5 Treteknikk - Bokas nettressurs

Download Report

Transcript 5 Treteknikk - Bokas nettressurs

5 Treteknikk
Foto:Treteknisk
Treteknikk omfattar trelastfaget, limtrefaget og trevare- og bygginnreiingsfaget. Dette er fag der
vi tilarbeider tre. Dei tek for seg det å kunne byggje og innreie bygningar på ulike måtar. God
kunnskap om tre som materiale er viktig for å kunne ta val om overflater, styrke og motstandsevne. Kundane må kjenne seg trygge for at desse vala er tekne av ein person med nok kunnskap.
Gjennom opplæring i desse faga kan vi tileigne oss kunnskap der vi blir i stand til å ta viktige og
rette val. Samtidig blir det stilt kvalitetskrav til tilarbeidinga av tre og til sjølve sluttproduktet.
Denne seksjonen tek til med ein fellesdel om skogen som råstoff, materialkunnskap, måleverktøy,
handverktøy, maskinar og festemiddel. Deretter presenterer vi kvart enkelt fag.
Tre fag med mykje felles
Mange bedrifter i Noreg baserer produksjonen sin på tre som
råstoff, og til saman har dei ca. 13 000 tilsette. I tillegg er mange
sysselsette i bedrifter som produserer andre materiale og produkt
som blir nytta i bransjen. Ein god del har også arbeidet sitt
i samband med transport og sal knytt til treteknikkbransjen. Nokre
bedrifter er små, kanskje berre med éin tilsett, medan andre er store
med fleire hundre tilsette.
Først skal vi presentere noko fellesstoff som materialkunnskap,
måleverktøy, maskinar og handverktøy. Trevirke er råvare i alle
trefag, og tilarbeidinga byggjer på felles prinsipp med sagblad,
fresarar og kuttarar. Ein del av dei generelle tilhøva er alt omtala
i den innleiande delen av boka. Det som er spesielt for treteknikk,
blir presentert i dette kapitlet ved sida av eit innblikk i særpreg for
kvart fag. Faga er elles omtala i den rekkjefølgja dei har i verdikjeda.
Verdikjeda i treteknikkfaga
Skogen som råstoff
Noreg er i ein gunstig situasjon når det gjeld tømmerråstoff frå
skogen. Det har skapt ein kultur og tradisjon for tilarbeiding av
tømmer til plank og skurlast, og ikkje minst vidareforedling til
komponentar og varer som blir nytta i norske bygningar og heime
hjå oss alle. Alt trevirke kjem frå skogen, og du lærer i dei neste
delkapitla meir om ulike tilarbeidingssteg frå tømmer og fram til
ferdige produkt.
Moderne skogsdrift med maskinar.
Foto: Skogeieren
Visste du at 39 % av Noreg er dekt med
skog? Då blir det mykje tømmer! Tilveksten
per år er 20 millionar kubikkmeter. Gran er
mest utbreidd og står for heile 55 % av
tilveksten, medan lauvtrea står for 20 %.
Furu utgjer 25 %.
Yrkeslære n 5 Treteknikk
267
Moderne, miljøvenlege bedrifter
Produksjon av skurlast, limtre og trevarer er miljøvenleg og lite
belastande for det ytre miljøet. Det kan finnast noko utslepp av støv,
gass og restar frå liming og lakkering, men i dag er det svært strenge
reglar for behandling og deponering av avfall. Som i all annan
industri krev også bedriftene i treteknikk at vi tek nok omsyn til
personleg tryggleik for at det indre miljøet skal bli godt og triveleg.
Mot støy bruker vi høyrselsvern, og der det er mykje støv, blir det
nytta støvmaske. Rett arbeidsteknikk er også viktig for å motverke
belastningsskadar.
Bransjen arbeider i ein konkurranseutsett marknad, og for å kunne
greie seg og vekse har bedriftene teke i bruk moderne produksjons­
metodar. Mykje av produksjonen er i dag automatisert. Utviklinga
i informasjonsteknologien gjer det mogeleg med automatisk omstil­
ling av verktøy og styring av heile produksjonslinjer. På den måten
kan verktøyet raskt stillast om slik at små seriar, ja endåtil produk­
sjonen av éi og éi eining, kan gjerast lønsam.
HMS
Ansvar for tryggleiken på arbeidsplassen
omfattar både arbeidsgivar og arbeidstakar.
Høyrselsvern og støvmaske er viktig når du
arbeider med trevirke. Og rette arbeidsteknikkar gjer arbeidet lettare og skaper ein
triveleg arbeidsplass.
Materialkunnskap
Skogen har alltid vore ein viktig ressurs for menneska. Han har
gjennom tidene gitt oss både mat og viktige råstoff. Arkeologiske
utgravingar viser at trevirket vart brukt til våpen, møblar, hus­­
bygging, reiskapar og båtar. Trevirket er enkelt å få tak i og lett
å arbeide med. Sagbruka lagar plank og bord av tømmeret, som er
råstoffet for høvellast-, limtre-, trevare- og innreiingsproduksjonen.
Difor ønskjer bransjen å verne skogen og sikre framtidig tilgang på
tømmer, både frå våre eigne skogar og frå resten av verda som gir
oss andre tresortar.
