Grindbyggkurs

Download Report

Transcript Grindbyggkurs

Grindbyggkurs
13—15 september 2013
Tid: Fredag + helg.
Stad: VKA, Tvildemoen.
Kursleiar: Kåre Herfindal.
Kursavgift: Kr. 3120,-
Kvifor Grindbygg?
Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som framleis er aktuell for m.a. løer, naust og
uthus. Byggeteknikken har vore spesielt mykje nytta på Vestlandet, og har historiske røter som
kan fylgjast 3-4000 år attende i tid. Grindbygg krev lite grunnarbeid og det gjev ikkje varige
inngrep i naturen. Huset vert reist på ein dag, og du får eit bygg som vil stå i generasjonar.
Grindbygg kan demonterast og flyttast om ynskjeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på
å vidareføre den eldste byggemetoden me kjenner i Noreg. Desse bygga har vist sine kvalitetar på
fjellet så vel som ved fjorden. Når uveret har rasa over landet er det dei gamle grindbygde husa
som står att. Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
8—10 deltakarar. Skriftleg påmelding via e-post eller sms:
Skriv namn og adresse, fødselsåret ditt og gjerne eit tlf.nr som me kan nå deg på.
Telefon: 951 72 590 – E-post: [email protected] – www.kulturakademi.no