Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.

Download Report

Transcript Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.

Informasjonsbrosjyre Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk.
Meir fornybar energi frå Setesdal
Otra Kraft DA byggjer Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk –
det største vannkraftprosjektet på Sørlandet sidan 1995.
– Me er glade for å vere i gang. Ikkje sidan
Otteraaens Brugseierforening har
– Utbygginga er etterlengta. Bykle kom-
me bygde Hekni kraftverk på midten av
konsesjonen på Brokke Nord og Sør, og
mune har vore positiv til desse planane i 25
90-talet har det vore større kraftutbyg-
Otra Kraft DA har konsesjonen på Skarg
år, så me helsar dette prosjektet velkomen
gingar på Sørlandet, seier kraftverksdirek-
kraftverk og Dam Sarvsfossen. Anlegga
og er veldig glad for at det kjem i gong.
tør Reidar Ove Mork i Otra Kraft DA.
skal vere i drift våren 2014.
Utbygginga vil få særs store ringverknader
Selskapet investerer omlag 900 millionar kroner i prosjektet.
Straum til 9000 einebustadar
Brokke Nord og Sør, Skarg kraftverk
omfatter bygging av ein ny dam, eit
nytt kraftverk og fleire tunnelar nord og
sør i Bykle og Valle. Utbygginga vil auke
kraftproduksjonen i Otravassdraget med
175 GWh, tilsvarande straumforbruket til
rundt 9000 einebustadar.
Prosjektet er stort i norsk målestokk.
20 kilometer tunnel og ni bekkeinntak
skal syte for at meir vatn finn vegen til
turbinane i dei eksisterande kraftverka
Brokke og Hekni. I tillegg skal det
byggjast eit nytt kraftverk på Skarg
i austenden av Botsvatn. For å auke
trykket i Skarg kraftverk vert det bygd
ein dam i Sarvsjuvet. Dammen, som
blir 50 meter høg og 150 meter brei, vil
heve vasstanden med 40 meter.
Gamle planar
for kommunen i form av auka inntekter,
betre infrastruktur og vonleg auka buset-
Planlegginga av Brokke Nord/Sør starta
ting under og etter anleggsperioden, seier
på 80-talet, og konsesjonssøknaden vart
ordførar Jon Rolf Ness i Bykle.
sendt allereie i 1986. Av ulike årsaker
vart ikkje konsesjonen gjeven før i 2003.
Dei siste åra har økonomien i prosjektet
vorte diskutert fleire gonger. Den nye
Valle-ordfører Tarald Myrum er også
glad for utbygginga og trur på positive
ringverknader.
elsertifikatordninga, som kom på plass
– Me er glade for at arbeidet er i gong. Det
frå årsskiftet, gjer økonomien god nok
skaper store ringverknader i Valle, blant
til at prosjektet vert realisert.
anna gjennom viktige jobbar for lokale
– Prosjektet er bra for klimaet, for
Noregs satsing på fornybar energi, for
vertskommunane, for grunneigarane og
for eigarane av Otra Kraft – det siste vil
i praksis seie alle kommunane på Agder
og i Grenland, samt staten gjennom
Statkrafts eigarskap, seier Mork.
Positive vertskommunar
Både Bykle og Valle helsar utbygginga
av Brokke Nord/Sør velkomen.
underentreprenørar og einskildpersonar. Det er ikkje ofte det vert investert
nesten ein milliard kroner i vårt område.
Eg vonar utbygginga gjer det mogleg for
enkelte i denne sektoren å orientere seg
tilbake til Setesdal og slå seg til ro. I Valle
håpar me på både økonomisk stimulans
og ei auke i busetnad, seier Myrum.
Her i Sarvsjuvet skal det byggjast ein dam.
Det gleder (f.v.) ordførar Jon Rolf Næss i
Bykle, ordførar Tarald Myrum i Valle og
kraftverksdirektør Reidar Ove Mork i Otra
Kraft DA
.