Treet og fotosyntese
Eit tre har rot, stamme og krone. Rota sørgjer for vasstilgang og er
festet for treet til jorda. Stamma er sambandet mellom rota og krona
og den delen av treet vi nyttar til materiale. Krona med greiner, blad
eller nåler tek opp karbondioksid (CO2) og produserer byggjestoff
til treet og rota.
Vatn og mineral
Solenergi
+ CO2
+ Vatn
Trevirke
med bunde karbon
Fotosyntesen
268
Yrkeslære n 5 Treteknikk
+ O2
Å ta vare på skogen er viktig for å ta vare på miljøet. Fotosyntesen
gjer at trea tek opp CO2 frå lufta når dei veks. Karbonet (C) blir brukt
som byggjestoff i trea og bind seg dermed i trevirket. Oksygenet (O2)
blir sleppt ut i lufta igjen. Når treet har bunde eitt kilo karbon, har
det teke opp 3,7 kg CO2 frå lufta. Produksjon av éin kubikkmeter
tømmer (m/greiner osv.) svarer til CO2-utsleppet med bruk av
ca. 640 liter bensin i ein bilmotor. Treet som veks, blir dermed ei
viktig kjelde til fornying av atmosfæren. I tillegg hindrar det erosjon.
Alle tre har rot, stamme og krone. Storleiken og fasongen på treet tilpassar seg staden det veks på.
Trestamma
Dei vanlegaste treslaga i våre fag, nåletrea gran og furu, utgjer
omtrent 80 % av skogarealet i Noreg. Det blir også nytta ein del
lauvtresortar som bjørk, bøk, eik og lønn. Trevirket er bygd opp av
langstrekte celler eller fibrar. Celleveggene inneheld tynne og sterke
cellulosefibrar og lignin. Cellulose er sjølve trestoffet, medan lignin
limar dette saman. Vårcellene har tynne cellevegger, medan det er
dei cellene som blir laga utover sommaren, som får tjukkare celle­
vegger. Det gjer at vi får tydelege årringar, med ein lys og laus ring
av celler som blir laga om våren, og ein mørkare og fastare ring som
blir laga utover sommaren.
Årringane lagar mønster i trevirket.
Yrkeslære n 5 Treteknikk
269
Dersom nåletre veks raskt, blir det mykje laus vårved. Trevirket blir
då lettare og får mindre styrke. Dersom det veks saktare, får virket
ein større del av celler med tjukke vegger. Ei årringsbreidd på
2–2,5 mm gir gode materiale. Årringane lagar mønster i trevirket,
og mønsteret varierer alt etter snittet vi skjer i treoverflata. I tillegg
gir kvister og andre forstyrringar i veden endring i årringsmønsteret.
Dersom materiala blir skorne slik at årringane er mest mogeleg paral­
lelle med overflata, har vi flaskved. Det gir breie årringar i overflata,
ofte med eit pyramidemønster. Dersom årringane står tilnærma vinkel­­
rett på overflata, har vi kantved. Det gir smale årringar i overflata og
eit stripete mønster. Overflata på kantved gir større slitestyrke, for det
er dei lause vårvedcellene som først blir slitne vekk. Det ser vi spesielt
godt på gamle trekvite golv. I overflata er laus ved sliten vekk, og
hardare delar av veden står igjen som små toppar.
Flaskved og kantved
Kantved er bord som er skore slik at
årringane står på høgkant. I flaskved ligg
årringane når vi ser bordet i tverrsnitt. Kantskoren ved er sterkare enn flaskskoren og
mindre utsett for formendring ved krymping
og svelling når fukta endrar seg.
Når vi har flaskved i materiala, er det vanlegvis mergsida (den sida
som vender inn mot mergen) som blir brukt som synleg side i ferdige
produkt, til dømes panel og golvbord med heile materialbreidder.
Det blir gjort fordi denne sida er mindre utsett for sprekkar og
liknande. I trelastbransjen kallar ein mergsida ofte framsida, medan
ho i snikkarfaga blir kalla rettsida.
Rett og vrangt
Trelastfolk og snikkarar har litt ulike namn på flatsidene av bord
og plankar. Trelastfolk bruker gjerne framside og bakside om det
snikkarar kallar rettside og vrangside. Så lenge begge partar held
fast ved at det er mergsida som skal ha nemninga framside eller
rettside, er det greitt.
Kva er kva i ei stamme
På dette gamle golvet ser vi tydeleg årringane
og kva som er hard og mjuk ved.
Foto:Treteknisk
270
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Midt i stamma har vi ei mørk stripe, mergen, som er restar etter det
som ein gong var toppskotet på treet. Det synlege ytste laget på treet
er borken (ytterborken). Han skal verne dei levande cellene innanfor
som utgjer basten, ofte kalla innerbork. Basten har levande celler
som transporterer byggjestoffa frå krona. Mellom basten og veden
har vi eit vekstlag med meir eller mindre tjuktflytande veske, sevja,
også kalla kambiet. Her blir det laga nye vedceller innover og bast­
celler utover. Vedcellene legg seg som nye lag utanpå stamma, og
dette gjer at treet veks.
Kambium
Sjølve veden er fast og er det vi nyttar til materiale.
