Å TENK AT DET VAR FOR MEG Å, tenk at det var for meg at Kristus

Download Report

Transcript Å TENK AT DET VAR FOR MEG Å, tenk at det var for meg at Kristus

38
Å TENK AT DET VAR FOR MEG
Å, tenk at det var for meg
at Kristus på krossen hang.
No ser eg den livsens veg, no syng eg den nye song.
Ein fallande, feilande syndetrell,
vart fødd på ny ved Guds kjærleiks eld.
Min Jesus kor kunne du
den krossvegen ganga ut.
For meg som i synd og gru såg døden som siste slutt.
Ein stakkar som var fordømd fortapt,
du har i frå døden til liv omskapt.
Å, lær meg den vegen å gå,
ja trengja meg fram med makt.
Og der innved krossen sjå den Golgata kjærleiks pakt.
I ly av krossen den pakta held,
frå livsens morgon til evig kveld.
Så stig eg då trygg og glad
dei steg som du gjev meg her.
Eg øygnar den nye stad, eg skimtar dei frelste der.
Eg lengtar å nå dit inn i havn
og ferda skal lukkast i Jesu navn.