inn til bygda.
– Ein føresetnad for flytting
av legevakta må i så fall vera at
Etnevegen er på plass, poengterer Asbjørn Eik-Nes og viser til
at reisetida då vil bli redusert med
30 minutt.
DÅRLEG STEMNING: Svein Ivar Rosnes og familien nytta hytta i Svandalen opp mot 120 dagar i året. Nå er de
villige til å høyra på kva hyttefolket har å seie. Dersom legevakta blir flytta aukar ikkje dette lysta til å bruka
Ønsker konsekvensutgreiing av legevakt- og eigedomsska
Hytteeigar Svein Ivar
Rosnes meiner Sauda
kommunen opptrer
arrogant ovanfor
hyttefolket.
Rosnes er i utgangspunktet ikkje i
mot å betale til fellesskapet, men
saknar konkrete tilbakemeldingar
frå kommunen om kva hytteeiga-
rane vil få igjen. Dersom legevakt skal gå til turistframande føremål,
blir flytta til Ølen minkar det, men me har aldri fått nokon svar
ifølge Svein Ivar
på korleis dei skal
Rosnes, på gode
det, seier
...eigedomsskatten gjera
argument for at
Rosnes.
burde vore ei avgift
hyttefolket skal
Ordførar
betala eigedomsFrode Sulen rådar
som kan bli øyreskatt. Han meiner
Rosnes å lesa
merka.
at eigedomsskatdokument frå forten burde vore ei
mannskapsmøta
avgift som kan bli øyremerka.
og kommunestyremøta, der det står
– Kommunen seier at pengane tydeleg kva politikarane har sagt
om kva pengane vil gå til. Konkret
nemnar han ny aktivitetspark, Rådhusplassen og 11,3 millionar kroner
(inkludert moms) som skal gå til nytt
utebasseng. I tillegg går pengane til
løypekøyring, der også hytteeigarar
og saudabuar bidreg godt i form av
frivillige bidrag.
Vedtak i desember
I desember skal saka i høve eigedomsskatt for hytteeigarar bli
behandla i kommunestyret, skattesatsen på hus og hytter vil bli den
same, to promille. Ifølge Sulen er
det ikkje eit spørsmål om den blir
innført eller ikkje.
– Sannsynlegheita for at me
innfører eigedomsskatt på hytter
og fritidseigedommar er stor, då
det er lagt opp til dette i budsjettsamanheng, seier han.
Innføring av eigedomsskatt for
alle hytteigarane vil gi ei ekstrainn-
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 3
Omsetting av eigedomar i Sauda kommune
Gnr 10, bnr 7, fnr 42 er overdrege
for kr 2.500.000 frå Kjetil Johnsen
og Lene Olsen til Laila Kristin Eike
og Jan Erik Østbø (01.10.2013)
Gnr 46, bnr 497 er overdrege for
kr 175.000 frå Geir Jostein Søndenaa
til Rune Håheimsnes og Tanja Djuvik
Håheimsnes (02.10.2013)
Fløgstadneset 24 (Gnr 28, bnr
220) er overdrege for kr 880.000 frå
Jacek Nieckula til Jens Brokmann
(02.10.2013)
Salet omfattar også Gnr 28, bnr
255
Gnr 45, bnr 89 er overdrege for
kr 2.050.000 frå Kvr Industriservice
as til Marceli Jozef Zak (03.10.2013)
Gnr 32, bnr 290 er overdrege for
kr 1.185.000 frå Torfinn Moen til
Kjersti Brekke og Rune Haugsvær
(08.10.2013)
Del av Andersengja 68 B (Gnr 46,
bnr 496) er overdrege for kr 50.000
til Reidar Birkeland og Marianne
Tangeraas (09.10.2013)
Gnr 36, bnr 152 er overdrege
for kr 80.000 frå Øydis Teig Skåre
til Kari Arnøy og Lars Idar Rygg
(10.10.2013)
Gnr 32, bnr 83 er overdrege for kr
425.000 frå Hans Arild Tangeraas og
Ingvar Tangeraas til Arne Jacobsen
(11.10.2013)
Strandavegen 10 (Gnr 28, bnr
358) er overdrege for kr 1.400.000 frå
Sverre Gerhard Johansen til Svein-
tta
ung Marvik (11.10.2013)
Gnr 32, bnr 748 er overdrege for
kr 165.000 frå Torill Bang Tjeltveit
til Mølleg 71 as (14.10.2013)
Kyrkjegata 2 (Gnr 32, bnr 871)
er overdrege frå Sauda Byggsenter
as til D S Eiendom as (14.10.2013)
Del av Gnr 22, bnr 175 er overdrege for kr 1.620.000 frå Sigmund
Søndenå til Gladys Mildrid Halsnes
(14.10.2013)
Saunes 1 (Gnr 28, bnr 206) er
overdrege for kr 400.000 frå Roar
Inge Huseby og Roy Tønnesen til
Espen Lende-Aarbogh (15.10.2013)
Gnr 13, bnr 1, fnr 1, seksjon 36 er
overdrege for kr 1.490.000 frå Bjørn
Arild Tenmark til Olav Skogerbø
Selvik (15.10.2013)
Gnr 19, bnr 37 er overdrege for
kr 975.000 frå Cathrine Rustad til
Jørgen Åbø (16.10.2013)
Salet omfattar også Gnr 19, bnr 39
Kjelde: Statens kartverk
Folkemøte
i kveld
både ordførar Frode Sulen, kommuneoverlege Knut A. Omdal,
legevaktsjef i Sunnfjord og Ytre
Sogn, Øystein Furnes og representantar frå ambulansetenesta i
Helse Fonna. Forslaget om å etablera ei felles legevaktsentral i Ølen
ingvil bakka
er utan tvil temaet som vil skapa
Ordførar Frode Sulen håpar og mest debatt i kinosalen. Prosjekttrur på eit stort engasjement under leiar for helsesamarbeidet, Aslaug
Tangeraas, oppfolkemøtet.
modar alle som
– Dette er ei
har spørsmål og
Nå håpar eg at
sak som verkeleg
meiningar i saka
engasjerer saudafolk kjenner si
om å komma til
buen. Nå håpar eg
besøkelsestid og
folkemøtet.
at folk kjenner si
stiller kvinne- og
– Her vil ein
besøkelsestid og
få informasjon
stiller kvinne- og
mannssterke opp.
både om kvifor
mannssterke opp.
forslaget om legeKveldens folkemøte er eit viktig opplysningsmøte vakt i Ølen har kome opp, kva det
og her har folk sjansen til å stilla vil innebera og ikkje minst kva
spørsmåla dei er opptatt av, seier erfaringar ein har gjort seg andre
stader i landet der geografien er
Sulen.
Forslaget om legevaktflyttinga slik at ein kan samanlikna med
har skapt stort engasjement i Sauda, vårt distrikt, seier ho.
Folkemøtet varer i utgangsnoko lesarbrev i Ryfylke og hefpunktet i ein og ein
tige diskusjonar på
halv time og det er
internett på andre
lagt opp til spørsmål
sosiale arena vitnar
...utelukkar eg
om.
ikkje at me for- og kommentarar frå
publikum.
Nå får folk
lengar møtet...
– Men blir det
mulighet til å møta
mange spørsmål
tilhengarane av legeutelukkar eg ikkje
vaktflyttinga ansikt
at me forlengar møtet til klokka
til ansikt.
19.00, seier ordførar Frode Sulen.
Seinare i kveld skal suldølen
Får informasjon
I ettermiddag inviterer Sauda diskutera same tema i sitt folkmøte
kommune til folkemøte om det om helsesamarbeidet.
planlagte interkommunale helsesamarbeidet mellom dei fire
kommunane Sauda, Suldal, Etne
[email protected]
og Vindafjord. Med på møtet blir
Kommune- og helseleiinga møter folket til
legevaktdebatt i kinosalen.
ei nede i bortimot halvparten. Han fortel at heile lysta er vekke, utanom skisesongen, når kommunen ikkje er
a hytta meir. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)
att
tekt på 1,5 til 2 millionar kroner
til kommunen. For ei hytte som
er taksert til to millionar kroner
svarer dette til fire tusen kroner i
året i eigedomsskatt.
– Arrogant
Svein Ivar Rosnes opplever Sauda
kommune som arrogant og lite villige til dialog.
– Me føler oss som ei melkeku og
at kommunen ikkje bryr seg om kva
me seier. Me er jo her likevel, seier verken han, varaordførar Laura
Rosnes og stiller spørsmål til kvifor Seltveit eller rådmann Wictor Juul
verken varaordførar
hadde anledning
eller ordførar stilte
til å møte denne
...hytteeigarar og dagen, av private
opp på Hyttefolkets
dag nyleg.
saudabuar bidreg årsaker. Sulen
– Det verkar
meiner det må
godt i form av
som om kommurespekterast at det
frivillige bidrag.
nen kvir seg for å
ikkje alltid passar
snakka med oss,
å stilla.
seier Rosnes.
– Eg kan gjerne beklage dette,
Frode Sulen svarer til dette at seier ordføraren, og legg til at han
ikkje ville hatt nokon problem med
å stille opp på Hyttefolkets dag.
– Det ville berre vore hyggeleg.
Det er kjekt å snakka med hyttefolk,
seier Sulen.
Konsekvensar?
Svein Ivar Rosnes skulle gjerne ha
sett kommunen føreta ei konsekvensutgreiing både i høve flytting av legevakta, men òg i høve
innføring av eigedomsskatt for
hytteeigarar.
– Som nemnt, me er interesserte i
at Sauda som bygd er så levande som
muleg, men me er ikkje interesserte
i å betale til dømes skulegang og
utgifter til sosialklientar, påpeikar
Svein Ivar Rosnes.
[email protected]
RYFYLKE
4 - Tysdag 12. november 2013
Er du i risikosonen for diabetes type 2?
15 300 mennesker i Rogaland fylke har
diabetes type 2 uten å vite om det. Det
ønsker Diabetesforbundet Rogaland å
gjøre noe med på Verdens diabetesdag
14. november.
Diabetesforbundet har informasjonsstand på apotek på flere steder i Rogaland
den 14. november. ”Vi vil bruke denne
dagen til å sette søkelyset på de som går
rundt med uoppdaget diabetes type 2.
På standen kan publikum sjekke sin diabetesrisiko ved å svare på spørsmål om
alder, vekt, midjemål, fysisk aktivitet,
kosthold og familiens sykdomshistorie.
Har man diabetes type 2 i nær familie
Leiar
«Førr ei dame!»
Fredag var det klart for VM i styrkeløft. Eigentleg
var meisterskapen på hell denne dagen. Heilt
sidan tysdag hadde sterke kvinner og menn
kjempa om jeve titlar og rekordar i Stavanger
Idrettshall. Men utifrå talet på publikummarar
virka det ikkje som ein real verdsmeisterskap før
fredag kveld. Då fyltes nemleg meisterskapsarenaen med forventingar og saudabuar.
Å skulle håpe på at Hildeborg Juvet Hugdal
kunne gjenta suksessen frå 2006, då ho gjorde
reint bord, var urealistisk. Konkurransen har blitt
større og andre utøvarar har på overraskande
vis auka eigne prestasjonar på nesten uforståeleg kort tid. Men, i benkpress er det framleis
ingen som er nær den målbevisste 30-åringen
frå Sauda. Såleis var oppgåva lett. Gullet kunne
sikrast utan at Juvet Hugdal trengte å anstrenge
seg nevneverdig. Slik tenker likevel ikkje ein
publikumsfavoritt. Ho ville auke sin eigen
verdsrekord og gi dei mange tilskodarane meir
å juble for. Og ho klarte det.
eller slekt, kanskje litt ekstra fett rundt
magen og litt liten tid til å mosjonere,
kan det være lurt å sjekke seg, ” sier Marit
Karin Auestad leder i Diabetesforbundet
Rogaland.
