Jubileumshefte Sunnfjord Energi 100 år

Download Report

Transcript Jubileumshefte Sunnfjord Energi 100 år

100 år
i Jølstra
100 år med kraftproduksjon i Jølstra
Redaksjonelt //
Rein Design
v/Roy Sunde,
Joachim Vie og
Kristine Slettehaug
100-åringen
i dag
Layout //
Rein Design
Side
Trykk //
Bodoni
4
Småkraftpioneren
Side
20
Kraft og fisk
– hand i hand?
Side
30
Jølstra – i
minst 100 år til
Side
2 // 100 ÅR I JØLSTRA
42
Nybrotstider
Side
12
500 GWh
småkraft
Side
24
Samarbeid
i Jølstra
Side
34
Kraftlinjer i
stadig utvikling
Side
46
24 år med
småkraftutbygging
Side
16
– Ikkje sel
fallrettane
Side
26
Det var ein
gong ein foss
Side
36
Den viktigaste
fornybare
ressursen vår
Side
48
Førde Elektrisitetsverk vart skipa
16. mars i 1914 og i desember
same år stod Brulandsfossen
kraftverk og linjenettet til Førde
ferdig. Kristian Ulltang skreiv i
ein avisartikkel 29. januar 1915
at «Dei hev prøvekøyrt maskinorne siste vika, og den 27.
januar um kvelden lyste det
elektriske ljoset for fyrste gong.
Det er soleis paalag eit «jubileumsværk» meddi det hev vore
bygt i 1914», og i Sogningen
skreiv dei «Det var stor jubel i
Førde torsdag aften da den store
vakre bygd for første gang laa
«overstraalet» av det elektriske
lys».
Tenk deg for ei verd som opna
seg for dei som fekk tilgang på
elektrisk kraft? Og med det
starta ei modernisering av Sunnfjord som har ført oss fram til der
vi er no.
Tidsbiletet //
I år markerer Sunnfjord Energi at
vi snart har produsert kraft i 100
år i Jølstra-vassdraget.
Det finst mange kjelder som
fortel om utviklinga i desse åra.
Med jubileumsheftet du no held i
handa ynskjer vi å vise deg –
kunden vår – korleis det står til
med kraftproduksjonen og distribusjonen i Sunnfjord, i det vi
nærmar oss 100 år sidan elektrisiteten for første gong lyste opp
stovene i Førde.
I heftet har vi samla intervju
med personar som har prega
utviklinga i seinare tid. Desse
gjev eit tidsbilete av Sunnfjord
Energi, og den lokale kraftbransjen, i 2014. Slik skaper vi også
ei ny kjelde for framtidas historieforståing.
Den lokale drivkrafta //
Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft ved å sikre moderne elektrisitetsforsyning i dei sju kommunane der selskapet har sitt virke.
I tillegg har vi tatt vare på arven
og held eldre kraftstasjonar godt
i hevd. Dei siste åra har vi også
utvida kraftproduksjonen. Det
største løftet her var Kjøsnesfjorden Kraftverk som kom i drift
i 2010, og dobla kraftproduksjonen i selskapet.
I dag er vi eit mellomstort
energiverk i Norge: «Vi er små
blant dei store og store blant dei
små», og vi driv vår verksemd
moderne og framtidsretta. Vi er
inne i ei tid med rivande utvikling
som stiller store krav til kompetanse og vilje til å vere tidleg ute
med løysingar. I Energihuset har
vi samla mykje kompetanse. Ikkje
berre i eige selskap, men også i
dotterselskap som Enivest og
hos leigetakar som Serit Fjordane IT og Geomatikk.
Tilsette jobbar i eit arbeidsmiljø med stor spennvidde innan
kompetanse, alder og oppgåver.
Slik er vi moderne i ei tid der
utviklinga går raskare enn nokon
gong.
Foto // David Zadig
Ansv. utgjevar //
Sunnfjord Energi
over er heilt avgjerande for å
klare det. Fornybarsamfunnet
stiller nye krav som gir mykje
større innslag av avanserte dataog kommunikasjonsløysingar enn
det vi har hatt tidlegare. Høg
tryggleik, god beredskap og
rasjonell drift er eit avgjerande
fundament for å planlegge framtida og gjennomføre strategien.
Vi har bak oss snart 100 spennande år med vekst og utvikling i
Jølstra. No ser vi fram mot dei
neste 100 åra. Den reisa gler vi
oss til, saman med kundane og
lokalsamfunnet vårt. Fredrik Behrens
adm. dir.
Med blikket retta framover //
Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane, eigarar og tilsette. Det å ha blikket retta fram100 ÅR I JØLSTRA // 3
100-åringen i dag
18. desember 1914 var Brulandsfossen kraftverk klart til å
levere straum, og framtida kom til Førde. 100 år seinare har den
krafta modernisert indre Sunnfjord på vis dei neppe såg for seg
då. Men filosofien bak er den same: Å bidra til eit slagkraftig,
moderne samfunn.
Namn:
Olav Osvoll
Alder:
49
Yrke:
Produksjonssjef i
Sunnfjord Energi
Kommune:
Førde
– DET BYRJA MED ei enkel linje ned til Førde sentrum. Året etter gav denne straum til 1807 lyspærer,
34 strykejern. 27 omnar og 3 elektromotorar. Sidan
har Sunnfjord Energi og Førde vakse i takt med samfunnsutviklinga i Sunnfjord. Første turbin var på 2 x
175 HK ( 257 KWh) mindre enn effekten i ein
moderne bilmotor. Brulandsfossen har vore oppgradert to gongar, i 1935 og 1989. Dagens Brulandsfoss yt 12 MW og produserer 55 GWh i året. I 1914
var det 450 innbyggarar i Førde, no er det 13 000.
Innbyggartalet er 30 gongar høgre no enn i 1914,
det same gjeld produksjonen i Brulandsfoss. Det
seier noko om utviklinga i Førde og Sunnfjord Energi
i desse åra, seier Olav Osvoll, produksjonssjef i
Sunnfjord Energi.
– Forbruket i Sunnfjord Energi sitt område er 390
GWh, og vi produserer 517 GWh. I tillegg er det 47
mindre kraftverk i området, som leverer ytterleg
210 GWh, seier Fredrik H. Behrens, administrerande
direktør i Sunnfjord Energi.
Han fortel at perspektivet for selskapet er det same
som i starten.
– Primærønsket er å gje kundane gode energiløysingar. For å klare det må vi vere konkurransedyktige og levere overskot til eigarane. Sunnfjord
Energi starta som eit «bygdelag», som ville løfte
bygda inn i moderniteten og levere straum lokalt.
No er det ikkje viktig om straumen vert brukt i Førde
eller austafor, så lenge vi bidreg til utvikling lokalt.
Investeringar // Sunnfjord Energi har vore gjennom store omveltingar, og fleire er på veg.
– Vi har hatt ein periode med stor vekst, der Kjøsnesfjorden kraftverk er sentralt. Det kosta mykje
pengar, så vi må leve nøysamt til vi har betalt ned
på det. Vi går no inn i ein periode med utvikling av
linjenettet, som krev mykje pengar, og kraftbransjen
4 // 100 ÅR I JØLSTRA
er inne i store omleggingar. Det vil føre til store
investeringar, også på område vi ikkje kjenner til
enno. I tida framover vil satsing på infrastruktur på
nettsida dominere for vår del, men vi skal halde
fokus på kraftporteføljen vi alt har og utvidingar av
anlegga. Den store satsinga der er å få konsesjon
for utviding av Stakaldefossen oppover Jølstra. Vi
rustar også opp gamle kraftverk. Stakaldefossen er
nyleg opprusta, og Øvre Svultingen står for tur,
seier Behrens.
Neste år står den nye 420 Kv-linja klar i Sogn og
Fjordane.
– Linjenettet i fylket er ein flaskehals, men nytt
sentralnett med god kapasitet knyt då saman Sogn
og Fjordane, austlandet og Møre og Romsdal til eitt
område, fjernar lokale «proppar» og gjev fornybar
kraft ein god veg ut til andre marknader. Det gjer at
ein kan levere meir kommersiell produksjon, seier
Behrens.
Debattar rundt «monstermaster» og traséval, har
sinka prosessen.
– Det er meir debatt rundt dette lokalt enn i
større byar. I Oslo har dette ikkje vore noko problem,
sjølv om det råkar langt fleire. Blant anna i Bremanger har det vore problematisk. For å sette dette i
perspektiv: På 28 mil med 420 Kv-linje her omkring,
er det åtte hus innan 100 meters grensa. Det kallar
eg godt planlagt, seier Osvoll, men ein får ofte det
vi kallar NIMBY-effekten: Not in my backyard. Alle er
samde om at kraft og gode kraftlinjer er viktig for
regionen, men ingen vil ha linja nær seg.
For mykje straum // – Produserer ein for mykje
straum i dag?
– Eg får svare som eg gjorde på eit folkemøte i
Solund, om vindkraft. Vindkraftmotstandarane argumenterte med at vi produserte for mykje energi i
Foto // Joachim Vie
Namn:
Fredrik Behrens
Alder:
63
Yrke:
Administrerande
direktør i Sunnfjord
Energi
Kommune:
Førde
100 ÅR I JØLSTRA // 5
Foto // Joachim Vie
Bilkortesjen syner
litt av utviklinga
innan arbeidsbilar i
verksemda.
Veteranbilen til
høgre er ein Oldsmobile 1926modell. Den vart
kjøpt i 1946 av
Kjell Øvrebø, som
var linjeformann i everket frå 1942 til
1967. E-verket
leige bilen av Karl,
og fekk derfor
namnet «Karlsvogna».
På stigtrinnet sit
dagens eigar, Kjell
Åsen, som også har
restaurert den
vakre bilen.
Til venstre står
Vidar Halland med
den nyaste
«arbeidshesten»
Sunnfjord Energi
har i stallen sin.
I midten står Geir
Lothe med ein velutstyrt Volkswagen
Transporter.
Biletet er teke ein
regnfull vårdag på
Vassenden ved
Jølstravatnet.
6 // 100 ÅR I JØLSTRA
100 ÅR I JØLSTRA // 7
”
Uregulert kraft // Den uregulerte krafta, vind- og
solkraft, har stort potensiale til å levere billeg
straum.
– Og solkraft leiar an, kostnadene raser nedover.
Ei liknande teknologiutvikling som innan datateknologi, vil gjere den billegare, til slutt vil prisen på solkraft nærme seg null. Men lagring av krafta er
8 // 100 ÅR I JØLSTRA
utfordringa. Om vi tek den elektriske ferja over Sognefjorden som døme har den eit stort batteri, som
blir lada om natta når ferja legg til kai. Eit elegant
system, som fungerer, men det krev stort batteri.
Det gjer det krevjande å nytte i stor skala. Vi har eit
lite kraftverk, Fossheim, der ujamn produksjon er ei
utfordring. Eg rekna på kor stor batterikapasitet vi
må ha for å lagre ein dags produksjon av kraft. Det
ville krevje 2400 tonn batteri! Så batteriteknologien
heng etter. Her har vasskraftverk med magasin sitt
fortrinn: Dei kan lagre kraft i form av vatn. Batteriteknologien vil utvikle seg og på sikt kan det bli ein
metode for å styre produksjon og regulere marknaden betre. Uregulerte Vasskraftverk har ei utfordring i høve sommar/vinter, og ein må utnytte vasskraftverka med magasin betre. Vi har mange
magasinverk i Norge, men bygger nesten berre uregulerte småkraftverk. Om politikarane forsto dette
betre og klarar å forme ein berekraftig politikk for
kraftforsyning, klimapåverknad og naturmangfald
vil det verte potensiale for betre styring av produksjonen gjennom året.
Sunnfjord Energi, til evig tid? // – Kjem Sunnfjord
Energi til å bestå som sjølvstendig selskap i 100 år
til?
– Det er vanskeleg å svare på. Vi er sjølvstendige
så lenge eigarane ønskjer dette! Det har både med
om vi evnar å tene pengar over tid og om eigarane
har vilje og evne til å stå saman med oss gjennom
krevjande oppgåver. Kraftbransjen endrar seg stadig, med nye krav og reguleringar. Kvar gong det
skjer må vi spørje oss kva betyr dette for oss, eigarane og kundane våre? Endrar råmebetingelsane
seg, må vi vurdere kva som er det beste for selskapet. Eg kom inn i Sunnfjord Energi etter at eit
fusjonsforsøk stranda. Oppgåva var då å sette ein
ny retning, som eit sjølvstendig selskap. Men det er
ikkje vår ideologi at vi skal vere sjølvstendig. Det er
berre eit verkemiddel. Skal vi fusjonere må det vere
for å gje kundane og eigarane våre ein fordel. Men
endring i selskapsstrukturen ligg i tankane våre, i
takt med endringar i samfunnet elles. Blir ting for
stort og komplisert må vi søke kompetanse og musklar til å handtere det. Og Sunnfjord Energi har vore
flinke til å plukke opp endring tidleg, og gjere noko
ut av det, seier Behrens.
Til tider har kraftselskap nærast vore ei setelpresse. I dag er situasjonen meir krevjande.
– Sunnfjord Energi sin utbyttepolitikk går på at vi
skal vere eit lønsamt selskap, som gjev utbytte til
eigarkommunane. For tida har vi sett tak på utbyttet, for å sikre eigenkapitalen i ein periode med
store investeringar. Vi håpar å igjen kunne betale ut
gode utbytte, men nivået vi hadde ei tid var nok vel
høgt fordi ein samstundes investerte tungt. Kraftselskap har historisk blitt sett på som varige penge-
Foto // Sunnfjord Energi
”
Fornybar
kraft er ei
vare verda
treng og
etterspør
Norge, og ikkje trengte vindkraft. Då spurte eg dei:
Et de all fisken de fiskar sjølv i Solund? Eller er det
glade for at de kan selje overskotet ut av kommunen? Fornybar kraft er ei vare verda treng og etterspør, vi kan ikkje berre sjå på det lokale behovet,
seier Osvoll. Noreg er verdast rikaste land fordi vi
produserar langt meir olje, aluminium, fisk og kraft
en kva vi treng sjølv.
Og det er ikkje noko teikn til at behovet for
straum minkar.
– Ein typisk norsk husstand nyttar 20.000 KWh
elektrisk straum i løpet av eit år. I Tyskland brukar
den 4.000, resten av forbruket er gass og olje, seier
Osvoll. Eg personleg føretrekk el produsert av fornybare kjelder framfor oppvarming og koking på olje
og gass. Det totale straumforbruket til hushaldningane har ein fallande tendens, sjølv om vi bur på
stadig fleire kvadratmeter og fyller husa med
moderne teknologi. Dette skuldast betre hus og ei
noko større bevisstheit på bruk av straum.
– Vi ser ingen openberr energisparing i Norge.
Subsidiering av fornybar energi gjer straum billeg.
Ein blir ikkje «pirra» til å spare straum. På 50-talet
kosta straumen mange øre mindre per KWh, men no
tek straumen mykje mindre av folk si inntekt, seier
Behrens.
– Er straum for billeg i dag?
– I kort perspektiv kunne ein ønskje den var
dyrare. Sunnfjord Energi må drive god økonomisk
verksemd, i høve eigarar, tilsette og kundar, for å
sikre vekst og tene pengar. Det er naudsynt for at vi
kan gjere ein nyttig jobb i høve samfunnet sin infrastruktur, utvikle oss og bidra i eit moderne samfunn.
Men bak økonomien ligg klimaproblematikk, naturmangfald og naturen si evne til å overleve. Blir fornybar straum for dyrt gjev det ikkje insentiv til å gå
vidare inn i den fornybare energiverda, som er naudsynt for ei bærekraftig utvikling for menneska.
Fokuset på klima vert då lite populært og den politiske støtta vert borte.
– For nokre år sidan såg ein for seg at straum kom
til å bli dyrare, og at dette var naudsynt om ein
skulle få folk til å spare straum, men det har ikkje
skjedd, seier Behrens. Det var subsidieringa på kontinentet som fikk fart på fornybarsatsinga.
– El-sertifikat flyttar pengar ut av dei etablerte
kraftverka. Det er pengar som vi kunne trengt til
investeringar i ny fornybar kraft. Det kjem truleg
fleire virkemiddel også.
maskiner. Men i dag hoppar og dansar kraftprisen,
og dette er meir krevjande. Slik liknar no kraftbransjen på oljeindustrien: I periodar tener ein mykje, i
andre mindre. Ein må avpasse utbyttet slik at ein får
utvikle selskapet vidare. Den norske energipolitikken legg opp til at produsent skal selje kraft på børs,
men det er vanskeleg for oss å forlate arven vår,
som er å bygge viktig og solid infrastruktur i lokalsamfunnet.
Kraftutbygging og naturvern // – Korleis er forholdet mellom kraftselskap og naturvernar i dag?
– Blanda! Naturvernarar er ikkje ein type menneske, det har ulike folk, med ulike vinklar og synspunkt. Vi i Sunnfjord Energi føler oss også som
naturvernarar, som jobbar for å skape naturvennlege energiløysingar. Utfordringa innan
naturvern/kraftutbygging går på å prioritere rett og
sjå konsekvensar av det ein gjer. Vi har eit omfattande system for konsekvensutreiing før vi bygger.
Det er to hovudfelt innan naturvern: Eit går på klimaeffekten og eit på naturmangfald. I Norge ligg
ofte striden mellom kraft og vern på dette med å
bevare naturmangfald. Vernesida ønskjer ikkje at
naturmangfaldet skal påverkast i nokon grad. Eg
føler vi manglar ein gjennomgripande filosofi. I dag
er det ofte litt unyansert kamp for kvar stein, og
kraftselskap får skeivfordelt «skuld», seier Behrens
og utdjupar:
– All utbygging er i konflikt med naturen. Men
kraftbransjen står ikkje for dei største inngrepa og
bandlegging av areal. Landbruket påverkar mest
areal. Så kjem husbygging for bustader og næring.
