Årsmelding 2014 - Sveio O-Lag

Download Report

Transcript Årsmelding 2014 - Sveio O-Lag

Årsmelding 2014
for
Sveio Orienteringslag
1
Dette skjedde på årsmøtet i 2014:
REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I SVEIO ORIENTERINGSLAG
Tirsdag 18. februar 2014 kl 1830 i Førde samfunnshus.
Det var 7 medlemmer til stades ved opninga av årsmøtet.
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste: Godkjent utan merknader.
Sak 2. Val av ordstyrar, skrivar og to til å underskriva møteboka:
Ordstyrar: Thomas Førde. Skrivar: Hjalmar Lokna. Til å skriva under møteboka: Kjetil Fiskå og
Karl-Inge Instefjord.
Sak 3. Årsmelding: Styret sitt framlegg godkjent utan merknader.
Sak 4. Rekneskap: Revidert av Jostein R. Ottesen, og godkjent utan merknad.
Sak 5. Innkomne saker: Ingen.
Sak 6. Årsplan: Styret sitt framlegg godkjent utan merknad, men kaffiposten er datofest til
25.mai. Finn Fram dag til 31. august og avslutning tur-o til 20. november.
Sak 7. Budsjett: Styret sitt framlegg godkjent utan merknad.
Sak 8. Val: Valnemnda sitt framlegg vart vedteke slik:
Hovudstyre:
Thomas Førde, leiar for 1 år
Kristian S Førde, kasserar for 2 år
Kjetil Fiskå, nestleiar
Hjalmar Lokna ikkje på val
Astrid Førsund ikkje på val
Geir Milford, varamedlem for 1 år
Hjørdis Kallevik, varamedlem for 1 år
Turorienteringsutvalet:
Thomas Førde, leiar, for 1 år
Olaug Fagerland, for 1 år
Astrid Førsund, for 2 år
Leif Grutle, ikkje på val
Karl-Inge Instefjord, for 2 år
Øystein Opedal, ikkje på val
Anne Lise Skjerping, ikkje på val
2
Styret har representert laget i følgjande møte gjennom fjorårssesongen:
Kjeil Fiskå og Thomas Førde deltok under Rogaland O-krets sitt årsmøte i februar. Laget har vore
representert med Kjetil Fiskå i valkomiteen til Rogaland O-krets. Thomas Førde var SOL sin utsending
under årsmøtet i Sveio Idrettsråd i mars. Thomas representerte dessutan laget under
terminlistemøte for klubbane i Nord Rogaland i januar i 2014. Astrid Førsund og Karl Inge Instefjord
deltok som SOL sine utsendingar til årsmøtet i Førde Samfunnshus.
Sveio O-lag fekk ekstra stor merksemd då Thomas Førde i juni blei tildelt Sveio kommune sin
kulturpris for mangeårig innsats for Sveio O-lag og for o-sporten i distriktet.
Medlemstalet i Sveio O-lag var per 31.12.2014: 75 betalande medlemmer mot 76 eit år tidlegare.
Kartarbeid
Det hittil siste store nye løftet på kart-fronten har vore o-kartet over Ryvarden-marka. Kartet har
etter lanseringa under VM i 2013, blitt flittig brukt både til turorientering og til
konkurranseorientering. Kartet kan brukast minst like flittig i dei næraste sesongane ettersom kartet
dekker eit stort og variert terreng.
Det arbeidet som står att i dette prosjektet er å laga og senda inn endeleg rekneskap til
fylkeskommunen som forvaltar spelemidlane. Me har fått tilsagn om spelemidlar som skal dekka
halve investeringa i kartprosjektet. Men fylkeskommunen held att litt pengar til rekneskap er sendt
inn og godkjent.
Denne rekneskapen må først innom Sveio kommune ettersom kommunerevisor skal godkjenna det.
Det same gjeld rekneskapet som skal utgjera grunnlaget for søknaden om refusjon av våre utlegg til
meirverdiavgift i dette prosjektet.
Får me alt dette i orden kan det bli nye innbetalingar på vår bankkonto.
Då Sveio kommune i haust reviderte sin plan for bygging av idrettsanlegg og samtidig laga grunnlaget
for prioriteringsliste for framtidige anlegg som skal kunne få spelemidlar, spelte me inn nokre
aktuelle kart-prosjekt, som kan få status som nærmiljøanlegg og dermed koma inn på rett
prioriteringsliste: Våre framlegg var: Sveio sentrum, Valevåg, Førde, Lauvneset-Austvik og
Moldbrekke, Haukås.