Diabetesrisikotesten er utformet av
Diabetesforbundet og Helsedirektoratet,
og viser om man har statistisk sjanse for
å utvikle diabetes type 2 i løpet av de ti
neste årene. ”De som får over 15 poeng på
testen, anbefales å ta kontakt med fastlegen, samt sette i gang endring av levevaner .
Den internasjonale diabetesfargen er
blå, den symboliserer himmelen som
forener alle nasjoner. I tillegg er blått i
Det 50 år gamle administrasjonsbygget (Blåbygget) og formingsbygget på
ungdomsskulen er blitt erstatta av eit
flott nybygg langs gangstien ved elva.
Saman med kantina frå 1998 og klasseromsfløyen frå 2001 har dei 200 elevane
og 35 tilsette nå fått ein moderne skule
med alle tekniske nyvinningar. Politikarane i byen vår har på denne måten
verkeleg satsa på framtida og fortener
ros for det.
Vi håper og trur at det er ein del skattebetalarar som ved sjølvsyn ønskjer litt
meir informasjon om nybygget med ein
Som småbarnsmor (og datter/svigerdatter
av etter hvert eldre foreldre) bekymrer
jeg meg selvsagt over forslaget om å flytte
legevakten til Ølen. Jeg har vært veldig
fornøyd med legevakttilbudet jeg har
møtt de siste årene, både da vi kun var
her i ferier og langhelger, og etter at vi
flyttet hjem for to og et halvt år siden.
Jeg har imidlertid forstått at ikke alle har
hatt samme opplevelsen, og det synes
jeg er trist. For min del har jeg i grunnen tenkt at legevakten i Sauda var like
god som legevakten i Sandnes, og den
var jeg også veldig fornøyd med. Lite
venting, hyggelige leger og ikke minst
kort avstand.
Hvorfor kort avstand er viktig for
meg? Jo, for i de fleste tilfeller hvor man
ringer og er litt bekymret for et barns
helsetilstand får man ofte beskjed om
å komme inn, for sikkerhets skyld. Når
man har noen minutters kjøring gjør
man selvsagt det. Blir det en time å
kjøre, gjerne på mørke, våte/isete veier,
blir vurderingen annerledes. Hvor trygt
er det å kjøre sent på kvelden/midt på
natten når man gjerne er trøtt selv? Har
barnet godt av å sitte i bilen i en hel time,
vente på legevakten (for venting vil det
bli, særlig når det forespeiles en lege på
vakt for hele distriktet), for å så sitte i
bilen en hel time hjem igjen? For man
skal jo hjem også. En time til legevakten
Gratulerer Hildeborg og gratulerer Sauda!
Pressens faglige utvalg (PFU)
er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presseforbund. Organet,
som har medlemmer frå presseorganisasjonane og frå allmenta,
behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål (trykt
presse, radio og fjernsyn).
Adresse: Prinsensgt. 1, p.b. 46, 0101 Oslo.
Tlf: 22 41 56 80. Faks: 22 41 19 80
betyr en time tilbake i tillegg. Hvor stor
blir terskelen for å ta valget om å kjøre?
Er det jeg som er syk klarer jeg oftest
å kjøre selv. Fordi det er kort vei. Blir det
en time å kjøre vil mannen min måtte
kjøre meg og vi må gjerne vekke opp
annen familie for å passe ungene om det
skjer sent på kvelden. Ringe ambulanse?
Nei, det gjør vi jo ikke så sant det ikke
står om liv og død.
Naturligvis ønsker jeg meg en lege
som er uthvilt, opplagt og motivert. Jeg
skjønner også at legene ønsker færre
vakter. Spørsmålet jeg stiller meg er likevel
dette; vil legene fortsatt mene at flytting
av legevakten er det beste (også sett fra et
medisinsk synspunkt) om arbeidstiden
ble endret? Er det vaktene eller det at
man ikke får hvile ut etterpå som er verst?
Kan man vurdere å gi legene fri dagen
etter helgevakt og noen timer fri før og
etter kveldsvakt? Er det andre tiltak som
kan iverksettes for å bedre situasjonen?
Er problemene som har vært på
legevakten kun knyttet til at det er for
hyppige vakter og for lite hviletid? Eller
kommer det også som en følge av at det
har vært stor gjennomtrekk av leger, til
tider altfor få leger og generell misnøye
med driften? Jeg bare spør.
Det sies at en flytting av legevakten
forutsetter at vi får flere ambulanser. Er det
noen grunn til at ambulansen som i dag
Linda M. Lie
Bente Rasmussen
Arvid Horpestad Ingvil Bakka
Journalist
Journalist
Marita Ims
Tore Bastlien Dahl
934 78 715
52 78 68 00
976 38 674
920 56 017
454 87 641
477 12 329
[email protected]
[email protected] [email protected]
MANGLANDE AVIS?
Tlf. 52 78 68 00 (dagtid)
Tlf. 958 41 660 (etter kl. 16.00)
Ryfylke
Vår adresse er:
Rådhusgata 1, 4200 Sauda
Org.nr. 915 536 611
prislapp på 60 millionar kroner. Derfor
åpnar vi dørene for alle interesserte når
elevane går heim førstkomande fredag
ettermiddag. Alle er velkomne til omvisning, informasjon, drøs og kaffi.
Kåre Rød
Legevakten i Sauda - sett fra en småbarnsmors side
Ein eigenprodusert verdsmeister er ikkje kvardagskost i Sauda. Så er heller ikkje Hildeborg
Juvet Hugdal noko ordinær kvinne. Det er det
heilt openbert at saudabuen er klare over. Då
heiagjengen benka seg foran podiet i Stavanger
gjorde dei kva dei kunne for å vise nettopp det;
vi er stolte av deg, Hildeborg. Saudabuen har
også grunn til å vere stolte av eigen innsats frå
tribuneplass. Det var nemleg fleire enn Saudas
sterkaste som fekk applaus og drahjelp frå
publikum.
Annonse/abonnement
Marit Karin Auestad
Omvisning i nybygget på ungdomsskulen
Ein kan ikkje anna enn å la seg imponere over
måten Hildeborg Juvet Hugdal taklar det presset ein knapt kan førestille seg ligg på ho under
eit verdsmeisterskap på heimebane. Berre det
er ein prestasjon i seg sjølv. Samstundes er det
nok det som skiller dei beste frå dei som ikkje
når heilt opp.
Dagleg leiar/redaktør
mange kulturer symbolet for liv og helse.
Å ha for høyt blodsukker over lengre
tid kan skade små nerver og blodkar.
Det er årsaken til at de med diabetes er
spesielt sårbare for komplikasjoner i øyne,
nyrer og føtter. Flere oppdager først at
de har diabetes når de legges inn for en
annen sykdom, for eksempel hjerteinfarkt. Derfor er det viktig å få tidlig og
god behandling. At 175 000 mennesker i
Norge går rundt med diabetes type 2 uten
å vite om det, er en tikkende helsebombe.
[email protected]
Redaksjonen:
[email protected]
Journalist
Journalist
[email protected]
Annonsar:
[email protected]
står i ro på grunn av mangel på personell
blir lettere å drifte hvis legevakten flyttes?
Hva synes egentlig ambulansepersonellet om at de blir forespeilet en mye mer
omfattende rolle og større ansvar? Vil
det gjøre det enklere eller vanskeligere
å rekruttere personell?
Jeg opplever artikkelen i fredagens
Ryfylke, hvor Knut A. Omdal spår at
legevakten etter hvert havner i Haugesund, som skremselspropaganda. Om noe
slikt skulle skje er det mange år frem i
tid og innen den tid har mye endret seg,
særlig i forhold til teknologiske løsninger. Noen år frem i tid har man kanskje
videosamtale med legen via pc/telefon
for å få en vurdering? Og for å sette det
på spissen, så lenge det ikke er snakk om
liv og død: Om man allerede er i bilen,
hva betyr en halvtime til?
Alle vi som bor i Sauda har et ansvar
for å ta en nøye vurdering av om ting
kan vente før vi ringer legevakten. Oftest
ringer jeg kanskje bare legevakten for å
få råd, og er fornøyd med det. Men når
vi trenger å komme til legen, da er det
trygt og godt å ha den i nærheten. Og
det er nettopp det med tryggheten som
er viktig for meg, som småbarnsmor,
som datter/svigerdatter og som tidligere
«turist».
Anne Lise B. Hansen Conny Rasmus
Grafikar/annonse
[email protected]
[email protected]
Grafikar
[email protected]
SENTRALBORD: 52 78 68 00
Abonnement:
[email protected]
Tips: 958 41 660 • senTralbord: 52 78 68 00 • Fax: 52 78 68 01
Innleveringsfristar:
Tysdagsavisa: Fredag kl. 12.00
Fredagsavisa: Onsdag kl. 12.00
Renate Helle Rokås
Heilår/halvår ......................kr 1030/560
Ryfylke digital ....................kr 1030
Digital + papiravis ............kr 1390
Kontortid: 08.00 - 15.30
Fredag:
08.00 - 14.30
Kjem ut kvar tysdag og fredag
Ryfylke har 27.500 innbyggjarar fordelt
på seks kommunar. Regionen-som kan by
på fjordar, øyrike, fjell, byliv og solid glimt
i auga-er ein viktig matprodusent, med stor
og variert landbruks- og havproduksjon.
Næringslivet elles er er kjenneteikna som
kreativt, nyskapande og med solid drift,
enten det er tale om store industriverk
eller mindre bedrifter. Me som bur i Ryfylke,
meiner bestemt at her er det godt å leva.
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 5
Kvalitetsstempel på
fjordhotellet
Sauda Fjordhotell er
blitt medlem av ei av
verdas største hotellkjede, Best Western
Hotels.
Marita iMs
Etter berre ein månad i drift har
dagleg leiar Jens Brokmann sørga
for at fjordhotellet har oppnådd
ein særs høg standard.
– Dette var eit viktig steg for
hotellet. Den høge poengsummen
indikerer òg at me er eit svært godt
medlemshotell, uttaler dagleg leiar
Jens Brokmann på telefon frå ein
konferanse i Milano.
kanalar, fasilitetar på bad og så
vidare. I tillegg er det krav om
trådlaust nettverk med ein viss
hastigheit på heile huset. Me blei
òg kontrollert på hygienereglar
og daglege og periodiske rutinar
i høve reinhald, ramsar Brokmann
opp, nøgd med at resultata av kvalitetskontrollen speglar det store
oppussingsarbeidet som nyleg er
blitt gjort på hotellet.
– Det er mykje nytt og me har
hatt godt reinhald på huset. I tillegg gav inspektøren oss gode tilbakemeldingar, spesielt på matservering og mattilbod, fortel leiaren.
Viktig tilknyting
At Sauda Fjordhotell nå er medlem
av Best Western-kjeda gjer at
hotellet blir meir synleg, meiner
Scora høgt
Brokman.
I førre veke gjekk fjordhotellet
– Best Western Hotel blir pregjennom ein omfattande kvali- sentert og marknadsført i alle land.
tetskontroll etter ein søknad om I lag med hotell i Haugesund og
å bli medlem i ei
Stavanger som òg
av verdas største
er medlem, er me
...gode tilbakemel- godt representerte
hotellkjede, Best
Western Hotels.
dingar, spesielt på på Vestlandet,
Fjordhotellet fekk
seier Brokmann.
matservering...
rundt 900 poeng
Han legg til at
av 1000 mulege.