Her er ikkje konfliktnivået på langt nær så høgt.
Vegar mellom gardar, hus, næring, bygder og byar
kjem på tredjeplass. Vegar legg alt daudt under
seg. Ei linjeutbygging påverkar ikkje naturen på
langt nær like mykje. Kraftutbygging, kraftlinjer og
kablar kjem først på fjerde plass i arealbruken.
– Alt i alt har kraftbransjen eit godt forhold til
miljørørsla. Vi er einige om at fornybar energi er ein
del av løysinga på miljøutfordringane, seier Osvoll.
– Forholdet har til tider vore prega av støy, men det
har ført til at kraftbransjen løyser ting betre no, og
ein har fått betre utbyggingar som følgje.
– Ein skal respektere klima og naturmangfaldet,
finne gode løysingar og prioritere riktig. Elles stoggar verda opp, seier Behrens.
– All utbygging er i
konflikt med
naturen, men kraftbransjen står ikkje
for dei største inngrepa og bandlegging av areal, seier
adm. dir. Fredrik
Berens. Biletet
syner Kjønesfjorden
i Jølster.
Fjordvarme // Skjebnen til fjernvarmeanlegg i
Førde skal snart avgjerast.
– Prosjektet har vore i ein modningsprosess, der
ein landa på ei løysing med ein sentral ved Førdefjorden. Vi jobbar med å få på plass store aktørar
lokalt som kundar. Bindande kundeavtalar om
straumlevering er eit steg i prosessen mot ei
avgjersle om satsing. Vi er også avhengig av større
støtte frå Enova, seier Osvoll.
100 ÅR I JØLSTRA // 9
Straumbruken her
til lands har auka
jamt og trutt, knytt
til mellom anna
straumkrevjande
teknologi og elbilar.
Sistnemnde krev
mykje effekt når
den ladar, og ladar
mange på same tid
blir det press på
straumnettet.
– I framtida blir det
nok slik at ein må
betale meir for
krafta i pressperiodar, seier
Fredrik Behrens.
”
I Norge ligg
ofte striden
mellom kraft
og vern på
dette med å
bevare
naturmangfald
Foto // Thor-Aage Lillestøl
”
– Ein tredje variabel er utviklinga av energiprisar.
Det har vore eit stort skifte på feltet dei siste tre
åra, grunna overproduksjon av kraft, subsidieringa
av fornybar energi og vekst i uregulert kraft. Vi må
og ta omsyn til korleis utgiftene på nettsida utviklar
seg. Og det er ikkje alt ein kan rekne seg til. Til sist
handlar det om kva vi trur om utviklinga. Det er det
siste punktet som gjer dette vanskeleg, seier
Behrens.
– Fjordvarmeanlegg er riktig måte å tenke på.
Krafta har eit veldig lokalt omland, frå Brulandsvellene til fjorden. Fortetting er energiriktig. Eit slikt
anlegg vil vere ein konkurransefordel for Førde
sentrum, og TEK 10 i byggeforskriftene krev at alle
bygg i dag må ha ei varmepumpe. Ei stor pumpe på
deling er betre enn at alle bygg har si eiga. Men per
no er fjernvarme dyrt. Det er ny teknologi, og krev
nedgraving av mykje rør. Når det er gjort har ein
100 års horisont på infrastrukturen. Det talar for
utbygging. På kortare horisont talar nedgang i
straumprisen mot. I konsesjonsvilkåra står det at
fjernvarme skal vere billegare enn alternativet, altså
straum pluss nettleige. Sogn og Fjordane har høg
10 // 100 ÅR I JØLSTRA
nettleige, som talar for utbygging av fjernvarme.
Kanskje aukar nettleiga også som følgje av store
investeringar i nettet. Men kjem fellestariff på nettleige, som det har vore snakka om, slår det bein
under fjordvarme i mindre byar som Førde. Vi har
ingen fasit, seier Osvoll.
Du skal vere med og styre forbruket // – Straumbruken i Norge har vakse jamt og trutt, knytt til folketalsauke, ny straumkrevjande teknologi og elbilar.
Datasentralar er den raskast veksande kraftkrevjande industrien i verda. Og forbrukarane brukar
mykje kraft på same tid, som legg press på linjenettet. Elbilar krev for eksempel mykje effekt når den
lader, så om alle gjer det på same tid pressar det
straumnettet. Sjå føre deg følgjande scenario: Om
nokre få år set elbileigarane på Oslo vest seg i
bilane, køyrer til hytta på Hvaler og pluggar inn
4000 elbilar til uttaka på hyttene ein fredag kveld.
Då slit kraftselskapet i Fredrikstad. Dette vil skje her
i fylket også. I framtida vil ein måtte betale meir for
krafta om ein ønskjer å nytte kraft i pressperiodar.
Er du villig til å flytte straumbruken din til andre
tider blir den billegare. Alle må bidra, og kunden
kjem nærare kraftselskapet. Slik blir framtida. Det
kjem ikkje ei enkelt løysing på kraftbehovet i framtida, men eit mangfald av løysingar og tilbod som
spelar saman, seier Behrens.
– Ein ting som er på veg, er at kunden sjølv skal
vere med og regulerer kraftbruken sin, via ny målarteknologi i heimane – AMS-målarar – ein avansert
straummålarar, kopla opp mot ein database. Dei
registrerer løpande data frå heimane, som gjev forbrukar høve til å sjølv regulere straumbruken sin, og
opnar for nye tenester til forbrukarane på sikt. Målarane minnar om fellesmålarar som ein har i enkelte
burettslag, men er langt meir avanserte, seier han,
og fortel at meir bevisst forbruk av kraft, og kor tid
ein nyttar den, blir viktig.
Vasskraft er framtida // – Framtida er elektrisk,
seier Osvoll. – Og vasskraft vil vere ein del av miljøløysinga på framtidas kraftbehov. Vasskraft er lett å
regulere, er fornybar og har store miljøfordelar i
høve anna teknologi. Vasskraft har fortrinn i høve
sol- og vindkraft. Vatn er 1000 gongar tyngre enn
luft, og treng såleis mykje mindre areal for å produsere kraft enn vindkraft, og infrastrukturen i eit
vasskraftverk har nær uendeleg levetid. Krafttunnelane er den store kostnaden i eit vasskraftverk.
Desse ligg i fjell, og lever evig. Slitedelar i kraftverket representerer ein liten del av kostnaden. Ei vindmølle har til samanlikning maksimalt 25 års levetid.
– Vasskraft er på eit veldig modent nivå, og representerer varige verdiar. Dei som eig desse verdiane
bør tenkje over dette når dei skal styre investeringane sine. Vi ser døme på at nokre kommunar er villige til å kvitte seg med dei, for å klare eit enkelt års
budsjett. Det er kortsiktig. Men eigarane av Sunnfjord Energi er i stor grad kommunar, som har interesse av å ha moderne infrastruktur i samfunna
sine. Då er det viktig å eige selskapa og linjenettet,
for å ha påverknadskraft. Energiverka gjev også stor
verdiskaping i lokalsamfunn, og store inntekter til
vertskommunen, både i form av eigedomsskatt, konsesjonskraft, utbytte, arbeidsplassar og næringsverksemd, avsluttar Behrens.
100 ÅR I JØLSTRA // 11
Foto // Roy Sunde
Nybrotstider
Då Per Storegjerde vart direktør for Sunnfjord
Energi 1. januar 1994 var kraftbransjen i ei
brytningstid. Den nye energilova av 1990
hadde snudd om på alt.
Namn:
Per Storegjerde
Alder:
70
Yrke:
Pensjonist
Kommune:
Førde/Naustdal
Rolle:
Direktør i Sunnfjord
energi 1994-2008.
12 // 100 ÅR I JØLSTRA
– PÅ 80-TALET leia Einar Hope, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøgskule, ei gruppe som på førespurnad frå myndigheitene utarbeida eit opplegg for ein
marknadsbasert kraftmarknad. Det låg til grunn då
dåverande olje- og energiminister Eivind Reiten la
fram forslag til ny Energilov i 1990. Før energilova
møttes dei gamle, sindige kraftverkstyra og direktørane ein gong i året, la fram ønskjer om investering og fastsette kraftprisen for neste år. Den nye
lova braut monopolet. No kunne mindre aktørar
levere kraft til linjenettet. Det skapte høve, men
også ulukke for mange. Den verste ser ein i Troms
Kraft, som tapte milliardar. Kraftbransjen er eit
samansurium av offentlege og private samarbeid,
seier Per Storegjerde, og fortel om den nye røynda.
– Vi måtte tilpasse oss den nye røynda. Noko av
det første dei mange kraftselskapa gjorde var å tilsette marknadssjefar og konsulentar. Den nye
kraftmarknaden opna høve for enkelte å tene
store pengar på kraft. Når nokon tener stort, er det
andre som tapar pengar. Mange av marknadssjefane hadde gått på skule og lært børsspekulasjon,
som dei gamle e-verksjefane ikkje hadde peiling
på. På 90-talet vaks det fram «kraftoligarkar»,
som vart mangemillionærar. I Sunnfjord tapte vi
heldigvis ikkje ei krone på slikt, slår han fast.
– Energiverka skulle bli aksjeselskap og slått
saman til større einingar. Her vart det vedteke at
Sunnfjord Energi skulle slåast saman med Svultingen, Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk, i 1997. Ein
fordelte aksjekapital i det nye selskapet ut frå folketal i kvar eigarkommune. Før aksjeselskapa kom
hadde ein ikkje høve til å ta utbytte. Vedtektene
slo fast at overskot skulle gå til nyinvesteringar.
Men i aksjeselskap har ein høve til utbytte, og då
vart eigardelane i selskapet verdt noko. Mange
kommunar selde delar av aksjane dei fekk.
100 ÅR I JØLSTRA // 13
”
Pionerar // Som leiar av Sunnfjord Energi hamna
han midt i den nye bølgja av småkraftverk på 90talet.
– Den nye småkraftverkbølgja i Norge byrja i Haukedalen. Sommaren 1993 vart eg invitert dit, av
Gunnar Jan Gjerland. Han og naboen hadde bygd
kvar sitt kraftverk, som forsynte dei to bruka og
ønska å utvide og levere til nettet når dei hadde
straum til overs. Dette hadde dei ikkje fått lov til før,
sjølv om endringa av lova opna for slikt. Eg møtte
dei, og sa: – Klart vi skal ta i mot straumen de lagar.
Det gav nettgutane våre utfordringar. Det elektriske
utstyret vi omgir oss med er følsamt for variasjon i
frekvens og spenning i elektrisitetsnettet. Det som
skal innpå nettet må vere nøyaktig. Den gongen
fanst det lite erfaring med kva krav til teknisk utstyr
som måtte til for påkopling av småkraftverk. Det
gjekk ikkje liv i prosessen, men det var nære på.
Under ei mørklegging i Haukedalen stengte vi
straumforsyninga, og sende folk for å sjekke nettet.
Men småkraftverka gjekk for fullt, og det var straum
i linjene. Heldigvis var lukka betre enn forstanden,
smiler han.
Etter kvart såg mange fallretteigarar høvet til
utbygging.
14 // 100 ÅR I JØLSTRA
– Nokre av dei nytta tidleg høvet og bygde sjølve,
medan andre let seg lokke av rosenraude kontraktar
frå pågåande utbyggarar, og nokre har hamna i
ulukka som resultat. Sunnfjord Energi var ikkje
frekke og pågåande seljarar. Vi var audmjuke, og
lokka ikkje med gull og grøne skogar, som mange
andre, seier han.
– Og eg veit ikkje om nokon bransje der det
offentlege har røva til seg større verdiar frå private
grunneigarar enn i kraftbransjen. Grunneigarar får
ikkje lenger høve til å vere med på større utbyggingar. I motsetnad til jakt- og fiskerettar, som ikkje
lenger kan skiljast frå ein eigedom, må fallrettane
overførast til offentleg eigde selskap for å få konsesjon. Dei kan ikkje lenger leigast ut. Politikarane
skuldar på EU-krav, men det er feil. Denne endringa
kom for berre få år sidan. Ikkje kan dei sitte med
eigardelar heller. Då tek formueskatten knerten på
dei etter ein merkeleg kapitaliseringsregel, som
berre skattefolk og revisorar kan forstå. Slik reglane
er no må grunneigarar berre nøye seg med å eige i
og drive små kraftverk.
Såg moglegheiter // Sunnfjord Energi har heile
tida vore på utkikk etter moglegheiter til nyskaping.
– Det irriterer meg at ikkje lokalpolitikarar skjønar
at om det skal bu folk i dette landet, så må vi tene
pengar på eit eller anna. Elles går det ad undas. I det
biletet bør kraftverka bidra. Sunnfjord Energi sitt
motto er at energiverka skal vere ei lokal drivkraft.
Vi skal levere straum, men også ta initiativ og støtte
bedrifter som dukkar opp, og kan bli til noko. Eit
døme er Enivest, som no har 40 tilsette. Det byrja
med at kraftselskapa i Norge gjekk saman i selskapet Enitel, for å bygge ut eit nasjonalt fibernett i
straumnettet. Eg trudde Enitel ville bruke høvet til å
levere internett i lokalsamfunna våre. Men så fort
fiberen hang på stolpane våre byrja dei å snakke om
2. og 3. generasjonsmobiltelefoni, og skulle tene
pengar i sentrale strok. Dei brydde seg ikkje om oss.
I rein protest danna vi Enivest, for å bygge ut fiber
og internett lokalt. Etterkvart pusta Enivest Telenor
i nakkehåra, slik at dei fekk farta litt opp her i fylket
også. No samarbeidar dei om å bygge ut fibernettet.
Eg hadde aldri trudd Enivest skulle bli så store. Vi
brukte å kalle dei ungdomslaget. Dei er utruleg
flinke, har stått på som berre det, og har blitt ein
reell konkurrent til dei store. Men eg blir provosert
når ein snakkar om 4.generasjons mobilnett, utan å
ha tilby vanleg mobildekning alle stadar det bur folk
fast her i landet, seier han og går vidare.
– I gamle dagar var det nokre vindmøller i ytre
delen av forsyningsområdet. Når den nye vindmøllebolken kom, heiv vi oss rundt som første elverket
her i fylket, og starta vindmålingar i Solund og på
Lutelandet. Begge plassar var forholda gode, men i
Solund vart det eit styr når konsesjonssøknaden
skulle handsamast. Slik forholda ser ut no, blir det
Tidlegare direktør i
Sunnfjord Energi,
Per Storegjerde,
ved kraftstasjonen i
Brulandsfossen.
– Eg har sterk tru
på framtida til vasskraft, seier han.
Foto // Roy Sunde
”
Eg veit ikkje
om nokon
bransje der
det offentlege har røve
til seg større
verdiar frå
private
grunneigarar
enn i kraftbransjen
Rasjonalisering // – Når kraftverka skulle slåast
saman dukka ordet rasjonaliseringsvinstar opp. For
oss vart dette utrekna til 10 årsverk. Det er aldri
kjekt å seie opp folk, så vi valte ein annan veg, og
vart ei entreprenørbedrift: Vi rekna anbod og tok
oppdrag for andre aktørar, som Statkraft. Det gjekk
så bra at vi aldri sa opp nokon. Tvert om tilsette vi
fleire. Berre ein person i desse tre selskapa måtte
flytte oppmøteplass, men mange måtte endre
arbeidsoppgåver. Dei tilsette i Sunnfjord Energi har
hatt ei fantastisk evne til tilpassing, og stor interesse for det vi driv med. Styresmaktene byrja også
å måle det dei kalla effektivitet, som hadde lite å
gjere med det som folk flest oppfattar med ordet.
Det kom ei hærskare av nye krav, som førte til at det
ytre apparatet, der selskapet både tener kundane
og pengane, måtte reduserast, mens det indre,
administrasjonen, vaks. Som el-verkssjefen i Hornindal sa: – Du snakkar om effektivitet. Før var vi tre
mann ute, og ein inne. No er det omvendt. Det kallar
eg ikkje effektivitet!
– Kva var dei største utfordringane i di tid som
leiar for Sunnfjord Energi?
– Eg føler ikkje vi hadde nokre store utfordringar.
Vi hadde ei fantastisk tid og oppnådde mykje. Eg
prøvde å drive leiaroppdraget mitt med mottoet:
Walking, talking, smiling and no writing. Mange leiarar stenger seg inne og skriv direktiv, det blir feil for
meg. Og eg irriterer meg grenselaust over alle desse
leiarkursa og seminara rundt omkring. Og ikkje
minst leiarar som snakkar om sine tilsette: Det heiter våre tilsette, seier han.
ikkje bygd fleire vindmøller i Norge utan endring i
støtteordninga. På Lutelandet førte målingane til at
selskapet støtta den politiske prosessen med å føre
landstraum til Gjøaplattforma. Det førte ikkje fram,
sjølv om eit samla Storting var for. Så Statoil måtte,
for å sleppe klagehandsaming som dei ville tapt, ut
med pengar til høgspentframføring frå Hålandsfossen og midlar til planering og kaibygging på Lutelandet, seier han og held fram.
– Fjernvarme, først og fremst i Førde, har Sunnfjord Energi greia ut fleire gongar siste 15 åra. Det
er no gjeve konsesjon på eit fjordvarmeanlegg som
gjev varme om vinteren og kjøling om sommaren,
seier han og fortel at selskapet tidleg kasta seg på
elbilbølgja.