Eigne arrangement
Konkurranseorientering
Nærløp 1
Tysdag 27. mai inviterte Sveio O-lag til nær-o-løp for Sunnhordland og Nord Rogaland. Parkering for
deltakarane var lagt til plassen ved tidlegare Vandaskog skule og starten gjekk på andre sida av
bekken i høve til skuleplassen.
Me kunne tilby fem ulike løyper. Kjetil Fiskå og Thomas Førde var løypeleggarar og hadde ansvar for
arrangementet, som samla gledeleg mange deltakarar, til saman nær 80, i vakkert førsommarver.
Nærløp 2
3
Heilt på tampen av fjorårssesongen, 23. september, inviterte SOL til nær-o-løp på Tittelsnes med
start, mål og parkering på Festningen. Løparane kunne velja mellom tre ulike løypar, som var laga av
Kjetil Fiskå og Thomas Førde. Det viste seg at sesongen allerede var avslutta i Sunnhordland slik at
nokre av dei ivrigaste o-løparane derifrå deltok saman med løparar frå Nord Rogaland. Til saman 40
deltakarar stilte til start i dei relativt korte men krevjande løypene. Haustmørket var i ferd med å siga
på før dei siste løparane kom i mål.
Bedrifts o-løp
Sveio O-lag sine to løypeleggarar, Kjetil Fiskå og Thomas Førde, tok på seg arbeidet med å laga to
ulike løyper for bedrifts-o-løpet som ble halde 12. juni. Start og mål var lagt til Vandaskog, tvers over
for den tidlegare skuleplassen. 36 deltakarar stilte til start.
Deltaking i andre arrangement
Vestlandsmeisterskapet på Stord 24. og 25. august
Sveio O-lag stilte med deltakarar både i den individuelle konkurransen laurdag og i stafetten søndag.
Laurdag hadde SOL 4 deltakarar (Astrid, Kristian, Bjørnar og Thomas).
Søndag stilte Sveio OL med lag i eit stafettmeisterskap for første gong på mange år. Laget som var
samansett av Kjetil Fiskå, Bjørnar S. Førde og Kristian S. Førde oppnådde ein gledeleg 5. plass i klasse
Mix/open. 13 lag deltok i denne klassa.
d
4
Fem dagars orientering i Sverige
For 50. år på rad blei femdagars o-løpet, O-ringen, arrangert i Sverige. SOL sendte fem deltakarar
(Astrid, Sunniva, Kristian, Bjørnar og Thomas) til denne jubileumstevlinga, som gjekk føre seg i varmt
og fint sommarver i idyllisk landskap i Skåne/Blekinge med byen Kristianstad som sentrum. Ei flott
oppleving for alle dei meir enn 20 000 som deltok.
Andre løp:
Me har og hatt løparar som deltok i nærløp på Haugalandet og på Nord Jæren.
5
Rekruttering/marknadsføring
Den årlege Storbasaren til inntekt for Førde Samfunnshus blei halden søndag 21. september i flott
haustver med Sveio O-lag som viktig bidragsytar.
Sveio O-lag rigga seg til utanfor samfunnshuset med speed-orientering. Ei kort løype blei laga i
skogkanten med sju åtte posteiningar som deltakarane måtte innom med tidtakarbrikka si for å få
godkjent sluttid.
30 unge ivrige løparar stilte til start. Dei fleste gjennomførte løypa mange gonger i forsøk på å nå
bestetida i tevlinga eller for å slå si eiga bestetid.
Tre premiar blei trekt ut mellom ale deltakarane.
Turorientering
I 2014-sesongen kunne me mellom anna tilby tur-o-postar nord for Festninga på Tittelsnes. Litt
lenger sør kunne deltakarane parkera bilen ved Kleivo grendahus og derifrå gå ein flott tur opp i
høgda og følgja ein annan sti ned att i den bratte lia til Einstabøvoll.
Ved Førde kunne tur-o-folket boltra seg i terrenget sørover langs Joavatn i retning mot Liervatn og
austover rundt Børshovda. Denne sesongen var her sett ut 12 postar, som kunne nåast med start frå
Ålfjordvegen og Liervegen.
