Året som gikk - Troms historielag

Download Report

Transcript Året som gikk - Troms historielag

Årsmelding 2012 for Kvæfjord historielag
21. februar 2012 – 14. februar 2013
Innleiing
Kvæfjord historielag har no vore gjennom sitt 26. år sia stiftinga. Og den ungdommelege historiske
entusiasmen er framleis på topp i historielaget. Vi har eit høgt medlemstal, det er godt oppmøte på
arrangementa våre, og det er mange som bidrar til så vel kalender som årbok. Økonomien i laget er også bra.
For andre gong kan vi også registrere at vi har over 100 medlemmar i historielaget. I 2012 var vi 117
betalande medlemmar, dette er ein framgang frå 110 medlemmar i 2011 og 92 i 2010. Av medlemmane er 35
familiemedlemmar og 3 æresmedlemmar. Vi fikk 9 nyinnmeldingar i 2012.
Årsmøte 2012
Årsmøtet blei halde på Rå videregående skole tysdag 21. februar 2012. Årsmøtet gjenvalte Magne Heide som
leiar for to år, det same gjaldt Geir Hagen som styremedlem for nye to år. Asbjørn Hessen gjekk ut av styret, og
i hans stad blei Svein-Otto Presthus valt inn for to år. Asbjørn Hessen fekk overrekt ei gåve som takk for
arbeidet i styret, og han takka hjarteleg for den. Styremedlemmane Anna Lovise Strand og Arne Johan
Johansen var ikkje på val.
Alle varamedlemmane blei gjenvalt for eitt år: Asle Berntsen, Synnøve Vik og Robert Nygård. Reinhard
Johansen blei gjenvalt som revisor for to år, frå før sit Jakob Vaskinn i eitt år. I valnemnda som nå får ein ny
medlem kvart tredje år, sitt etter årsmøtet Asbjørn Hessen (ny, 3 år), Bjørg Pettersen (2 år) og Nils Jacob
Vebostad (1 år).
Årsmøtet sette opp denne arbeidsplanen for 2012: 1) årbok 2012, 2)
kalender 2013, 3) arbeid med krambua, 4) årsmøte i Troms historielag i mars, 5)
fotomøte i april, 6) ”Tingene forteller” i mai, 7) historielagsvandring gjennom
Strand-gården i juni, 8) haustmøte på Trondenes Historiske Senter i september,
9) presentasjon og sal av årbok og kalender i november, 10) open krambu i
adventa, 11) årsmøte i 2013. Alle arbeidsmåla er gjennomført, og styret har
fordelt oppgåvene seg imellom etter beste evne.
Årsmøtet blei avslutta med at Atle Trondsen fortalte om arbeidet han har
lagt ned rundt Kvæfjords historie, og han konsentrerte seg om detaljar frå tida rundt 1814, og viste på levande
vis korleis forholda her var for rundt 200 år sia.
Styret har hatt fire styremøte i perioden: 29.2., 17.9., 14.11.2012 og 14.1.2013.
Årsmøte i Troms historielag
Historielaget er medlem i Troms historielag og Landslaget for lokalhistorie. I år
var Kvæfjord historielag vertsskap for årsmøte og samling som blei halde
laurdag 24. og søndag 25. mars. Årsmøteforhandlingane blei halde på Rå
videregående skole. Det var møtt fram eit tjuetals delegatar, som blei ønskt
velkommen av ordførar Torbjørn Larsen. Robert Nygård blei gjenvalt som
varamedlem til styret.
Laurdag var det sett av tid til besøk på Trastad Samlinger og Krambua.
Laurdagskvelden var det festmiddag på Rå. Søndag var det omvising på Kveøya
med Arne Johan Johansen som guide og forteljar. Det var også lagt inn besøk på
Nils-Per Hunstads gårdsmuseum, og det blei servert lunsj på Kveøy grendehus.
Fotomøte på Bremnes
Tysdag 24. april inviterte historielaget til lokalhistorisk fotokveld på Bremnes grendehus. Det var møtt fram
rundt 30 tilhørarar, og det kom mange verdifulle bilde frå tilhørarane. Bilda blei presentert på storskjerm, noko
som gav høve til å diskutere og fortelje om dei ulike motiva. Fotogruppa stod for skanning og vising under
møtet, og fleire av bilda har blitt brukt i kalender og årbok. Grendehuset stod for god servering.
”Tingene forteller” på Krambua
Som tidlegare år brukte Borkenes skole Krambua i mai til å vise resultata frå det tverrfaglege prosjektet
”Tingene forteller”. Her blei det vist fram gamle gjenstandar, og det var også opent for besøkande på Krambua.
Gerd Salen har hatt ansvaret for dette arrangementet. Resultata frå prosjektet
kan du lese om i årboka.