Best Western er
eit annerkjent merkenamn som
Gode tilbakemeldingar
reisande har eit forhold til og
32-åringen gjenopna hotellet 1. som dei veit kva standard dei
oktober i år og har i rekordfart kan forventa å få ved eit besøk.
sett ny standard. Sist veke fekk Ifølge fjordhotellet sin leiar er Best
han besøk av ein sertifisert kva- Western den største hotellkjeda i
litetskontrollør, opplært av Best Sverige, medan ho i Norge ligg tett
Western International, der hotellet opp under Thon- og Rica-hotella.
blei kontrollert i høve den standard
som kjeda har sett internasjonalt. Roleg oppstart
Brokmann fortel om ei lang smør- Jens Brokmann fortel om ein elles
brødliste som inspektøren hadde roleg oppstart og meiner det har
for hand.
samanheng med at hotellet har
– Storleik på senger blei sjekka, vore stengt i halvanna år og at ikkje
tal på kleshengarar, utval av TV- alle har fått med seg at det har
BESTOD MED GLANS: Etter ein omfattande kvalitetskontroll i førre veke er Sauda Fjordhotell nå godkjent som medlem i eit av verdas største hotellkjede; Best Western Hotels. (Arkivfoto: Linda M. Lie)
opna igjen, samt endra standard.
– Dette er noko me jobbar med,
seier Jens Brokmann som likevel
har fått gode tilbakemeldingar i
tida hotellet har vore ope.
Ledige bord
Det er i dag totalt åtte tilsette ved
Sauda Fjordhotell og dagleg leiar
har så langt ingen planar om å
rekruttera fleire. Nå ser dei tilsette
fram mot ein travel julemånad.
Brokmann opplyser at det framleis
er muleg å bestille bord, men at
det begynner å fyllast opp.
[email protected]
Best Western Hotell:
•
•
•
•
•
Kjedableigrunnlagdi1946iUSA.
HovudkontoriPhoenix,Arizona.
Meirenn4200hotelli90land.
INorgeharkjeda29hotell.
Hotellablireigdogdriftaiprivatregiogerdiforalleavulik
stil,storleikogutsjånad.
• Kjedabestårhovudsaklegav3-og4-stjernershotell.
• Forålevaopptilsamekvalitetkjørerkjedaeit
kvalitetssikringsprogramsomomfattareittusentalspunkt
omservice,interiør,standardogsåvidare.
• KvalitetskontrollenblirgjennomførtårlegogsamtlegeBest
Western-hotelliverdablirkontrollertaveksterninspektør.
(Kjelde:WikipediaogJensBrokmann)
KOM OG
PRØV VÅR
fargekopi
MASKIN
Pondus
Plakatar
Hefte
Brosjyrar
songar
Ta turen innom
for kopiering
eller utskrift.
Mån. -– torsdag kl. 08.00 – 15.30.
Fredag kl. 08.00 – 14.30.
Telefon: 52 78 68 00
E-post: [email protected]
– ditt lokale mediehus
RYFYLKE
6 - Tysdag 12. november 2013
Ny forsending til Romania
Mykje tydar på at saudabuen donerer vekk
tre trailerlass i løpet av
året.
LINDA MERETHE LIE
– Vi har fått klede, skulepultar,
møblar...Det er heilt fantastisk,
seier leiar i Romania Aid, Morten
Brekke.
Laurdag blei 80 kubikk med
klede og utstyr pakka i ein trailer
som skulle sendast til Romania.
Gir vekk mykje
Romania Aid har i fleire år tatt imot
klede og anna utstyr frå saudabuen,
for så å sende det til trengande i
Romania. Nå organiserer hjelpeorganisasjonen ein jenteheim og to
bruktbutikkar i byen Târgu Mures.
Sju personar mottar lønn og overskotet frå salet i bruktbutikkane
går med til å fore 70 familiar, eller
500 personar, kvar helg.
– Det er berre 20 prosent av det
som kjem frå Sauda som blir selt i
butikkane. Resten deler vi ut til dei
som treng det, forklarer Brekke.
Aukar på
Og det er tydeleg mange som
treng hjelp. Då passar det fint at
givargleda i Sauda er stor. Førre
trailerlass blei sendt til Romania
i juni. Morten Brekke trur ikkje
laurdagens forsending var årets
siste.
– Vi begynte med eit lass i året
før det auka på. Nå kan det sjå ut
som om vi kanskje klarer å sende
tre trailerar i året, seier han.
Mange vil gi
Kvar onsdag har saudabuen høve til
å levere sekkar med klede, sko og
anna til Romania Aid. Ikkje berre
har private og næringsdrivande
lokalt bidratt, men også leverandørar til Presanghuset, Morten
Brekke sin butikk, har vist vilje
til å hjelpe.
– Nyleg fekk vi ein palle med
varer frå ein leverandør av kosmetikk. Eg vil tippe at gåva har ein
verdi på rundt 150 000 kroner. Det
er heilt enormt og svært nyttig for
oss. Få bruktbutikkar i Romania sel
kosmetikk. Medan vi får 10 kroner
for ei dongeribukse kan vi få opptil
30 kroner for ein leppestift, fortel
Brekke.
Stor dugnadsand
Når lastebilen kjem til Romania
lossar han av i ein stor lagerhall. Her
blir klede og utstyr sortert, stryke,
hengt opp og lagt i reolar i eit nøye
system. To timar unna ligg Târgu
Mures, byen der Romania Aid har
jenteheim og bruktbutikkar. Då
traileren skulle lossast i Åbøbyen
laurdag hadde Morten Brekke etterlyst frivillige som kunne hjelpe å
fylle traileren. Både store og små
stilte opp.
– Folk er så flinke til å hjelpe,
noko eg set stor pris på. Eg håpar
saudabuen held fram med å gi vekk
det dei ikkje lenger har behov for.
Hjelpa kjem fram, lovar Morten
Brekke.
Lastebilen frå Sauda er framme
i Romania i løpet av dagen i dag,
tysdag.
[email protected]
GOD HJELP: Mange stilte opp då Romania Aid skulle losse 80 kubikk med klede og utstyr til trengande i Târgu Mures. Frå venstre: Isaac Helle Løvaas, Gunnar Løvaas,
Lucas Helle Løvaas og Morten Brekke var mellom dei mange som laurdag bretta opp ermane for ei god sak.
Opnar nytt bibliotek til påske
Det nye biblioteket
i Torggata tar form.
Etter planen skal det
vera klart til offisiell
opning rundt påsketider.
TORE BASTLIEN DAHL
– Etter planen skulle biblioteket
ha opna rundt årsskiftet, men vi
ligg etter skjema, opplyser kommunalsjef teknisk Anders Skaarer.
Han informerer om at sjølv
om den offisielle opninga høgst
sannsynleg ikkje blir før påske,
vil det nye biblioteket vera ope
for publikum i løpet av vinteren.
Kommunen håpar på innflytting
i februar, men Skaarer kan ikkje
gi ein eksakt dato.
Mykje arbeid
Arbeidet med å gjera det gamle
postbygget i Torggata om til bibliotek har pågått ei stund.
– Eit postbygg er i utgangspunktet ikkje noko bibliotek og
det krevst ein del arbeid å bygge
om. Veggar og golv må rivast før
ein sett opp nye, det har vore mykje
arbeid knytt til nettopp dette. Til
dømes er det mykje arbeid å fjerna
den gamle safen, opplyser Anders
Skaarer.
Han viser til at bygget nå skal
bli tilrettelagt for alle. Dermed må bidra til auka bruk av tenestene
ein tilpassa bygget etter visse krav, dei tilbyr.
blant anna gjeld dette toalettfa– Me har hatt ønske om eit
silitetane. Her har ein
nytt bibliotek i mange
måtta meisle opp delar
år. Difor er me svært
av det gamle golvet
...ligg etter glade for at me snart
for å legga til rette for
kan flytta inn i nye
skjema...
nytt røyrsystem for å
lokal. Me håpar flytsikra tilfredsstillande
tinga kan bidra til eit
sanitærforhold, eit arbeid som er betre tilbod, seier biblioteksjef
tidkrevjande.
Ingunn Kalvik.
Ser fram til opning
På nyåret startar arbeidet med å
flytta over alle tinga frå det gamle
biblioteket til det nye. Dei tilsette
ved biblioteket ser fram til å flytta
inn i nye lokal og trur dette vil
Meir levande
Fleire har klaga på at det nåverande biblioteket ikkje er tilpassa
alle og at det bidrar til redusert
bruk. Det nye biblioteket vil ha ei
universell utforming som gjer at
alle nå lett skal kunne få tilgang
og bruke biblioteket sine tenester.
Biblioteksjefen lovar lågare hyller
og meir luft mellom reolane og
trur den universelle utforminga,
kombinert med eit breiare utval,
vil føra til auka bruk av biblioteket.
– Nye og inspirerande lokal
gir oss muligheita til å visa fram
meir av det me kan tilby folk. Me
ønsker også å arrangera bokkveldar
og andre kulturelle innslag. Dette
håpar me vil føra til auka bruk og
eit meir levande bibliotek, avsluttar
Ingunn Kalvik.
[email protected]
BilligButikken med s
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 7
MINST LIKE BILLIG SOM DE
BILLIGSTE BILLIGBUTIKKENE
10
10
10
1490
CUba appelsinjUiCe
Coop. 1 l. Pr kartong
ØKOLOGISK
økoloGisk
EKSTRA LETT MELK ekstra lett melk
Änglamark. 1 l. Pr. stk. Änglamark. 1 l. Pr stk
2990
10
99
10
Fersk
LUTEFISK
Stetind. Fryst. 1 kg. Pr pk
Forbehold om trykkfeil og utsolgt
JULEPØLSE
X-tra. 300 g. Pr pk
Pr kg 49,67
PINNEKJØTT
X-tra. Av lam. Urøkt. Pr kg
2 35
FOR
okserUll/lammerUll/kalverUlade/
baConrUlade/kokt skinke med pepper/
kokt skinke med Chili
fiskepinner
Coop. 250 g. Pr pk
1490
Pr kg 40,00
Coop. Fra 60 g. Pr pk
SJOKOLADEPLATER
Freia. Assortert. 190-200 g
Fra 87,50/kg. 1 stk fra 31,90
136046 malsett forsterk 297x430.indd 2
NORTHUG SPORTSMÜSLI
Coop. 750 g. Pr pk
Pr kg 19,87
Coop – litt ditt
I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler.
Mer informasjon om de ulike fordelene finner du på: Coop.no
136046 sør-vest
Sauda 8–22 (20) EXTRA LAVE PRISER
Annonsen gjelder i uke 46
Pr kg fra 125,00
29.10.13 11.14
RYFYLKE
8 - Tysdag 12. november 2013
Gode resultat på nasjonal prøve
Saudaelevane er gode
i lesing.
Jamn prestasjon
Kommunalsjef skule, oppvekst og
kultur er glad for dei gode resultata
både på barne- og ungdomstrinna.
MARITA IMS
Han fortel at elevar i Sauda i fleire
Nasjonal prøve i lesing skal kart- år har lege stabilt litt over gjenlegga i kva grad elevane sine fer- nomsnittet nasjonalt. I den seinare
digheiter er i samsvar med kom- tid har også skulane fått jamnare
petansemål der leseferdigheit er resultat.
