SOGNINGEN NOKO FOR SEG SJØLV? KULTURELLE LIKSKAPAR

Download Report

Transcript SOGNINGEN NOKO FOR SEG SJØLV? KULTURELLE LIKSKAPAR

 1
Anna Jorunn Avdem, Historieseminaret i Aurland, 30.10.2010: SOGNINGEN NOKO FOR SEG SJØLV? KULTURELLE LIKSKAPAR OG SKILNADER MED TILGRENSANDE REGIONAR Om sogningen er noko for seg sjølv? Ja, sjølvsagt er han det, elles hadde vel neppe eg stått her. Eg som i det Herrens år 1974 fall for ein innbarka indresogning, og som sidan har hygga meg med han, veit så vel at det er noko eige med sogningane. Og no har eg sjølv budd her i Sogn i 27 år, og det er jo mykje lenger enn eg har budd i Gudbrandsdalen. Men om eg skal reknast som døl eller sogning, er vel avhengig av augo som ser. Kanskje kan eg helst kallast ein dølasogning. Eg er fødd og forma på Lesja, men etter å ha budd ein kvinnealder i Lærdal er eg jo også sogning, på min måte. Vi er mange som er i den båten, og det er godt at vi har levande bygder der folk flytter både inn og ut. Statiske samfunn med innavl og ”rein rase” er da ikkje noko å trakte etter. Ut frå tittelen eg har fått, bør ein kanskje starte med å spørja: Kva er ein sogning? Eg skal ikkje bruke mykje tid på definisjonen, men slik eg ser det, er ein sogning ‐ eit menneske som bur i Sogn. I tillegg må ein vel også ta med: ‐ eit menneske som er fødd/oppvaksen her og har identiteten sin her, sjølv om dei bur ein annan stad. Vi innflytta sogningane manglar både dialekten og den identiteten som de innfødde fekk inn med morsmjølka. Men kanskje greier vi å sjå både folk og samfunn med ein viss avstand, som av og til også vera veldig nyttig. Bakgrunnen for dette seminaret er fylkessoga som vonleg skal skrivast, kanskje til 250‐årsjubileet til fylkeskommunen alt i 2013. I forprosjektrapporten skriv Finn Borgen Førsund om kva denne fylkessoga skal bli: ‐ ei samlande, samfunnsmessig framstilling ‐ mynta på den allment interesserte lesar ‐ gje folk flest auka kunnskap om fortida til Sogn og Fjordane ‐ skapa større interesse for og fokus på fylket som geografisk og administrativ eining ‐ styrkje den felles identitetskjensla mellom innbyggjarane i fylket ‐ gje ny kunnskap og nye perspektiv (‐‐‐) som skal vera med på å forme neste generasjon sin perspektiv og interesser for Sogn og Fjordane si utvikling. Det er store visjonar for eit viktig verk. Så spør eg meg sjølv: Kvifor spurde de meg om å stå her i dag og prøve å bidra i denne debatten? Eg reknar med må vera fordi vi på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i fjor gav ut Levd liv – ei soge om sogningane og museet deira. Eg skreiv boka i lag med Aage Engesæter og Lars Asle Vold. Lars Asle tok alle dei vakre bilda, Aage skreiv 100‐årssoga om sjølve museet frå Heibergs dagar og fram til dagens 2
konsolidering, og eg prøvde å teikne eit bilde av sogningane, ut frå dei spora vi finn etter forfedrane og formødrene i hus og gjenstandar i samlingane på museet. Heilt attende til steinalderen har vi spreidde spor etter dei, sjølv om det aller meste av det før‐reformatoriske gjenstandsmaterialet no er på Bergen Museum. Men nokre få økser, pilspissar, kljåsteinar og anna våpen og reiskap finst att hjå oss og vitnar om livet i ei uendeleg fjern fortid. Vi kan òg sitja i dei røykfylte stovene på museet og prøve å førestille oss livet i mellomaldersamfunnet og kva for ein livskunst det var å mette alle munnane eller å prøve å berge den nyfødde vinters dagen i ei kald årestove med jordgolv! Innafor veggene der kan