– Vi kjøpte den første elbilen i fylket for rundt ti
år sidan. Den var populær hos våre tilsette. Dagen vi
fekk den var dåverande marknadssjef i selskapet
ivrig på å køyre bilen. Og inviterte ein Firda-journalist med på tur. Elbilar køyrer gratis gjennom bommar, så som eit spit til meg, som var styreleiar i
bomselskapet Naustdalstunnelen AS, ville dei teste
dette. Dei la spente i veg, men når dei kom til bommen berre smilte jenta i bomstasjonen og slapp dei
gjennom. Det hadde dei ikkje venta, ler han.
– Då vi fekk elbilen snakka ingen om offentlege
ladestasjonar. Dei kom for 3-4 år sidan. Liv Signe
Navarsete gav statsbevilling til ladestasjonar for
elbilar, som var så romslege at det var rein vinst å
bygge dei. Vi heiv oss rundt og bygde 48 ladepunkt
i våre sju forsyningskommunar.
Ein konsekvens av energilova // – Før den nye
energilova var Norge delt inn i om lag 20 område,
med forsyningsplikt. Denne fungerte slik at kraftverka i kvart område hadde plikt til å kunne levere
nok straum frå eigne anlegg til allmenn forsyning,
sjølv i turrår. Med berre vasskraftverk, der nedbøren
varierer pluss/minus 20 prosent frå år til år, måtte
ein ha vatn på lur. Dette kalla ingeniørane for turvande reservar. Økonomane fann ut at det var eit
kraftoverskot som kunne flyttast. Og i fall turrår
kunne ein importere frå utlandet. Dette førte til at
dei store kraftutbyggingane stoppa opp. Politisk
vart det uttala at den tida var forbi. Men forbruket
berre auka, trass alle Enøk-tiltak. Skal opplegget
fungere, krev det eit linjenett med stor nok kapasitet. Det har ein ikkje. Difor ser ein no ei kraftig opprusting av dei grove linjene, kalla sentralnettet. Politisk har ein vedteke at linjeleiga i sentralnettet skal
vere lik over heile landet. Slik er det ikkje. Mellom
anna skal krafttap i nettet betalast til marknadspris
av den som gjer seg bruk av det. Dermed må den
som har dei dårlegaste sentralnettslinjene i periodar
betale 5-6 gongar sentralnettstariffen. Staten tek
og ut store overskot, så mange selskap hadde ikkje
lenger kapital til nyinvestering. Mange stader vart
det bråstogg på linje- og kraftutbyggingar. Ein fungerande marknad må ha logistikken på plass, men
etter 45 år med nasjonal dugnad for å bygge nett
og gje heile landet straum, klarte ein ikkje å halde
nettet ved like. Det var ei skam, seier han.
Satsa og vann // Sunnfjord Energi gjekk andre
vegen.
– Vi tok fylkets høgaste nettleige, lånte pengar
og brukte det til å fornye nettet vårt, som var dårleg
mange stader og gav overføringstap og mange linjeutfall. Vi investerte i nett som om vi var galne, ler
han, og i ny produksjon. Sunnfjord Energiverk dekka
Jølster, Naustdal, Gaular og Førde, og hadde ein produksjon på 50-60 GWh, medan kraftbehovet var
250 GWh i året. Gjennom samanslåingar og utbygging av blant anna Fossheim Kraftverk, Mo Kraftverk og Kjøsnesfjorden Kraftverk, kom årsproduksjonen opp i 500 GWh i året. I dag er kraftforbruket i
dekningsområdet på 350 GWh, så i normalår er
Sunnfjord Energi no netto eksportør av kraft, seier
han, og fortel at han har sterk tru på framtida til
vasskraft.
– Eg merkar meg at saueflokken spår låge kraftprisar framover grunna utbygging av sol-, vind og
atomkraft i Europa. Det trur eg ikkje på! Sol- og vindkraft er sterkt subsidiert. Det treng ikkje vasskraft å
vere. Grøne sertifikat for vasskraft er heller ikkje
naudsynt. Det gjev ein meirpris for forbrukaren, og
større inntekter til statskassa. Over 60 prosent av
det du betaler for straum ender der. Min spådom er
at når Europa blir lei av å subsidiere sol- og vindkraft får vasskraft frå Norge tilbake sitt gamle prisnivå.
100 ÅR I JØLSTRA // 15
24 år med
småkraftutbygging
Namn:
Ivar Sægrov
Alder:
72
Yrke:
Pensjonist
Kommune:
Jølster
Rolle:
Tidlegare
overingeniør,
seniorrådgjevar
og fungerande
regionssjef i NVE.
16 // 100 ÅR I JØLSTRA
– EG JOBBA I NVE då småkraftbølgja kom på 90talet, og var involvert i ein stor del av alle saker NVE
har hatt på småkraftverk på Vestlandet fram til
2010, seier Sægrov, som eigentleg var utdanna til
forvaltaragronom, med plan om å ta over garden i
Jølster og bli bonde.
I staden vart det tileggsutdanning på Landbrukshøgskulen i Ås, utdanning innan administrasjon og
leiing, og spesialkurs i vassdragsrett, følgt av sju år
på Fylkeslandbrukskontoret i Førde. Så fekk han
jobb i NVE i 1977, der han vart karrieren ut. Dei
søkte ein tilsynsmann som skulle følgje kraftutbygginga i Aurland, med kontorstad på regionkontoret
til NVE i Førde, som dekker Møre og Romsdal, Sogn
og Fjordane, og Hordaland.
– Der jobba eg med tilsyn og oppfølging på dei
store kraftutbyggingane på Vestlandet frå 70-talet
og framover. Eg har lært kraftbransjen godt å
kjenne etter 37 år.
parallelt med utbygging av linjenett, for å sikre meir
stabil kraftforsyning.
– Var det ei tid prega av konfliktar, når små kraftverk vart fasa ut til fordel for store?
– Nei. Folk trengte kraft. Småkraftverka var ikkje i
stand til å sikre stabile leveransar av nok straum. Så
grunneigarane gav grunn til linjenettet utan kompensasjon, eller protest. Dei såg dette som positivt,
det ville sikre lokalsamfunna straum. Store utbyggingar var og er kapitalkrevjande. Grendene makta
ikkje å byggje ut sjølv. Dette var ei naturleg og gradvis utvikling frå 2. verdskrig. Det var nok meir konfliktar i dei små kraftverk, mellom grunneigarane og
falleigarane. Vassdragslova, frå 1941, spegla situasjonen, med detaljerte reglar i høve til korleis ein
skulle regulere rettane til dei som hadde fallrettar
for å sikre deira interesser, og aktuelle prosedyrar
for å gjennomføre utbygging i tilfelle der det var
usemje mellom falleigarane.
Mange små // Småkraft er ikkje eit nymotens fenomen.
– Frå 1. verdskrig og framover var småkraftverk
vanleg i bygder på Vestlandet. Grender gjekk saman
om småanlegg for å forsyne grenda med straum.
Naustdal hadde på 50-talet rundt 60 småkraftverk,
med lokale smånett, fortel Sægrov.
– Så auka kraftbehovet. Dei små verka var ustabile, leverte lite og var ikkje råd å knytte saman. Det
var også større kraftverk som leverte til nærområdet, som Brulandsfossen kraftverk i Førde, og Svultingen, eit interkommunalt selskap i ytre Fjordane.
Høyanger, Årdal og Svelgen hadde tidleg store
kraftverk. På 50-talet kom det fleire større selskap,
gjerne kommunale og etterkvart fylkeskommunale,
Debatt om ny energilov // Tida frå 60-talet var
prega av store kraftutbyggingar på Vestlandet og
småkraftverka vart fasa ut.
– På 80-talet byrja sterke politiske diskusjonar
rundt ny energilov. Då var kraftprisen i stor grad
fastlagd av myndigheitene, og prisen på kraft i det
vesentlege lik over store område. Nokre ville ha frislepp og ein friare kraftmarknad, andre framleis
streng politisk styring. Statssekretær i Olje- og
energidepartementet frå 1986-89, Astrid Nistad,
var sentral i debatten, og sto for sterk offentleg styring. Så vart Eivind Reiten olje- og energiminister.
Han er spesielt knytt til energilova av 1990. Den
liberaliserte kraftmarknaden innførte eit marknadsbasert system for kraftpris og lovfesta reglar, som
Foto // Roy Sunde
Ivar Sægrov har følgt utviklinga i kraftbransjen tett
gjennom eit langt yrkesliv i NVE, og med det dei siste
24 åra med småkraftubygging.
100 ÅR I JØLSTRA // 17
”
Ei ny bølgje med småkraftverk // Men det tok tid
før folk byrja å kontakte NVE for å få avklart om
utbyggingar var mogleg å få til.
– Det gjekk nokre år før folk «oppdaga» høvet
den nye energilova gav. Det var lite debatt rundt
dette. Nokre få såg moglegheitene til å hive seg på.
Ein del grunderar kom på bana og byrja bygge eigne
kraftverk. Det hadde skjedd ei teknologisk utvikling
innan turbinanlegg, og ein kunne få tak i slike blant
anna frå Italia, Slovakia og Østerrike. Ein del tusenkunstnarar bygde òg eigne turbinanlegg i Norge.
Parallelt kom ei ny støtteordning på statsbudsjett,
med romslege midlar til oppgradering av kraftverk. I
tillegg var det også midlar til bygging av nye kraftverk, som fekk ein del grunneigarar til å satse. Eit
døme på eit slikt prosjekt er Fossheim Kraftverk i
Jølster. Det var godt med midlar, og gode bevillingar
til rådvelde i høve søknadsmassen. Og pionerar på
småkraftverk i Haukedalen, blant anna naboane Nils
Gjerland og Gunnar Jan Gjerland, var tidleg ute. Dei
var blant dei første i fylket som bygde småkraftanlegg igjen.
Litt motstand i systemet // Både i forvaltninga og
kraftbransjen vart småkraftverka møtt med lunken
haldning i starten.
– Kraftbransjen var ikkje begeistra for småkraftverka. Dei syntes det var noko herk med småtteriet,
seier Sægrov. – Litt det same gjaldt i NVE. Vi jobba
stort sett med store kraftverk, og omfattande regulering i større vassdrag , og hadde ikkje laga saksbehandlingsprosedyrar for småkraftverk. Det var utfordrande, og det var ein del debatt om
sakshandsaminga skulle desentraliserast til kommunalt nivå. Ein stor del av småkraftprosjekta låg på
Vestlandet. Ei ressurskartleiing NVE gjorde tidleg i
perioden viste at om lag 50 prosent av Norge sitt
potensial for småkraft ligg i Hordaland, Møre og
Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi vart sterkt involvert i saksbehandlinga av småkraftverk og aktiviteten auka mykje på kontoret i Førde.
– Kor mykje av det potensialet er teke ut no?
– Ein stor del av det er bygt ut, fleire saker er ferdig behandla og mange er i søknadsfasen. Når
desse er bygd ut, er nok ein vesentleg del av potensialet, som er økonomisk interessant, teke ut. Men
ressurskartlegginga er relativt skjematisk, så det
kan ligge større ressursar der enn utgreiinga seier.
Ein byrja med veldig små kraftverk, så vart det
større og større kraftverk med overgang til dei som
blir definert som småkraftverk. Som samleomgrep
for mikro-, mini-, og småkraftverk blir alt små kraft-
18 // 100 ÅR I JØLSTRA
verk. Ser ein framover kan det kanskje vere rom for
fleire mikro- og minikraftverk. Litt strengare tider // – Er det vanskelegare å
komme i gang med eit småkraftverk no enn i starten?
– I starten var stemninga veldig positiv, men det
har vore eit konstant konfliktområde mellom naturvern og utbygging. I klassisk naturvern er det nok
generelt betydeleg skepsis til vasskraftutbygging. I
dag synest det å vere slik at NVE i sterkare grad har
teke opp i seg ei litt strengare haldning til småkraftverk enn før. Og ein skal jo så godt som råd er ta
omsyn til naturen i kraftutbygging: Dempe tekniske
inngrep i terrenget, og legge vekt på gode landskapsmessige løysingar. Verknader på landskapet er
ei side, vidare har ein dette med økologi og biologisk mangfald. Det er ofte der konflikten no ligg
mellom utbygging og naturvern. Kraftverket skal
ikkje forstyrre eller øydelegge biologisk mangfald,
eller t.d. vere i konflikt med fiskeinteresser. Eit
døme er Brulandsfossen kraftverk, der mediebiletet
har synt at det i driftssituasjonen har vore betydelege konfliktar med fiskeinteressene. Naturvernsynspunktet er at du skal kunne oppleve den urørte
dynamikken i naturen. Der er jo vassdrag eit sentralt
element.
– Er det råd å bygge ut eit vassdrag utan å
komme i konflikt med dette?
– Eit vassdrag har ofte svært store variasjonar i
naturleg vassføring, som ein ikkje klarar å handtere
på same vis med ei kraftutbygging. Men vassdragslova frå 2001 seier at om ikkje elva går tørr naturleg, oftare enn kvart tiande år, har du heller ikkje lov
å tørrlegge elva etter ei utbygging, utan at det ligg
føre ein konsesjon som gir løyvet til å nytte alt vatnet. I praksis vert det nok ikkje gitt løyve til tørrlegging av elvestrekningar med årssikker vassføring
ved nye utbyggingar. Det gjev tryggleik i høve økologi og biologisk mangfald.
– Er det for mykje byråkrati knytt til etablering av
småkraftverk i dag?
– Det er mange instansar som skal meine. Om ein
skal desentralisere dette vekk frå staten må ein ha
sterkare kommunar, og eg trur nok større og meir
robuste kommunar hadde handtert småkraftsøknadar med glans. Det er eit tungt felt med mange impliserte fagområde, der småkommunar ikkje har høve
til å ha fagfolk i full breidde. Ein treng fagleg innsikt
og tyngde for å gjere dei rette vurderingane. Har ein
ikkje folk med nok kompetanse, stansar det av seg
sjølv. Det kan og nemnast at det for kraftlinjer blir
gitt områdekonsesjon for anlegg med spenning opp
til og med 20 kV. Då blir grønt lys for utbygging av
lokalt forsyningsnett gitt av det lokale nettselskapet og då eventuelt etter arealplanar godkjent av
kommunen. Det er eit lite paradoks, i og med at
Foto // Roy Sunde
”
Både i forvaltninga og
kraftbransjen vart
småkraftverka møtt
med lunken
haldning i
starten
sa at så sant det var ledig kapasitet i nettet, skulle
produsentar få høve til å levere straum, seier han.
– Det var i praksis startskotet for ei ny bølgje småkraftverk.
mange meiner at det for natur og miljø er like
mange utfordringar med mange kraftlinjer som det
er med små vasskraftanlegg.
Grøne sertifikat // – Kva rolle spelar grøne sertifikat for småkraftbransjen?
– Miljødebatt, fokus på ny fornybar energi og
aktuelle verkemiddel utløyste store forventingar til
innføring av grøne sertifikat, som gjev ein tilleggsverdi på elektrisk kraft. Sverige innførte grøne sertifikat i 2003, og då vaks forventingane til at dei
skulle komme her også, men ordninga vart stadig
utsett og var først på plass i 2012. Dei betyr mykje
for dei som blir omfatta av ordninga, fordi kraftpris
ut frå kraftstasjon er låg; og ser ut til å bli det framover. Sertifikata gjeld for nye anlegg som kjem i produksjon innan 2020, seier han.
Ei utfordring for småkraftverk er å styre produksjonen vekk frå toppane.
– Mange av dei har ikkje magasin, og vil køyre for
fullt når det er mykje nedbør. Det gjev stort press på
nettet når alle produserer mykje på same tid. Det
gjer det vanskeleg for dei som sel krafta. Ein veit
ikkje alltid kor mykje og lenge det skal regne, så det
er krevjande å regulerer kraftsektoren. Det er lettare å regulerer produksjonen når ein har magasin.
Småkraftprodusentane må sette si lit til at dei
«store», med god magasinkapasitet, aktivt brukar
magasina for å utjamne produksjonen over tid.
Sårbart // Linjenettet er ei anna svakheit som råkar
ein del småkraftverkprosjekt i dag.
– Delar av det har ikkje kapasitet til å ta i mot
straum frå nye prosjekt, så mange prosjekt ventar
no på at nettet skal byggast ut. Mange meinar at
det gjekk for lang tid før det kom politiske føringar
på styrking og utbygging av stamnettet. Ei styrking
av det er viktig om Norge skal bli ein større aktør på
fornybar kraft, via auka eksport, for å bidra til reduserte klimautslepp. Kraftigare linjenett gjer at ein
kan produsere meir kraft, og få mindre straumtap i
transport. Mykje av linjenettet er gammalt, og orkanen «Dagmar» visste kor sårbart mykje av det er.
Når ein veit at det blir spådd meir ekstreme vêrtilhøve i framtida, er det er svært viktig å styrke linjenettet, seier han.
– Alt for mange linjer går i tett skog som stadig
blir større og i uver med storm ofte fell over linjer.
Eg meiner det bør ryddast langt meir enn vi har sett
i seinare tid. Dette kjem lett i konflikt med naturomsynet, som helst vil ha så små inngrep som råd, men
vi bør tole meir opne felt rundt linjene. Diverre får
grunneigarane dårleg kompensasjon for å ta vekk
meir skog inn til kraftgatene. Om ein betalar dei
betre for å rydde skog rundt linjenettet, ville ein
blitt mindre sårbar når stormane rasar.
Om ein hadde sagt nei til småkraftverk? // – Kva
hadde skjedd om ein ikkje opna for småkraftverk i
1990?
– Ein hadde nok ikkje fått utbygging av småanlegga, men hadde truleg fått fleire mellomstore
anlegg. Utviklinga ville blitt ei anna, men presset
om å levere meir fornybar energi ville vore like
sterkt. Vindkraft er eit alternativ, som byr på mange
av dei same ulemper og konfliktar som vasskraft i
form av naturinngrep. Ein ville nok fått ein skjerpa
kamp om å frigje ein del av potensialet i verna vassdrag.