Brokke Nord
I Brokke Nord vert det sprengt ut ein
tunnel på 10,8 kilometer. Tunnelen
skal føre vatn til magasinet ved Dam
Sarvsfossen. Vatnet kjem frå inntak i
Bjørnarå elv og frå Blautgrjotbekken,
Løyningsbekken, Opestøylbekken,
Bjorbekken og Stemtjønnbekken. Vatnet
frå tunnelane utgjer rundt 30 prosent
av det totale tilsiget til magasinet ved
dammen.
Tunnelane i Brokke Nord er 22
kvadratmeter store, dei er omtrent 4,5
meter breie og 5,5 meter høge.
Tunnelane vert drivne frå eit tverrslag i
Bjørnarådalen og Bjorbekken.
Brokke Sør
I Brokke Sør skal ein sprengje ut ein 7,13
kilometer lang tunnel for å føre meir
vatn til Brokke kraftverk. Vatnet kjem
frå inntak i Strendetjørnbekken, Lisle
Myklevatn og Fjellskarå. Tunnelen vert
kopla saman med den eksisterande
tunnelen ved Farå.
I tillegg vert det laga ein tunnel
på 750 meter for å overføre
Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn.
Tunnelane i Brokke Sør er 15
kvadratmeter store, dei er omtrent 3,5
meter breie og 4,5 meter høge.
Massen frå tunnelane blir lagt i fleire
tippområde som vert tilpassa terrenget.
Den lange tunnelen vert driven frå
tverrslag på Fjellskarå.
Dam Sarvsfossen
Otra Kraft DA skal byggje
Dam Sarvsfossen
i Sarvsjuvet like ved Bykle sentrum. Dammen blir 50 meter
høg og 150 meter brei, og hevar vasshøgda i Sarvsjuvet med
40 meter.
Dammen vert støypt i betong og er ein dobbeltkrumma
kvelva dam, det vil seie at han krummar både horisontalt og
vertikalt.
På dammen vert det reist ei bru og det blir bygt bilveg fram
til Stavenes, aust for Otra. Brua skal ha infrastruktur for
fiber, straum, vatn og avlaup. Med det er det lagt til rette for
framtidig utbygging i området.
Magasinet i Dam Sarvsfossen tek rundt 600 000
kubikkmeter vatn. Med normalt tilsig vert magasinet fylt
opp på 14 timar. Magasinet leverer vatn til Skarg kraftverk
som vil produsere 69 millionar kilowattimar.
Skarg kraftverk
Skarg kraftverk vert plassert i austenden av
Botsvatn, like ved utlaupet av den 4451 meter lange tunnelen
frå Sarvsjuvet. Frå 1976 har denne tunnelen ført Otraelva frå
Sarvsjuvet, under Bykle sentrum og ned i Botsvatn.
Vassmengda og trykket i tunnelen vil auke markant når
Dam Sarsvfossen står ferdig. Dammen hevar vasshøgda i
Sarvsjuvet med 40 meter. Fallet til Botsvatn aukar tilsvarande,
totalt 80 meter, og dermed er det mogleg å produsere straum.
Skarg kraftverk skal ha to turbinar, og dei skal stå vertikalt.
Turbinane kjem til å produsere 69 GWh i året, nok til å dekkje
straumbehovet til rundt 3500 einebustader. Kraftverket vert
kopla til både regionalnettet og distribusjonsnettet, og dette
styrkjer tilførsla av straum i Setesdal.
Skarg kraftverk vert omtrent så stort som ei bustadblokk på
ti etasjar, men meir enn halvparten av kraftverket kjem til å
liggje under bakken.
Tunnelane
I Bykle og Valle
vert det sprengt ut eit
tunnelsystem på 20 kilometer. Målet er å føre meir vatn til
dagens kraftverk og det nye kraftverket.
Vatnet som renn gjennom dei nye tunnelane vil auke
produksjonen i Otravassdraget med rundt 175 GWh i året,
fordelt på 69 GWh i Skarg kraftverk, 102 GWh i Brokke
kraftverk og 4 GWh i Hekni kraftverk.