– Tidlegare var det større forintegrert. Dette inneber at nasjonal
prøve i lesing ikkje er ein prøve i skjellar frå skule til skule, men nå
er fleire lærarar blitt
norskfaget, men ein
flinkare til å gå inn
prøve i lesing som
grunnleggande fer...Sauda ligg på på «Skoleporten»
digheit i alle fag.
topp nasjonalt... (utdanningsdirektoratet si heimeside
– Det dreier
der øvingsoppgåver
seg om å forstå ein
artikkel, presiserer Jakob Svandal, til nasjonale prøvar blir lagt ut, red.
kommunalsjef skule, oppvekst og merk), og øver i forkant av nasjonale prøvar. Dette bidrar til å gi
kultur.
elevane likt grunnlag for å gjera det
godt på prøvane, påpeikar Jakob
Over gjennomsnittet
Prøven blei gjennomført 11. sep- Svandal og legg til at det likevel vil
tember og resultata blei nyleg vera ei naturleg variasjon frå kull til
offentleggjort. På barnetrinnet kan kull med så få elevar som i Sauda.
elevane oppnå ein poengsum på tre
poeng, og dei 48 elevane i Sauda Viktig etterarbeid
scora 2,1 poeng i snitt, som er betre Svandal påpeikar at det nå er viktig
enn gjennomsnittet for både fylket å analysera resultata frå prøvane.
– Ein analyse gir oss direkte
og på landsbasis.
– Dette er me veldig godt nøgde tilbakemeldingar, slik at me kan
gå direkte inn i fag der elevane gir
med, seier Jakob Svandal.
I Rogaland fylke var snittet 1,9, det godt eller mindre bra. Slik gjer
medan resultata nasjonalt var to desse prøvane eit godt grunnlag for
vidare læring, uttalar han.
poeng.
Overraskande
På ungdomsskulen kan elevane
oppnå fem poeng som beste score.
På 8. trinn i Sauda scora dei 68
elevane 2,9 poeng i snitt, som er litt
under både fylkes- og landsgjennomsnittet på 3,1. Svandal er litt
overraska over resultata.
– Eg meiner me har så flinke
både elevar, foreldre og lærarar
at eg ville tru me scora på gjennomsnittet, muleg over, uttalar han.
Svandal meiner resultatet kan
ha samanheng med at kommunen
har få elevar, mellom 50 og 70, og at
dersom nokre elevar ikkje møter til
prøven kan fråfallet gi store utslag.
På 9. trinn er resultatet 3,5
poeng, som er over gjennomsnittet
på 3,4, både nasjonalt og i fylket.
Lite fråfall
I følge kommunalsjefen er det lite
fråfall av elevar i vidaregåande
skule, og at Sauda er heldige i så
måte.
– Sauda ligg på topp nasjonalt
der over 90 prosent av elevane
fullfører vidaregåande opplæring.
Eit viktig poeng i dette høvet er at
elevane bør scora opp under tre
poeng på nasjonale prøvar for å
klara seg godt på vidaregåande
skule, seier Jakob Svandal.
[email protected]
GODE RESULTAT: Elevane i Sauda kommune fekk gode resultat på den nasjonale leseprøven. I dag
blir resultata frå den nasjonale engelskprøven publisert, og 16. desember for rekneprøven. (Illustrasjonsfoto)
Dømt til samfunnsteneste
Den narkotikatiltalte
saudabuen endra
forklaringa si i retten,
men blei ikkje trudd.
Saudamannen i midten av trettiåra
måtte møta i Haugaland tingrett
i slutten av oktober, tiltalt for
brot på narkotikalova. Saka blei i
utgangspunktet sendt til tingretten som ei tilståingsdom og saka
skulle behandlast i retten i juni i
år. Men, saudamannen møtte ikkje
opp, og påtalemakta tok derfor ut
tiltale i saka.
Innrømma kjøp og bruk
I november i fjor var politiet i Sauda
på leit etter ein person. Dei fann
vedkommande i huset til saudamannen, og politiet fekk adgang til å
ransaka huset. Der fann dei ei hasjpipe, ein pesolavekt, lynlåsposar,
sprøyter med kanylar og tablettar. I
eit avhøyr med politiet same dag la
saudamannen alle korta på bordet.
Han innrømma at han nokre veker i
førevegen hadde brukt 2 500 kroner
på å kjøpa fem gram amfetamin i
Sauda. Han forklarte også at han
sommaren 2012 hadde vore med
på eit kjøp av ti gram amfetamin i
Oslo, og at han tok fem av desse til
eige bruk. I avhøyret fortalde han
også at han sommaren og hausten
2012 brukte amfetamin ved fleire
anledningar. Men, dagen etter
avhøyret ringde han politiet og sa
at han ville endra på forklaringa si,
og opplyste då at tablettane ikkje
tilhøyrte han.
Ny versjon i retten
I retten, derimot, trekte saudamannen tilbake alt han hadde sagt i
avhøyret. Han kalla forklaringa si
”svada”, og skulda på at han var nedkjørt og sliten etter eit samlivsbrot.
Til retten sa saudamannen at
han blei forbausa då han høyrte
kva han hadde sagt i avhøyret. Han
forklarte at lynlåsposane var til å
oppbevara skruar i, men han kunne
ikkje gi ei god forklaring på kva
han brukt pesolavekta til. Mannen
blei ikkje trudd.
– Tiltaltes forklaring for retten
synest oppkonstruert og lite truverdig når det gjeld desse forholda,
heiter det i dommen.
Blant anna blir det vist til at
saudmannen var heilt edru under
avhøyret, at han leste gjennom og
signerte forklaringa si – og at han
dagen etterpå må ha hugsa kva han
hadde sagt ettersom han ringde
for å endra litt på tabletthistoria.
Er rusfri
Befatning med eit farleg stoff
som amfetamin skal, av allmenne
omsyn, straffast strengt. Likevel,
retten fann fleire formildande
omstende i saka. At styrkegrada
på stoffet er ikkje kjent, at det var
meint til eige bruk, at saudamannen har vore rusfri i snart eitt år
og at han klarer seg svært godt i
jobbsamanheng gjorde at retten
valde å ikkje gi fengselsstraff.
– Med tanke på den, etter rettens syn, klare rehabiliteringssituasjonen som ligg føre her bør
allmenne omsyn tre noko tilbake
slik at straffa kan settast slik som
foreslått av aktor, til 60 timars
samfunnsstraff, skriv dommar Silje
Christine Hellesen i domspapira.
Saudamannen blei også dømt
til å betala 2 000 kroner i sakskostnader.
[email protected]
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 9
Best på samarbeid
Elevane ved Fløgstad
skule blei nominert
til fleire og vann ein
pris under First Lego
League.
LINDA MERETHE LIE
– Eg var så nervøs. Det var heilt
grusomt, fortel Olai Nes Rasmussen, som var ein av dei fire
elevane som var i aksjon då teknologigruppa skulle manøvrere
ein sjølvbygd og -programmert
robot gjennom ulike hinder på
konkurransebordet.
Tredelt oppgåve
I helga blei delfinalen i First Lego
League arrangert på Håvåsen skule
i Haugesund. 33 elevar frå 6. og
7. klasse ved Fløgstad skule har
jobba med årets prosjekt «Nature´s
Fury» i åtte veker. Oppgåva har vore
tredelt. Ei gruppe hadde ansvar for
profilering, der dei skulle skape
mest muleg blest om sitt prosjekt.
Ei anna jobba med å lage og programmere ein robot i lego, medan
den siste gruppa hadde fokus på
forsking.
– Det har vore litt tidspress,
men vi har gjort det beste ut av
det, fortel Nikita Olsen.
Mykje arbeid
Saudaelevane hadde bestemt seg for
å fokusere på skred og har mellom
anna funne opp ein «app», som
ved hjelp av ei skjult brikke i klede
skal hjelpe til å lettare finne personar som er tatt av skred. Profileringsgruppa måtte svare juryen
på spørsmål om korleis dei hadde
tenkt i prosjektet og ikkje minst kva
som var gjort for å marknadsføre
dette. Gruppa framførte også ein
dans og heiarop for å vise korleis
dei kunne reklamere for seg sjølv.
Forskingsgruppa måtte velge ut
fire personar som skulle fortelle fire
dommarar om kva dei hadde forska
på og kva dei hadde funne opp.
Teknologigruppa hadde fullt
fokus på å styre roboten gjennom
ei hinderløype.
Nervøs start
12 lag var påmeldt til årets konkurranse. Tøffe spørsmål frå dommarane og eit visst forventingspress
frå publikum var naturleg nok
utfordrande å takle.
– Vi bomma litt då vi skulle styre
roboten i første omgang. I andre
STOLTE: May-Lise Espeland (frå venstre), Nikita Olsen og Olai Nes Rasmussen viser stolt fram pokalen og medaljane dei har med heim
etter at dei vann samarbeidsprisen under delfinalen i First Lego League i Haugesund. Elevane har forska på snøskred og har mellom
anna funne opp ein «app» som skal gjere det lettare å spore opp personar som er tatt av skred.
omgang var vi mindre nervøse og
då gjekk det mykje betre, seier Olai
Nes Rasmussen.
God hjelp
Årets lag har fått god hjelp frå lokale
FULLT FOKUS: Etter litt starttrøbbel fekk Olai Nes Rasmussen (til
venstre) og Tobias Skorpe Sandanger kontroll over roboten og
var svært fornøgde med gjennomføringa til slutt. (Foto: First Lego
League)
ressursar. Team building på Eikehaugen, nyttige tips frå ingeniør
ved Eramet, Rob Vermeulen, Espen
Thompson ved Inosa, Andreas
Fløgstad, kommunalsjef i Sauda
kommune og grafisk designar
Terje Hodne har vore verdfullt,
ifølge kontaktlærar for 6. klasse,
Elisabeth Bergsbakk.
– Vi henta inn ein del meir
ekstern hjelp enn tidlegare. Vi såg
at fleire av dei andre laga hadde
hatt endå meir vaksenhjelp enn
oss, og hadde tydeleg hatt godt
utbytte av det, fortel ho, og legg
til at Dag Bjønnes frå alpinmiljøet
også har vore ein viktig støttespelar
gjennom prosjektet.
Fleire nominasjonar
Fløgstad skule sitt lag var mellom
dei tre som blei nominert i beste
robotkamp, beste forsking, beste
samarbeid og ikkje minst til å gå
vidare til den skandinaviske finalen i Bodø seinare i haust. Ingen
var betre enn Fløgstad skule på
samarbeid.
– Eg trur dommarane har sett at
vi er gode på alle områda, utan at
vi har nådd heilt opp på alt. Veldig
kjekt at elevane vann ein pris og
ikkje minst at vi blei nummer tre
på robotkamp. Det er det beste vi
nokonsinne har klart, seier Elisabeth Bergsbakk stolt.
Fløgstad skule vann samarbeidsprisen også i 2011.
Har lært mykje
Etter intens jobbing kvar onsdag i to
månader vedgår elevane i sjuande
klasse at det er litt trist at First Lego
League nå er over.
– Det har vore veldig kjekt å
forske og eg har lært mykje, forklarer May-Lise Espeland.
– Så kjekt å vinne! Vi var heilt
i hundre. Det var nesten konkurranse om kven som skulle ta imot
pokalen, legg Olai Nes Rasmussen til.
[email protected]
First Lego League
• Kunnskapskonkurranseforbarnogungeialderen10-16år,
somharblittarrangertsida2000.
• SamarbeidmellomorganisasjonenFIRSTLEGOCompany
ogStatoilstalentutviklingsprogramMorgendagensHelter.
• KonkurransenblirorganisertiSkandinaviaavFIRST
Scandinavia.
• I2013deltar845lagideiskandinaviskefinalane.
• Påverdensbasisdeltok200000barnfra60landi2012.
