Mathilde Kysten 2-11 - Hardanger og Voss Museum

Download Report

Transcript Mathilde Kysten 2-11 - Hardanger og Voss Museum

Tidsskrift for Forbundet KYSTEN

KYSTEN

Skipsradioens kvinne

4

Slepebåt feirer 100

10

Hardangerjakt

38

Fartøy

Hardangerjakta “Mathilde”

- Fraktefartøy i 127 år

Av Åsmund Kristiansen “Mathilde” vinterstid ved Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Bente Foldvik.

“Mathilde” i Jondal i 1893. Jondalsskipperane var kjende for å hal da fartøya sine i god stand og fine i pussen. I åra ”Mathilde” høyr de heime her var Jondal eit tyngdepunkt i sjøfarten frå Har danger, i dag er det ein liten plass. Fotograf ukjent. HFS sitt arkiv.

Då “Mathilde” vart bygd i 1884, kunne ho i vekt laste omtrent tre gonger så mykje som ein norsk semitrailer i dag. “Mathilde” representerer fraktefartøy som har gått langs heile norskekysten, og delvis utanriks, med all slags last. Som ny var “Mathilde” knytt opp mot fiskeria. Det var oppkjøp av torsk og sild, salting og sal av sild og klipp fisk. Som utrangert og nedrigga fekk ho nytt liv og nytt namn som motorjakta “Kari Louise”. Utrangert for andre gong vart ho seld til eit ungdomsprosjekt i Hardanger, og har no sigla i vel 20 år som leirskule, kulturformidlar og på turar langs kysten. Om det har vore noko dramatikk, så har fartøyet levd eit langt liv på mesteparten av norskekysten og kome frå det med livet både for eigen del og for mannskapet.

Dette er det viktigaste i eit fraktefartøy sitt liv: lasteev ne og å vere trygg sjøbåt. I dag lever “Mathilde” som ein formidlar av fiskerihisto rie og samferdslehistorie frå den gongen då sjøen var riksveg nummer éin. Frå å vere vevd inn i livet til frak temenn og fiskarar er “Mathilde” no ei “gammal skute” der mannskap og medseglarar får oppleve ein flik av his torie frå kyst-Noreg.

38 K YSTEN 2'11 H andel mellom by og land var grunnlaget for sjø farten frå bygdene. Handel med tørrfisk, sild og sei nare klippfisk, var som ein motor i utviklinga på store deler av kysten. Hordaland hadde ein utprega silde-øko nomi; var det godt sildefiske, var det gode tider. Då som no var det slik at dei som handla med råvarene tente meir enn dei som var primærprodusentar. Dette kan ein sjå att på byg gjeskikken, med mange flotte sveitserhus bygd for pengar som var tent på handel med sild og fisk.

Frå 1840-åra skjedde det ei liberalisering i norsk politikk og samfunnsorden som gjorde det enklare for folk på bygdene å drive med handel. Handel hadde til då vore eit byprivilegium.

Det gjekk ikkje lang tid før fartøya vart større og betre og han delsferdene lengre. Etter 90 år med seglande jakter ebba denne epoken ut i 1930-åra. Motor tok over for segl. Jaktene var ikkje lenger føremålstenlege.

Å bygge og ruste ut eit fartøy kosta mykje pengar. Det var trong for bankar som kunne låne ut kapital. Skjedde det for lis, kunne det bli ruin for dei som overlevde. Det var trong for forsikringsordningar.

Nordlandsfarten

I Hardanger kalla dei handelsturane nordover med jakter for nordlandsfarten. “Mathilde” er ein typisk representant for dei fartøya som gjekk i denne farten. Ho var eigd av eit partslag, ei eigarform som var svært vanleg på jaktene. Eit fart-

reportasje historie artikkel

I ein serie i KYSTEN vil Åsmund Kristiansen presentera eit utval båtar og deira historie. Desse kul turminna er valt ut fordi dei representerar viktige vitneprov frå vår nære fortid. Kristiansen er avde lingsleiar ved fartøyvernavdelinga ved Hardanger Fartøyvernsenter.

“Kari Louise” på slutten av 1950-talet. Ho er lasta godt ned.

Skipskontrollen hadde godkjent 20 cm fribord om sommaren og 25 cm om vinteren. “Kari Louise” gjekk for å vere ein god sjøbåt med normal lasting. Foto frå: Kjell Birger Sønstabø, Stavanger.

Edvard Nilsen kunne på sine gamle dagar fortelja mykje inter essant frå sine mange år i kystfraktefarten. Nilsen heldt til på Lur øy då han segla med “Mathilde” frå 1918 til 1925. Fotograf ukjend, HFS sitt arkiv.