Open krambu: forkleutstilling
I samband med at det i år blei arrangert Kvæfjordveke, var det også salsbuer på
Borkenes laurdag 9. juni. Historielaget nytta også høvet til å invitere til open
krambu. Det var utstilling av gamle forkle og sal av kaffe, årbøker og kalendrar. Mange flotte forkle var utstilt,
både store og små, serveringsforkle, bakeforkle og klipeforkle. Det eldste forkleet var frå rundt 1920.
Historisk vandring frå Inner-Strand til Nord-Strand
Litt over 20 deltakarar var med på den historiske vandringa gjennom Strandgården laurdag 16. juni. Turen starta på Inner-Strand hos Arnfinn Strand, og så
følgte vi den gamle gårdsvegen gjennom denne delen av Strand og heilt fram til
Strandelva, undervegs gjorde vi også gjere fleire stopp på den gamle vegbiten.
Ferda fortsette utover Nord-Strand, og vandringa endte opp hos Geir og Irene
Hagen som stod for ei fortreffeleg servering i eit fint sommarvêr.
Haustmøte på Trondenes
Tysdag 18. september inviterte historielaget til museumskveld på Trondenes
Historiske Senter. Her tok avdelingsleiar Tore Einar Johansen imot
møtedeltakarane. Han orienterte generelt om arbeidet på museet og la særleg
vekt på å få fram det dagsaktuelle arbeidet. Deltakarane fikk også sjå ein film frå
russefangeleiren på Trondenes. Deretter var det tid til å vandre igjennom
utstillingane. Til slutt blei det servert kaffi og kaker, og det var muleg å stille
spørsmål. Dei rundt 40 deltakarane sette stor pris på dette arrangementet.
Arbeid med Krambua
Uteområdet rundt Krambua har vore slått i løpet av sommaren, og det har også
vore sett ned ein del blomster. Innvendig har det ikkje vore gjort noko spesielt,
men utvendig har vi nå ordna ytterdøra i kjellaren. Det har vore fleire
arrangement i krambua, og her har styret og andre stilt velvillig opp. Det kjem
stadig inn ein del gjenstandar som vi takkar ja til, og styret har starta med å
skaffe eit betre oversyn over alle gjenstandane våre.
Vi heldt som vanleg opent fire laurdagar i adventa, laurdag 1., 8., 15. og 22.
desember. Her har det vore sal av årbøker og kalendrar, kaffe, og ikkje minst mykje historisk prat. Styret og
fleire medlemmar delte på dette arbeidet.
Kalender og fotogruppe
Årbok nr 26 heldt same høge sidetal som året før med 72 sider. Også dette året
var det lagt inn åtte ekstra fargesider i tillegg til omslaget.
Onsdag 28. november var det presentasjon av årbok og kalender i kantina
på gartnarskolen. Arne Johan Johansen og Gerd Salen presenterte årboka for dei
rundt 35 frammøtte. Det er mange som har komme med bidrag til årboka. 12-15
personar har bidratt med artiklar, og i tillegg har det vore 25-30 informantar til
dei ulike artiklane. Rundt 40 personar har levert til saman 125 foto til årboka, og
i tillegg kjem ein del andre illustrasjonar.
På møtet i november presenterte også Geir Hagen historielaget sin sjuande
historiske kalender. Geir Hagen, Magne Heide, Ella Mølnvik, Per Harald Pettersen, Leif Skoglund og Svein-Otto
Presthus har vore kalenderkomité og fotogruppe. Det er brukt 24 bilde i kalenderen, og dei er levert av 14
personar.
Alt i alt er det rundt eitt hundre personar som på ulike vis har bidratt til historielaget sine publikasjonar.
Historielaget har selt årbok og kalender på Rimi og Coop og på Krambua fire laurdagar i adventstida. Her
har medlemmar og styre gjort ein viktig innsats for laget. I tillegg har det vore sal direkte til abonnentar og
andre, og vi har også selt årbok og kalender gjennom bokhandlar i Harstad og på Borkenes kiosk. Salet har gått
godt, og både årbok og kalender fekk gode oppslag i media.
Samarbeid med andre lag
Kvæfjord historielag er medlem i Troms historielag og Landslaget for lokalhistorie. Årsmøtet i Troms historielag
blei som nemnt arrangert i Kvæfjord 24.-25. mars, og Robert Nygård blei attvalt som vara i styret.
Styret i Kvæfjord historielag
Geir Hagen
sign
Magne Heide
sign
Arne-Johan Johansen
sign
Svein Otto Presthus
sign
Anna Lovise Strand
sign