Den inste delen av veden er døde celler som ikkje
lenger har evne til å transportere vatn. Det blir kalla
kjerneved eller malmved. Han får ein mørkare farge
hjå furu fordi furuveden har store mengder harpiks,
noko som også gjer kjerneveden motstandsdyktig mot
rotesopp og insekt. Dei ytste årringane blir kalla yteved
eller splint.
Bast
Bork
Kjerne
Yte
Sukkerløysning
I yteveden blir vatn transportert frå rota og opp til
krona og fotosyntesen, deretter siv sevja nedover
i bastlaget og fordelar seg rundt veden. Frå dette
sevjelaget veks treet i tjukn. Lengdetilveksten både
i stamme og greiner skjer frå ende- og sideknoppane
som blir laga ved avslutninga av kvar vekstsesong.
Vatn
Mergstråle
Tverrsnitt av ei stamme
Krymping, svelling og trefukt
Alle bedrifter som nyttar trevirke i produksjonen, treng kunnskap
om ulike materialkvalitetar. Spesielt må ein vite korleis fukt
påverkar trevirket. Kjem trefukta under fibermettingspunktet, som
er ca. 30 %, krympar trevirket når materiala tørkar og utvidar seg
når det trekkjer til seg fukt. Trevirket tilpassar seg heile tida til den
relative luftfukta. Vi seier at det er hygroskopisk. I vanleg norsk
inneklima varierer trefukta med ca. 5 %, tørrast i februar og
fuktigast om hausten. Trevirke til innebruk bør innehalde ca. 8 %
trefukt, og til ytterdører og vindauge bør fukta vere ca. 12 %.
I friluft ute er trefukta som regel rundt 15 %.
Korleis trevirket endrar form
Trevirket krympar omtrent dobbelt så mykje langs årringane som
på tvers av dei. Det gjer at materiala endrar form. Materiale med
flaskved, til dømes panel, kuvar når dei tørkar, medan materiale
med kantved er meir stabile. Materialkvaliteten er avhengig av kva
produkt materiala skal brukast
i. Somme stader er det viktig
med styrke, andre stader er
utsjånaden avgjerande. I somme
tilfelle vel vi eit materiale som er
mest mogeleg stabilt når fukta
endrar seg.
ca. 8 %
ca. 4 %
ca. 0,3 %
Krymping og svelling av trevirke. Som vi ser av
figuren, krympar treet mest langs omkrinsen.
Fibermettingpunktet når treet når trevirket
er så fuktig at det ikkje kan ta opp meir
bunde vatn i fiberveggene. Ved 20 °C er
fibermettingspunktet for gran og furu ca.
28 %. Vatn i fiberveggen (celleveggen) blir
kalla bunde vatn. Vatn i celleholrommet
kallar vi fritt vatn. Når vi seier at eit stoff er
hygroskopisk, viser det evna til å gi frå seg
fukt og til å trekkje fukta til seg frå omgivnadene, slik at fukta i stoffet er i balanse med
fukta i lufta omkring.
At trevirke kuvar seg, vil seie at det kvelver
eller bøyer seg.
Figuren viser korleis materiala endrar form når
dei blir tørka.
Yrkeslære n 5 Treteknikk
271
Å ta vare på materiale og utstyr
For å få mest mogeleg ut av materiala vi kjøper, må vi ta vare på dei,
og vi bør kappe og forbruke dei på ein økonomisk måte. Noko av
det vi kjøper inn, har avgrensa haldevne, eller det må lagrast
i bestemte omgivnader. Lim har ofte avgrensa haldevne, og herdar
kan til dømes leverast i pulverform. Vi må lese bruksrettleiinga slik
at vi lagrar materiale utan å forkorte haldevna, til dømes ved for
høg temperatur. Herdar i pulverform kan bli øydelagd dersom han
blir lagra fuktig.
Når vi talar om å ta vare på utstyr, må vi vite
å bruke det og korleis førebyggjande og
dagleg vedlikehald skal gjerast. Det å ta vare
på materiale og utstyr er i stor grad avhengig
av holdningane våre til det vi har rundt oss,
til arbeidsplassen og til miljøet. Dersom vi
forbruker meir ressursar enn nødvendig, er
det ei ekstra belastning for miljøet, samtidig
som det gir arbeidsplassen større
kostnader.
Nyhogd tømmer inneheld mykje fukt. Når vi lagrar det, må vi halde
det fuktig, så det ikkje tørkar ut og sprekk eller blir utsett for insektog soppskadar. Etter at plankar og bord er oppskorne, skal
materiala stablast med strø (lister) mellom kvart lag for å få lufting.
Slik kan materiala tørke til under 20 % trefukt, og vi unngår til
dømes sopp som kan gi blåved. Har vi nådd den fukta vi ønskjer,
må vi sørgje for å halde ho ved like når trevirket blir lagra ute under
tak. I friluft held materialfukta seg oftast på 15–18 %, men
materiala må ha god lufting under for å lufte vekk fukta frå bakken.
Utan omsyn til lagringsmåte må vi ha eit stabilt og jamt underlag for
å hindre at materiala vrir seg.
Saget eller høvla trevirke med ei viss fukt krympar og kuvar seg
dersom det tørkar ytterlegare når det blir lagra. Materiala svell og
kuvar seg motsett veg dersom dei blir lagra i for fuktig luft. Fukta
i virket innstiller seg med ei likevekstfukt i forhold til lufta omkring.