• Formåletmedarrangementeteråaukeinteressafor
teknologiogvitenskap,ogstimuleredagensungdomtilå
blimorgendagensingeniørarogforskarar.
RYFYLKE
10 - Tysdag 12. november 2013
Sette ny verdsrekord i be
Saudabuen stilte i
hopetal for å heie
fram Hildeborg Juvet
Hugdal. Som takk fekk
dei både gull, sølv og
verdsrekord.
LINDA MERETHE LIE
Ho kunne ha sikra sigeren lett,
men det var ikkje godt nok for
Hildeborg Juvet Hugdal under
VM i styrkeløft fredag. Det er då
ikkje kvar dag ein har høve til å
sette verdsrekord på heimebane.
– Eg måtte jo prøve, men var
spent, vedgår Hildeborg Juvet
Hugdal.
Lett i kne
Men det starta bra. Under første
forsøk i første øving, knebøy,
løfta Juvet Hugdal 250 kilo utan
problem. Ho auka så med ti kilo,
også det gjekk lett, og sette med
det ny norsk og nordisk rekord. I
siste forsøk prøvde 30-åringen å
sikre seg bronsemedaljen i øvinga.
Juryen var imidlertid ikkje fornøgd
med forsøket på 265 kilo og Hildeborg Juvet Hugdal blei med det
nummer fire i øvinga.
Underkjent først
Så var det klart for favorittøvinga
benkpress. Tribunen, som i stor
grad var prega av saudabuar og
andre Hildeborg-fans, nærmast
rista. Flagg, plakatar, trommer og
heiarop vitna om at forventingane
var store. Hildeborg Juvet Hugdal
meldte inn 210 kilo i første forsøk,
heile 30 kilo foran nærmaste konkurent. Men løftet blei underkjent
grunna signalfeil. I forsøk nummer
to låg lista på det same og denne
gongen klarte verdsrekordinnehavaren å innfri. Like etter viste tavla
at styrkeløftaren ville prøve seg på
ny verdsrekord; 218 kilo. Etter at ho
hadde løfta var det knytt spenning
til om løftet ville bli godkjent. Då
juryen signaliserte at verdsrekorden var eit faktum tok det heilt av
på tribunen.
– Det første løftet gjekk lett, men
eg fekk for stor fart på stanga. Det
førte til at eg la ho rett på plass utan
at eg hadde fått signal på at det
var godkjent. På 218 kilo traff eg
godt, fortel Juvet Hugdal fornøgd.
Krampe i leggane
I markløft blei det langt tøffare for
Juvet Hugdal. Første løft på 190 kilo
gav rett nok norgesrekord. Dei to
neste løfta, begge forsøk på 200 kilo,
blei underkjent. Krampe i leggane,
både framme og bak, skapte problem for den sterke saudakvinna.
– Eg kjente det på oppvarminga.
Eg hadde ikkje dagen i markløft.
Og stanga var altfor grov for meg.
Eg hadde ikkje sjans til å rette meg
opp, forklarer ho.
Russisk siger
Russiske Olga Gemaletdinova var
suveren i både knebøy og markløft
og blei verdsmeister samanlagt med
753 kilo totalt. Hildeborg Juvet
Hugdal fekk sølv etter å ha løfta
668 kilo totalt.
– Eg er veldig godt fornøgd med
både sølv samanlagt og verdsrekorden. Det var det som var målet
mitt. Eg skulle gjerne ha klart 20
kilo til totalt, men eg var ikkje god
nok i dag. Det er synd når ein veit
ein har det inne, men ikkje får det
ut, seier Juvet Hugdal.
God støtte
Kor mange saudabuar som hadde
møtt opp for å vise si støtte til
Hildeborg Juvet Hugdal fredag
kveld er ukjent, men at det var
svært mange er det inga tvil om.
VM i styrkeløft starta tysdag og
etter det Ryfylke kjenner til har
mange av konkurransane gått
foran tomme tribunar. Men då
Juvet Hugdal skulle i aksjon var
Stavanger Idrettshall fyllt til randen
av entusiastiske publikummarar.
– Eg set utruleg stor pris på
støtta. Eg var nervøs, men klarte
å behalde roen. Då eg kom i gang
merka eg likevel eit veldig trøkk.
Men livet frå publikum var berre
positivt og veldig kjekt, konkuderer
Hildeborg Juvet Hugdal.
I løpet av VM i styrkeløft fekk
Norge med seg sju gull, fem sølv,
seks bronse og tre verdsrekordar.
[email protected]
TIL TOPPS: Hildeborg Juvet Hugdal var i ei eiga klasse i benkpress. Amerikan
Resultat, kvinner klasse 84+ k
(Totalt åtte deltakarar)
1. Olga Gemaletdinova (RUS)
2. Hildeborg Juvet Hugdal (NOR)
3. Chang Ya-Wen (TPE)
Knebøy
300 kilo
260 kilo
275 kilo
KNEBØY: Juvet Hugdal opna godt, men klarte ikkje å sikre seg medalje i knebøy.
MARKLØFT: Krampe i leggane og ei grov stang skapte utfordringar då Hildeborg Juvet Hugdal skulle
prestere i markløft. Sjølv om dei to siste forsøka blei underkjent klarte ho å sette ny norgesrekord
med 190 kilo i første løft.
SUVEREN: Olga Gemaletdinova var svært sterk under årets verdsmeisterskap o
tre gullmedaljar og sette to verdsrekordar.
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 11
enkpress - igjen
nske Tiffany McKinney og Inna Orobets frå Ukrania kom på plassane bak.
kilo
Benkpress
182,5 kilo
218 kilo
155 kilo
og vann
Markløft
270,5 kilo
190 kilo
215 kilo
Totalt
753 kilo
668 kilo
657,5 kilo
Sjå video av
verdsrekordløftet
på www.ryfylke.net
GOD STØTTE: Mor Irene Juvet Hugdal, Linda Dolmen, Jarl Larsen og resten av dei mange saudabuane
som hadde møtt opp i Stavanger Idrettshall for å heie fram Hildeborg Juvet Hugdal gjorde det dei
kunne for å løfte fram sin favorittutøvar.
FOKUSERT: Hildeborg Juvet Hugdal ba publikum vere heilt stille
då ho skulle i aksjon i benkpress. Jubelen stod i taket då det viste
seg at 30-åringen hadde tatt gull og sett ny verdsrekord i øvinga.
RYFYLKE
12 - Tysdag 12. november 2013
Utanbygds dominans på Sa
Både A- og B-klassen
blei vunne av lag
sterkt prega av folk
utanfrå.
LINDA MERETHE LIE
«Real Hanalona FC», eit lag som
i stor grad var sett saman av ein
gjeng frå Sandnes, klarte kunststykket å komme seg til finalen
i klasse B under årets Salemscup
utan å skåre eit einaste mål. Men i
finalen fekk dei endeleg nettkjenning og vann kampen mot Last
Team Standing 1-0.
– Vi var nok litt dårleg samspelt
i gruppespelet, forklarer målvakt
Morten Holmen.
Ein saudabu
Likevel, «Real Hanalona FC»,
kunne glede seg over gullmedaljar
og pokal. Einaste lokale innslag på
laget, Benjamin Haraldsen Granberg, er glad for å vere ein del av
vinnarlaget.
– Dei ville stille lag og eg blei
invitert med. Det er eg veldig glad
for, seier han.
– Vi kjem tilbake neste år, lovar
Jonas Nordbø.
Slo fjorårsvinnarane
Også A-finalen skulle bli dominert
av eit lag med mange utanbygds
spelarar. «Ka é da?» var ubesigra
før siste og avgjerande kamp. På
motsett banehalvdel stod fjorårsvinnarane i «91 samer i en pulk».
«Ka é da?» fekk ei tidleg leiing,
men like før sidebyttet klarte mot-
standarane å utlikna. Då to ganger
ti minutt var ferdigspelt stod det
uavgjort og kampen måtte avgjerast på såkalla «sudden death».
Då «Ka é da?» fekk ein straffe var
sigeren i boks.
– Vi stressa litt, men hadde
kontroll, sjølv om det blei litt for
spennande mot slutten. Vi har tapt
finalen før. Veldig kjekt å vinne nå,
synest Erlend Hanssen Grov, som
sette den siste ballen i mål i finalen.
Vil forsvare sigeren
Dei fleste av spelarane på «Ka é
da?» har gått saman på fotballgymnas i Haugesund. Blant desse var
saudajenta Ida Lillehammer, som
nå speler for Klepp. 21-åringen og
lagkameratane hennar leverte i
løpet av cupen ei oppvising i både
tempo og teknikk. Men dei synest
ikkje mostanden var for lett.
– Nei, vi har hatt det veldig kjekt.
Det er fare for at vi kjem tilbake
neste år, seier Øystein Nærheim.
Etter planen
Årets Salemscup var den 23. i rekka.
460 personar løyste billett i Saudahallen og 13 lag stilte til kamp.
Det er ikkje meldt om alvorlege
skader og det meste fungerte som
det skulle.
– Tilbakemeldingane har vore
veldig positive. Artistane har vore
flinke og kampane spennande. Vi
som har jobba med dette opplevde
dagen og kvelden som veldig gøy,
fortel cupgeneral Roy Nordhagen.
[email protected]
VIKTIG SKÅRING: Niclas Dolmen Håra skåra ”Real Hanalona FC”
sitt einaste mål i Salemscupen. Eitt mål var likevel nok til å vinne
heile B-klassen.
VANN A-FINALEN: «Ka é da?» var uslåelege i årets Salemscup. Bak frå venstre: Ingve Berge, Fredrik Deilkås, Ro
Øystein Nærheim og Ida Lillehammer.
LÆRTE TRIKSA: Tim Haraldsen Granberg tok utfordringa då den franske ballkunstnaren Melody Donchet ville ha han til å prøve nokre av triksa ho har øvd på. Ein fullsett tribun
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 13
alemscupen
VANN B-FINALEN: «Real Hanalona FC» består av ei mengd spelarar frå Hana i Sandnes, men også
ein saudabu. Bak frå venstre: Eimilie Eilertsen, Inge Løge, Niclas Dolmen Håra, Trym Dolmen Håra,
Andre Soma og Kine Hundsbet Andersen. Framme frå venstre: Benjamin Haraldsen Granberg, Morten
Holmen, Lena Soland og Jonas Nordbø.
obin Gard og Lena Soleng Hansen. Framme frå venstre: Erlend Hanssen Grov,
EKSTREMSPORT: Thomas Remvik Aasen gjorde halsbrekkande stunt på sykkelen sin.
ne i Saudahallen følgte spent med då eksperten og amatøren laga show.
TAKKA: Førstehjelpar Rune Steinsland (frå venstre) og dommarane Sverre Magnus Sivertsen, Johannes Rød og Hans Søndenå fekk blomster og godord for sin innsats under Salemscupen. Olav Oustad
fekk gleda av å overrekke blomster.
RYFYLKE
14 - Tysdag 12. november 2013
4
på gata
Skal du på
Damenes aften?
KARIANNE ERIKSEN
Anne Louise Årtun
(16 år)
Ja, eg har planar med ein vennegjeng. Det er sikkert mange
smaksprøvar å få!
Rosa shoppingkveld
Førstkommande
fredag er det igjen
klart for Damenes
aften.
TORE BASTLIEN DAHL
I 2009 tok Hilde Rasmussen ved
klesbutikken Catch, nåverande
Zavanna, initiativ til å arrangera
ein kveld der damene skulle vera
i fokus. Komande fredag inviterer butikkane i Sauda sentrum til
Damenes aften for femte året på
rad.