Tre postar kunne besøkjast i terrenget mellom Solheimshaugen og Førde Samfunnshus.
I marka rundt Slettafjell ved Auklandshamn var lagt ut 10 postar som kunne besøkjast på ein fin
rundtur langs tydelege stiar.
Laget sitt nyaste kart, Ryvarden-marka, blei i 2014-sesongen tatt i bruk for første gong i heilt ferdig
versjon. Dette blei godt utnytta med 15 postar i det opne turterrenget i nærleiken av stien som er
merka mellom Ryvarden fyr og Lyngholmen.
Start og slutt:
Startskotet for årets tur-o-sesong gjekk søndag 30. mars. Alle dei 50 postane var merka med sirkel på
kartet. Alle desse 50 postane stod ute og klar til å ta imot besøk utan pause heilt fram til 26. oktober.
Postkasse og premie:
To postkassar var sette ut i terrenget fordelt på to av dei 50 postane. Her er det høve til å skriva
namnet sitt i ei bok og vera med på trekning av premiar.
6
Kaffipost blei halden søndag 25. mai i skråninga ned mot eit idyllisk vatn nær turstien frå Lyngholm til
Ryvarden fyr.
Der blei servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mot slutten av opningstida, som var mellom kl. 12
og kl. 15, blei det trekt ut premie blant deltakarane. Vinnar blei: Inghild Valen Lie
Foto-orientering:
Gjennom heile sesongen kunne hadde Sveio O-lag tilbod om Foto-orientering i Førde og i Sveio
sentrum. Dette har vore eit populært tiltak. Svært mange sende inn svar på rebusoppgåva frå
postane. Alle dei innsendte svara var med i trekkinga om premiar ved sesongslutt.
Kulturminnepostar:
Ved einskilde av tur-o-postane blei det sett opp info-tavler om aktuelle kulturminne på staden. Desse
tekstane frå oppslagstavlene låg også på O-laget sine heimesider.
Tur-o på nett:
Heile tur-o-tilbodet til Sveio O-lag har gjennom sesongen vore presentert på Norges
Orienteringsforbund sine nettsider www.turorientering.no. Her kunne kvart enkelt kart med
innteikna postar lastast ned og skrivast ut. På nettsidene kan også våre tur-o-deltakarar registrera
seg og leggja inn sine besøk på dei ulike postane. For denne tilrettelegginga blei laget premiert med
kr. 10 000 frå NOF. Gledeleg nytt denne sesongen var at me faktisk har selt tur-o-pakkar via denne
nettsida.
Sal og marknadsføring:
Salet av Tur-o-konvoluttar blei bra i 2014-sesongen. Me hadde rett nok ein nedgang frå året før, men
det kan forklarast med at storkunden i fjor, Aibel sitt bedriftsidrettslag, diverre ikkje kjøpte
konvoluttane våre i 2014. Likevel selde me totalt 158 (187) konvoluttar, 106 (132) familiepakkar og
52 (55) Nærtrim /Barnas Tur-o.
Utsalsstadene våre denne sesongen var Haukås bensinstasjon, Servicetorget i Sveio kommunehus og
hos Førde dagligvare. Etter påske la me også nokre konvoluttar ut for sal ved daglegvarebutikkane i
Auklandshamn og i Valevåg.
7
I tillegg blei det også i år selt mange konvoluttar direkte til bedrifter.
Sterk innsats frå medlemmer i tur-o-utvalet når det gjeld sal av sponsorannonsar er dessutan ein
viktig del av både marknadsføring og økonomiarbeidet i tur-o-tiltaket vårt. I tillegg har me annonsert
tilbodet i Vestavind og i Haugesunds Avis. Her har me og hatt god hjelp frå bedrifter som har sponsa
oss. Men den aller beste marknadsføringa av tur-o-tilbodet er når medlemmer, tillitsvalde og
brukarar framsnakkar tilbodet vårt.
Finn Fram dagen
I eit strålande ver i ein vakker park og i eit idyllisk kulturlandskap samla Sveio O-lag 200 friluftsfolk i
alle aldrar til ein avstressande og inspirerande Finn Fram dag søndag 31. august.