På ein verkstad bør vi kontrollere og styre klima, temperatur og
luftfukt slik at materiala held på den fukta vi ønskjer dei skal ha,
gjennom heile produksjonsprosessen. For at materiala og produkta
skal halde på rett fukt når dei blir lagra og transporterte, kan det
vere nødvendig å pakke dei inn i plast.
Truck med strølagd pakke.
Foto:Treteknisk
272
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Ferdige produkt kan vere pakka i plast for å halde på rett trefukt.
Foto: Olav Sunde
Måleverktøy
Utan måleverktøy, ingen treteknikk! Når vi arbeider med trevirke,
har vi heile tida å gjere med breidder og tjukner, lengder og vinklar,
og dei må alltid stemme, alltid vere heilt nøyaktige! Ei skeiv vind­
augsramme, ei dør som er for brei, ein bjelke som ikkje er lang nok,
og lamellen som er for tynn, slik kan ingen arbeide. Vi skal sjå på
måleverktøy ein treng i den moderne tretek­
nikkbransjen, frå enkle meterstokkar til digitale
skyvelære, vinklar og måle- og risseverktøy.
Den gamle norske tommen var lengre enn
den engelske. Det blir sagt at det var fordi vi
eksporterte mykje trevirke til England og
Europa. På den lange transporten med båt
tørka trevirket. Dermed krympa det også.
Men når vi målte med ein tomme som var
litt større enn den kjøparen brukte, hadde
materiala likevel rett dimensjon når dei kom
fram. Nokså smart, ikkje sant?
Ulike måleiningar
Enkelt måleverktøy har vore kjent og brukt
lenge. Vi måler tinga rundt oss og samanliknar
med kjende, fastlagde storleikar. Måleiningar
som fot og tomme er brukte i USA og England,
medan famn og alen vart brukte i Noreg
tidlegare. I dag bruker vi meter som måleining,
men fot og tomme blir også brukte fordi vi
kjøper og sel varer til dømes til USA og
England. Difor bør vi også kunne bruke desse
måla:
Gamle norske mål:
1 famn = 3 alen = 188,25 cm
1 alen = 2 norske fot = 62,75 cm
1 norsk fot = 12 norske tommar = 31,37 cm
1 norsk tomme = 26,2 mm
• 1 fot (’) = 12 tommar(”)
• 1 tomme (engelsk) = 25,4 mm
Alenmål
Yrkeslære n 5 Treteknikk
273
Faste og avlesbare måleverktøy
I treteknikkfaga blir det i somme tilfelle brukt faste måleverktøy.
Dei har berre éi lengd. Men som oftast bruker vi verktøy som har ei
inndeling i måleiningar. Dei må vi lese av, og for at målinga skal ha
nokon verdi, må avlesinga også vere heilt nøyaktig. For å kunne
gjere rette målingar må vi kjenne måleutstyret og kva avgrensingar
det har. Vi må også kjenne til kor tidkrevjande nøyaktig målearbeid
er, og kor viktig målgrannsemda er i produksjonen der vi arbeider.
Toleransegrenser – om grannsemd
Toleransegrense er det avviket frå eit gitt mål
eller ei gitt mengd som kan godtakast utan
at det går ut over produktkvaliteten. Toleransegrensa er oppgitt i anten direkte mål
eller i prosent.
Industrien arbeider i dag med toleransegrenser, og då er det heilt
avgjerande at vi har måleverktøy og kunnskap som set oss i stand
til å finne ut om produktet tilfredsstiller dei fastsette toleransekrava.
Vi kan tenkje oss ein produksjon av dører. Delane blir produserte
i ulike avdelingar og monterte saman i ei eiga avdeling. Då må alle
mål passe saman slik at du kan montere utan å få problem. Alle
boringar og utfresingar for beslag skal passe, samtidig som dei også
skal vere djupe nok, dørblada skal passe inn i karmen utan ekstra
pussing eller høvling, osv.
Krav til måleverktøy er at det skal
• vere nøyaktig nok
8,2
7,9
• vere lettvint å bruke
• vere sikkert mot avlesingsfeil
Gå
• ha likt måletrykk
Ikkjegå
• vere enkelt å lese av
• trenge færrast mogeleg tilleggsmåleverktøy
8 mm tappsamband
• vere robust
Gå
8,1
Gå-ikkje-gå-lære
274
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Ikkjegå
8,4
Målelist og gå-ikkje-gå-lære
Faste måleverktøy er dei enklaste, til dømes målelista, som har alle
horisontale mål på éi side og alle vertikale mål på den andre. Ho blir
brukt i produksjonen for å kontrollere at måla stemmer. Eit anna
fast måleverktøy blir ofte kalla tolk eller gå-ikkje-gå-lære. Dette
verktøyet eignar seg godt der vi har særskilde toleransekrav som må
følgjast, og som vi svært ofte må kontrollmåle. Verktøyet har eitt
mål som er eit minimumsmål, og eitt mål som er eit maksimumsmål,
og dei kan vi prøve på arbeidsstykket. Det eine målet skal gå og det
andre skal ikkje gå.