Gleder seg
– Damenes aften er blitt eit fast
arrangement som butikkane ser
fram til og støttar opp om, seier
Yvonne Herheim frå Sauda Handelsforening.
Ho legg til at alle butikkane er
veldig positive til arrangementet
og at dette er viktig for ein vellukka
kveld. Herheim har hatt ansvaret
for å planlegga kvelden i samarbeid
med butikkane og nå gleder dei seg
til at shoppingglade damer skal fylla
sentrumsgatene. Ellen Kirkevold
frå interiørforretninga Companiet,
gleder seg til å ta i mot kundar og
håpar på god stemning.
– Damenes aften er eit kjempekjekt arrangement, både for dei
handlande og oss i butikkane. Det
er ein humørfylt og god tone heile
kvelden. Det er ekstra kjekt å vera
på jobb slike kveldar, seier ho.
Ulike aktivitetar
Totalt er det 17 butikkar som deltar
på arrangementet. På spørsmål om
kva som er nytt ved arrangementet i år, seier Yvonne Herheim at
kundane i år kan leita etter roser
i butikkane. Ho informerer om at
det blir ein konkurranse der kundane leitar etter roser i butikkane
og leverer svara på kor mange dei
fann. Blant dei som tippar rett blir
det trekt ut gåvepremiar på puben
etter at butikkane har stengt dørene
klokka ti.
– Ellers følgjer me den vanlege
suksessoppskrifta. Frå klokka 18
blir det rosa tilbod i butikkane
og lett servering. Det er opp til
butikkane korleis dei gjer det i
sin butikk, men me håpar jo ein
nyttar sjansen til å by kundane på
ei ekstra oppleving, seier ho.
God stemning
Herheim seier at Damenes aften
har vore ein stor suksess heilt frå
starten av. Ho meiner kvelden er
ein ypparleg muligheit for butikkane i Sauda til å vise seg fram for
kundane og såleis skapa eit godt
grunnlag for vidare handel. Ho får
støtte i sine synspunkt frå Ellen
Kirkevold.
– Eg føler Damenes aften er eit
kjempe positivt tiltak. Me ønsker
å skapa positive opplevingar for
kundane og me får mykje ros for
dette arrangementet. Eg opplever
ei veldig positiv stemning og derfor
må me vera med når noko skjer,
fortel Kirkevold.
Både Herheim og Kirkevold
oppfordrar folk som har tankar
rundt arrangementet å kome med
innspel.
– Me prøver stadig å utvikla
Damenes aften og om folk har
innspel, både ris og ros, sett me
pris på tilbakemeldingar rundt
dette, informerer Herheim.
Gratisbuss
I fjor sette handelsforeininga opp
buss frå Ølen til Sauda for å trekke
fleire til Damenes aften. Sjølv om
bussen ikkje var full, prøver ein i
år også. Herheim fortel om gode
tilbakemeldingar frå dei tilreisande
og at dei derfor har sett opp buss
i håp om at fleire damer i nabobygdene har ønske om å komma.
Lite menn
På ein kveld der butikkane har
fokus på damer, er det få menn
som vågar seg ut i sentrumsgatene.
– Damenes aften er ein flott
muligheit for damene til å la mann
og barn vera heime. I staden kan ein
gå ut med venninner og kosa seg.
Ein får eit avbrekk frå kvardagen,
konkluderer Ellen Kirkevold.
Nå håpar ho, Yvonne Herheim
og resten av handelsforeininga at
så mange som muleg finn vegen
til sentrumsgatene fredag kveld.
[email protected]
Hildegunn Bjerga
(46 år)
Nei, dessverre så skal eg ikkje
det. Eg bur på Sand.
Maiken Frette
Aateigen (9 år)
Eg skal nok sikkert vere med
mamma ein liten tur om ho
skal. Men eg har ikkje noko
planar elles.
Mette Steen Nordbø
(48 år)
Ja. Eg synest me bør støtta opp
om Sauda på slike arrangement.
INVITERER TIL DAMEKVELD: Komande fredag inviterer butikkane i sentrum til Damenes aften. Yvonne Herheim (til venstre) og Ellen
Kirkevold er klare til å ta imot shoppingglade damer.
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 15
Stor futsal-prestasjon
Saudalag spelte seg til
kvartfinalen i futsal-NM.
TORE BASTLIEN DAHL
I helga blei det arrangert NM
i futsal i Oslo. Totalt 40 lag var
delt inn i åtte puljer, der dei tre
beste frå kvar pulje gjekk vidare til
sluttspelet. Sauda stilte med eit lag
beståande av lokale unggutar som
nådde ein imponerande kvartfinale.
Tøff kvalifisering
Ein kan kvalifisera seg til deltaking
i meisterskapen gjennom regionale
turneringar.
– Me kvalifiserte oss til finalehelga i Oslo gjennom turneringar i Stavanger. Totalt deltar fleire
hundre lag i NM, men berre dei
beste frå kvar region får spela om
medaljane i Oslo, seier målvakt
på Sauda Futsal, Håvard Wiersen.
Han forklarer at Rogaland og
Stavanger blir sett på som den
regionen med høgast nivå på
laga og at saudalaget derfor var
svært fornøgde med å gå vidare
til sluttspelet. Blant anna deltar
tippeligaspelerar på nokre av laga.
IMPONERTE: Sauda Futsal imponerte stort under NM i futsal denne helga. Her er nokre av dei i aksjon (i gult). (Foto: Privat)
Lokal gjeng
Sauda Futsal består av Jone Hustveit, Håvard Wiersen, Mats Sørensen Haugen, Andre Aabø Hansen,
Thomas Larsen, Eirik Baugstø,
Håvard Kaldheim, Sindre Lorentzen og Thomas Opheim.
Medan andre futsallag gjerne
trenar fleire timar i veka har ikkje
Sauda Futsal mulegheit til dette.
Wiersen fortel at nokre av spe-
larane bur i Sauda, medan ein er
busett i Haugesund og ein annan
i Bergen.
– Det at vi bur spreidt gjer at
vi ikkje får trent så mykje saman.
Nokre av oss speler på a-laget til
Sauda og får trening gjennom dette,
men ellers har vi nytta diverse turneringar til trening. Sett i lys av
Futsal:
• Futsalblirspeltpåeinbanepåstørrelsemedeinvanleg
håndballbane,ogmålasomblirbrukterhandballmål.
• Detblirbrukteinspesiallagaball.Forskjellenpåein
utandørsballogeinfutsalballeratsistnemndeermindre
ogkonstruertmedeispesiellblæreforatballenskal
sprettemindreenneinutandørsball.
• Eitlagkanstillemedfirespelarar+målvaktpåbanen
samtidigoghaopptilsjuinnbytarar.Spelaranekanbytta
kontinuerlig.
• Kampaneifutsal-NMvareri1×14minutt,medunntakav
finalekampensomskalvarai2×10minutt.
dette vil eg seia at me gjorde ein
kjempeprestasjon i helga, uttaler
han.
Beit frå seg
Kampane i futsal-NM gjekk føre
seg i Ekeberghallen der det vart
spela både laurdag og søndag.
Målsettinga før turneringa var å
gå vidare frå gruppespelet. Eit mål
Sauda Futsal lykkast med til fulle.
Etter kampar mot FC Smyg, Bingefotball, Drillos og Hallball United,
enda saudalaget som nummer to
i pulja bak FC Smyg. Dermed var
dei klare for sluttspelet.
I sekstandedels-finalen møtte
Sauda Futsal Tiller Athletic frå
Trondheim. Det blei ein jamn og
spanande kamp der Sauda til slutt
drog i land ein 1-0 siger som førte
dei vidare til åttandedels-finale. Her
møtte saudaguttane Snublepupp
som dei slo 2-0. I kvartfinalen var
det derimot over og ut for Sauda
Futsal. NFA Legends blei for sterke
og vann 2-1.
– Der og då var det veldig surt å
ryka ut av turneringa. Sett i ettertid
må me sjå på prestasjonane våre
som svært gode. Målet var å gå
vidare frå gruppa og det klarte me.
Dessutan blei me Rogalands beste
lag, seier Håvard Wiersen.
Høgt nivå
Wiersen fortel at nivået på laga i
futsal-NM var høgt.
– Alle laga var veldig gode, det
var marginar som skilde laga, fortel
han.
I finalen trakk det oslobaserte
laget El Clasico det lengste strået,
då dei slo The WestWing 3-2. På
vinnarlaget spelte blant anna
toppscoraren i Adeccoligaen Ibba
(Abdurahim) Laajab, som også er
landslagsspelar i futsal. Eit teikn på
det høge nivået turneringa held.
Hadde laget til Wiersen tatt seg
Sesongåpning for langrennsløperne
Søndag i strålende sol og på 30 centimeter nysnø innledet langrennsløperne i Sauda sesongen. De aller
ivrigste aktive og noen mosjonister
reiste opp til Breiborg der det ble
laget en flott løypetrasé for fristil.
Gradestokken viste minus to grader
og i nysnøen var det dermed gode
føreforhold.
Egil Karbøl
FLOTTE FORHOLD: Fra venstre:
Kristen S. Karbøl, Håvard Djuve,
Thomas K. Oxaal og Olai N. Rasmussen. (Foto: Lars Sigve Søndenå)
vidare til semifinale ville dei vera
kvalifiserte til spel i europaligaen
i futsal neste år.
– Eit lag frå Sauda som skulle
spelt i Europa hadde jo vore litt
spesielt, seier han muntert.
Stor oppleving
Suksessen i futsal-NM har gitt
laget auka lyst til å satsa vidare på
futsal. Dei planlegg å delta i NM
også neste år, dersom dei klarer å
kvalifisera seg.
– Det var ei stor oppleving.
Nivået både på arrangementet og
laga i turneringa var høgt, så dette
var ei oppleving for oss. Me må óg
nytta høvet til å takka dei lokale
sponsorane som har gjort det muleg
for oss å delta på turneringar. Utan
desse måtte me ha kosta mykje av
reisinga sjølv, konkluderer Håvard
Wiersen i Sauda Futsal.
[email protected]
RYFYLKE
16 - Tysdag 12. november 2013
Blinkskota
Ryfylke inviterer lesarane til å senda inn sine blinkskot.
Fotografen vel sjølv motiv og tema. Dei beste bidraga kjem
på trykk i Ryfylke.
Skriv kven som er på biletet, kor det er, når det er tatt –
og kven som er fotografen.
Me føretrekk digitale bilete, men tar også imot papirbilete.
Send bilete til:
[email protected], Ryfylke, Rådhusgata 1, 4200 Sauda –
eller stikk innom oss i avishuset på kaien.
SPEGLBLANKT: Biletet er frå Vigavatn ved Hjelmeland, og blei tatt ein fin oktoberdag i år. (Foto: Anna Tokheim Bøen)
FIN UTSIKT: Biletet er tatt frå hurtigbåten på veg frå Stavanger til Haugesund.
(Foto: Barbara Kjellstad)
KAMPEN FOR TILVÆRELSEN: Eit flott motiv i Nesbakken. (Foto: Jan Ove Helgeland)
SAUDA: Utsikt frå Fløgstadåsen fredag 22. oktober. (Foto: Magne Aartun)
GODT SAMARBEID: Jan Lunde hjelper «besten» Jan Lunde med å få veden i hus.
(Foto: Gunn Lunde)
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 17
Sauda komm. kino
KOMLEMIDDAG
De tøffeste gutta
Alle
Tors 14/11 kl. 19.30
Gratisforestilling for foreldre
og andre interesserte. I samarbeid med MOT Sauda.