– Har småkraftverk ein samfunnsverdi?
– Ja. Samfunnet har lagt til rette for utbygging
fordi dei ser verdi i dette. Det er brei politisk semje
om at vasskraft er ein ressurs som bør nyttast til å
styrke næringsgrunnlaget i bygdene, og det er politisk vektlagt at småkraftverk gir eit viktig bidrag til
ny fornybar energi. Utbygging av småkraftverk gjev
ringverknader i form av arbeidsplassar, med alt frå
konsulentar og leverandørar av utstyr, til lokale
entreprenørar som byggjer dei. Mange fallrettseigarar har store fordelar av småkraftverk som gjev ei
viktig attåtnæring, og bidreg til å oppretthalde
spreidd busetnad. Så eg vil påstå at småkraftverk
har ein stor samfunnsverdi.
”
Det har vore
eit konstant
konfliktområde
mellom
naturvern og
utbygging
”
100 ÅR I JØLSTRA // 19
Småkraftpioneren
Då småkraft vart tema på 90-talet,
var det eit kjent fenomen for
Gunnar Jan Gjerland, som er fødd i
1951, og godt hugsar bestefaren
sitt vesle likestraumsverk.
Foto // Roy Sunde
– DEI FØRSTE SMÅKRAFTVERKA i Haukedalen
kom like etter 2. verdskrig, fortel Gunnar Jan Gjerland.
– Bestefar sitt gav straum til lys i stova og fjøsen,
og dreiv ei kokeplate. Det var fire verk på Gjerland i
dei dagar, og to på Grøneng. Ustabile greier, som i
periodar leverte dårleg spenning. På sommaren fungerte dei greitt, det var verre på vinteren. Og det
var mykje arbeid å halde dei ved like. Ein hadde
straum til lys og koking, men det var ikkje nett
moderne greier. Punkta som var kopla til ytte motstand på generatoren. Hadde du på mykje lys, gjekk
effekten på kokeplata ned. Du måtte følgje med på
voltmeteret, og regulerer med å slå av og på ting,
smiler han. – Primitivt, men eit enormt steg fram i
høve oljelamper og vedomn.
– Var det spennande med elektrisk lys for de som
var ungar?
– Ja, men eg var jo fødd inn i det. Det var nok meir
spennande for dei som ikkje hadde det heime. Vi
hadde ikkje elektrisk lys i alle rom, så vi hadde oljelamper også, som var meir spennande. For dei
hadde vi ikkje lov å røre, ler han.
20 // 100 ÅR I JØLSTRA
Namn:
Gunnar Jan Gjerland
Alder:
63
Yrke:
Bonde
Kommune:
Førde
Rolle:
Ein av dei første
som bygde småkraftverk, og
leverte straum til
Sunnfjord Energi.
På nett // I 1958 vart Haukedalen kopla på straumnettet, og dei små likestraumsverka fasa ut.
– Mykje av straumnettet i Norge vart bygd ut
etter 2. verdskrig. Filosofien var å gjere det så billeg
som råd: lange strekk og tynne linjer. Så på 80-talet
var mykje av linjenettet i dårleg stand. I Haukedalen
var det dårlege greier om vinteren, med snø på linjene og mykje utfall. Det var knapt ei veke utan brot.
Vi kunne vere utan straum i dagevis, og det gav
100 ÅR I JØLSTRA // 21
Den viktige velvilja // Så kom den nye energilova i
1990.
– Mitt anlegg vart innhenta av tida, men det gjekk
nokre år før eg gjorde meir ut av det. Folk såg ikkje
inntektspotensialet i den nye lova før rundt
1992/93. Både eg og naboen, Nils Gjerland, byrja
snakke om større minikraftanlegg i 92, seier han.
– Skal ein levere kraft er ein avhengig av velvilje
frå netteigaren, for oss Sunnfjord Energi. Vi gjekk i
møte med dei, for å høyre om dei ville kjøpe kraft frå
oss. Dei var skeptisk. Dåverande e-verkssjef, Odd
Nes, sa:
– De kjem og vil selje kraft til oss? Det er vi som skal
selje kraft til dokke! Han hadde motførestillingar,
blant anna på tryggleiken til nettfolka deira, og var
motvilleg. Det synet spreidde seg til resten av selskapet. Vi kom ut av møtet nedslåtte og litt deprimerte. Men det hadde kome ei stortingsmelding
som peika på den store energiressursen i gamle,
nedlagte kraftverk. Eg ringte Olje- og energidepartementet, og fortale dei om møtet med Sunnfjord
Energi:
– «Du får gje dei litt tid, så dei får sette seg inn i
dette. Vi skal få det til.» Dei var optimistar, seier
Gjerland, og fortel at dei tok opp igjen kontakten og
la saka fram på nytt då Per Storegjerde kom inn i
Sunnfjord Energi i 1993.
Eg fortalte kva vi tenkte å gjere, og så tok Storegjerde ordet:
– Vi kjøper straum i marknaden, så vi kan like
gjerne kjøpe av dokke. Så lenge det tekniske er i
orden, og anlegget blir godkjent.
– Han var positiv, og det spreia seg i selskapet.
Ting gjekk i orden. Vi forhandla pris og kontraktar,
22 // 100 ÅR I JØLSTRA
og byrja å levere i 1994. Eg og Nils kom på nett på
same tid, han med eit nytt anlegg, medan eg utvida
mitt gamle med nye maskiner. Det byrja å røre seg
rundt om i landet på småkraft og haldninga var ei
heilt anna.
– Var det vanskeleg å komme i gang?
– Nei, men det var nybrotsarbeid, som ein ikkje
var heilt fortruleg med. Simens planla anlegget og
Sunnfjord Energi tok seg av det praktiske. Det gjekk
stort sett utan problem.
Utvida // Første småkraftverket var på 35kW, som
han stegvis utvida.
– No er kraftverket på 200 kW, med lenger fall og
røyrgater, og leverer 690 volts straum. Om eg skulle
laga større måtte eg ha gått over i høgspentnettet,
som krev 22000 volt. Då måtte eg bygd eit mykje
større kraftverk, samt ein kilometer med høgspentlinje. Det hadde medført store kostnadar. Vassdraget her er freda vassdrag, med krav til minimumsvassføring og avgrensing i kor mykje du kan ta ut.
Eg brukar så lite av vassføringa at eg produserer
jamt året rundt. Då får du og betre pris på krafta, og
eg er nøgd med det eg har, fortel Gjerland.
Han gjekk inn som kraftleverandør med små forventingar til pris.
– Den uregulerte krafta var ikkje verdt mykje før
energilova. Eg vart førespegla nokre få øre per kWh,
men første kontrakten var på 13 øre per kWh. Det
meinte eg var ein fantastisk god pris. Første året eg
dreiv var eit relativt tørt år i kraftbransjen, så prisen
fauk over 30 øre per kWh, og medieinteressa for
småkraft tok av. TV2 var her og laga reportasje. Det
vart sagt at straumprisen aldri skulle under 20 øre
igjen! Sommaren etter leverte eg til 2 øre per kWh.
Så det svingar. I fjor var snittprisen 27-28 øre per
kWh, men eg har hatt år med 41 øre per kWh. Eg
leverer 1,5 GWh i året, (forbruket til 75 hushald), så
inntektene på verket ligg mellom 300.-500.000 i
året, seier han.
– Du sa du hadde eit uanstendig forhold til
straum når du laga berre til deg sjølv. Endra det seg
når du byrja å levere til marknaden?
– Då byrja eg å fyre med ved igjen, ler han. – Då
fekk jo straumen ein verdi! Og eg slutta med å ha
varmeomnen på i garasjen om sommaren.
Ville samarbeide lokalt // I utgangspunktet kunne
han levert kraft til kven som helst.
– Eg har alltid levert til Sunnfjord Energi, ut frå ein
filosofi om at eg ynskjer å bruke lokale alternativ.
Kanskje kunne eg tent eit halvt øre per kWh på å
levere til andre i blant, kanskje ikkje. Men i blant
treng eg å spørje dei om noko, og då er det greitt å
ha eit forhold. Dei har alltid stilt opp på kort varsel
om det har vore noko, så etter at Storegjerde kom
har vi hatt eit godt forhold. Det har vore nokre tak
Foto // Roy Sunde
bøndene problem. Både mjølkinga og lagringa av
mjølka kravde straum. Ein måtte ha dieselaggregat,
eller traktoraggregat for å klare seg, fortel han.
– Eg hadde rikeleg med vatn med bra fall i, og
tenke at det måtte gå å lage eit lite kraftverk, som
kunne levere til garden.
Dette var i 1988-89. Ein kunne ikkje levere
straum til nettet. Likevel hoppa han i det.
– Eg kom i kontakt med ein kar som jobba med
energi i Nordsjøen. Han hadde planar om å lage små
kraftverkanlegg. Eg kjøpte eit, som kom i drift i
1990-91, på 35 kW med eigenregulering etter forbruk. Vintertid, med høgt forbruk, takla anlegget
greitt. Om sommaren, når straumbruken gjekk ned,
takla det ikkje reguleringa det. Jo meir eg brukte, jo
betre fungerte det. Eg kunne ikkje selje overskotet,
så løysinga var å bruke mykje straum om sommaren.
Å bruke 35 kW i eit hus på varme sommardagar er
ikkje lett. Men eg hadde ein 10 kW varmeomn på i
garasjen for å halde reguleringa i gang. Ein håplaus
måte å bruke straum på, ler han.
– Eg fekk eit uanstendig forhold til straum.
om tariffar og prisar i åras løp, men det er jo rein
forretning. Dei må ta i vare sine interesser, og eg
mine, seier Gjerland, og fortel at han også har hatt
eit godt forhold til NVE.
– Ivar Sægrov var sentral i høve det formelle. Han
var viktig for småkrafteigarar og veldig positivt til
småkraft. Det smitta over på heile NVE. Han var
genuint interessert i småkraft og såg potensialet.
Det var det ikkje alle som gjorde. Eg minnast ein
gong eg var innom, og han var litt oppskjørta etter
ein intern debatt om småkraft på NVE. Nokre av dei
meir skeptiske til småkraftverka hadde sagt at dette
var noko grunneigarane gjorde berre for å tene pengar. Som han sa: – Det er vel berre vel og bra at dei
tener pengar på dette i bygdene!
Han gjorde mykje for småkraft. På 90-talet organiserte han blant anna synfaring her på garden, for
hovudkontoret til NVE. Generaldirektøren i NVE,
Erling Diesen, kom med eit heil busslast og var her
ein halv dag for å sjå på kraftverket.
Gode tider // Mot slutten av 90-talet byrja ein god
epoke for småkraftverk.
– Eit år var småkraft tema for bygdenæringsdagane i Stardalen på Jølster. Per Storegjerde haldt
føredrag, og Ivar Sægrov frå NVE, Sparebanken
Sogn og Fjordane snakka om finansiering. Eg skulle
halde foredrag om praktisk erfaring med småkraftverk. Det møtte opp kollossalt med folk, den vesle
salen var fylt med fleire hundre frammøtte. Det var
reine hallelujastemninga. Etter det tok småkraft av
på Jølster og i Gloppen, seier han.
Og som ein av pionerane vart det mange telefonar frå folk som ville byrje sjølv.
– Det var mykje mediefokus ei tid. Då ringte folk
frå heile landet. Ei tid var det så ille at kona min bad
meg stenge telefonen etter klokka 20, det gjekk
ikkje lenger, seier han.
Det er framleis stor interesse knytt til småkraftverk, men ikkje som for nokre år sidan.
– Interessa er der, men eg trur det har bikka litt
over no. I dag held dei grøne sertifikata liv i bransjen. Siste utbygginga eg gjorde kosta meg 90 øre
per kWh. No kostar ei utbygging 3-4 kroner per kWh.
I dag har ein høge utbyggingskostnadar, og lågare
straumpris, som nok hadde ført til at dette stogga
opp om ikkje ein hadde grøne sertifikat. Dei er nesten eit vere eller ikkje vere for nye prosjekt. Og
aukande kraftmengde pressar prisen ned. I dag er
det rikeleg med straum i marknaden. Fram til 2010
tente ein meir. I 2009-10 hadde eg inntekter på
kraftverket på 50.-60.000 kroner i månaden. Nivået
er nok sunnare no.
– I starten var det
slik at eigenreguleringa ikkje
takla overskotet av
straum eg
produserte, noko
som førte til at eg
fekk eit uanstendig
forhold til straum,
seier Gunnar Jan
Gjerland.
Fridom og næringsgrunnlag // – Kva har småkraft
betydd for deg som bonde?
– At eg kan vere bonde utan å måtte ha andre
inntekter, og kan drive med det eg sjølv vil. Eg
hadde nok vore bonde utan småkraft, men måtte
truleg hatt jobb utanom også.
– Og no kosar du deg når regnet høljar?
– Med tida får ein eit avslappa forhold til dette. Eg
brukar så lite av vassføringa at eg har stort sett alltid nok vatn til jamn produksjon. Så eg set no i
grunn mest pris på godvêr, seier han.
Gunnar Jan er 63 år gamal, og har fem born. Han
reknar med at garden kjem til å bli driven vidare når
han ein dag gjev seg.
– Eg driv med ammekyr, sau og vatn. Det er min
filosofi. Det eg har mest av er vatn og utmark, så då
må ein nytte seg av det. Kraftverket gjev ei god,
stabil inntekt, så det ville vere rart om ikkje dei tok
over. Utan krafta ville det ikkje vore like interessant.
Eg skal bygge nytt driftsbygg, til rundt tre millionar.
Utan kraftverket hadde det vore uaktuelt.
100 ÅR I JØLSTRA // 23
500 GWh
småkraft
Øya Kinn er kanskje ikkje det du
tenkjer på når ordet småkraftverk
dukkar opp. Men, ein av innbyggarane, Hermod Seim, har hatt handa
på rattet på rundt 70 småkraftutbyggingar dei siste 17 åra, to av dei
i Jølstravassdraget.
24 // 100 ÅR I JØLSTRA
KARRIEREN SOM vasskraftutbyggar starta hos
Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) i 1972 med
bygging og planlegging av store kraftverk, blant
anna Åskåra i Bremanger og Mel Kraftverk i Balestrand. Men på 90-talet vart utbyggingsaktiviteten
mindre og Jens Stoltenberg sa i nyttårstalen i 2001
at dei store kraftutbyggingar si tid var over.
Eit småkrafteventyr // Så dukka det opp eit par
grunneigarar som ville bygge to små kraftverk. Og
Seim var i gang med småkrafteventyret.
– På den tid var kraftprisane rundt 13 øre per
kWh, og det var så vidt det gjekk rundt økonomisk.
Det var om å gjere å bygge så billeg som råd. Bankane var lite interessert i å yte lån, men Sparebanken Sogn og Fjordane vart med. Det kom stadig
fleire grunneigarar og ville bygge småkraftverk,
blant andre nokre frå Jølster. Det vart så omfattande
at eg måtte redusere til halv stilling ved SFE. I 2003
hadde eg så mange småkraftprosjekt at eg slutta i
SFE etter å ha jobba der i 31 år. Det var kjekkare å
lage småkraftverk enn å flytte papir, smiler han og
fortel at det fort balla på seg.
– Eg har vore involvert i 60-70 småkraftverk på
Vestlandet, flest i Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. I Sunnfjord Energi sitt dekningsområde har
det blitt utbygt 12, og det er gitt konsesjon til eit
par prosjekt som ventar på nettkapasitet. Dei
utbygde kraftverka har ein samla årsproduksjon på
Foto // Roy Sunde
Namn:
Hermod Seim
Alder:
68
Yrke:
Tidlegare ingeniør
i SFE. No sjølvstendig næringsdrivande
Kommune:
Flora
Rolle:
Jobba tidlegare med
utbygging av store
kraftverk i SFE. Men
dei siste 17 åra har
han vore sentral i
utbygging av mellom 60-70 småkraftverk på Vestlandet.
100 ÅR I JØLSTRA // 25
Lite byråkrati i starten // – I starten var det mykje
mindre byråkrati med søknader og godkjenning. Det
tok gjerne berre eit par år frå ein tok til med eit prosjekt til det sto ferdig. Det starta gjerne med eit forprosjekt og heldt fram med konsesjonssøknad, prosjektering med anbod og kontraktar, bygge- og
prosjektleiing og litt oppfølging i drifta. På det
meste bygde eg seks kraftverk i året. Ut over 2000talet kom det stadig fleire fallretteseigarar, og det
største problemet vart å halde dei unna. Eg måtte
seie nei til halvparten. Det toppa seg i 2005/06
etter at kraftprisen steig til 40-50 øre per kWh. Då
var det nærast Klondyke-stemning og konsesjonssøknadene strøymde på til NVE. Dei hadde alt for
liten kapasitet, slik at handsamingstida gjekk opp til
fire-fem år. Så gjekk det nedover. No er byggeaktiviteten liten. Det er over 300 prosjekt som har konsesjonar, og er klare til å byggjast ut, men søkjarane
torer ikkje å gå i gang grunna låg kraftpris og høge
byggekostnader. Og den omfattande småkraftbygginga har medført at linjenettet er sprengt mange
stader, og mange utbyggingar må vente på forsterking av nettet.
Nokre blir millionærar // Lønsemda i småkraftbransjen er variabel og svært avhengig av kraftpris
og byggekostnad.
– Ein del har blitt kraftmillionærar, spesielt blant
dei som bygde tidleg og fekk med seg dei gode åra.