Døme på toleransekrav
Her kan vi tenkje på eit tappsamband der vi ønskjer at tappen skal
ha ei viss klaring (0,0–0,3 mm). Då må vi finne ut kor brei slissa
skal vere, minimumsmål og maksimumsmål. Det same må vi finne
for tappen for å få det resultat vi ønskjer. Vi må også vite kor
nøyaktig maskinane våre er i stand til å arbeide i tre, slik at vi ikkje
set for strenge toleransekrav.
Ein 8 mm tapp kan ha toleranse som tillèt minimumsmål på 7,9 mm
og maksimumsmål på 8,2 mm, (8+0,2/–0,1 mm) tappholet har då til­­
svarande mål på 8,1 mm og 8,4 mm (8+0,4/+0,1 mm). Det gir dei fleste
samansetjingane litt klaring, ca. 0,2 mm, men i verste fall kan vi få
ei presspassing på 0,1 mm eller ei klaringspassing på 0,5 mm trass
i at kvalitetskrava her er sette nokså høgt.
Presspassing er når slissa er litt trongare enn
tappen som skal inn. Klaringspassing er når
slissa er litt breiare enn tappen som skal inn,
og vi har ei lita klaring.
Meterstokk, stålmåleband og talmeter
Meterstokken tok over etter tommestokken, som før det hadde følgt
etter alenmålet. Meterstokken og målebandet har vi skrive om før
(sjå side 112), den første bruker vi berre der det ikkje er krav om
så stor grannsemd. Vi må også passe på så meterstokken ikkje blir
sliten i ledda, for då kan han fort bli for unøyaktig. For at meter­
stokken skal halde seg nøyaktig, bør vi alltid halde han tørr og av
og til smørje ledda.
Stålmåleband er å få i fleire lengder og kvalitetar. I treteknikkfaga
bruker vi oftast band på to eller tre meter for mindre produkt, og
opptil 50 meter for store limtrekonstruksjonar. Vi tilrår å bruke eit
talmeter, eit sjølvopprullande måleband av stål som låser seg auto­
matisk i den stillinga vi ønskjer, med ei låsekraft på 50 N. Det har
ei 100 mm måletunge. Måletunga og målespissane gjer det mogeleg
å måle nøyaktig både utvendig og innvendig samtidig som vi kan
setje av merke med risseeggen.
Skalaens
Engelsk
måle- og risseegg tomme
Rissehull ved 10 cm streken
Røde sifre for
utfelt måletunge
Pi-skala
N (newton) er ei måleining for kraft. 50 N er
den krafta vi treng for å halde fem kilo oppe.
Måletunge kallar vi det utfelte stålbandet vi
nyttar for å gjere innvendige målingar.
Kapselens
Ansatslist for Utfellbar
Måletungens
måle- og risseegg 90˚ vinkel
måletunge måle- og risseegg
Svarte sifre for
Cm-skala
innfelt måletunge
Avlesningsviser
Frikoplingsknapp
Slagfast
plastkapsel
Måletungens
måle- og risseegg
(innfelt)
Talmeter
Yrkeslære n 5 Treteknikk
275
Skyvelære, innvendige og utvendige målingar
Skyvelære er eit mykje brukt måleinstrument i treteknikkfaga. Skyve­
lærene er robuste. Du kan bruke dei til innvendige og utvendige
målingar, djupnemåling og høgdemåling. Målegrannsemda er svært
god. Vi kan velje avlesingsgrannsemd frå 1/10 til 1/100 mm, alt etter
om vi vel skyvelære med noniusskala, måleur eller digital avlesing.
Ein noniusskala er ein hjelpeskala for å lese
av brøkdelar av måleininga, til dømes tidels
eller tjuedels millimeter.
Du bør øve deg på å lese av noniusskalaen. Først les du av heile
millimeter, og deretter finn du streken på skalaen som står rett
ovanfor ein millimeterstreken. Er noniusskalaen delt i 20 delar, som
på figuren under, viser denne streken talet på tjuedels millimeter
over avlesen heil millimeter. Vi kan også erstatte noniusskalaen med
eit måleur (sjå figur).
Måleflater for innvendig måling
Skyvar
Djupnemål
Nonius
Måleflater for utvendig måling
Skyvelære med noniusskala 1/20 mm
10 + 8,4 = 18,4
Skyvelære med måleur 1/10 mm. Måleuret
viser 8,4 mm, millimeterskalaen viser 10,0
mm, og målet blir 18,4 mm.
Skyvelære med utstyr for holmåling
276
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Skyvelære med digital avlesing
Skyvelære med spesialutstyr og digital avlesing
Skyvelæra finst i fleire storleikar og kan også ha spesialutstyr til
ulike formål. Figuren over viser ei skyvelære med digital avlesing og
minne. Målet kan lesast direkte av på digitaluret og lagrast i minnet.
Læra har eit batteri som held ca. eitt år.
Vinklar og ulike måleverktøy
Vi kan kontrollere om eit dørblad har 90o vinklar ved å måle at
diagonalane er nøyaktig like. Vinkelen kan også kontrollerast ved
å måle avstandar frå hjørnet og nytte den pytagoreiske læresetninga.
Vi kan måle og merkje 600 mm langs den eine kanten og 800 mm
langs den andre. Mellom desse punkta er det 1000 mm dersom
vinkelen er 90o.