Onsdag kl. 14.00 – 17.00
Helse og Velvære
Inger Tårland Olsen
Solan og Ludvig:
Jul i Flåklypa
Tlf. 481 10 618
A., 90 min.
Fre 15/11 kl. 17.00
Søn 17/11 kl. 16.30
(ta gjerne med hjem).
Sjøen 12 (Sauda Fjord Camping)
Tlf. 52 78 18 00
www.perlaa.no
Gravity – 3D
SAUDA KOMMUNE
11 år, 90 min.
Fre 15/11 kl. 18.45
Søn 17/11 kl. 21.00
Hugs
Captain Philips
diverse presentasjoner
kl. 19.00 på
Eldresenteret.
15 år, 133 min.
Fre 15/11 kl. 21.00
Tusen ganger
god natt
11 år, egnet u/v, 117 min.
Søn 17/11 kl. 18.30
Fre 22/11 kl. 18.30
Ikkje fått avis?
Ring 52 78 68 00
eller 958 41 660*
Billettsalg www.saudakino.no
og biblioteket!
*Etter kl. 16.00
TA MED LOMMELYKT
OG BLI MED PÅ TUR I MØRKET!
Vi blir kjent med “Totten som titter på natten”,
og kanskje ser vi noen spøkelser i skogen?
Oppmøte på Lyngmyr onsdag 13. november kl. 17.00.
Turleder: Silje F. Skaarer, tlf. 997 35 579.
ILDSJELPRISEN 2013
Sauda kommune v/formannskapet har vedtatt
at de årlig kan utlyse og tildele Sauda kommune sin Ildsjelpris.
Ildsjelprisen kan tildeles enkeltpersoner/lag
som har gjort en frivillig og fortjenestefull innsats i Sauda.
Alltid billig
hverdagshandel!
Forslag på kandidater til Ildsjelprisen 2013
må være grunngitte og innlevert til
Sauda kommune, Postboks 44, 4201 Sauda
innen 13. desember 2013.
Husk LIDOLIDO-konsert
Kyllinglår/
Kyllingvinger/
Kyllingfilet
med band i morgen, onsdag 13. november
kl. 19.00 (Folkets Hus).
Bill. selges hos NK-kiosken (175 kr)
Gjelder kun disse
varene. Den Stolte Hane,
3 x 300-1000 g,
1,93-71,56/kg
Pris ved kjøp av én:
32,20-92,90/stk
Arr. MOT-veka 2013.
Omvisning i nybygget
på ungdomsskulen
Omvisning i nybygget på ungdomsskulen
FREDAG 15. NOVEMBER KL. 14.00 – 16.00.
Velkommen!
Årsskriftet 2013
Gro, Lars Terje og Kåre
175 sider med lokalhistoriske
artiklar og bilete.
Tildeling av midlar frå Eigil
Tveits minnefond 2013
I sal i bokhandelen. Pris kr 175,-.
Sauda sogelag
Kalender
med eigne bilete
Gled deg sjølv eller
nokon du er glad i!
Send søknad til Sauda kommune, pb. 44,
4201 Sauda eller på e-post:
[email protected]
Me tilbyr kalendrar med
eigne foto som motiv.
Kalenderen er i A4 og har ei
side pr. mnd. pluss framsida.
Kontakt oss for prisar og
Ma
ytterlegare info.
September
Sø
Lø
To
Fr
5
6
8
4
7
3
12
13
14
15
35
2
Merk søknaden «Eigil Tveits minnefond».
Søknadsfrist: 29. november.
Kontaktperson: Åshild Marie Øverland,
tlf. 52 78 62 06/994 52 466.
On
Ti
Uke
36
Eigil Tveits minnefond skal ha som formål å gi
støtte til veldedige formål i Sauda kommune.
Økonomisk støtte kan bli gitt til enkeltpersonar,
lag, foreiningar og liknande, som driv aktivitet
i Sauda.
Styret vurderer det slik at allmenn tilgjengeleg
kunst har blitt underprioritert i Sauda. Gjennom
årets tildeling ønskjer styret å bidra til betre
tilgjengelegheit, og dermed auka interessa
for kunst blant saudabuen. Styret har derfor
bestemt at årets beløp på kr 100.000 skal gå
til anskaffing av kunst i det offentlege rom, og
dermed komma allmennheita til gode. Søkjarane må ha tankar om kva kunst som skal kjøpast inn og kunna argumentera for dette valet.
1
37
9
10
11
22
18
21
17
20
16
19
38
29
39
25
28
24
27
23
26
40
30
Pr. kg
12
90
3
50,Nidar store
sjokoladeplater
Nidar, assortert,
150-170 g, 73,53-83,33/kg.
Ordinærpris: 23,90-36,90
Ting & tang
Grei Peugeot Partner 2004mod., varebil til salgs. Kan
registreres med bakseter som
følger med.
Tlf. 901 44 863
Tlf. 52 78 68 00
Klementiner
Ver ein kremmar
du og!
Pris: kr 100,-
for fire linjer + tlf. nr.
Ekstra pr. linje: kr 20,-
Skal betalast før innrykk.
Prisene gjelder t.o.m 16.november
RYFYLKE
18 - Tysdag 12. november 2013
Tur til Klekkeriet
Sparar til
badeanlegg
Rådmannen føreslår verken nedlegging av eldresenter eller skule,
men sparekniven må i arbeid for å
karva ut plass til eit nytt badeanlegg
i 2016. Hovudtrekka i rådmannens
budsjettopplegg for dei komande
åra er å begynna å stramma inn
livreima alt frå neste år, komma i
gang med eit badeanlegg til nær
90 milliona kroner i 2015/16 og
å avstå frå å begynna nye svære
investeringsprosjekt i nær framtid. Forslaget er å ferdigstilla tre
store prosjekt, nemleg Vinjar skule,
utbygginga av Helsetunet og Hauen
bustadfelt på Sand. Budsjettopplegget inneber også at lånegjelda vår
aukar kraftig i forhold til dagens
situasjon som etterkvart vil vera
70 000 kroner per innbyggjar mot
vel 30 000 kroner i fjor ifølgje SSB.
Suldalsposten
“Åi, ska me ned på klekkeriet??”
Friluftsbarna er yre av spenning.
Hva skjuler seg nede på Klekkeriet,
mon tro? De vet det er fisk der,
men hvilken fisk? Kan det være
en hai som spiser de? En piraja
kanskje? Spørsmålene er mange
på vei ned til Klekkeriet. Vi sier til
barna at det kan være lurt å spare
noen av spørsmålene til Johnny.
Han er et fiskeorakel, og kan med
det svare på det meste.
Vel nede på Klekkeriet står
Johnny Anderson smilende og
tar imot oss. Han viser oss inn i
den ene bygningen. Noen barn
kjenner det kiler litt i magen, de
håper at det ikke står noen hai
der inne og tar imot dem. Barna
står oppe på en “tribune”, mens
Johnny går ned trappa til fiskene.
Oppi tankene svømmer det mange
store fisker. Barna ser mange ørreter, men heldigvis ingen farligere
fisker enn det. Johnny forteller
at om noen uker vil også laksen
komme inn å svømme i fisketanken her nede. Barna spør ivrig, og
Johnny svarer.
Videre forteller Johnny at om
cirka to uker vil han begynne å
stryke fisken, og med det ta ut
rogna. Han inviterer oss tilbake
da for å se på denne prosessen.
Vi gleder oss allerede.
Vi i Veslefrikk barnehage
ønsker å gi honnør til Johnny
for at han er alltid er så positiv
og tar vel imot oss. Veslefrikk og
Klekkeriet, med Johnny, har hatt
et superdubert samarbeid i flere
år, og det setter vi stor pris på.
Friluftsgruppa i
Veslefrikk barnehage
v/ pedagogisk leder
Bodil Handeland
Går for meir skatt
Varaordfører Siri Klokkerstuen
(Ap) meiner det ikkje er nokon
veg utanom eigedomsskatt i Etne.
Ap føreslo eigedomsskatt allereie
i budsjettet for 2013.
– Med fleirtal for eigedomsskatt i forhandlingane i desember
i fjor, hadde me sloppe prosessane
rundt Skånevik omsorgssenter og
utgreiing av konkurranseutsetjing
av reinhald, seier ho.
Roger Nilsen, gruppeleiar i Frp,
er prinsipielt i mot eigedomsskatt
fordi han mener den er usosial.
Grannar
PÅ KLEKKERIET: Fra venstre: Finn Koopman, Abdirahman Dalal Mawlid, Bjørn Kosberg Sørensen, Emil Lindanger Sørensen, Maksymilian Zak, Isak Ånonsen, Christian Luis Dolmen, Magnar Syrtveit Mikalsen, Lukas Dolmen Andersen, Angelina Espeland, Ridwan
Abdirahman Mahamud, Shukri Mohamud Abdi, Hanne Grethe Lunde Ljung og Laila Lunde Olsen. I døra står Johnny Anderson.
Strandadagene
i tynn tråd
Legesentre samles
Odda kommune har planer om
å samle de to eksisterende legesentrene under ett og samme tak.
Målet er å få det nye legesenteret
ferdig til 2016. Etter det HF kjenner til er lokalene i vestre del av
Sørfjordsenteret høyaktuelle til å
huse det nye senteret. (…)
Odda har i dag tre steder med
legetjenester: Bygdarbøen legesenter, Odda legesenter og Røldal
legekontor. Legesentrene har til
sammen sju fastlegestillinger, samt
en turnuslegestilling på Bygdarbøen legesenter.
Hardanger Folkeblad
B R
A
S
S T
E
S P
L
R A
S
A S
K
O
R
K
A
D
R
E
G
E
A N
L
K E
E I
K
O M
N E
G R
E I
N
T O
A U
U L
S L
K A
U
S
T
V E
R
R
F I
K
B E L
I
K I L
G J
L E
F O R
Ø
S
T
E
R
S
D
E T
I A
S
S S
I A
S
T T
E R
I
B O
L
A S
D E
A L
E
S
L E
E T
P E
P
S
O
S T
K E
Y N
SuDoku
Løysing
kryssord frå fredag
1. november
G
D E T
V I E
E T
H
L
M A
E N
N
O L D
S T I L
K A K E
U T
R
S S
O P P E
N A R T
N K E L
K I A
R
E N
D R E
B
A
N
A
L
I
S
E
R
E
T Ø
D E L
H
T
S E
S T
P L
I
H I S
D
Y R
A K A
T
N
S K A
V I A
V E N T U
E K T E
R E
T A
T A K E T
S V A R
H I N
O
T U S I A S
I S
N A P
M
E
D
I
S
T
E
R
D
E
I
G
O
T
T
O
M
A
R
I
A
I
N
T
E
G
R
I
T
E
T
P
I
L
L
A L
I
S T
T A
E N
L I
�����������������������������������
�����������������
����������������������������������
�������������������������������
������������������������������
�������������������������������
���������������� ����������
������������� ����
�����������������������������������
7
9
4
1
2
6
5
8
3
6
1
5
7
3
8
2
9
4
8
3
2
4
5
9
6
1
7
1
6
9
3
7
5
4
2
8
2
5
7
8
4
1
9
3
6
4
8
3
9
6
2
7
5
1
5
7
1
6
9
3
8
4
2
9
4
8
2
1
7
3
6
5
3
2
6
5
8
4
1
7
9
Svar på
forrige
Sudoku
Fyll ut dei
tome rutene
med tal frå
1 til 9, både
vassrett,
loddrett og
i kvadrata.
Levert av Pressetjenester ans
I meir enn 40 år har Strandadagene blitt arrangert. Nå seier Ryfylkebyen takk for seg, og oppmodar
lag og organisasjonar, næringslivet og kommunen til å komme
på banen.