Andre slit økonomisk grunna høge byggekostnader,
spesielt dei som bygde før ordninga med el-sertifikat. Dei som får slike sertifikat får eit pristillegg på
ca 15 øre per kWh, slik at dei ender på rundt 40 øre
per kWh no for tida. Sertifikatordninga er tidsavgrensa og gjeld berre for dei kraftverka som er ferdigbygd før 2021, seier han og fortel kva som kjenneteiknar eit godt prosjekt.
– For å få til eit godt kraftverksprosjekt må dei
naturgitte føresetnadane vere på plass. Det må vere
bra med vatn i elva, fallhøgda må gjerne vere 100300 meter og terrenget må ikkje vere for ulendt,
osv. Med dagens rammevilkår er det svært få småkraftverk som er lønsame utan el-sertifikat, i alle
høve for private utbyggarar, seier han.
Eit småkraftverk som er godt planlagd og utført
er enkelt å halde i drift i høve til tidlegare tiders
småkraftverk.
– Anlegga er fullautomatiserte og styrer seg sjølv.
Du kan i praksis ligge på stranda i Syden og følgje
med kraftverket på PC’en og styre anlegget derifrå.
Dei fleste har avtale med leverandør om årleg service og online backup. Skjer det noko kan dei gå inn
via internett og feilsøke. Det er lite feil på anlegga,
26 // 100 ÅR I JØLSTRA
oppstår det noko, har det som regel samanheng
med feil på linjenettet. Dagens småkraftverk er meir
avanserte enn dei store kraftverka vi bygde tidlegare.
utbygde, og ein må rekne med at både miljø- og
byggekostnader vil auke. Dette vil medføre at det
vert vanskelegare å få konsesjon og at fleire prosjekt vert ulønsame. I enkelte område, som Jølster
og Gloppen, er det svært få gode småkraftprosjekt
att, seier han.
Sunnfjordingar blir einige, møringar kranglar //
I eit vanleg småkraftprosjekt er det gjerne mange
grunneigarar og fallrettseigarar.
– Der utmarka ikkje er utskifta kan heile bygda
vere med på prosjektet, som til dømes på Folkestad
i Volda. Der var det 37 fallrettseigarar og aksjonærar i eit lite kraftverk. Ofte er fallrettane ulikt fordelt: Nokre få eig mykje, andre berre nokre promille,
og det kan vere problematisk å semjast om utbygging. I tidlege år måtte eg ofte fungere som meklar
og fordele fallrettar og eigardelar. I seinare tid går
dei fleste prosjekta til jordskifteverket, som fastset
eigedomsgrenser, måler høgdemeter og fordeler
fallrettar. I ein del saker har jordskifteverket si
avgjerd blitt anka både til lagmannsretten og til
høgsterett. Det er tidkrevjande og kan forsinke
utbygginga i årevis. Når kraftprisen var på det høgste vart det mange «slåsskampar» om fallrettar,
seier Seim og fortel om geografiske skilnadar.
– Sunnmøringane protesterer på det meste. Sunnfjordingane er meir sidrumpa, snille og greie. Felles
for dei fleste småkraftbyggarar er at dei er flinke til
å søke informasjon og sette seg inn i sakene, men
dei er også lette å påverke med «gode» råd frå useriøse aktørar i bransjen. Framtida // – Korleis ser framtida ut for småkraftbransjen?
– Usikker! Vidare utbygging er avhengig av kraftprisen. På kraftbørsen Norpool ligg framtidskontraktane på rundt 25 øre per kWh for uregulert kraft og
forstå-seg-på-arane meiner det er dårlege utsikter
for særleg stigning, seier Seim og fortel at han er
meir optimist.
– Eg trur prisen på vasskraft vil stige. Den globale
økonomien har vore svak, spesielt i Europa, men er
no på veg oppover. Med større økonomisk vekst vil
energiforbruket auke. Det er dessutan stor vilje til
omlegging til meir miljøvenleg energi, noko som vil
medføre høgare pris på den reine vasskrafta. Det er
ikkje sikkert det går fort, seier Seim, men eg tippar
at om fem til sju år er kraftprisen dobla i høve no.
Låge kraftprisar er ein bremsande faktor, og høge
utbyggingskostnadar ein annan.
– Dei første prosjekta eg var med på kosta rundt
ei krone per kWh å bygge. I dag ligg tilsvarande prosjekt på to-tre kroner per kWh. Auken skuldast
strengare miljø- og tryggleikskrav og generell prisauke, fortel Seim.
Ein annan bremsande faktor vil vere tilgangen på
lønsame utbyggingsprosjekt.
– Etter kvart har dei beste prosjekta blitt
Det som aldri vart // I SFE var Seim med på planlegging og bygging av mange store kraftverk, også
eit som aldri vart noko av.
– I 1975 flytta eg til Viksdalen for å førebu
utbygginga av Gaularvassdraget, eit kjempeprosjekt
med sju store kraftverk og årsproduksjon 1200
TWh, tilsvarande to Alta-kraftverk. Det var søkt om
konsesjon etter at fylkespolitikarane hadde sortert
på vassdraga i Sunnfjord. Dei vurdert Jølstervassdraget som det mest verneverdige og Gaularvassdraget
som best eigna til utbygging. SFE forhandla med
Hydro om sal av krafta frå Gaularvassdraget, men
aluminiumsprisane gjekk nedover og Hydro forsvann ut døra. Inn kom den nyvalde komiteen for
vern av Gaularvassdraget som slett ikkje ville ha
utbygging. Eg vart sittande å prosjektere 1. byggesteg (Vallestadfossen I og II) og laga 50 store teikningar og to tjukke bøker med spesifikasjonar
medan utbyggingsmotstandarane gjekk langs elva
og sette opp verneskilt Vern om Gaula, eller gaul om
vern som vi kalla dei. Med aukande forståing for
vern av natur og miljø gjekk dette slik det måtte gå.
Den tungrodde og politikarstyrde SFE-skuta evna
ikkje å navigere i det ureine farvatnet som oppstod
og kom alt for seint på bana med reduserte og meir
miljøtilpassa utbyggingsalternativ. Gaularvassdraget vart omsider verna i 1993 (Verneplan IV).
Som eit apropos: Den mest ihuga motstandaren
av utbygginga bygde for nokre år sidan eit småkraftverk i Viksdalens finaste foss, seier Seim og
held fram.
– Etter fadesen med Gaularvassdraget planla eg
Kjøsnesfjorden kraftverk og SFE forhandla med
grunneigarane om fallrettane, men her kom Sunnfjord Energi på bana og sikra seg prosjektet. Men vi
fekk no bygt ut to mindre kraftverk i Hyen (Sagefossen og Skogheim) og Mel kraftverk i Vetlefjorden,
for ikkje å snakke om dei mange store transformatorstasjonane.
Foto // Roy Sunde
”
”
På det meste
bygde eg
seks kraftverk i året
ca 500 GWh. Første tida var det stor interesse for
mikro- og minikraftverk, men dette tok fort slutt og
utviklinga har gått mot stadig større småkraftverk.
”
Ein del har
blitt kraftmillionærar,
spesielt
blant dei
som bygde
tidleg
”
– Den globale økonomien
har vore svak i Europa, og
som ei følgje av det trur
eg prisen på vasskraft vil
stige, seier Hermod Seim.
100 ÅR I JØLSTRA // 27
Foto // Thor-Aage Lillestøl
– Ikkje sel
fallrettane!
Rune Nydal frå Holsen har lang fartstid innan småkraft.
I følgje han er det fornybar energi som er framtida, og du
må ikkje finne på å selje fallrettane.
NYDAL BYGDE SJØLV, saman med naboar, småkraftverk på i Nydalen på Holsen i 2004. Han vert
rekna som ein av småkraftpionerane i fylket, og
jobbar i dag som konsulent for andre som ønskjer
bygge.
– Men det var i Haukedalen dei først begynte å
spekulere i dette – rundt 1993. Dei kontakta Sunnfjord Energi og ville selje straum til dei. Då lo dei, for
det var jo dei som skulle selje straum til kundane, og
ikkje omvendt, ler han.
I dag er fylket suverent best på småkraft. Sogn
og Fjordane toppar klart oversikta over tal småkraftverk – uansett om ein måler i produksjon, effekt
eller tal kraftverk i drift.
Godt forarbeid // Naboane i Nydalen hadde lite
kunnskap om drift av småkraftverk då dei begynte
på eit forprosjekt i 2000. Dei kontakta difor Hermod
Seim, som jobba som konsulent på feltet. Planane
vart då lagt på is, men i 2003 var det tørt og prisane
for til himmels. Nydal og naboane meinte tida kunne
vere inne, og tok igjen kontakt med Seim, som
starta prosjektere. Konsesjonssøknad vart sendt, og
ni månader seinare fekk dei svar.
– Det er andre tider no. Vi fekk kjapt svar, men i
dag kan du rekne med at dei brukar ni månader på å
legge søknaden i ei skuff, smiler han, og siktar til
aukande byråkrati.
– I tillegg bygde vi rimeleg. Det er ikkje like lett i
dag.
Kraftverket sto ferdig i 2004, og var i drift frå 2.
februar 2005.
– Det var mykje å rekne på, før vi kunne sette i
gang. Vi sette opp kalkylar og reknestykke, vurderte
svingingar og berekna produksjon. Det er mange tal,
28 // 100 ÅR I JØLSTRA
og banken skal vere einige. I tillegg var vi aktive i
prosessen under røyrlegginga.
Nydal og naboane hadde gjort godt forarbeid,
danna aksjeselskap, og starta tidleg tene pengar på
prosjektet.
– Vi gjekk i overskot frå første året, og skjøna fort
at vi hadde gjort det rette.
Kraftverket har hatt stabil drift, og det har vore
lite tull med anlegget. I tillegg tok han som grov og
la røra lite betalt. Vi har nok vore litt heldige.
– Vi har heller ikkje hatt store utlegga i etterkant.
Det einaste vi har lagt ut for er smådelar og anna
småtteri.
Namn:
Rune Nydal
Alder:
53
Yrke:
Småkraftkonsulent,
bonde og småkraftpioner
Kommune:
Førde
Rolle:
Leiar av Småkraftforeninga i Sogn og
Fjordane og eigar
av eit småkraftverk.
Utfordrande å bygge i dag // Han meiner det ikkje
vil vere like enkelt i dag som for ti år sidan å bygge
småkraftverk.
– Behandlingstida til konsesjonssøknaden er
mykje lenger, kanskje fem år. Vi bygde rimeleg, men
det klarar du nok ikkje i dag.
Han anbefaler dei som går med planar om å bruke
ein konsulent.
– Leit opp nokon som kan prosjektere eit småkraftverk. Set deg inn i småkraftbransjen, og studer
kart over området. Kor mange høgdemeter er fallet
på? 500 meter fall er naturlegvis mykje betre enn
fem meter. Er det stor høgdeforskjell frå toppen, vil
det kanskje ligge brear der, og i vertfall snø. Det er
ein stor fordel. Har du høge fjell rundt deg varar
snøen lenger. Difor har indre strøk fordelar.
Ein svært viktig faktor er tala.
– Om forprosjektet viser raude tal, er det berre til
å pakke det vekk og la vere. Viser tala god lønsemd,
kan det vere fornuftig å søke konsesjon. Reknestykket må alltid ligge i botn. Tapar du pengar i 10-15 år,
100 ÅR I JØLSTRA // 29
”
Småkraft er
ei langsiktig
investering,
for røyrgatene kan
ligge i 60 til
100 år
”
Foto // Thor-Aage Lillestøl
bør du la det ligge. Med mindre du har veldig god
eigenkapital og klarar dekke tapet, men det har vel
dei færraste.
Verdiskaping på gardane // Nydal meiner grunneigarar ikkje må la seg sjarmere av selskapa som
kjøper opp fallrettar og byggjer ut småkraftressursane.
– Ikkje sel fallrettane, for ressursane ligg der på
sikt. Dersom ein gjer som enkelte kommunar, at ein
sel det ein eig, vil pengane komme ein gong og ikkje
meir. Om du sel fallrettane, vil du få eit eingongsbeløp og etter det ingenting.
Han ser på vatn som ein verdi på gardane. For
bønder kan småkraft vere ei god biinntekt.
– Småkraft er ei langsiktig investering, for røyrgatene kan ligge i 60 til100 år. Om du klarar bygge billeg og halde rimelege driftskostnader, kan småkraft
vere ei kjelde til verdiskaping på gardane. Men ein
må tenke langsiktig, og ikkje forvente overskot frå
dag ein. Legg det på eit realistisk nivå, og bli heller
overraska av pluss, enn omvendt.
Eit anna alternativ kan vere leige ut ressursane.
– Du må ikkje bygge sjølv. Det finns selskap som
bygger ut elver, men dei skal ha ein stor del av kaka.
Du kan leige ut fallrettane, men du sit att med lite.
Vatnet tek ikkje slutt // Nydal ivrar for fornybar
energi, og er sikker på at gardane sit på ei viktig
energikjelde.
– Vi må tenke langsiktig. Det vi tappar i Nordsjøen
vil ta slutt, og tek vi klimaet på alvor må vi redusere
klimagassutsleppa. Fornybare energikjelder kan
bidra til sikrare energiforsyning, fordi det er ein
evigvarande ressurs. Det blir som skreien i Lofoten:
Den kjem tilbake kvart år, mens oljen tek slutt før
eller seinare. På lang sikt vil rein energi som sol,
vatn og vind utan Co2-utslepp ha eit stort konkurransefortrinn. Sats på fornybar energi, det er garantert framtida!
– Dersom du ønskjer å gå i
gang med eit småkraftverk,
bør du finne nokon som kan
prosjektere det. Viser forprosjektet raude ta, er det berre å
legge prosjektet på hylla, seier
småkraftpioneren Rune Nydal.
30 // 100 ÅR I JØLSTRA
100 ÅR I JØLSTRA // 31
Kraft og fisk
– hand i hand?
I Jølstravatnet har fisk og kraft stort sett levd i fred og
ro saman sidan Stakaldefossen kraftverk starta i 1954,
med Jølstravatnet som «magasin».
ÅRET ETTER VART Harald Sægrov fødd. Han vaks
opp på Jølster, men visste nok ikkje då kor mykje
yrkeslivet hans skulle dreie seg om Jølstravatnet og
Jølstra. Som biolog med fagområde fisk, i firmaet
Rådgivende Biologer, har han forska på Jølstravassdraget i 35 år.
– Dei færraste tenkjer på Jølstravatnet som regulert, sidan reguleringshøgda berre er 1,25 meter,
seier Sægrov.
– Og det er når ein tappar vatnet for lågt ein skaper problem for det biologiske mangfaldet i eit vassdrag. Då ein regulerte Jølstravatnet på 50-talet, var
eit av vilkåra at ein skulle halde seg innan yttergrensene for normal vasstand, seier han.
– Kvifor vart Jølstravatnet så lite regulert?
– Det skuldast fleire faktorar. Jølstravatnet er så
stort at 1,25 meter reguleringshøgd utgjer mykje
vatn. Truleg kunne ein ikkje nytta stort meir i produksjonen. Og ein tok omsyn til biologien i vatnet.
Fiske var viktig då, og ein ønskte å bevare dette.
Låg reguleringshøgd sikrar faunaen // – Kvar går
grensa for kor stor variasjon i vasstand ein kan ha
før det skaper problem?
– Biologar reknar med at inntil tre meter regulering av vasstanden i ein innsjø ikkje gjev store
endringar for faunaen. Men andre ting kan påverke,
for eksempel å demme av utløpet. Ofte ligg gyteplassar for stor fisk nedanfor utløpet. Storauren i
Jølstravatnet vandrar eit stykke ned i Jølstra for å
gyte, så ei demning ville hindra den i gyte. Og reguleringshøgde på 4 meter og oppover kan ha stor
effekt på faunaen. I Jølstravatnet gyt auren i strandsona, på 2-8 meters djupne. Ei så stor reguleringshøgd her kunne øydelagt gyteplassar. Men kombi-
32 // 100 ÅR I JØLSTRA
nasjonen av lite regulering og fri vandring ut i
Jølstra gjer at kraftutbyggingane ikkje påverkar fisk
og andre organismar i påviseleg grad her, seier han.
Einaste magasinet i Jølstravassdraget ligg i Trollevatnet over Kjøsnesfjorden.
– Utbygginga i Kjøsnesfjorden gav litt mindre
vatn i tilførselselvene. Dei er ikkje like fine fiskeplassar som tidlegare. Elles ser det ikkje ut til at
kraftutbyggingane her har gitt målbare uheldige
effektar på fiskebestand eller andre organismar.
Jølstravatnet er etter måten lite regulert. Det blir
halde igjen lite vatn sentralt i vassdraget, seier han,
og fortel at ein i moderne kraftutbyggingar møter
strenge krav til kor mykje vatn ein kan nytte.
– No er det strenge krav til minstevassføring i
vassdrag ved kraftutbygging, for å unngå tørrlagte
elver. På 60- og 70-talet var det berre unntaksvis
krav til minstevassføring, og ein kunne få lange,
tørrlagte elvestrekk. No krev EU sitt vassdirektiv
god økologisk status i vassførekomsten. Direktivet
slår fast at sikring av biologisk mangfald er eit
vesentleg element i ei utbygging, og at ein bør ha
liten regulering av vasstanden for å sikre god økologisk status. Ofte går nedtapping så sakte at mobile
artar vil kunne flytte seg i høve reguleringa. Regulerer du vasstanden for mykje kan nokre artar forsvinne. Men så langt vi veit har det ikkje vore tap av
biologisk mangfald i Jølstravassdraget som følgje av
kraftutbyggingar.
Meir problem i Jølstra // I sjølve Jølstra har det
vore nokre komplikasjonar som følgje av kraftutbygging.