For å måle og kontrollere vinklar under produksjon er det praktisk
med eit verktøy. Det mest vanlege er den faste vinkelen på 90o (rett
vinkel). Men vi har også ein fast vinkel på 45o (gjæringsvinkel) og
ein vinkel som vi kan stille, også kalla lausvinkel eller smygvinkel,
som vi bruker for å kontrollere at fleire vinklar er like. Med ein
kombinasjonsvinkel kan vi stille og låse vinkelen i det gradtalet vi
ønskjer. Ofte har han også ein sentrumsvinkel, som hjelper oss å
finne midten i runde gjenstandar eller ei linje på 45o frå eit hjørne.
Den pytagoreiske læresetninga:
(hypotenus)2 = (katet)2 + (katet)2
Rissesyl (rissespiss)
Strekmål
Måle- og risseverktøy
Vi treng også verktøy for å måle fleire like mål,
samtidig som vi ønskjer å merkje dei. Då kan vi
bruke strekmål eller passar. Eit strekmål bruker
vi når vi skal ha ein strek som er parallell med ein
kant. Ein passar bruker vi for å merkje fleire like
avstandar eller for å merkje sirklar og bogar.
Stongpassar bruker vi når ein vanleg passar ikkje
er stor nok. Passaren kan ha merkjespiss eller
blyant for merkinga. Eit alternativ til å bruke
skyvelære for å kontrollere utvendige og
innvendige mål er krumpassar og fotpassar.
Stikkpassar
Krumpassar
Fotpassar
Handverktøy
Dei klassiske handverktøya er stemjern, sag, kniv og høvel, og utstyr
for slag, skruing, boring og pussing – med dei greier snikkaren det
meste. Sjølv om mykje av produksjonen i dag skjer med store,
moderne maskinar, er handverktøy enno viktig, spesielt til montering
og reparasjonsarbeid. For ein dyktig snikkar er det sjølvsagt viktig
at verktøyet er skarpt, blir godt teke vare på og blir brukt rett. Men
også desse verktøya har utvikla seg, moderne handverktøy har ofte
maskinkraft og er utruleg effektive. Noko handverktøy er alt nemnt
i kapittel 3 (sjå frå side 111 og side 184). Her skal vi gå vidare med
det som er spesifikt for treteknikkfaga.
Yrkeslære n 5 Treteknikk
277
Stemjern
Eggvinkelen er den vinkelen vi lagar når vi
sliper verktøyeggen. Verktøy og arbeidsoppgåver avgjer eggvinkelen:
• treskjerarverktøy 15-20°
• handverktøy 25-30°
• maskinverktøy 35-45°
• hardmetallverktøy 45-60°
Stemjern eller hoggjern blir brukt til all slags stikkingsarbeid når vi
skal tilpasse samanføyingar. Det kan ha ulik utforming. Handtaket
er av tre eller plast og skal vere montert slik at det lagar ei rett linje
i forlenginga av senterlinja til stålet. Eggvinkelen er ca. 30 grader.
Han kan justerast litt etter stålkvaliteten og arbeidet vi driv med.
Mindre eggvinkel gir spissare og svakare egg og eignar seg best til
handstikking. Skal vi slå med klubbe, bør eggvinkelen vere større.
For stemming av hol eignar lokbeitelen seg best. Han har ei tjukk
stamme som toler kraftige slag. Til utholing av eit emne bruker vi
ulike holjern. Dei omfattar også treskjerarjern.
Sager
Vi har mange slag sager. Sag brukt for å kappe på tvers av fiber­
retninga har tannform som ein likebeina trekant med vigga og kryss­
filte tenner. Sag for å kløyve langs fiberretninga har tannform som
ein ulikebeina trekant, med vigga og tverrfilte tenner.
Holjern
Lokbeitel
Universalsaga har ei tannform som er ei mellomløysing. Ho blir
brukt både til å skjere på tvers og på langs av fiberretninga. Ofte
har vi her små tenner for finskjering (bakksag) eller smale blad for
å skjere bøygde linjer (sveifing).
Ulike typar stemjern
Høvlar
Høvlar er laga av tre eller støypejern. Mest brukte er høvlar av
støype­jern, men trehøvlar er framleis i bruk og er eit ypparleg
verktøy. Trehøvlane krev noko meir stell enn jernhøvlar. Høvlar
bruker vi til planhøvling, noting, falsing, grading, semsing, profil­
høvling osv. Til å forma bøygde flater bruker vi skavhøvelen eller
skipshøvelen. Til planhøvling, for å rette opp skeive og ujamne
flater, bruker vi langhøvel (rubank). Pusshøvelen som er kortare,
bruker vi til å pusshøvle (finhøvle) plane flater.
Øvst ser du sagtenner eigna til kapping,
nedst sagtenner som høver til kløyving.
Skjerande verktøy
I Bibelen kan vi lese at Kanaans folk brukte
eit slags bryne for å slipe og polere skjerande
verktøy. Frå 1500-tallet har vi Leonardo da
Vincis skisser av runde sandsteiner med
påmontert sveiv, brukt til sliping. Om
skjerande verktøy vert halde skarpt og reint,
gjer det godt arbeid, og vi oppnår ei glatt og
fint utarbeidd treoverflate. Med uskarpt
verktøy blir arbeidet tungt og resultatet
dårleg, og det blir ofte ekstraarbeid før
produktet er ferdig.