Tidslinje
start
slutt
Brokke Nord og Skarg kraftverk
Overføringstunnel fra Bjørnarå til dam Sarvsfossen
Tunneldriving
apr 2012
feb 2014
Inntakskonstruksjonar
jun 2012
nov 2013
Andre arbeid og nedrigging
feb 2014
aug 2014
Overføringstunnel klar for vassfylling
14.04. 2014
Dam Sarvsfossen
Førebuande arbeid
apr 2012
sep 2012
Betongarbeid
sep 2012
apr 2014
Andre arbeid og nedrigging
apr 2014
jun 2014
Dam klar for vassfylling
07.04. 2014
Skarg kraftverk
Tunneldriving
apr 2012
jan 2013
Installasjonar i tunnelane
jan 2013
apr 2014
Grunnarbeid
apr 2012
aug 2012
Byggarbeid
aug 2012
apr 2014
Elektro og mekaniske arbeid
feb 2013
jun 2014
Klar for prøvedrift
Prøvedrift
09.06.2014
jun 2014
Klar for ordinær drift
sep 2014
09.09.2014
Brokke Sør
Overføringstunnel frå Lisle Myklevatn til tillaupstunnel frå Farå
apr 2012
feb 2014
Overføringstunnel frå Strendetjørnbekken til Lisle Myklevatn
apr 2013
aug 2013
Inntakskonstruksjonar og dam
jun 2012
jan 2014
Andre arbeid og nedrigging
feb 2014
jul 2014
Overføringstunnelar klar for vassfylling
05.05. 2014
Sarvsjuvet
Erfarne prosjektfolk
leiar utbygginga
Prosjektleiar Harald Kjetil Glendrange (54) og
hovudbyggjeleiar Tom Lohne (58) står i spissen for
utbygginga til Otra Kraft i Bykle og Valle.
Begge er erfarne prosjektfolk som vil
Glendrange pendlar kvar veke frå heim-
vere til stades på anlegga fram til pros-
staden Luster i Sogn og Fjordane, mens
jektet er sluttført i 2014.
Lohne reiser heim til Søgne i Vest-Agder
– Dynamikken i prosjektet gjer dette til
kvar helg. I veka bur begge i Bykle.
ein utruleg spennande jobb. Her skjer
– For prosjektleiinga er det viktig å vere
det noko heile tida og ingen dagar er
til stades på anlegga. Me må vere der det
like, seier Glendrange.
skjer, seier Glendrange.
Han er ein mann for dei store prosjekta.
Han skildrar tidsplanen for utbygginga
Dei siste fem åra har han leia utbyggin-
som stram, men realistisk. 28. april 2014
ga av Saudaprosjektet, Elkem si utbyg-
skal anlegga vere i drift, deretter ventar
ging i Sauda. Tidlegare har han blant
ein del opprydding og ferdigstilling av
anna jobba med Melkøya og hovudfly-
prosjektet i september 2014.
plassen på Gardermoen.
Hovudbyggjeleiar Tom Lohne har også
røynsle frå kraftanlegg, blant anna frå
Hunsfoss Øst i Vennesla, og elles frå
byggjeverksemd i Repstad Anlegg.
Harald Kjetil Glendrange (t.v.)
er prosjektleiar og Tom Lohne er
hovudbyggjeleiar for utbygginga av
kraftanlegga i Bykle og Valle.
Eit godt prosjekt
– Det er brei politisk semje om at det er viktig
å leggje til rette for utbygging av fornybar
energi, av omsyn til klima- og miljøspørsmål.
I Noreg vil ei slik utbygging hovudsakleg
dreie seg om å auke bruken av fornybare
energikjelder som vatn og vind.
Ei av dei største utfordringane våre er å få
fram gode prosjekt som både er miljøvennlege
og økonomisk forsvarlege. Å ruste opp og
utvide eksisterande vassdrag medverkar til
å nå djerve mål om bruk av fornybar energi.