ein førestille seg arbeidet og kulturen, korleis dei spann og vov, song og dansa, spikka og sydde. I samlingane har vi òg krusifiks og andre kyrkjegjenstandar, og ikkje minst svartebøker, skaknivar og andre ”magiske” gjenstandar som vitnar om kva folk trudde på, og korleis dei som best dei kunne prøvde å finne råd for uråd – i eit samfunn der alle på alle vis måtte vera mest mogleg sjølvhjelpne. Vi har reiskap frå jordbruk og fiskeri med skaft som er blankslitne av trufaste arbeidshender, år ut og inn. Vakkert broderte dåpsklede, fantastiske brurekroner, bringetekke eller slitne skinnbrøker er laga og brukt av folka som budde i desse bygdene før oss – til kvardagsliv og fest. Alle plagga er så små og slanke i modellane – til samanlikning med dei som vi velfødde sogningane brukar i dag, og det i seg sjølv seier oss noko om kosthald, arbeid og levekår både i fortid og samtid. Vi har beinskeier og lykter, kister og skrin som er resultat av eit allsidig husflids‐ og handverksarbeid, ein god lokal‐ og materialkunnskap og ikkje minst flittige hender som nytta naturressursane og alle ledige stunder til å skapa alt det dei trong for å greie seg. Reiskapane er enkle, men ofte geniale. Og vi ser at reiskap og utstyr midt på 1800‐talet kunne vera identisk med funna i Osebergskipet tusen år tidlegare, noko som talar sitt tydeleg språk om den teknologiske stabiliteten i det gamle samfunnet. ‐ Men i samlingane våre finst det også 1900‐
talshus med vasseng og fjernsynsapparat, og mobiltelefonar i fleire generasjonar ‐ frå dei store monstra sist på 80‐talet og fram dagens knøttsmåe vedunder, som fortel sitt om endringstakta i vår generasjon. Då vi skreiv Levd liv var utfordringa å fortelja ei samanhengande og truverdig soge om sogningane fram gjennom tidene – karar og kvinnfolk, ungar og gamle – korleis dei budde og var kledde, kva dei arbeidde med og kva dei trudde på. Vi bygde på det vi fann i samlingane og la vekt på det typiske. I vaskeseddelen bak på boka står det derfor at: Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregshistorie, sett med sogningane sine auge. Gjennom ”museumsbrillene” såg vi at dei nok hadde særtrekk som sogningar, men med vårt kjeldemateriale stod sogningane og soga om Sogn fyrst og fremst fram som eit stykke noregshistorie. I eit kvart museum ligg det nok ei sosial slagside: Etter dei aller fattigaste er nesten alle materielle spor utsletta. Dei hadde lite, og det vesle dei hadde, er stort sett borte. Klede og reiskap vart heilt utslitne, og stovene var så dårlege at dei også er borte. Men i dei minste stovene på museet kan vi likevel førestella oss noko om livet og kåra til småkårsfolka. På museet er det også større stover. Desse gardshusa kjem 3
helst frå dei inste dalane, grensande mot Austlandet. Derifrå har vi typisk nok også dei to einaste lofta som finst att i Sogn: Eitt frå Vigdalen i Jostedalen, og eitt frå Kvamme på Borgund. Husflidskulturen på Vestlandet var mindre spesialisert enn på Austlandet, der klasseskilja jamt over var større. Der var det både fleire velståande bønder som hadde råd til å kjøpa kunsthandverk eller dyre husflidsprodukt, og det var ei større sosial underklasse av husmenn og andre som spesialiserte seg på husflidsproduksjon. Klasseskilja fanst også i Sogn, særleg i indre strok, men her var det likevel jamt over jamnare sosiale kår og mindre materielt grunnlag for husflidsspesialistane. Fleire dreiv i staden eit mangesysleri og produserte det dei