278
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Handverktøy og sliping
Handverktøy sliper vi vanlegvis sjølv, mens det nå er vanleg at
maskinverktøy vert slipt av spesialistar. Men ein må sjølv halde
verktøyet reint og vurdere når det treng sliping. For sliping av
handverktøy treng vi slipeskive og bryne. Først sliper vi riktig
eggvinkel, deretter tek vi bort slipegraden og polerer eggen med eit
bryne. Sliping av verktøy krev røynsle og grannsemd. Ei anna viktig
side ved verktøyhald er handtering og oppbevaring. Eggen blir fort
øydelagd om han får støt eller slag, eller vert lagt inntil metall.
Pusshøvel
Kombinert sems- og falshøvel
Grunthøvel
5
7
9
10
11
6
Langhøvel (rubank)
8
3
Gradhøvel
4
16
17
2 12 13 1 14
15
1 Siden av høvelsålen. 2 Såle. 3 Tå. 4 Hæl. 5 Håndtak. 6 Knott. 7 Sidestillingspak.
8 Høveljern. 0 Låseklemme for spennklaff. 10 Spennklaff. 11 Skrue for spennklaff.
12 Sete (stol). 13 Stillarm. 14 Stillmutter. 15 Skrue for stillmutter. 16 Sponåpning.
17 Sponpassasje
Ulike høveltypar
Stell og bruk av høvelen
Høvlar må heile tida stellast omhyggeleg. Solen må haldast glatt,
og nye høvlar må pussast på kantane for ikkje å ripe i veden. Flata
framom høveltanna skal pussast litt ned i forhold til flata bak tanna
for at vi skal få godt inngrep når vi høvlar. Tanna skal liggje godt
mot for ikkje å vibrere eller vippe opp og ned når vi høvlar. For å
justere det flyttar vi stolen fram eller tilbake. Klaffen har til oppgåve
å bryte høvelsponen som høveljernet skjer laus, og det er viktig
å justere han så han ligg svært nær eggen. Likeins må klaffen liggje
godt mot høveltanna slik at sponen ikkje kan kome inn mellom
tanna og klaffen og bli fastkilt der, sjå figuren.
Klaff
Høveljern
ca.
110˚
Fastkiling
Riktig
Maskinelt handverktøy
Utstyret på ein mindre snikkarverkstad omfattar også mange slags
maskindrivne handverktøy. Kraftkjelda kan vere ein elektrisk driven,
batteri- eller luftdriven motor. Utvalet av maskinelt verktøy og
utstyr er stort.
Riktig avstand
0,5–1,0 mm
Høveljern med klaff
Yrkeslære n 5 Treteknikk
279
Stikksag, handsirkelsag og handstyrt bandsag
Av handsager er det to typar som er mykje brukte. Stikksag nyttar vi
til å sage krumme konturar og til å skjere ut hol. Handsirkelsaga
blir brukt både til kapping og kløyving. Vi kan kløyve for frihand
etter strek eller med motlag som vi festar til sida av plata. Det finst
også små handstyrte bandsager.
Handhøvel og handoverfres
Handhøvelen er mykje brukt til retting av kantar i samband med
monteringsarbeid. Dersom vi høvlar etter strek eller med hyppig
bruk av linjal, får vi gode resultat. Høvelen blir også brukt til å
høvle runde og firkanta stolpar. Handhøvelen har eit roterande
kuttarhovud, så tilarbeidingsprinsippa for ein elektrisk handhøvel
er dei same som for ein avrettar. Unntaket er at her er det vanleg
at materiala ligg fast og at høvelen flyttar seg.
Handoverfres er mest brukt til profilere kantar og frese ut spor,
til dømes gradspor. Verktøyet kan enkelt festast i ein lås på aksel­
tappen. Det er eit stort utval av verktøy.
Stikksag og handsirkelsag
Pussemaskinar – planslipar og bandslipar
Pussemaskinar blir laga som planslipar og bandslipar. Plansliparen
flyttar plata i ei sirkelrørsle, oscillerande rørsle eller lineær rørsle.
Pusseplata kan ha ulik form, rund firkanta eller trekanta. Den
trekanta eignar seg til pussing i hjørne, der det elles er vanskeleg
å kome til. Desse maskinane er enkle å bruke, medan bandsliparen
krev mykje trening for å gi eit bra resultat. Han sliper hardt og må
haldast plant mot underlaget for å få ei jamn overflate.
Elektrisk handhøvel
Bandslipar
Foto: Bosch
Handoverfres
280
Yrkeslære n 5 Treteknikk
Boremaskinar
Boremaskinen er vanlegvis laga for
å bore i tre og metall. Men vi kan
kombinere han med ein slagmeka­
nisme, og då kan vi i tillegg bruke han
til å bore i stein og mur. Boremaskinen
kan også brukast som skrutrekkjar,
i så fall må vi kunne regulere farten,
og maskinen bør også ha moment som
kan stillast. Mest praktisk til skrutrek­
kjar er batteri- eller luftdriven drill
fordi fart og styrke då kan regulerast
med ein brytar eller avtrekkjar. Ein
vanleg boremaskin kan leverast med
chuck (kjoks) for til å feste boret med
ved hjelp av nøkkel eller som
låsechuck med handvriding.
Batteridriven drill er eit praktisk hjelpemiddel.
