Toastmaster - Lena Helen Garstad

Download Report

Transcript Toastmaster - Lena Helen Garstad

Toastmaster
Tre veker før 50-årsdagen min, innsåg eg at eg trong ein person
eg visste ville halda ei stødig hand over festen slik at eg sjølv kunne vera gjest.
Då kom eg på Lena Helen Garstad, fyrverkeriet eg vart kjend med via jobben for nokre år sidan.
Jo meir eg tenkte på det, dess meir sikker vart eg på at ho var rette personen.
Problemet var berre at ho aldri hadde vore toastmaster før, så vidt eg visste.
Men Lena tok utfordringa på strak arm og vart til og med kjempeglad for tilliten!
Lena er kreativ, sprudlande, effektiv, flott, omgjengeleg, utadvendt, morsom og elskar å improvisera.
Før festen kjende ho så og seia ingen av gjestane. Utpå kvelden var ho på fornamn med dei fleste.
Ho fekk alle til å yta sitt ytterste til at eg skulle få ein kjekk kveld. Og det fekk eg!!!!!
Før festen hadde ho, viste det seg, vore i kontakt med fleire i familen min og fleire av venene mine
og fått dei med på festplanane.
Ho kom med idear til morsomme tema, bordplasseringar og ho overraska med festavis.
Ballongar og kake med 50 lys på var sjølvsagt. Ho song og fekk til og med kokken og fleire til å dansa på scenen i kjolar.
Med andre ord, ho gjorde dagen min til ein fest eg aldri kjem til å gløyma.
Og som ho seier det sjølv: Dette var så gøy at eg fekk lyst å gjera meir av det!!!!!!!
mvh Gunn Berit Wiik Berg