Prosjektet til Otra Kraft – Brokke Nord og Sør,
Skarg kraftverk – er i så måte eit godt døme.
Her vert ei markant utviding av produksjonskapasiteten av fornybar energi gjennomført,
med minimale og akseptbale miljøinngrep i
eit område som er bygt ut frå før
Rune Flatby
direktør konsesjon
Norges vassdragsog energidirektorat
Entreprenørane
Implenia
Veidekke
Rainpower
i Brokke Nord
i Brokke Sør
i Skarg kraftverk
I Implenia Norge AS er ei samanskiping
Veidekke er landets største, norskeigde
Rainpower leverer innmaten i kraftverk.
av dei to selskapa Betonmast Anlegg
entreprenørselskap med 6.100 tilsette
Det norske konsernet har verksemd
AS og MIKA AS, selskap med nesten
og ei omsetjing på 17,9 milliardar kroner
i Norge, Sverige, Sveits, Tyrkia, Kina,
hundre år lange tradisjonar i norsk
i året. Verksemda opererer i ei rekkje
Peru og Canada. Rainpower har nesten
anleggsverksemd. I fjor kjøpte det
land og har bygd dammar, tunnelar og
300 tilsette og omset årleg for ein halv
sveitsiske selskapet Implenia 80 prosent
vannkraftverk i Norge.
milliard kroner.
– Me er hovudentreprenør for Brokke
– I Brokke Nord skal me levere det
Sør, det vil seie at me skal byggje ein 7,6
aller meste til Skarg kraftverk; turbin,
av aksjane i Betonmast/MiKA. Implenia
har totalt 5.400 tilsette og omset for 2,4
milliardar kroner i året.
kilometer lang overføringstunnel som
generator, innløpsrøyr, hovudventil,
– Me er hovudentreprenør for dei
skal gje meir vatn til Brokke kraftverk. I
kontrollanlegg og mykje meir. I sum er
bygningsmessige arbeida i Brokke Nord.
tillegg til sjølve tunnelen, skal me byggje
det ein middels stor jobb for oss, men
Dette er ein stor jobb som på det meste
ein liten dam og tre bekkeinntak. 25-30
me har eit større leveranseomfang enn
vil involvere om lag 200 medarbeidarar
mann skal syte for at me er ferdige
vanleg – derfor er Brokke Nord eit viktig
og som gjer det naudsynt å byggje ein
våren 2014, seier anleggsleiar Jostein
referanseprosjekt. Jobben vert viktig og
brakkeby for meir enn 100 menneske,
Veåsen.
spennande, me gler oss til å ta fatt, seier
fortel prosjektleiar Odd Raymond
Johansen.
Veidekke har knytta til seg Nomeland
prosjektleiar Ove Risan.
Anlegg som underentreprenør. Det
Dei fyrste montasjearbeida
Kruse Smith er den største under-
lokale selskapet står for tømmerhogst,
byrjar til hausten neste år.
entreprenøren og får ansvar for alle
reinsking av fjell i dagen, bygging av
Hovudanleggsperioden vert kort og
betongarbeida. Hovden Hytteservice
førebelse vegar og anna naudsynt
hektisk, frå januar 2014 og fram til
skal utføre sprengningar i dagen, byggje
klargjering for tunneldrift og inntak.
anlegget står ferdig i april.
vegar og gjere ei rekke grunnarbeid.
Avsender:
Otra Kraft,
4748 Rysstad
A
Otra Kraft DA vart stifta 1. september 1960 under namnet I/S Øvre Otra.
Målet med selskapet var å nytte vassressursane i Otra i kommunane
Bykle og Valle. Dette skjedde ved at Brokke kraftverk i Valle kommune
kom i drift i 1964, og Holen kraftverk i Bykle kommune i 1981. Otra Kraft
produserer etter utbygginga cirka 2 525 GWh i eit vanleg produksjonsår.
Otra Kraft har hovudkontor ved Brokke kraftverk på Rysstad i Valle
kommune.
Les meir på www.otrakraft.no og følg oss på Facebook.