– Strandadagene har blitt drive
på dugnad dei siste to åra. Nå har
ikkje Ryfylkebyen økonomi til å
arrangere Strandadagene lenger,
derfor må andre ta over, slår Anne
Berit Amdal fast. (…)
– Strandadagene har bare blitt
verre og verre dei siste åra. Det har
blitt stadig meir tilfeldig korleis
programmet har sett ut og kven
som har vore med som utstillarar,
seier Amdal.
Strandbuen
RYFYLKE
Tysdag 12. november 2013 - 19
Gratulerer med dagen!
Gratulerer Anny Jørgensen Roness, ”dokkå vår”,
som blir 2 år i morgen 13.
november. Er kjempeglad
i deg. Hilser óg til Lene
Jørgensen med dagen 11. november. Bursdagsklemmer fra mormor,
besten, onkel Reidar og
oldemor. Hilsener óg fra
tante Aud Hege, onkel
Jarle, Jonathan og Ivan.
Me vil gratulera Silja
Boliva Johnsen Nordvik med 18-årsdagen
13. november. Me vil
óg gratulera Sigbjørn
Johnsen Nordvik med
dagen 12. november. Me
er glade i dokken. Mange
klemmer fra Ariel, Sondre,
Ann Kristin, Stian, mamma
og pappa.
Familienytt
Å setja inn
r og
gratulasjona
helsingar er
gratis hos oss!
Vi gifter oss i Haugaland tingrett fredag
15. november kl. 12.15. Dagen feirer vi
lørdag 16. november på Sauda Fjordhotell. Remy Penev og Kine Sulen.
26. oktober ble vi lykkelige og stolte
foreldre til lille Odin. Linn Therese
Omland og Erlend Hovland.
Dødsfall
†
Film er best på kino
Vår kjære mor, svigermor,
bestemor, søster,
svigerinne og tante
Johanna Ørnes
f. Lofthus 18. desember 1925
sovna stille inn.
Ølen Omsorgssenter/Vikedal,
7. november 2013.
Johannes - Inger Olaug
Geir Petter - Randi
Ståle - Inès
Jan Thore,
Dag Åsmund, Linda,
Nina, Bente, Lars
Slekta elles
Tusen ganger god natt
Gravity
inntok 1. plassen på kinotoppen i
USA, og er en dramatisk thriller
fra verdensrommet med George
Clooney og Sanda Bullock. To
astronauter forsøker desperat å
returnere til jorda etter at romskipet deres skades og fortsetter uten
styremuligheter inn i det ukjente.
I løpet av noe de trodde skulle
bli en rutinemessig øvelse inntreffer
det katastrofale at fartøyet skades.
Med et ødelagt romskip overlates
de to til seg selv, på vei inn i det
store sorte mørket.
Den øredøvende stillheten de
opplever overbeviser dem om at
de har mistet alt, både kontakten
med jordkloden og enhver sjanse
til å bli reddet. Når frykten endres
til panikk, spiser hvert eneste gisp
etter luft av det lille de har igjen
av oksygen.
To strevsame hender
har no fått kvila.
Rebecca er en av verdens fremste krigsfotografer. Da
hun følger en kvinnelige selvmordsbomber i Kabul, tar
hun for store sjanser og blir alvorlig skadet.
Hjemme igjen slippes en annen bombe. Hennes mann
og døtre orker ikke lenger at hun lever i livsfare, og de
stiller et ultimatum: Jobben eller familien. Valget virker
åpenbart.
Gravferd frå Vikedal kyrkje
fredag 15. november kl 13.00.
Alle som ønskjer å fylgja
Johanna til grava er hjarteleg
velkomne.
Innleveringsfristar: Tysdagsavisa: fredag før kl. 12.00. Fredagsavisa: onsdag før kl. 12.00. Send via www.ryfylke.net - e-post: [email protected] - mms til tlf. 934 47 455.
Hugs fullt namn på jubilanten. Ved bilete på kamera, hugs å ta med kabel til kameraet.
Opp
08.27
08.30
08.32
08.35
08.37
08.39
08.42
Clement Attlee
I sør
12.18
12.18
12.18
12.19
12.19
12.19
12.19
Ned
16.10
16.08
16.05
16.03
16.01
15.59
15.57
I dag
Ons
Tor
Fre
Laur
Søn
Mån
Flo
Flo
04.13
05.21
06.35
07.41
08.33
09.18
10.01
16.37
17.47
18.59
20.00
20.51
21.37
22.20
Fjøre
Fjøre
10.11
11.43
00.33
01.40
02.20
03.05
03.48
23.15
------
12.55
13.51
14.41
15.26
16.09
Dagen
i dag
Tysdag
12.
novem
b
2013 er
Sol
«Demokrati vil seie styre gjennom diskusjon, men det
verkar berre dersom ein får folk til å halde
opp med
å snakke.»
I dag
Ons
Tor
Fre
Laur
Søn
Mån
Ikkje-krigførande
Komande merkedag:
25. november: - Karimesse
Namnedagar:
1720: Peter Wessel Tordenskiold vart drepen i ein duell
med den livlandske obersten Staël von Holstein.
1840: Den franske bilethoggaren Auguste Rodin vart
fødd. Han var den fremste representanten for impresjonismen innan skulptur.
1972: Venstre vart delt i to på landsmøtet på Røros.
Helge Seip og Bent Røiseland braut med fleirtalet og
skipa eit nytt parti.
I dag: Torkjell, Torkil
Onsdag: Kirsten, Kirsti
Torsdag: Fredrik, Fred, Freddy
Fredag: Oddfrid, Oddvar
Laurdag: Edmund, Edgar
Søndag: Hugo, Hogne, Hauk
Måndag: Magne, Magny
Flo&Fjøre
På denne dag i:
FAKTA
Ikkjekrigførande
er eit uttrykk
som vart
nytta under
2. verdskrigen om
statar som ikkje tok direkte del i
krigføringa, men som sympatiserte med ein av partane og
difor heller ikkje erklærte seg
nøytrale, til dømes Tyrkia og
Spania. Folkeretten anerkjenner ikkje denne mellomstillinga
mellom nøytral og krigførande.
Levert av PresseTjenester ans, Bergen C
RING vår tipstelefon 958 41 660
Vakt: Ingvil Bakka
- og få flaxlodd i posten!
RYFYLKE
20 - Tysdag 12. november 2013
Sauda for
Ønsker du å profilere di bedrift?
Vêret blir lest av mange og du blir godt synleg her på “baksida”
Bestill annonseplass NÅ – ring Bente på tlf. 52 78 68 00
Vêret
Torsdag
Fredag
Laurdag
Sundag
Måndag
Sauda i morgen:
år sidan
Ryfylke nr 81
4. november
Regn. Svak vind, 2 m/s
frå sør-sørvest. 1,2 mm
nedbør.
Sauda
25
4°
6°
2°
8°
5°
5°
Regn. Flau vind, 2
m/s frå aust. 1,2
mm nedbør.
Skya. Flau vind,
2 m/s frå aust. 0
mm nedbør.
Regn. Svak vind,
3 m/s frå sørsørvest. 3,7 mm
nedbør.
Regn. Svak vind,
2 m/s frå sørsøraust. 2,6 mm
nedbør.
Regn. Svak vind,
2 m/s frå sørsørvest. 2,8 mm
nedbør.
Siste 30 døger: Snittemperaturen var 6,6 gradar, 1,1 gradar over normalen.
Høgste temperatur var 16,6 gradar (13. oktober), lågaste var -0,5 gradar (18.
oktober). Samla nedbør var 432,7 mm. Mest nedbør på eitt døger var 113,1 mm
(23. oktober), målt kl 7 (kl 8 sumartid) for siste 24 timar.
Sand
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK.
skuleeleven
Navn: Ayla Fatnes Rognskog
Alder: 10 år
Klasse: 5. klasse
Skule: Fløgstad skule
Korleis kjem du deg til skulen?
Eg syklar. Nokre gonger syklar eg med Frida i klassen,
og andre gonger med mamma.
Kva er det kjekkaste faget du har?
Engelsk og norsk. Det er gøy å læra nye språk og så
liker eg å skriva.
Kva liker du å gjere i friminutta?
Å spela fotball, og nokre gonger boksen av. Av og til
går eg berre rundt i friminutta i lag med nokon.
Kva er det første du gjer
når skulen er slutt?
Eg går heim, gjer lekser, et litt, sit med telefonen eller
ser på TV. Så er det middag.
Kjenner du nokre elevar
frå dei andre skulane?
Ja, eg kjenner Felix frå Austarheim, for han er syskenbarnet mitt. Men eg kjenner veldig mange andre også.
Kva brukar du å gjere på fritida?
Eg går på handball og drama. Så liker eg å synga og
vera med venner.
Kva vil du bli når du blir stor?
Barnevernskonsulent eller sjukepleiar.
Kvifor vil du bli det?
Som barnevernskonsulent hjelper du barn som treng
hjelp og som ikkje har det så godt heime. Som sjukepleier hjelper du folk som har skada seg og sånt.
OMTENKSOM: Ayla Fatnes Rognskog har alt gjort
seg nokre tankar om folk som ikkje har det så godt,
og ho vil gjerne velja eit yrke der ho kan hjelpe
desse menneska. (Foto: Marita Ims)
FÆRRE tilsette
BETRE mangan
BILLEG for Elkem
Det er i gode tider at ein skal
bu seg på armodet. Smelteverket har bak seg eit av sine
beste år, og prognosane seier
atåret som står for døra vert
eit gullår, det og. For Elkem.
Difor er tida inne for å effektivisera verket med tanke på
framtidige lågkonjunturar.
Og det skal gjerast frå topp
til botn, og det så det merkast.
(...) Kva er det då som skal til
for at verksleiinga skal nå det
ambisiøse målet sitt: Å heva
produktkvaliteten og samtidig
betra driftsresultatet med 63
millionar. (...) Arbeidsstokken
skal slankast gjennom naturleg
avgang. (...) Men det kostar å
spara. Verket må difor investera 60-70 millionar i tekniske
rasjonaliserings- og effektiviseringstiltak. (...).
Sauda Venstre om
papirforbruk
Sauda Venstre har sendt eit
brev til Sauda kommune der
papirforbruket i kommunen
vert teke opp. Kan papirforbruket i Sauda verte meir
ressurs- og miljøvenleg? spør
partiet.
Og Sauda Venstre meiner
ja.
(...) vurdere om kommunen
skal gå over til å bruke slikt
papir. Det er då i første rekke
eit norskprodusert miljøvenleg
papirprodukt (...).
(...) Suldal kommune har
teke i bruk dette miljøpapiret,
og er nøgd med dette.
Storsiger for
Saudajentene
Saudajentene kunne gå av
banen med storsiger 14-2
over Kopervik II i Saudahallen sundag. Jentene spelte fin
handball både i angrep og forsvar og gjestene hadde lite å
stille opp mot dette spelet.
Tone Dolmen måtte sjå
kampen frå sidelina da dispensasjonssøknaden frå reglane
om alder enno ikkje har fått
noko avgjerd.
Idrettslaget
står utan formann
Sauda idrettslag, bygdas største idrettslag, står no utan formann. Irwin Birkeland trakk
seg frå vervet på generalforsamlinga tysdag, og ingen
andre var viljuge til å ta på
seg oppgåva.
– Eg har vore formann
samanhengande i 5 år, og vil
rett og slett ha litt meir tid til
familieliv og til å dyrke andre
interesser enn laget, seier Irwin
Birkeland.