– Stakaldefossen har ikkje hatt noko særleg
effekt på elvestrekket nedanfor. Men med opprus-
Foto // Roy Sunde
Namn:
Harald Sægrov
Alder:
59
Yrke:
Biolog
Kommune:
Bergen
Rolle:
Har forska på
faunaen i Jølstravatnet og Jølstra
i over 35 år.
100 ÅR I JØLSTRA // 33
”
Brua påverka mest // Eit anna naturinngrep enn
kraftutbygging har påverka vatnet mest.
– Brua over Kjøsnesfjorden har stor påverknad på
Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Den ville truleg
ikkje blitt bygd på same vis i dag, slår han fast og
fortel kvifor.
– Det er stor skilnad i fargen på Jølstravatnet og
Kjøsnesfjorden i sommarhalvåret. Jølstravatnet er
blått, medan Kjøsnesfjorden er grøn-grå. Kjøsnesfjorden får tilførsel av brevatn, som er rikt på leirepartiklar. Desse er så fine at dei kan flyte i vekevis i
overflata. Før brua hadde ein stor utveksling av vatn
mellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, og Kjøsnesfjorden fekk tilført meir klårt overflatevatn. Det gjev
ulike næringsvilkår. Jo meir leire i overflata, jo
mindre lys trengjer ned i vatnet. Det gjev mindre
produksjon av algar og fisk. Derfor har Jølstravatnet
finare fisk enn Kjøsnesfjorden, seier han, og fortel
at ein i bygginga av kraftverket i Kjøsnesfjorden
prøvde å avbøte dette.
– Reguleringsmagasinet i Trollevatnet samlar
mykje av vatnet frå breane rundt, og reduserer
34 // 100 ÅR I JØLSTRA
Foto // Roy Sunde
”
For å sikre
god gytebestand og
biologisk
mangfald
har ein laga
strengare
reglar
tinga av Brulandsfossen kraftverk i 1989 oppsto ein
del problem. Når kraftverket stoggar er det meining
at ei luke skal opne seg og sleppe vatn ut i fossen.
Men luka reagerte seint, og det tok tid før vatnet
nådde elva nedstraums. Ved stans i kraftverket vart
mykje av elva tørrlagt, med stranda fisk som resultat. Dette var problematisk lenge. Vi har ikkje sikre
tal på kva dette betydde for fiskebestanden i
Jølstra, men reknar med 20-30 prosent nedgang i
bestanden dei ti første åra etter utbygginga, seier
han.
– Vidare laga ein eit styringssystem med
omlaupsventilar som gav betre kontroll. Ved turbinstopp no senkar luka seg raskt, og vatnet renn
forbi. Dette har stort sett fungert bra. Ein hadde
utfall i 2009 og uhell i januar 2013 og i februar
2014. Desse var korte, og det gjekk under ein time
før normal vassføring var tilbake. Botnen av Jølstra
er også prega av grov stein og mose, og fisk kan
klare seg lenge om den ligg i fuktig mose, seier han
og held fram.
– I dag har ein gode system for å unngå tørrlegging, og utanom problema har det vore omtrent normal vassføring. Eit unntak er at reguleringa gjev
mindre flaumar enn før. Men problema førte til
streng regulering av laksefiske. Frå 1992 sette ein
ut all villaks ein fanga. No har ein byrja å sleppe opp
litt, i fjor var det ein kvote på 60 laks i elva. Samtidig har ein generelt blitt strengare på uttak av villaks i Norge, blant anna fordi laksen har fått dårlegare overleving i havet. For å sikre god
gytebestand og biologisk mangfald har ein laga
strengare reglar, og jobbar målretta for å bygge opp
bestanden av gytefisk.
vassføringa i elvane til Kjøsnesfjorden. Magasinvatnet vert ført ut på djupare vatn i Kjøsnesfjorden enn
det ville blitt naturleg, for å skape klårare overflatevatn. Det ser ut til å ha ein effekt, men vi har for
korte måleseriar til å seie det sikkert. Leiremengda
varierer nemleg frå år til år naturleg også. Men vona
er at ein kompenserer ein del av endringane som
følgje av brubygginga med dette.
Betre enn før? // Sægrov fortel at Jølstravatnet
framleis er eit viktig fiskevatn.
– Jølstravatnet har godt rykte, og eg brukar å kalle
det eit av dei viktigaste vatna for aurefiske i NordEuropa. Det er ikkje mange vatn att med eit så viktig fiske av aure som her, og fiskekvaliteten er høg.
Sjølv jølstringar blir overraska når eg fortel kor
mykje aure det blir teke opp av Jølstravatnet. Vi
snakkar om totalt 15 tonn fisk per år. Det er like
mykje som all laksen som blir fiska i alle elvene i fyl-
ket vårt. Det seier noko om kor mykje fisk det er i
vatnet, seier han.
– Før hadde ein eit levande innlandsfiske i Norge,
men når oppdrettsnæringa kom vart laks og aure
billeg. Det var kroken på døra for innlandsfiske som
næring. Men i Jølstravatnet held det stand, grunna
høg kvalitet på fisken, og eit godt fungerande fiskemottak drive av Finn Årdal, seier han, og fortel at
kvaliteten på fisken har auka i løpet av desse 60
åra.
– Eg trur fisken er finare no enn på 50-talet. Då
fiska ein ofte etter gytefisk. Når flytegarnfiske
breia om seg på 60- og 70-talet fekk ein eit meir
effektivt fiske, og tek meir fisk før den blir gammal.
Det gjev ein yngre bestand og høgare kvalitet. Normalt stoppar fisken å vekse når den har gytt for
første gang, og kvaliteten søkk med alderen.
I eit vatn er det ofte mange om beinet. I Jølstravatnet har auren herska åleine lenge.
– Jølstravatnet er eit av få eksempel vi kjenner
med ein kannibalsk storaurebestand. I nyare tid har
det blitt sett ut øyrekyte, som ein var redd skulle
skape problem, men så langt har den ikkje gjort det,
seier Sægrov og fortel at den siste istida har sett
sitt preg på artsutvalet i Jølstravassdraget.
– Nedst i Jølstra har ein laks, aure og røye, og dei
to siste tok seg også inn i Movatnet i sluttfasa av
siste istid. Då gjekk den marine grensa, altså havnivået, om lag ved Stakaldefossen. Men over fossen
kom fisken seg aldri.
– Men kvifor er det aure i Jølstravatnet då?
– Den trur vi er hjelpt inn dit av menneske, seier
Sægrov. – Elles burde det vore røye der også. Vi veit
at folk byrja å flytte aure mellom vassdrag for
6000-7000 år sidan. Men vi veit ikkje om den kom
frå Movatnet, eller andre vegen frå Breimsvatnet,
avsluttar Sægrov.
– Eg brukar å kalle
Jølstravatnet eit av
dei viktigaste vatna
for aurefiske i NordEuropa, seier Harald
Sægrov.
100 ÅR I JØLSTRA // 35
– God dialog mellom
dei som driv
kultiveringsarbeid i
elvene er viktig og
nyttig for dei ulike
interesseguppene,
seier fiskeoppdrettar Ola Sveen.
Samarbeid i Jølstra
Utbygginga av Brulandsfossen i 1989 førte til år med uro mellom
Namn:
Ola Sveen
Alder:
63
Yrke:
Fiskeoppdrettar
Kommune:
Flora
Rolle:
Styremedlem i
Svanøy Havbruk
I samband med utfall som førte til tørrlegging av
elva vart det funne daud yngel. Etter dette oppsto
eit konfliktfylt forhold mellom grunneigarar og
kraftselskapet på omfanget av problemet. Sunnfjord
Energi sette opp betre kontrollanlegg, som klarte å
regulerer raskare ved utfall, men konflikta haldt
fram i mange år og gjennom to rettsakar. Grunneigarane fekk medhald og erstatning for dei første ti
åra, mens retten ikkje fann grunn til erstatning for
dei neste ti åra.
Direktoratet for naturforvalning og NVE påla
utbyggar å produsere og sette ut 10.000 laksesmolt årleg i Jølstra. Men kvaliteten på setjefisken
vart eit problem. Sunnfjord Energi kontakta Ola
Sveen i Svanøy Havbruk, ein oppdrettsveteran med
fartstid heilt tilbake på 70-talet.
– Sunnfjord Energi kontakta meg for fire år sidan,
og bad meg komme og sjå på yngelen og vurdere
kvaliteten. Dei hadde problem med finneslitasje,
ujamn vekst og auka utgang av fisk i periodar. Eg
besøkte anlegget for å vurdere situasjonen, og fann
at problemet deira var samansett. Besøket vart
grunnlag for ein rapport der eg føreslo ulike tiltak,
og rapporten danna også grunnlag til eit budsjett
for ei oppgradering av anlegget, fortel Sveen. – I eit
møte mellom dei som har driftsansvar for anlegget,
og tilsynsveterinær Inge Kaada, diskuterte vi dei
føreslegne tiltaka. Dei gjekk blant anna på å gje fisken meir plass, vatn og lys.
Rusta opp klekkeriet // Mot slutten av 2011
løyvde Sunnfjord Energi 350.000 kroner til å ruste
opp klekkeriet og setjefiskanlegget til Førde Elveeigarlag, og inviterte Sveen inn som fagleg ansvarleg for oppgraderinga.
Målet for Sunnfjord Energi var å legge konfliktane
bak seg ved å invitere til samarbeid.
«Eg trur det vil gje god effekt også å alliere oss
med solide fagfolk på klekkeri og setjefisk i laksebransjen», sa produksjonssjef Olav Osvold i Sunnfjord Energi i starten av prosjektet.
36 // 100 ÅR I JØLSTRA
– Haldninga har endra seg både hos oss i Sunnfjord Energi og i elveeigarlaget og vi har dei siste
åra hatt ein god dialog, understrekar han.
Arne Høisæther i Førde Elveeigarlag var også
nøgd med det nye samarbeidsklimaet.
«Skilnaden er at Sunnfjord Energi no tilbyr oss nye
tiltak dei ikkje har blitt tvinga til. Og når ein skal vidareutvikle klekkeriet og setjefiskanlegget, er vi glade
for å ha fått med ein verkeleg ekspert, Ola Sveen, på
dette Sveen. Vi set pris på at ein fagmann tek ansvaret for at oppgraderinga og vidare drift av anlegget
skal bli vellykka» uttalte han til Firdaposten.
– Grunnlaget for settefiskanlegget er å kompensere for ein mogleg effekt frå kraftverket på reproduksjon av fisk i elva. Etter at Sunnfjord Energi
sette meir fokus på å støtte kultiveringa, også med
fagleg ekspertise og teknisk hjelp, har forholdet
betra seg. Framleis er det eit følsamt tema, men
samarbeidet er konstruktivt og godt, seier Fredrik
Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord
Energi.
Betre yngel // Samarbeidet mellom desse tre partane hadde som målsetnad å auke kvaliteten på
yngelen.
– Sunnfjord Energi finansierte ei større oppgradering av anlegget med større kar, nytt røyropplegg og
tilgang til å sette på meir vatn. I tillegg sponsa Gjølanger Bruk i Fjaler større kar. Mykje av grunnarbeidet og montering av utstyr vart teke på dugnad av
dei som hadde oppfølging av anlegget, eleveeigarane og sportsfiskarar, seier Sveen.
– Større kar med meir volum bidreg til å lage
større og meir robust laksesmolt. I tillegg måtte ein
legge om røyrsystemet og organisere klekkerenner
og småkar meir effektivt. Oppgraderinga vart vellykka, og det speglar seg i kvaliteten på fisken no.
– Kva kan ein overføre av kunnskap frå oppdrett
til kultivering av villaks?
– Erfaringar som kan overførast frå oppdrett til
kultivering er både av teknisk, driftsteknisk og bio-
Foto: Privat
Sunnfjord Energi og Førde Elveeigarlag.
logisk art. Settefiskanlegg sit ofte på mykje utstyr
som kultiveringsanlegga kan overta, som eit bidrag i
dette arbeidet. I vår region har fleire villaksklekkeri
fått overta utstyr frå settefiskanlegg som kjem til
stor nytte. Dette er noko vi oppdrettarar svært
gjerne er behjelpelege med. Slike samarbeid gjev
også gode kontaktar.
Godt samarbeid // Sveen syns det har vore kjekt å
kunne bidra.
– Vi i laksenæringa har ei genuin interesse for at
villaksen skal ha gode forhold. Det er den eigentlege norske laksen, medan vi innan havbruket har
gjort den til husdyr. Så det er kjekt at vi som profesjonelle fiskefolk kan få lov å hjelpe til, seier han og
held fram.
– Samarbeidet har fungert veldig bra, og for meg
har det vore interessant å halde kontakten vidare
med dei som driv anlegget. Etter mitt syn er det viktig med god dialog mellom dei som driv kultiverings-
arbeid i elvene – anten det er elveeigarar eller
sportsfiskarar – og oppdrettsnæringa. Oppdrettarar
er profesjonelle i arbeidet med laks, og kan bidra i
mange samanhengar til arbeidet som vert drive i
elvene. Spesielt dei som driv settefiskanlegg, som
kan nyttast i kultiveringssamanheng. Det er viktig å
bringe interessegrupper saman, for gjensidig informasjon. For eigen del er det kjekt å få delta og
bringe saman dei som jobbar med dette, anten det
er i Jølstra, Nausta, Gaula eller Osen, seier Sveen,
som gjerne bidreg meir i framtida.
– For meg som oppdrettar har det vore veldig
interessant og givande å få bli med på kultiveringsarbeidet i elvene i distriktet vårt. Eg håpar å få endå
meir tid til dette framover. Eg har også stor interesse av å kunne få tid og høve til filme og dokumentere korleis laksen har det i elvene våre. Laksen
er ein spesielt spennande og flott skapning, som ein
blir meir og meir fasinert av til oftare ein jobbar med
den.
100 ÅR I JØLSTRA // 37
Det var ein
gong ein foss
Utbygginga av Svultingsfossen var ein viktig del av den moderne
kraftutbygginga i Sunnfjord. Den kulminerte i ein stor fusjon mellom
Svultingen, Sunnfjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk (YSSE). I dag kjenner vi det som Sunnfjord Energi AS.
Foto // Joachim Vie
«DET VAR EIN GONG ein foss», startar diktaren
Jakob Sande, om kor dramatisk ein foss kan vere. I
boka 50 år med L/L Svultingen blei Svultingsfossen
omtala som «fri, majestetisk uhemja». L/L Svultingen skulle i følgje skipingsdokumenta vere «eit
ålmennyttig lutlag med føremål å byggje ut eller
overta kraftstasjonar og kraftleidningar med sikte
på å forsyne dei lokala kraftlag med turvande energi
til ålmen elektrisitetsforsyning i bygdene, herunder
også elektrisk energi til industri og arbeidslivet.
Føremålet er og å samkøyre med andre kraftstasjonar og kraftlag, og det kan seljast energi også til lag
eller samskipnader utafor distriktet». Skipinga blei
gjort i Dale den 22. desember 1939.
– Grunnen til at det skjedde 22. desember 1939,
er at leverandøren på grunn av krigsutbrotet måtte
ha bestilling før årsskiftet om ein skulle greie å
levere utstyret, fortel Atle Stubhaug, som jobba i
Svultingen frå 1982 og var direktør frå 1986 til
1997.
– Som så ofte elles når det gjaldt kraftutbygging i
fylket, sto det ein sterk person bak. Gjert Raae var
styreformann då selskapet blei skipa og jobba sterkt
for utbygginga av Svultingen.
– Dessutan hadde Ytre Fjordane Kraftlag, som
etter skipinga var største eigar i Svultingen, stort
behov for meir kraft, fortel Stubhaug.
I staden for å bygge ut Nedre Markevatn blei det
bestemt at ei utbygging av Svultingfossen var meir
hensiktsmessig, så kunne ein hente ut overskytande kraft derifrå.
Pådrivaren // – I starten eigde kommunane nesten
38 // 100 ÅR I JØLSTRA
ingenting i kraftverka. Men med store investeringar
i samband med linjeutbygging, blei kommunane
invitert inn som eigarar, for å skaffe kapital. Det blei
bestemt at kommunane skulle opprette lokale kraftlag som igjen skulle eige i Svultingen. Frå oktober
1939 vart det skipa ei rekke lokale kraftlag, som
igjen realiserte L/L Svultingen, fortel Stubhaug.
Skiparane i Svultingen var: Ytre Fjordane Kraftlag,
Dale sogns Elektrisitetsverk, Gaular Kraftlag, Hyllestad Kraftlag, Lavik Kraftlag, Holmedal Kraftlag og
Sogn og Fjordane fylke. På grunn av krigsutbrotet
opplevde ein ei rekke leveranse-utfordringar av
materiell. Dette fekk overingeniør P. Aug. Hysing til
å skrive fleire brev til både bank og byråkrati, der
han forsikra at alt gjekk etter planen, og at det uansett ville bli dyrare å ikkje fullføre. P. Aug. Hysing
var ein sterk pådrivar for elektrisitetsutbygginga i
Sogn og Fjordane i om lag 40 år, og må tilskrivast
stor ære for utbygginga som skjedde i Svultingsområdet.
Namn:
Atle Stubhaug
Alder:
68
Yrke:
Pensjonist
Kommune:
Førde
Rolle:
Direktør i Svultingen 1986-1997.
Produksjonssjef i
Sunnfjord Energi
1997-2008.
Nybrottsarbeid // Mange var skeptiske og meinte
at Svultingen kom til å bli eit konkursføretak, noko
dei raskt motbeviste.
– På slutten av 1941 kunne ein prøvekøyre
anlegget, og allereie frå starten viste det seg å fungere som ein god leverandør til dei andre kraftlaga,
med god inntening. I 1948 auka behovet for meir
kraft i Svultingen-området, og ein byrja rekne på
nye utbyggingar. I samband med utbyggingane,
måtte ein også oppgradere linjenettet som distribuerte krafta frå stasjonen ut til brukarane.