trong sjølve. I bygdene her vest er derfor kister og skrin, koppar og kar jamt over dekorert med enkel karveskurd og svijarnsornamentikk. Her er få store, utskorne og rosemåla husflidsprodukt. Og dei som finst, er gjerne komne frå dei inste bygdene som grensa mot Hallingdal, Valdres eller Gudbrandsdalen. Husflid og handverk, klesmotar, dans og musikk viser korleis dei kulturelle uttrykka var ‐ og er ‐ på vandring. Vi ser til dømes ei tydeleg endring i karveskurden om lag 1700. Då vart han mykje tettare og meir samanhengande, etter at nye impulsar frå Nederland nådde bygdene våre. Dansen reinlender kjem som namnet seier frå Rhinland, og mange tradisjonelle klesdrakter som seinare vart godkjende som bunader har både silkesnorer, perler og brokadeliv. Til helg og høgtid brukte dei sjølvsagt det finaste og flottaste dei kunne finne! På museet finn vi mange døme på gjenstandar med Viksdalsmåling og Osmåling, rosemålingstradisjonar som var spesialiserte næringar på 1800‐talet og i tida rundt 1900 i Sunnfjord og Hordaland. Dei vitnar om kontakt og handel. Tiner og skrin vart kjøpte og selde, og dei finst altså i fleng i Sogn. Dei kondisjonerte her i Sogn ‐ gamle adelsslekter, embetsfolk og andre storfolk – hadde sitt eit nettverk av ekteskap og slektskap ”over” allmugen, og dei hadde stor kontakt med omverda ‐ både mellom by og bygd, mellom ulike landsdelar og også til utlandet. Ikkje minst desse overklassefamiliane tok med seg mange nye kulturuttrykk både til og frå Sogn, noko vi ser døme på både i gjenstandar, klede og hus på museet. I arbeidet med Levd liv la vi mest vekt på å teikna eit bilete av sogningane, og la mindre vekt på å samanlikne dei med grannane sine. Boka hadde sikkert vorte annleis om vi hadde gjort eit større nummer av samanlikningane, til dømes med sunnfjordingen og nordfjordingen, gudbrandsdølen, valdrisen, hallingen eller vossingen. Bakgrunnen for dette seminaret er fylkessoga som skal skrivast. Kva for eining er Sogn og Fjordane fylke, eller Nordre Bergenhus Amt, som det vart heitande da det vart oppretta i 1763? Frå eldgammalt av var dette to einingar, Firdafylket og Sygnafylket, som seinare fekk eit felles lovsamband, i Gulatingslova. Ei viktig 4
oppgåve for prosjektet blir å finne ut mest mogeleg om kva samfunn dette var frå dei eldste tider, og trekkje dei lange linene fram til vår tid. Korleis har folk levt her? Karar og kvinnfolk? Unge og gamle? Kor isolerte var bygdene? Kva samband hadde dei seg imellom? Identifiserte folk seg med bygda, med fogderiet, eller amtet/fylket? Det har som kjent vore planar om fylkessoge før og, og historieprofessor Kåre Lunden skreiv ein forprosjektrapport i 1989. Han drøfta fylkesidentiteten og meinte at det var legitimt å skrive ei fylkessoge som gjekk lenger bakover i tid enn fylket hadde eksistert. Han samanlikna med Noregssoga, og Noreg var da heller ikkje nett ei samla eining frå dei eldste tider. Han la elles sterk vekt på statistikkane her i ”annleisfylket,” at Sogn og Fjordane skil seg såpass sterkt ut frå landet elles at det var særleg interessant å forske på. Han argumenterte såleis for eit stort og omfattande fem‐binds verk – eit prosjekt som vart lagt på is, som kjent. Lunden nemner forresten også samanlikninga, ein komparativ framgangsmåte, som han seier, men presiserer at det ikkje må ta for stor del av plassen og berre gjelde hovudsaker. Han legg også vekt på at skiljelinene like gjerne kan gå inne i fogderia som mellom dei, og