Lamellofres
Lamellofres er ein spesialmaskin for
å frese spor for lamellokjeks for saman­­
føying eller lamellospuns for spunsing.
Sjølve fresearbeidet blir gjort av eit
freseverktøy eller sagblad som blir
skyvd fram og fresar passe spor til
lamellokjeks eller lamellospuns.
Lamellokjeksen gir ei enkel saman­
føying som er brukt i mindre bedrifter.
Fresearbeidet er enkelt, raskt og gir
ei presis og rimeleg samanføying.
Lamellofres
Stiftepistolar
Dei fleste snikkarbedriftene som bruker stiftar, spikrar eller
krampar, har stiftepistolar, vanlegvis trykkluftdrivne (elektrisk
drivne finst også). Stiftepistolar er tilpassa stiftar eller krampar,
og storleiken på pistolen er tilpassa bruksområdet og kor kraftige
spikrar eller krampar vi treng. Magasinet er tilpassa stift- eller
spikartypen. Når vi skal feste rygger på 4 mm, nyttar vi ein liten
stifte­pistol, men dersom vi slår inn lange krampar, til dømes om vi
skal setje saman ein karm, treng vi ein stor og kraftig stiftepistol.
For at stiftane skal bli slått passe langt inn, må vi stille inn rett trykk.
Stiftepistol
Yrkeslære n 5 Treteknikk
281
Maskinar
Avanserte maskinar er kjernen i all moderne produksjon. Slik er det
også i treteknikkbransjen der bedriftene jobbar i ein marknad med
stor konkurranse. For å kunne hevde seg er tre ting viktige, moderne
maskinar, produkt med høg kvalitet og ikkje minst flinke medarbei­
darar som trivst i jobben sin og er motiverte til å gjere sitt beste.
Maskinane vi omtalar her, er forholdsvis enkle. I dag er mange meir
avanserte og samansette, til dømes i ein moulding. Dessutan blir ofte
fleire maskinar oppstilte etter kvarandre til ei produksjonslinje.
Kunnskap om desse grunnmaskinane gir deg grunnlag for å forstå
dei store avanserte maskinane og maskinlinjene i treteknikkindus­
trien. Dei enkle maskinane må stillast inn manuelt, medan dei meir
avanserte som regel har digital innstilling, dvs. at du først tastar inn
verdiane, og at maskinane deretter justerer seg sjølv.
Maskinane i treteknikkbransjen skal arbeide med trevirket på same
måte som handverktøyet. Det gjeld både saging, høvling, fresing,
boring og pussing. Prinsippa for arbeid med treet er dei same anten
det blir gjort med handverktøy, enkle maskinar eller store avanserte
maskinstrenger.
Kva du må vite om maskinbruk
Før du startar ein maskin, må du kjenne til bruken og innstillingane
av maskinen. Du må kunne vurdere om verktøyet er skarpt nok eller
om det bør slipast. Sløvt verktøy gir dårlegare resultat og fører til
større risiko for ulukker. Du må også lære om din eigen tryggleik
i omgang med moderne produksjonsmaskinar. Regel nummer éin
er alltid å halde hender og fingrar godt unna alt skjerande verktøy,
samtidig som du vernar deg mot støv-, støy- og belastningsskadar.
Du skal også sjå til at det ikkje er noko som kan losne eller kome
borti verktøyet når det er i bruk.
Bruk av verneutstyr – høyrselsvern og støvmaske
282
Yrkeslære n 5 Treteknikk
God og dårleg arbeidsstilling – merk deg skilnaden.
HMS – dei viktigaste verne- og tryggingsreglane
Dette er dei viktigaste retningslinjene for korleis vi førebyggjer
ulukker og skaper eit godt og trygt arbeidsmiljø:
• Du skal ha hår og klede som tilfredsstiller tryggingskrava
(ikkje laust hengande hår, lause klede eller snorer).
• Du skal kunne ha ei forsvarleg arbeidsstilling.
• Du skal ha nødvendig kunnskap om maskinen og
arbeidsoperasjonen.
• Alle reimar, reimskiver og akslingar skal vere tildekte.
• Verktøyet skal vere tildekt så godt som mogeleg, men ikkje slik
at det hindrar arbeidet.
• Tilgjengeleg og påbode verneutstyr skal vere på plass, og du skal
bruke det.
• Hjelpestikke eller framføringslist skal finnast ved maskinar der
slike hjelpemiddel må brukast.
• Maskinane skal vere utstyrt med avsug.
• Arbeidsplassen skal haldast ryddig.
• Du skal kontrollere at verktøyet er skarpt, i orden og rett
montert.
• Du skal stå støtt utan fare for å skli, snåve eller falle.
• Der det kan kome sprut frå maskinen, må du verne auga
(vernebriller).
• Der det er høgt støynivå, må du verne øyra (høyrselsvern).
• Maskinen skal vere rett innstilt før du startar motoren.
• Du skal sjølv starte maskinen når du skal bruke han.
• Bryt straumen, vent til maskinen stoppar og gjer rein maskinen
etter deg.
• Dersom maskinen går i meir enn ti sekund etter at du har slått
av straumen, skal han ha brems.
• Du må ikkje ta i bruk maskinar utan at det er gitt opplæring.
Yrkeslære n 5 Treteknikk
283