Bua-speidarane, Førde-speidarane, Sveio Turlag og Sveio Skyttarlag bidrog sterkt kvar på sitt vis til å
skapa aktivitetar og attraksjonar langs ei rundløype.
Løypa gjekk frå Prestabryggjo i Førde til øvst i Rex garden i Lauvneset. Langs løypa hadde O-laget
plassert ut seks o-postar med o-tekniske oppgåver. På dei same postane hadde dei ulike
organisajonane kvar sine aktivitetstilbod.
Bålbrenning og padling
Speidarane arrangerte mellom anna bålbrenning og kano-padling. Padlinga skjedde både i elva og i
sjøen.
Turlaget arrangerte quiz som blei særs populært. I quizen var spørsmål fakta i Sveio og elles på
Haugalandet.
Populær var også Skyttarlag sin skytekonkurranse, der mange av dei yngste fekk høve til prøva
luftgever for første gongen.
Speed-orientering
Sveio O-lag hadde tilbod om speed-orientering som appellerer sterkt til dei yngste som vil testa sine
sprinteigenskapar gong på gong, for å kunne slå si eiga bestetid.
Dessutan hadde Sveio O-lag særsettertrakta tilbod om sal av pølser, kaker saft og kaffi.
Alle deltakarar under Finn Fram dagen ble registrerte. Bant dei registrerte blei Ellen Tveit trekt ut
som vinnar av deltakarpremien..
8
Alle som deltok i rundløypa med o-tekniske spørsmål og oppgaver fekk kvar sin deltakarpremie, eit
samanleggbart sitjeunderlag.
Nærtrim/Barnas Tur-o
20 postar i Barnas Tur-o/Nærtrim vart i 2014 veldig godt etterspurt. Dei 20 postane i denne tur-opakka var fordelte med like mange (5 stk) på fire ulike område. Festninga ved Tittelsens, i terrenget
sør for Førde skule, ved Auklandshamn skule og langs turstiar frå Fjellstad i retning Åse ved Sveio
sentrum. Alle desse områda er lett tilgjengeleg tur- og opplevingsområde som eignar seg for heile
familien.
Gullrush etter årets tur-o-sesong
To jubilantar etter årets sesong, Endre Hetlesæter vann plakett etter 10 år med gullmerke medan Ole
Daniel Eidsvåg har vunne gullmerke 20 år på rad.
9
Det blei nærast kø på podiet då gullmerke og plakettar blei delt ut under Sveio O-lags årsavslutning.
Meir enn 50 gullmerke blei delt ut. Men dei aller gjevaste heidersteikna gjekk til Ole Daniel Eidsvåg
og Endre Hetlesæter som etter årets sesong kunne feira kvar sitt jubileum. Ole Daniel kunne motta
plakett etter å ha gjennomført 20 sesongar med gullmerke (besøk på 50 postar). Trass i sin unge
alder kunne Endre ta imot plakett for sitt 10.år med gullmerke.
Under Sveio O-lags årsfest for turorientering viste Endre Hetlesæter si ferske 4 H oppgåve. Endre
hadde valt turorientering som tema og kunne presentera bilde frå alle dei 52 postane hadde vore
innom i løpet av sesongen.
Tidlegare på kvelden viste Morten Kristiansen fram sine eigne bilde som var henta frå naturens eigen
kunstferdige uttrykk.
Etter matøkt og utlodding blei det dessutan delt ut heider til dei mange yngre som hadde deltatt i
Barnas turorientering og foto-orientering. Dei som ikkje nådde heilt fram til merke av edel valør blei
likevel med i trekkinga om flotte premiar blant alle registrete deltakarar.
Tre flinke vinnarar av gullmerke blant dei yngste: Frå venstre: Trym Spilde, Odd Mikkel Sandaker og
Sofie Hansen.
Gullvinnarar med 50 poeng var Olaug Fagerland, Ingvar Fagerland, Oddbjørn Valen og Ingvar Nymark.
10
Gullmerkevinnarane som oppnådde 51 poeng kvar i 2014.
Gullmerkevinnarane med 52 poeng.
Utstyr
Løpsdrakter blei produserte av Trimtex i 2010 etter vårt design og blei selde til medlemmene for kr.
300 (for vaksne ) og kr. 200 for medlemmer under 17 år. Me har framleis nokre drakter på lager.
Overtrekkdressar:
Det ligg også nokre overtrekksdressar på lager etter fornyinga i 2009.