det er nok ei viktig presisering. Kva no? Bør ei ny fylkessoge leggje vekt på den problemstillinga eg har fått servert, kulturell likskap eller skilje? Skal ho gjera det, må ein gjera eit skikkeleg forskingsarbeid på dette feltet og få fram mest mogeleg konkret kunnskap. Som faghistorikarar må vi ha ambisjonar. Vi kan ikkje byggje på gamle mytar og tilfeldig ”synsing” til dømes om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen her. Eilert Sundt gjorde eit storverk med si samfunnsforsking på 1800‐talet, og då fann han faktisk belegg for å karakterisere det arbeidssame og gudfryktige folket i Sunnfjord og Ytre Sogn med ”Betænksomhed” og ”Langsomhed i Ord og Lader,” som han skreiv. Dei vaska stovegolva ofte og fødde ungane sine innafor ekteskapets rammer. Indresogningane, derimot, står fram som den reine kontrasten: Dei var prega av ”Livsglæde og Livlighed,” var kvasse i kjeften og lemfeldige både med reinhald og moralnormer. Her levde ”natteløberiet” lenge, og presten Sundt meinte at ”nattefrieri og løsagtighed følges ad.” Derfor var talet på barn utanfor ekteskap høgt i Indre Sogn. Som den ekte vitskapsmannen Sundt var, leitte han etter forklaringar, og han fann dei: I ei tid der alle trakka inn i stova med sko måtte kvinnfolka i regnfulle Sunnfjord og ytre Sogn vaske golva mykje oftare enn kvinnfolka i Indre Sogn, der klimaet var langt tørrare. Lauslivnaden i Sogn fann han og naturleg forklaring på, i dei driftsformene som dette landskapet kravde. Arbeidet med høyberginga i indre Sogn skildrar han slik i boka om Sædelighedstilstanden: Når høet skal høstes, gå folkene sammen op lierne mandag morgen; ingen hest kan gjøre følge, og de må bære alt, hvad de skulde leve af og have til brug, sængeklæder osv, for at tilbringe dag og nat der oppe til lørdag aften, da de komme ned igjen – man kan da nok forstå, at de må lade sig nøie med det minst mulige af bekvemmeligheder, lige som de ofte må tage til takke med at overnatte i fjeldhuler eller under store stene. 5
Og karle og kvinder ere sammen. Det er et strengt arbeide og et uhyggelig stel, så fjernt som mulig fra det civiliserede livs sedvaner – fast et uliv ad kalde.” Så samanlikna han med Sunnfjord, der karane til dømes under sildefiskeria også hadde ”et strengt og møiefuldt arbeide(‐‐‐) der ude på fiskeværene – men der er det dog mændene alene, medens deres kvinder sidde hjemme og passe huset.” Presten og samfunnsforskaren Sundt syntest nok sogningane var ubehøvla og rå, men han fekk likevel både forståing og stor sympati for dette folket. Han oppsummerer derfor at ”et sådant arbeidsliv på den ene side kræver et friskt mod og livlig sind, men på den anden side kan sløve den naturlige sands for det tækkelige og velandstændige, eller med andre ord befordre råhed og uvorrenhed.” Det var med andre ord ein grunn til at dei var som dei var. Hadde eg hatt tid, kunne eg også ha sitert Kristian Elster, Ivar Aasen eller Amund Helland om slike skilje, også frå 1800‐talet. Det er ikkje vanskeleg å finne stoff her, og Jens Brekke har jo skrive ei heil bok om dette, som skal sleppast her i Aurland, nettopp no i dag. Men, kor levande er desse skilja i dag, og kor viktige er dei for fylkessoga vår? Tilfeldige observasjonar kan sikkert tyde på at ein gjennomsnitts sunnfjording er noko seig, at ein gjennomsnitts sogning kan vera i overkant kvass i kjeften og at nordfjordingen er noko midt imellom og kanskje både meir korrekt og åndeleg anlagt enn dei to