Farvel til Røttingsnes skulekrins

Download Report

Transcript Farvel til Røttingsnes skulekrins

Her er dei som møtte på skuletreffet 24. juni 2013. Frå venstre: Anders Røttingsnes , Lars Sæther,
Ingrid Bølset Johannessen, Ellen Bølset, Paula Meisingset Åsgård, Ragnhild Bølset Gjøvikli, Åsta
Sæther Østebø, Østebø, Torolv Løset, Ivar Bølset, Vigdis Røskarhaug, Magnar Bergheim og Erna
Havdal Røskarhaug.
Farvel til Røttingsnes skulekrins
Av Torolv Løset
Det er 63 år sia Røttingsnes skulekrins vart lagt ned i 1950. Mange
andre små krinsar lei same skjebne den tida. Eigentleg var det eit tidsskille og ein liten kulturrevolusjon. Før måtte alle barna koma seg til
skulen ved eiga hjelp, sjølv om det var fleire kilometer veg dit. No vart
det berre å gå på vegkanten og sette seg i ein bil eller buss.
Vår krins vart slegen saman med Hanem krins, og køyrt til Hanem
skule. I mi tid på skulen var det opp mot 10 elevar, men kring 1900,
har vi eit bilde som viser 21 elevar, da måtte det vere folksamt på
stranda her. Det var alltid berre ein samla klasse for alle elevane på
Røttingsnesskulen.