Etter krigen vart det bygd veldig mykje linjenett.
100 ÅR I JØLSTRA // 39
Transportane til Svultingen-anlegget var store og tunge. Her er det aggregatet til Øvre Svultingen som skal
bukserast på plass. BDS (Bergenske Dampskibsselskap) stilte med robust lastebil med tilhengar. Dei lokale
bilane vart for lette. På bruene vart det plassert solid plank til forsterking, for ein frykta at dei ikkje tolde
belastninga. Arbeidsmannen på biletet er Alfred Birkeland. Foto: Sverre Engen.
Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.
”
Ein var forsiktig med
utbyggingane og
hadde god
dekning for
at det var
økonomisk
lønsamt
”
40 // 100 ÅR I JØLSTRA
Det eksisterte knapt linjer frå før. Mellom anna fekk
ikkje Holsen/Haukedalen straum før slutten av
1950-talet.
– Det var krevjande og utfordrande å byggje ut
linjenettet i området. Og det vart nytta dei midla ein
hadde til rådvelde. Til dømes i Solund, der ein nytta
mellom anna kasteblokkar og lettbåtar for å få
materiellet opp i linjetraseane.
Industriframveksten førte også til stort behov for
kraft, og ein opplevde fleire periodar med rasjonering og kraftunderskot, før kraftverk og linjenett blei
utbygd og samankopla.
I 1989 bestod Svultingen av:
• Øvre Svultingen, i drift 1941 (Nordstrandsvatn)
• Stakaldefossen I og II, i drift 1954-56 (Jølstervatn)
• Nedre Svultingen, i drift 1965/66 (Nordstrandsvatn og Espelandsvatn)
Mange forsøk på fusjon // – Svultingen har alltid
vore eit aksjeselskap. På den måten fekk ein effektiv drift. Ein har føreseielege og greie kommandolinjer og eit gjennomarbeida regelverk som ein styrer
etter. Ein var forsiktig med utbyggingane og hadde
god dekning for at det var økonomisk lønsamt, seier
Stubhaug.
– Det var mange forsøk på å få til ein fusjon i
Svultingen-området, fortel Atle Stubhaug, som
jobba i Svultingen frå 1982 og var direktør gjennom
fusjonsprosessen i 1997, mellom Svultingen, Sunnfjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk.
– I dag kjenner vi selskapet som Sunnfjord Energi
AS. I jubileumsboka, «50 år med L/L Svultingen»
(Red.anm: L/L, eller lutlag, er det som i dag kallast
aksjeselskap), kjem det fram at det allereie i 1964
vart konkludert med at «det ville vere formålstenleg
å få skipa ei eining for kraftproduksjon og energiomsetnad i fylket…»
NVE var ein sterk pådrivar for dette. I 1969 blei
det konkludert med at det beste ville vere full
samanslåing av L/L Svultingen og alle kraftlaga i
området. Deretter kom det ei rekke utgreiingar om
samanslåing. Når arbeidet med boka vart avslutta i
1989 var ein framleis ikkje nærmare ein samanslåingsprosess.
– Det var i denne perioden fleire samanslutningar
mellom dei totalt 13 kraftlagseiningane i området.
Det enda med to distribusjonsverk i området, Sunn-
Velnøgde karar etter prøvekøyring av generator og turbin i Stakaldefossen I. Frå venstre driftsstyrar Henry
Brügger-Sandnes, elles ståande bak hjelpearbeidarane Sverre Nordbø (t.v.) og Nils Grimsbø (halvt skjult). Dei
andre er montørar og ingeniørar frå fabrikk og firma Sønnico. Foto: Reiakvam.
Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.
fjord Energiverk og YSSE. For Svultingen sin del kom
ein saman og diskuterte alternative samanslutningar, men så sa det stopp, fortel Stubhaug.
Endeleg fusjon // – Den endelege fusjonsprosessen føregjekk i åra 1995 til 1997, etter påtrykk frå
staten, seier Stubhaug.
– Svultingen fusjonerte med Sunnfjord Energiverk
og YSSE, og vart til Sunnfjord Energi AS. Alle måtte
søkje på nye stillingar, og eg vart tilsett som leiar
for produksjon og visedirektør. Per Storegjerde heldt
fram som direktør for det nye selskapet.
– Det var nok mange årsaker til at vi ikkje kom i
gong med fusjonen tidlegare, seier Stubhaug om
fusjonsprosessen, og fortel vidare om ankepunkta.
– Ein veit kva ein har, ikkje kva ein får. Og så er
det noko med å styre i eige hus! Men når avgjersla
endeleg kom var ein moden for det, og fusjonen
gjekk veldig bra, fortel Stubhaug som såg mange
fordelar ved ein fusjon.
– Ansvar fordelt på fleire, større leiargruppe og
fleire å diskutere med. Fordelane ved å drive som eit
AS blei meir tydeleg, framfor å vere til dømes eit
kommunalt eller interkommunalt føretak.
FAKTA:
P. August Hysing
P. August Hysing (1885-1967) utdanna som
ingeniør i Berlin 1910, og arbeidde først som
konsulent hos fossespekulanten Ragnvald
Blakstad ved Auraanlegga på Nordmøre.
Tilsett som driftsleiar i Ålfotselskapet 1919
(sjå Ålfotsaka). Busett i Ålfoten fram til 1931.
Då flytta han til Florø og var driftsleiar i Ytre
Fjordane Kraftlag til 1947.
Overingeniør
Seinare flytta han til Sandane, og arbeidde som
overingeniør med elektrisitetsutbygginga i fylket heilt til han var 77 år gamal.
Heidra for utbyggingane
Hysing er rekna som den personen som har
gjort størst innsats for utbygging av ålmennforsyning av elektrisitet i Sogn og Fjordane. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelde: NRK Fylkesleksikon
100 ÅR I JØLSTRA // 41
Jølstra –
i minst 100 år til
Sunnfjord Energi og Jølstra-vassdraget har eit forhold som fyller 100 år i år.
Og planlegginga for dei neste 100 åra er godt i gang.
– HISTORIA TIL Sunnfjord Energi i Jølstra byrja i
1914: Då stod kraftverket Brulandsfossen I ferdig.
Det var ein stor milepåle for Førde kommune. Ordføraren slo på stortromma: – No har vi kraft nok til
evig tid, slo han fast. Men slik gjekk det jo ikkje,
seier produksjonssjef i Sunnfjord Energi, Olav Osvoll.
– Alt i 1934 hadde ein alt for lite kraft, og bygde
ut Brulandsfossen II. Dermed gjekk ein frå 256 kW
til 1000 kW i installert effekt, seier han, og fortel at
det heller ikkje skulle vise seg å stille det veksande
behovet for kraft i indre Sunnfjord.
– I 1952 søkte ein om løyve til å regulere Jølstravatnet, for å løyse utfordringar knytt til låg kraftproduksjon i Brulandsfossen vinterstid. Og i 1954
vart Stakaldefossen kraftvert sett i drift.
Deretter gjekk det nokre år før neste utviding.
– I 1989 vart igjen Brulandsfossen utvida, til
dagens 12.500 kW. Så kom Mo kraftverk, som
utnyttar fallet frå Gravvatnet ned i Movatnet, i
2000. Den største utbygginga vi har hatt er Kjøsnesfjorden, som kom i drift i 2010, og tilførte Sunnfjord Energi nye 84 MW i effekt, noko som omlag
dobla den totale produksjonen vår. I dag produserer
vi 400 GWh årleg i Jølstravassdraget etter å ha
investert ca. 1,2 milliardar kr dei siste 30 åra i vassdraget.
– Vi føler vi har ei viktig rolle i det å sikre lokal
verdiskaping frå kraftproduksjonen, slik at verdiane
kjem lokalsamfunnet til gode. Difor har vi også
stimulert og lagt til rette for småkraftutbyggingar
der grunneigarane eig anlegga, og vi fungerer som
konsulentar som legg til rette for at dei skal kunne
realisere planane sine. Det viktigaste for oss er at
verdiane blir liggande att lokalt, seier Osvoll.
Vil utvide for framtida // Med Kjøsnesfjorden
kraftverk kunne utbygging av Jølstra-vassdraget
vore ført til ende, og Sunnfjord Energi ha nådd
42 // 100 ÅR I JØLSTRA
produksjonstaket sitt. Men ikkje om det går som
Sunnfjord Energi håpar.
– Vi er i den situasjon at det meste av vassdraga
rundt oss er verna. Gaularvassdraget er varig verna,
og det same er Naustdal/Gjengedal. Det einaste
vassdraget vi har spelerom i er Jølstra. I dag utnyttar
vi 40 av 160 høgdemeter av fallet i Jølstra frå
Jølstravatnet og ned til Movatnet. Vi har i dag ein
situasjon med stort flomtap og liten utnytting av
fallet. Difor har vi lenge hatt lyst å utvide kraftverket i Stakaldefossen.
– Det nye prosjektet Jølstra Kraftverk i
Stakaldefossen er tenkt i storleiken 60 MW, og skal
produsere 209 GWh. I dag produserer
Stakaldefossen 60 GWh, men vil etter utbygging av
det nye anlegget produsere 33 GWh, då mykje av
vatnet blir leia inn i det nye anlegget. Det vil auke
totalproduksjonen i selskapet med 30 prosent, slik
at vi i staden for 517 GWh endar på 690 GWh i årleg
middel produksjon. Etter utbygginga vil vi nytte
131 høgdemeter av fallet.
Framdrift // For tida jobbar Sunnfjord Energi på
høggir, for å lande prosjektet i høve tidsfristen for å
komme inn under el-sertifikatordninga.
– Vi byrja eit samarbeid med grunneigarane til
fallrettane ovanfor Stakaldefossen i den aktuelle
delen av Jølstra i 2008, og leverte første melding til
NVE i 2009. Det vart fort klart at den øvste delen
av Jølstra, frå Vassenden og ned til Flugelona ved
Kvamsfossen (nedanfor golfbana), var prega av så
sterke frilufts- og fiskeinteresser at den ikkje var
aktuell for utbygging, seier Kjell Johnny Kvamme,
prosjektleiar for Jølstra Kraftverk.
– Vi leverte konsesjonssøknad i desember for
behandling hos NVE og Olje- og Energidepartementet. 16. juni vert det folkemøte om
Jølstra Kraftverk. Vi forventar at konsesjonen kjem
Foto // Thor-Aage Lillestøl
Namn:
Kjell Johnny
Kvamme
Alder:
31
Yrke:
Prosjektingeniør
Kommune:
Førde
Rolle:
Prosjektleiar Jølstra
Kraftverk
100 ÅR I JØLSTRA // 43
”
Viktig for framtida til Sunnfjord Energi // Jølstra
har vore sentral for Sunnfjord Energi i 100 år, og vil
halde fram med det i 100 år til. Det er her vi har
handlingsrom for utviding, så om Sunnfjord Energi
skal halde fram med å vekse i kraftproduksjon, er
det i Jølstra det må skje. Det føreligg ein samla plan
for alle vassdrag i Norge, der dei er katalogisert og
prioritert. Kategori 1 betyr at dei kan byggast i,
medan kategori 4 er varig verna vassdrag. Jølstra er
i kategori 1, så vi ser det naturleg å halde fram
utviklinga vår her, seier Osvoll.
Selskapet Nordkraft har også planar om å bygge
ut i Jølstra.
– Vi har hand om cirka halvparten av fallrettane.
Dersom vi skulle få konsesjon må vi forhandle med
grunneigarane oppstrøms Stakaldefossen om overtaking av deira fallrettar. Vi vonar på ei rask
avklaring av desse spørsmåla når konsesjonsaka er
avklara. Vi hadde ikkje kunne bygd ut kraftverket i
Kjøsnesfjorden utan å ha brei støtte lokalt og eit
godt forhold til grunneigarane. Vi føler vi har støtte
for planane om Jølstra Kraftverk i Førde og Jølster.
Grunneigarane har lyst på utbygging også, det
handlar mest om at dei ønskjer gode prisar for fallrettane. Og vi har respekt for deira ønskje i saka, og
god tru på at vi skal komme i mål med ein avtale
som gir ei balansert avkasting etter kva ein stiller
opp med av fallrettar, kapital og risiko i prosjektet.
Verdiskaping frå dag ein // Det er ikkje småtteri
som skal til for å bygge eit kraftverk som Jølstra
Kraftverk.
– Kostnadsramma er på 704 millionar kroner. Av
dette reknar ein med at cirka 20 prosent vil falle på
lokale leverandørar og entreprenørar. Då er ikkje
andre ringverknadar teke med, til dømes mat og
losji til gjestearbeidarar og slike ting. Byggearbeidet
44 // 100 ÅR I JØLSTRA
er rekna til 125 årsverk, noko som betyr rundt 50
personar i arbeid i to og eit halvt år fordelt på ulike
fagfelt, og sjølvsagt med ulike toppar i kor mange
som er i drift på same tid. Det skal blant anna lagast
5,75 kilometer med tunnelar, samt ein stor kraftstasjonshall. Prosjektet vil legge igjen mykje pengar
lokalt i byggefasen. Og når det kjem i drift vil det
gje store inntekter til stat og kommune, samt
utbytte til eigarane, seier Kvamme.
Garantist for lokal verdiskaping // – Vi har vore ei
lokal drivkraft i Sunnfjord i 100 år, og står for lokal
verdiskaping. Konkurrenten vår om fallrettane held
til i Narvik, og vi synest jo det ville vere synd om
verdiskapinga krafta utgjer skal ende der. Vi er ein
garantist for at verdiane blir her, seier Osvoll.
– Sunnfjord Energi er ein langsiktig forvaltar av
verdiane i Jølstra, og skal i alle fall vere her i 100 år
til. Vi er eigd av blant anna kommunane Jølster og
Førde, og er den reiskapen kommunane har til å ta
vare på og forvalte desse verdiane, seier Osvoll.
– Med kommunale og lokale eigarar vil også
utbytte frå selskapet ligge igjen lokalt, seier
Kvamme.
– Og det handlar ikkje berre om kroner og
øre. Kraftverk og linjenett er viktig infrastruktur for
samfunnet. Difor er det viktig å ha lokal beredskap
og kunnskap, og den er det dei lokale kraftselskapa
som utgjer. Ein lærte av orkanen Dagmar kor viktig
slik beredskap er for samfunnet, så den bør takast
vare på, avsluttar han.
Foto: Sunnfjord Energi
”
Sunnfjord
Energi er ein
langsiktig
forvaltar av
verdiane i
Jølstra, og
skal i alle fall
vere her i
100 år til
på plass i 2017, og det er naudsynt om vi skal
komme i mål i høve el-sertifikatordninga, som prosjektet treng for å realiserast. Då må kraftverket
vere i drift innan 2020, seier Kvamme.
– Byggetida på Jølstra Kraftverk er to og eit halvt
år, så det skal gå bra. Men vi har ikkje meir enn tida
og vegen føre oss. Får vi byggestart i 2017 skal vi
klare det, og det er avgjerande for prosjektet, seier
Kvamme, og fortel at dei køyrer parallelle prosessar
for å sikre dette.
– Normalt byrjar ein detaljplanlegging, innhenting
av tilbod frå entreprenørar og slike ting etter at konsesjon er på plass. Men skal vi komme i mål innan
2020 er vi nøydde å starte tidlegare med slike ting.
Difor køyrer vi to prosessar på same tid no: Det eine
er løpet mot myndigheitene i høve konsesjonssøknad. Parallelt har vi byrja detaljplanlegging av
sjølve kraftverket, og etter kvart byrjar vi å hente
inn tilbod frå entreprenørar, seier Kvamme.
Stakaldefossen
Kraftverk i Jølstra,
som er planlagt
utvida.
Kartet til venstre
viser det planlagte
Jølstra Kraftverk.
FAKTA:
Jølstra Kraftverk
Årsproduksjon 209 GWh
Ny energi 176 GWh
Prosjektkostnad 704,5 mill. NOK
Utbyggingspris 3,37 kr/kWh
Utb.pris ny energi 4,00 kr/kWh
2 aggregat med installert effekt 60 MW
Minstevassføring sommar 12 m³/s
Minstevassføring vinter 4 m³/s
Min slukeevne 3,5 m³/s
Maks slukeevne 55 m³/s
Fall 132 m
Tunnelar 5,75 km
d
"
)
Tegnforklaring
jolstra-kraftverk.no
Inntak
Kraftstasjon
Kabel i grøft
Moskog Statnett
Terskel
Industriområde
Tunell
12
100 ÅR I JØLSTRA // 45
Foto // Thor-Aage Lillestøl
Kraftlinjer i
stadig utvikling
Dei siste seksti åra har det vore ei enorm investering i linjenett
i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde. Og det er ei utvikling som
berre vil akselerere inn i framtida.
Namn:
Oddvar Hatlem
Alder:
56
Yrke:
Nettsjef
Sunnfjord Energi
Kommune:
Hyllestad
– I byrjinga var Sogn og Fjordane seine med å få
straum ut til alle husstandane. I 1940 var omtrent
40 prosent av befolkninga kopla på nettet, mot 75
prosent i resten av landet. Det var det fleire årsaker
til, men mykje handlar om geografien vår og busetnadsmønsteret. Vi har òg fleire tettstadar som vart
bygde opp på grunn av kraftproduksjon og kraftkrevjande industri. Det var eit hardt og tungt arbeid
å bygge linjenettet her i fylket. Før var folket i forsyningsområdet sjølv med og bygde linjene, i eit
enormt dugnadsarbeid. Og i 1960 var så godt som
alle innbyggarane kopla til straumnettet, fortel nettsjef i Sunnfjord Energi Oddvar Hatlem.