andre. Men kor gjennomført er dette no, i ei tid der vi dagleg snakkast, sender sms‐ar og e‐postar ikkje berre her i fylket, men tvers over kloden? Fly og fjernsyn, internett og all verdas kommunikasjonsmåtar viskar ut grenser i eit omfang som den moderne sogeskrivinga må ta inn over seg. Dei klassiske karaktertrekka til sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen er ypparlege både i kåseri og humorbøker. Men eg trur ei fylkessoge lett kan koma inn på eit blindspor om ein dyrkar slike motsetnader – med mindre det altså er ressursar til å gjera eit reint antropologisk forskingsarbeid på dette i samband med denne soga. Og likskap og skilje kan som nemnt gå på kryss og tvers, etter så mange liner. Då eg i si tid studerte og samanlikna kvinnearbeidet i Indre og Ytre Sogn tidleg på 1900‐
talet, fann eg både mange fellestrekk og mange skiljeliner. Kvinnfolka både i indre og ytre Sogn var bundne til hus og tun med hus‐ og omsorgsarbeid, fjøsstell og anna gardsarbeid. Men kvinnene i Lærdal og Borgund kunne nok jamt over ha ei meir spesialisert kvinnerolle kvinnfolka på kysten, som oftare måtte gjera både kar‐ og kvinnfolkarbeid når mennene i huset var på havet. Eg trur det kanskje aller mest interessante med ei ny fylkessoge er samanstillingane, det å sjå nye samanhengar, få fram ny kunnskap og sjå dei lange linene. Dei mange arkeologiske funna i den seinare tida er til dømes svært interessante. Derfor tvilar eg på om det stemmer heilt, når det står i forprosjektrapporten at kjeldene frå den 6
eldste perioden er relativt få og godt kjende. Dei endrar seg jo heile tida! På Børkjo i Lærdal oppdaga dei jo i fjor ein heil handverkarlandsby eller kaupang frå 800‐talet, og i Sogn Avis las vi nettopp at arkeologane hadde funne ein 4000 år gammal gard i Balestrand. Slik kunnskap må inn i denne soga! Fylkessoga må ho ikkje bli ”nærsynt” og til dømes sjå seg blind på fylkespolitikken eller dei siste par hundreåra. Skal fylkessoga skrivast, må ein satse så skikkeleg at dette blir eit verkeleg spennande og nyskapande verk. Å leggje stor vekt på eventuelle kulturelle skilje mellom fogderia her i fylket må dessutan vera eit realt bomskot, både politisk og ideologisk, dersom ei av hovudmålsetjingane med soga er å styrkje identitetskjensla i fylket. Eg meiner sjølvsagt ikkje at ein skal unndra fakta, men ein skal velja problemstillingane med vit, også ut frå føremålet. Men så kan ein sjølvsagt spørja: Er ikkje alle lokaliseringskrigane som riv og slit dette fylket nesten frå einannan nettopp uttrykk for at dei kulturelle motsetnadene i høgste grad er ein realitet, også i dag? Vi ser jo kampane på område etter område: Fylkeskommunen, høgskulen, musea – og aller verst i helsepolitikken. Svaret mitt på det spørsmålet er nei. Det vi ser der, er ikkje slike kulturskilje. Dette er eit strukturelt fenomen og ein rein maktkamp – i eit fylke som er ei samling småsamfunn og som manglar eitt sjølvsagt tyngdepunkt, eitt naturleg sentrum. Eller som forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking sa i Firda no tysdag: ”Dette fylket er som Hordaland utan Bergen.” I Vestlandets historie skildrar Knut Helle korleis Bergen overtok den eine etter den andre av sentrumsfunksjonane som tidlegare låg i Sogn og Fjordane, etter at byen vart etablert som sentrum. Fyrste biskopen på Vestlandet vart flytta frå Selje til Bergen på 1100‐talet, Gulatinget vart flytta frå Eivindvik til Bergen på 1300‐talet, og slik kan ein halde