11
T-skjorter:
I samband med at SOL arrangerte DM Vest og at me tok i bruk nytt kart markerte me desse
storhendingane gjennom å spandera på oss nye T-skjorter med påtrykt klubblogo. T-skjortene blei
tatt i bruk til alle funksjonærane under DM-Vest. Me har mange igjen på lager ettersom me kjøpte
100. stk.
Telt:
Det første tunnel-teltet blei kjøpt inn i Sverige i 2005. Røynslene med denne typen telt er gode. Me
har difor kjøpt inn eit liknande telt, denne gongen i gult med påtrykt klubbnamnet vårt. Dette
innkjøpet er i første rekke gjort med tanke på gjennomføringa av eigne arrangement.
Klubbfana:
For første gong skaffa klubben seg lagsfane eller klubbflag i 2010. Dette flaget i grønt med Sveio Olags logo på pluss klubbnamn og teksten: ”Me gjere det i skogen”, blei produsert hos eit svensk firma.
Flaget er blitt nytta under eigne arrangement og når løparar frå klubben deltar i o-løp i inn- eller
utland.
Premie-/gavekrus med klubblogo og namn:
Me har i lengre tid drøfta trongen for gåveartiklar og premiar med klubblogoen på. I 2010 blei det
laga eit nytt krus med påtrykt klubblogo, klubben sitt namn og teksten: ”Me gjere det i skogen”. Me
har investert i eit rikeleg lager av slike som me i fleire år kan spreia med glede til dei som fortener
det. Storparten av desse premiane blei delte ut under to-dagars DM Vest på Vandaskog.
Skulebrikker:
Til elektronisk tidtaking i enkle stemne utan bruk av PC har SOL nå to klassesett med ekt-brikker.
Mange av desse ser diverre ut til å ha mista energien og er blitt inaktive og kan dermed ikkje brukast
meir.
Konkurransebrikker:
SOL disponerar ca 20 EKT-brikker.
Fingerkompass:
Klassesett med enkle fingerkompass fekk me frå Gildefondet.
Vanlege kompass:
Eit klassesett
12
Kart:
Ryvarden-marka
1: 10 000
5 m ekv. Ferdig 2013
Tittelsnes Festningen
1: 10000
Årstal ferdig 2009/10
Valestrand skule
1: 2000
2009/10
Einstadbøvoll
1: 10 000
2009/10
Einstadbøvoll 2
1: 5000
2009/10
Auklandshamn
1:10 000
2004
Auklandshamn skule
1: 5000
2004
Slettene
1: 5000
2004
Førde
1:10 000
1998
Førde nærkart
1: 10 000
2003
Førde nærkart
1: 5 000
2003
Førde Prestabryggjo
1: 5000
2006
Lier
1: 10 000
2006
Førde skulekart
1: 2000
2006
Auklandshamn skulekart
1: 2000
2006
Valestrand
1: 15 000
1973
Kart/løypeteikningsprogrammet:
OCAD 11
Følgjande postutstyr er på lager i klubben si eiga:
( Laget gjorde monaleg omfattande investeringar i postutstyr til DM Vest) Ca 100 postskjermar i bra
stand.
Dertil hadde laget ved årsskiftet EKT postutstyr til alle postar med kodenr. frå og med 100 til og med
176. I tillegg har åtte startpostar (Null-postar) og dobbelt sett av postane 100, 110, 120 og 130., pluss
post nr. 97.
Tidtakarutstyr:
MTR2 med printer og pc-kabel, MTR3 med EPR-3(printer) og pc-kabel 2x MTR4 med 1 EPR-3(printer)
og pc-kabel(USB) 250-avlesar og USB-avlesar. Lisens til tidtakarprogrammet E-timing
Sveio O-lag på nettet
www.sveiool.org
13
www.facebook.com/sveiool
Kristian S. Førde har utvikla og vedlikeheld laget sine nettsider. Her prøver me å leggja ut aktuell
informasjon rundt ulike arrangement og hendingar. Me har sikra oss server-plass, som opnar
mulegheiter for frodig bruk av bilde og for resultatlister frå eigne arrangement og frå andre
arrangement somme har deltakarar i, blir lagt ut på heimesidene våre. Nett-ansvarleg Kristian. Han er
og IKT-ansvarleg under laget sine arrangement.
14