200 millionar kroner // Moderniseringa av samfunnet aukar stadig behovet for kraft og styrking av
linjenettet. Saman med strengare krav til leveringskvalitet har det ført til store investeringar.
– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert
200 millionar kroner i utbygging av linjenettet.
Utbetringstakta må faktisk auke, så investeringane
må opp i åra som kjem. Vedlikehald og drift av eksisterande nett er det mest like stor kostnad med som
det vi investerer for. Vi ser det som viktig å ha eit
linjenett som taklar klimautfordringar vi står føre,
og er veldig bevisste på leveringtryggleik, seier han.
Difor har dei blant anna bygd ut doble linjer i det
meste av forsyningsområdet.
– Slik at vi har minst to innfallsportar til alle kommunane våre. Om ei linje fell vekk, har vi høve til å
rute rundt og få inn straum likevel. Meir robust nett
og dobbel linjeføring fordyrar nettet vår, og det
same gjeld naturen vår. Vi har mykje øyer og høge
fjell, som ein må over eller rundt. Det er krevjande å
bygge ut og halde ved like nett her, seier Hatlem.
– Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspiss
for å få fiber ut i distrikta, og har investert 65 millionar kroner der dei siste åra. Og i tillegg har vi investert rundt 25 millionar kroner i å bygge koplingspunkt i nettet, som vi knyt til driftssentralen vår via
46 // 100 ÅR I JØLSTRA
radio eller fiber. Dermed kan vi styre kvart enkelt
knutepunkt i straumnettet via driftssentralen, for å
få straumen tilbake til kundane så raskt som råd ved
eventuelle brot. Her har vi lagt ned eit stort arbeid,
som har gjeve godt resultat.
Motorvegen på 420 kV // Neste åra står den nye
420 kV-linja klar gjennom Sogn og Fjordane. Ein
«motorveg» med lokal «påkøyring» på Moskog, i
Høyanger, Svelgen/Åskora og Sogndal.
– Den har alt å seie for området vårt! I utgangspunktet var ikkje Moskog tenkt som eit knutepunkt
på linja. Men lokale krefter klaga, og fekk Statnett til
å sjå kor viktig dette var for vår region. Utan den
motorvegen for kraft som dette blir, hadde vi vore
veldig låst framover. Vi ville hatt små høve til utvikling i området vårt innan kraftutbyggingar, men
også når det gjeld industriutvikling. Og ikkje berre
lokalt. Det nye stamnettet er vesentleg for utvikling
innan industri og kraftutbygging i heile vest- og
midt-Norge.
– Kva ville vore konsekvensen om ein ikkje fekk
420 kV-linja?
– Då måtte vi bygd om heile linjenettet vårt, og
fordelt krafta utover i linjer med lågare kapasitet.
Det hadde vore håplaust. Heldigvis såg NVE og Oljeog energidepartementet kor viktig dette var. Det
vart lagt ned eit godt arbeid for å få Moskog som
knutepunkt.
– Vi hadde heller ikkje fått krafta ut av fylket og
vidare nedover Europa, og vi hadde vore meir sårbare
på kalde vintrar. For 5-6 år sidan trudde ein at høge
kraftprisar skulle sikre god utbygging av linjenettet,
men det slo ikkje til. Kraftprisen gjekk ned, og innteninga var meir marginal. Det hemma linjeutbygging og
la lokk på kraftutbygging. Men neste år forsvinn
hovudproblemet i høve til å transportere krafta dit
den trengs. No må vi berre bygge ut «tilførselsvegar» til «motorvegen», seier Hatlem og fortel at
kapasiteten vil overstige behovet langt fram.
– Når 420 kV-linja er utbygd, vil ein ha den kapasiteten ein kan tenkast å ha bruk for i lang tid. Ein
kan nesten ikkje tenkje seg at ein skal fylle kapasiteten 420 kV-linja gjev, seier han og held fram.
– Inntil den kjem har ein ikkje høve til å sende meir
straum inn på linjenett. Så mange småkraftverk har
måtte avvente utbygging. Berre i Førde, Askvoll og
Naustdal ligg det småkraftverk på vent med samla
estimert produksjon på 132 GWh og effekt på ca 42
MW. For desse er det viktig å starte produksjon
innan 2020, for å komme inn under el-sertifikatordninga. Om ein ikkje gjer det, kan det føre til at
mange av desse ikkje blir lønsame å bygge ut.
430 millionar til dei neste 10 åra // – Kva investeringar må til i nettet dykkar for å stå klar til å
møte framtidas krav?
– Om all planlagt småkraftutbygging kjem må vi
bygge ut og ruste opp linjer for 430 millionar dei
neste fem åra. Og uansett må vi bruke 30-50 millionar kroner i året berre for å fornye dagens nett,
seier Hatlem, og fortel at utgiftene til fornying av
linjenettet har auka monnaleg dei siste åra.
– Blant anna grunna strengare krav til leveringstryggleik og kvalitet, som gjer linjene meir robuste
og tjukke. Det verkar som vi har ei utvikling mot
meir ekstremt vêr, som vi må ta høgde for, seier
Hatlem, og fortel at ein får betaling for investeringane.
– Sunnfjord Energi har veldig god leveringstryggleik i dag. 99,97 prosent. Dette er på god høgd med
landssnittet.
– Kor viktig er eit godt linjenett for eit energiselskap?
– Dårlege linjenett gjev store overføringstap, som
går rett på lønnsemda vår. Og NVE straffar oss med
bøter om vi ikkje møter leveringskrava. Ein får òg
misnøgde kundar. Sunnfjord Energi ønskjer å vere
ein spydspiss for utvikling av næringsliv og industri
i vårt område. Men har ein ikkje linjer som møter
krava frå desse, så blir ein i staden ein hemsko. Det
har vi på alle vis prøvd å unngå, gjennom tunge
investeringar i linjenettet vårt.
Derfor er det så viktig for oss å ha dyktige fagfolk
som er villige til å stå på, og ikkje er redde for ver og
vind. Montørane våre er ansiktet vårt utad, og dei
gjer ein fantastisk innsats for at alle til ei kvar tid
skal ha straum. Vi har også svært observante kundar som ofte varslar oss om feil i nettet. Det gjer at
vi kan løyse problema raskare enn vi sjølv kunne
klart utan tilbakemelding.
I tillegg samarbeider vi godt med naboenergiverka våre, slik at ikkje grensesnitta mellom oss
skulle bli nedprioritert. Tvert om har dei blir prioritert opp, takka vere gode samarbeid, slik at vi har
sterkare linjer inn i området vårt.
– Siste seks åra har
Sunnfjord Energi
investert 200
millionar kroner i
utbygging av
linjenettet, seier
nettsjef Oddvar
Hatlem.
100 ÅR I JØLSTRA // 47
– Vår viktigaste fornybare ressurs er
folk, seier personalsjef i Sunnfjord
Energi, Marit
Moene. I bakgrunnen står
studentane
Vanessa Cristal
Salvador Eide og
André Gjesdal
Håkonshellen i
elkraftlaboratoriet
på Kronborg i Førde.
Folk er den viktigaste
fornybare ressursen vår
Det er lett å tru at vasskraft er den viktigaste ressursen til Sunnfjord Energi.
Men utan kloke hovud og flinke hender til å forvalte vasskrafta, så vitrar
verdiane bort. Jakta på desse kloke hovuda var kimen til eit nytt
høgskulestudium i Førde i 2012.
DEN LOKALE kraftbransjen var nemleg sentrale i å
få eit nytt el-ingeniørstudium opp og gå på Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde. – For vår del dukka tanken opp i eit møte vår tidlegare nettsjef, Helge Robert Midtbø og eg hadde.
Sunnfjord Energi søkte etter folk med bachelor i elkraft, men vi sat att med eit så tynt søkjargrunnlag
til stillingane at vi byrja å diskutere korleis vi skulle
løyse rekrutteringsproblemet. Ein av tankane vi
gjorde var at vi skulle hatt ei lokal el-ingeniørutdanning, seier Marit Moene, personalsjef i Sunnfjord
Energi.
Og den tanken var det fleire i kraftbransjen som
hadde.
– Ideen sprang ut frå kraftselskapa i Sogn og Fjordane, som såg eit veksande behov for elkraftutdanna ingeniørar. Og det er ikkje berre vår bransje
som vil ha tak i desse ingeniørane, det er ein hard
kamp om folk med slik kompetanse, seier Moene.
Brei støtte // Eit potensielt elkraft-ingeniørstudie
fekk raskt brei støtte i næringslivet. I 2011 var
Sunnfjord Energi og SFE blant aktørane som garanterte for 12 millionar kroner, som skulle bidra til å
skaffe arbeidskraft på eit felt som skrik etter ingeniørar.
– Første kullet byrja på studiet ingeniør elektroenergi, elkraft og miljø i 2012. Forkurs og første
året er felles på alle ingeniørutdanningane i Førde,
så kan ein dei to siste åra spesialisere seg innan
energiforsyning, seier ho.
– Sunnfjord Energi og andre kraftselskap bidreg
48 // 100 ÅR I JØLSTRA
finansielt. Men vi er også inne på andre vis: Vi bidreg med gjesteforelesarar, støtte til fagleg utvikling
av programmet, vi tilbyr studentane sommarjobb, og
bidreg med prosjekt- og bacheloroppgåver. I tillegg
er vi aktivt inne i rekruttering av så vel lærekrefter
som studentar til studie, fortel ho.
Etterkvart kom fleire aktørar til for å hjelpe med
finansiering. Hausten 2013 kom lovde kunnskapsminister Kristin Halvorsen finansiering av 20 nye
studieplassar til bacheloren i el-fag over statsbudsjettet. Og for å gjere studiet så relevant og attraktivt som mogleg, gjekk ein og til anskaffing av den
mest moderne el-laben i Norge.
– El-laben gjev studentane god og relevant trening for arbeidslivet. Den kosta åtte-ni millionar kroner, og vart gjort mogleg blant anna med støtte frå
kraftbransjen og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ellaben vart etablert på Fagskulen i Førde, og vert
nytta både av Fagskulen og Høgskulen i undervisninga. Planen er at den også skal kunne nyttast til
kursing, slik at våre tilsette lettare kan få vedlikehalde kunnskapane sine, seier ho.
Styrkar kjernekompetansen // Moene er ikkje i
tvil om verdien av studiet.
– Elkraft er Sunnfjord Energi sin kjernekompetanse, ein kompetanse vi har bygd opp gjennom
100 år. Skal vi vere her i 100 nye år er det kritisk å
ha personar med fagkompetanse innan fagfeltet
vårt: Produksjon og distribusjon av elkraft. Sunnfjord Energi og andre kraftselskap må ha kloke
hovud og flinke hender, slik at vi kan utnytte
Foto // Roy Sunde
Namn:
Marit Moene
Alder:
48
Yrke:
Personalsjef
Sunnfjord Energi
Kommune:
Førde
100 ÅR I JØLSTRA // 49
”
Dei som har
røter her, blir
også meir
stabil
arbeidskraft, og
erfaring er
viktig i kraftbransjen
”
ressursane som ligg utom stovedøra vår på ein god
og bærekraftig måte, og som både bidreg til verdiskaping og tek i vare naturen, seier ho. Sunnfjord Energi har 25 ingeniørar på ulike fagområde. Behovet for nye er konstant.
– Snittalderen til ingeniørane er relativt høg, så i
løpet av ein ti års tid vil nok mange av desse måtte
erstattast, i tillegg til at vi treng fleire om vi skal
halde fram å vekse som selskap. Vi har nok av regn
og vatn. Men det er essensielt å ha menneske som
kan forvalte krafta, maskinene og linjenettet vårt.
Utan dei blir det inga verdiskaping. Folk er vår viktigaste ressurs. Den må vi ta vare på, foredle og vidareutvikle. I det perspektivet er elkraftstudiet viktig.
Vi sår der no, i håp om å hauste i framtida, seier ho,
og fortel kvifor det er så viktig å ha ein lokal rekrutteringsarena.
– Det er hard kamp om ingeniørar, frå mange
bransjar, og det er ikkje like enkelt å lokke folk hit
frå andre stadar i landet. Lokal forankring er ein viktig faktor for å lette rekrutteringsarbeidet. Det er
lettare å få personar med røter her i frå til å ønske
ei karriere her. Vi tenkjer at når lokal ungdom får
utdanninga på heimebane, blir det lettare å få tak i
dei som arbeidskraft. Det er årsaka til denne satsinga, seier ho. – Dei som har røter her blir også meir
stabil arbeidskraft, og erfaring er viktig i kraftbransjen. Difor er lokal ungdom vår viktigaste ressurs.
Sunnfjord Energi driv med langsiktig perspektiv, så
kombinasjonen av folk med lokalkunnskap og fagkunnskap er viktig for oss.
Veksande behov // Studiet har eit stort potensiale
for rekruttering framover.
– Utdanninga er treårig. Kvart kull har 15-20 studentar. Totalt er det 60 potensielle elkraftingeniørar
i studiet per no, og første kull blir uteksaminert
neste sommar, seier ho, og fortel at dei alt har byrja
bli kjent med studentane.
– I år kjem fem studentar frå det første kullet på
studiet inn som sommarvikarar i Sunnfjord Energi.
Nokre av desse kjem frå yrkesfagleg utdanning,
andre frå allmennfagleg retning frå vidaregåande
skule. Vi legg opp til at dei som kjem utan praktisk
yrkesutdanning i botn får vere med montørane ut i
felten først, og så jobbar dei i lag med ingeniørane
på ulike prosjekt etterpå. Målet er å lage kombinasjonar av erfaringar dei kan nytte seg av vidare i
studiet.
– Kva kjem desse el-ingeniørane til å jobbe med
når dei skal ut i arbeidslivet?
– Framover ligg det store utfordringar for Sunnfjord Energi i form av utvikling i nettet. Vi går mot
eit meir fleksibelt straumsystem, og teknologisk
utvikling vil medføre store endringar i korleis vi
utnyttar ressursane. Mange av framtidas ingeniørar
vil jobbe med planlegging knytt til dette arbeidet. Vi
50 // 100 ÅR I JØLSTRA
skal både bygge nytt nett, vedlikehalde det gamle
nettet, og samstundes gå mot eit meir «smartare»
nett, Vår oppgåve er det vi kallar «lys i pæra»; alle
skal ha straum til ei kvar tid slik at samfunnet og all
infrastruktur fungerer. Vi skal først og fremst sikre
bustader, næringsbygg, sjukehus, industri og kommunikasjon. Ikkje minst telekommunikasjon som
telefon, datanett, radio og TV skal fungere. Og vi
skal unngå brot eller forstyrringar på forsyninga så
samfunnet ikkje stoppar opp eller det oppstår skade
på folk og utstyr. Sunnfjord Energi har høg oppetid i
nettet. Bak dette ligg ein sterk innsats og eit kontinuerleg fokus på stabil forsyning og beredskap.
Ingeniørane har difor også ei viktig rolle i beredskapsorganisasjonen vår avsluttar Moene. Sunnfjord Energi AS
Vanlege kraftuttrykk:
Kilowatt (kW) er den mest bruke
måleeininga for effekt: 1 kW er tusen
watt, eller 1,360 hestekraft.
Kilowattime (kWh) er ei eining for
måling av energimengd, og tilsvarar eit
effektforbruk på ein kilowatt over ein
periode på ein time. Eininga blir nytta
for å måle elektrisk energi, produksjonsmengde eller forbruksmengde.
Kilowattime er den vanlegaste eininga
for straumforbruk. Kostnaden blir gitt
opp i kroner per kilowattime (kr/kWh).
Ein vanleg norsk einebustad brukar
mellom 16.000 og 25.000 kWh per år.
1997
Sunnfjord Energi
1992
Gaular Kraftlag 1939
Sunnfjord
Elektrisitetsverk 1985
Jølster Kraftlag 1949
Driva Kraftlag
Førde og Naustdal
Elektrisitetsverk 1975
Megawatt (MW) er ein million watt.
Megawatt er ein mykje brukt måleining
for effekt, og nyttast blant anna til å
angi effekten til mindre kraftverk.
Naustdal komm.
Elektrisitetsverk 1933
Hovefossen
Elektrisitetsverk 1915
Megawattime (MWh) vert brukt til å
angi større straumforbruk, for
eksempel årleg forbruk i bedrifter og
årleg produksjon i mindre kraftverk.
Gigawatt (GW): 1 milliard watt.
Gigawatt nyttast blant anna til å angi
effekt i store kraftverk. Den korresponderande eininga for energi er
gigawattime (GWh), som er ein million
kilowattimar. Ein gigawattime (GWh)
tilsvarar omtrent det årlege forbruket
til 50 norske hushald. 1 GWh er lik
1000 MWh.
Terawatt (TW): 1 billion watt. Ein
terawatt representerer ein så stor
effekt at eininga nyttast lite. Den korresponderande energieininga
Terawattime (TWh) brukast til å angi
for eksempel straumforbruket i byar og
nasjonar. Til dømes er ein terawattime
forbruket til ein by på storleik med
Drammen i løpet av eit år. Norge sitt
totalforbruk var i 2008 til dømes 135
TWh.
Førde Komm.
Elektrisitetsverk 1914
Ytre Sogn og Sunnfjord
Energiverk 1984
Solund Kraftlag 1945
Hyllestad Kraftlag 1939
Fjalerkraft 1951
Dale Sokn
Elektrisitetsverk 1916
1980
Fure og Våge Kraftlag 1939
Sørsida Kraftlag 1945
Gjølanger og Hellevik Kraftlag
Guddal Kraftlag 1945
Svultingen 1939
100 ÅR I JØLSTRA // 51
Sunnfjord Energi AS
Energihuset
Firdavegen 5, 6800 Førde
Postadresse:
Postboks 123, 6801 Førde
Telefon 57 72 23 00
[email protected]
sunnfjordenergi.no