fram. Til og med flaggskipet vårt i bokstaveleg forstand, Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, hadde jo lenge hovudsetet sitt i Bergen! Sogn og Fjordane er bygdefylket framfor noko anna. Dette rurale særpreget er sjølvsagt svært viktig å få fram i ei fylkessoge. Og fenomenet bør drøftast. Hadde fylket vårt ei relativt sterkare stilling i tidlegare tider? Korleis? Blir bygdepreget eit svakheitstrekk i dagens moderne, sentraliserte samfunn? Men kan ein kanskje framover sjå mulegheiter og utvikle strategiar som kan gjera dette særtrekket til ein styrke? Det er mykje klokt sagt i forprosjektrapporten, så eg håpar verkeleg at fylkessoga denne gongen blir ein realitet. Her er nemnt mange og viktige tema som skal takast opp, alt frå befolkningsstruktur og varebyte til bruer, tunnelar, ferjer og fiskeri. Men jordbruket er ikkje nemnt spesielt i forprosjektrapporten. Er det så sjølvsagt at det ligg integrert “over alt”, eller har vorte gløymt? Ei anna sak må eg også ta opp, heilt til slutt. Det er kanskje på sida av emnet eg har fått tildelt, men eg kan ikkje la vera: Eg ser ikkje kjønnsdimensjonen nemnt med eitt 7
ord i forprosjektrapporten. Frå dei eldste tider i jakt‐, fangst‐ og sankarsamfunnet og fram gjennom det tradisjonelle jordbruks‐ og fiskerisamfunnet har arbeidsdelinga mellom karar og kvinnfolk vore klar, og dei to kjønna har såleis hatt til dels svært ulike roller. Kjønnsrollene vart berre brotne når ein verkeleg måtte, og liv og arbeid vart såleis ofte svært ulikt for menn og kvinner. Og trass i dagens likestillingsideologi, veit jo at kjønnsrollene framleis ofte er temmeleg ulike. Dette må da vera eit interessant tema å ta opp, også i fylkessoga for Sogn og Fjordane? Eg reknar det som sjølvsagt i 2010 at kjønnsperspektivet på eitt eller anna vis skal inn i soga, og det forundrar meg derfor stort at dette ikkje er nemnt. Om det er ein rein glipp, eller om det har med mannsdominansen i arbeidsgruppa å gjera, skal vera usagt. Det er heller ikkje så viktig, berre resultatet til slutt blir bra. Eg vil avslutte med ei påminning nettopp om å hugse kvinnene. Eg vil lesa eit dikt som er skrive av ein sogning – ei som verkeleg var noko for seg sjølv, ho Kari Bakke frå Lærdal. Ho flytte tidleg ut og såg bygda og folket sitt litt på avstand, og dermed såg ho også litt skarpare enn mange som stod midt oppi det. Diktet Nærkona skildrar grannekjerringa, ho som kom når det verkeleg trongst, ved fødsel, sjukdom eller død. På ein måte skildrar dette diktet også sjølve kvinnerolla og omsorgsdimensjonen, alle kvinnfolka som fram gjennom tidene alltid var til stades og stelte hus og fjøs, folk og fe. Karane for vidare omkring, på havet og fiska, på fjellet og jakta eller i skogen og hogg ved. Kvinnene dreiv heimane og “bar” bygdene, dei produserte mat og klede, og dei fødde borna og altså reproduserte arbeidskrafta. Utan dei blir det inga fullstendig fylkessoge. Diktet er skrive på lærdalsmål: Nærkåna Nærkåna va hænna me sænde bå pao dænn ti dæ behøvdest ei jålpesam hånd å eit førnuftikt jærta. Ho va dæ so tok imot ongadn å la dei te bringen, om dæ va so at’o sjål va mæ mjålk. Ho stælte om mori, hugga dei minste å sytte før mat pao bore. Va dæ sjukdom i gari, vakt’o nemme denna seingen, å sa ori so lindra. Dæ va lite jao vanle fålk so va fræmmande før hænna. Ho hadde vaor tetru, å ho aga åss i vaore veikaste stunde naor dæ hænde ho maotte ta avjærsla. Dæ va lettare te pusta ette ho kåm te gars. 8