T10 W.W.J.D S-kopi

Download Report

Transcript T10 W.W.J.D S-kopi

T 1 0 W. W. J . D .
TIL ALLE I STORD SOKN SOM FYLLER 10 ÅR I 2015
Hei!
Stord kyrkjelyd har gleda av å invitera deg til T-DAGEN T1O W.W.J.D.. Dette er
trusopplærings-dagen for alle som fyller 10 år i 2015.
Me samlast i kyrkja torsdag 16. april kl.17:00-19:15 til ei spennande samling, der me ser utover
i verda gjennom leik, film og ulike aktivitetar. Stord kyrkjelyd støttar arbeidet til Mamma
Maggie i Egypt. Ho arbeider blant fattige som bur på ei søppelfylling i Kairo. På T10 vert me
kjent med Mamma Maggie og arbeidet hennar. Me avsluttar kvelden med å eta god
kveldsmat ilag. Kva det kodeaktige namnet til denne T-dagen tyder, vil du finna ut av om du
blir med!
Opplegget vert avslutta med familiegudsteneste søndag 19. april for deg, familien din og
andre som vil komma.
MAMMA MAGGIE:
Mamma Maggie leier eit stort og
viktig arbeid blant dei aller
fattigaste i Egypt.
STEFANUSBARNA:
På T10 vil du bli du kjent med
Mamma Maggie og
Stefanusbarna i Egypt.
W.W.J.D.
Bli med og finn ut av kva
W.W.J.D. tyder!
Kva er T-dagen?
Til
dei føresette:
Dåp og opplæring høyrer saman.
Foreldre, fadrar og kyrkjelyd har eit felles ansvar for
at barna skal få leve og vekse i trua. Difor arbeider
me med trusopplæring i kyrkja. Trusopplæringa er
for barn og unge i alderen 0-18 år.
Informasjon om T10:
PÅMELDING TIL T10 W.W.J.D:
Påmelding kan gjerast online på www.kyrkja-stord.no, innan
tysdag 14. april. Du kan også ta kontakt med kyrkjekontoret på
telefon 53403430.
Her hos oss organiserer me trusopplæringa i
T-dagar. Kvart år vil barna få tilbod om å vera med
på ein T-dag som har namn etter alderen på
barnet. Til dømes er T10 W.W.J.D. T-dagen for dei
som fyller ti.
OPPMØTE TORSDAG 16. APRIL KL 17:00 I STORD KYRKJE.
Alle T-dagar er ikkje på plass enda, men dei vil
komma i løpet av dei neste åra. Alle døypte barn i
vår kyrkjelyd vil difor etterkvart få tilsendt invitasjon
til T-dag årleg. Til barn som ikkje er døypte, men
der ein eller begge foreldre er medlemmer vil ein
senda invitasjonen til dei føresette. Alle barn er
like velkomne, anten dei er døypte eller ikkje, og
anten foreldra er medlemmer eller ikkje.
NB: OPPMØTE KL 10:00 FOR DELTAKARAR PÅ T10.
Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle,
uavhengig av funksjonsevne. Alle barn skal kunna
ta del, og me bed difor foreldre ta kontakt slik at
me kan avtala tilretteleggjing der det trengst.
Kva
ermed
T-dagen?
Velkommen til
T-dagen
barnet!
HENTING KL 19:15. Samlinga vert avslutta med kveldsmat. Barna
kan gå etterkvart som dei blir henta og er ferdige å eta.
GUDSTENESTE SØNDAG 19. APRIL KL 11:00
T10 W.W.J.D. vert avslutta med familiegudsteneste, der T10deltakarane tek del på ulikt vis. Foreldre, søsken og andre kjem til
gudstenesta byrjar.
For meir informasjon: www.kyrkja-stord.no
Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret, tlf 53403430, og spør etter
kyrkjelydspedagog Barbro Høyland Andersen om de har spørsmål
eller det er noko de vil gi oss melding om.
Venleg helsing Stord kyrkjelyd.
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord. Telefon: 53403430, Epost: [email protected]