øy kunne typisk ha åtte-ti partseigarar, og ein person kunne ofte ha meir enn éin part. Eigarane kunne sjølve vera med som førar og mannskap, men det var òg ein måte å skaffa avkas ting av sparepengane sine. Medan ein kunne få nokre prosent rente i banken, kunne ein oppnå 20-30 prosent avkasting ved å setja pengane i eit fartøy. Det var ofte kjenningar og slektningar som gjekk saman i eit partslag. Nokre kunne vera medeigarar i fleire fartøy. “Mathilde” vart bygd i 1884 av Ola H. Nerhus i Ølve i Kvinnherad. Vi veit lite om kva dei nytta “Mathilde” til dei åra ho var i Nerhus si eige. Men ein må nesten tru dei dreiv med nordlandsfart. Var dei heldige, kunne dei tene inn fart øyet i løpet av få år. I 1889 selde dei jakta til eit partslag i Jon dal som dreiv nordlandsfart og sildespekulasjon.

Det er interessant å merka seg at dampskip ikkje tok plassen til jaktene når det gjaldt frakt av sild og fisk i denne perioden. Tida for seglande fartøy og skip ebba ut mot slut ten av 1800-talet. Likevel satsa dei i Jondal friskt på seglande jakter, og vart i åra etter 1900 den største sjøfartsbygda i Hardanger. I 1911 var det 41 fartøy med ein besetning på 163 mann heimehøyrande i Jondal. Eit av dei få dampskipa som konkurrerte med jaktene var D/S “Ernst”, ført av mellom andre Ole Tungesvik. Skipet kom til Jondal i det store kriseåret 1894, og var eigd av stort sett dei same partseigarane som “Mat hilde”! Elles kan det vere artig å tenke på følgjande: Då hardangerjaktene tok til å finne forma si frå midten av 1800 talet skjedde dette nærast parallelt med at dampskip vart meir vanlege langs kysten. Under den første den første verdskrigen, 1914-1918, vart det endringar i handel og transport. I dei første krigsåra gjekk det godt for dei som dreiv med spekulasjonar i sild og fisk, prisane var høge. Men risiko og problem auka, og segl skips- og nordlandsfart frå Jondal tok slutt. Omkring 1916 vart 2'11 K YSTEN 39

mange av fartøya frå Jondal selde ut av distriktet og nordover.

Seljarane fekk då som regel svært god betaling for fartøya sine.

Slik gjekk det òg med “Mathilde”, ho vart seld til Nordland i 1916.

Om lag 5000 elevar har vore på leirskule med ”Mathilde” i løpet av 20 år. Det er full aktivitet frå morgon til kveld. Mellom anna må ivrige born pakke segl. Foto: HFS sitt arkiv.

Emne til spant vart henta i skogen, grovhogne og skøytte på plass.

Sommaren 1985. Foto: HFS sitt arkiv.

Seglande på overtid i Nordland

Anders Jensen på Lunderøy i Nordland hadde “Mathilde” i drift som fraktefartøy i fem år frå 1919. Edvard Nilsen var skipper på “Mathilde” på denne tida. Då “Mathilde” vart kjøpt tilbake til Hardanger som verneprosjekt, var Edvard Nil sen framleis i vigør. Han hugsa godt og kunne fortelje ein del om den tida han var om bord på “Mathilde”. Edvard fortalde om ein dramatisk seglas. Dei var på veg nordover med trelast, og kom ut for skikkeleg dårleg vêr på Vestfjorden: “Vi hadde sigla kanskje ein mils veg uti fjorden, der kjem han med sørvest kuling, slett-rauk på havet og regnfauke, såg jo ingenting. Så vi måtte berre pakke ned storseglet og alt i hop, vi hadde berre skvær, men resten hadde vi berre klyveren på. Og med det sigla vi heile natta, men det blei så mykje sjø, eg måtte lei meg for sjøen, passa på sjøen. Så eg var klar over at eg ikkje greidde å halda den kursen, det var greitt det, og ikkje såg vi land. Så blei det morgonen, det var i 6-tida eller sånn, og vi haldt utkikk etter land. ” Så får dei landkjenning, og Edvard kjenner seg igjen: ”Det var Hagbarden, oppløpet til Stamsund (…) og da måtte vi setje på litegranne pik for å gå opptil, men då drog ho bommen i sjøen. Vi kom oss oppom landet der, og tørna med begge ankera og beslo segla. Koka kaf fi, åt og la oss til å sove.” Dette var den mest dramatiske turen Edvard hadde med “Mathilde”, han skildra den som trollturen over Vestfjorden.

Når dei sigla hardt og båten la seg over, seier Edvard at dei trollsigla. Om “Mathilde” sa han: ”Ho er jo ganske brei, og derfor så var ho vel også så gjev å sigla på. Vi kunne trollsigle ho på den måten. Det var ballast i ei sånn jakt, så vi kunne trollsigle ho.” Intervjuaren ville ha forklaring på “trollsigla”. Og Edvard sva ra: Ja, sigle på trollet. Ho låg jo så mye på sida som vi orka, men ho tippa no ikkje. Så ho var ei gjev og stødig jakt, det skal ho ha.

Mykje vind kunne sjølvsagt vera ei utfordring for seglfartøya, men for lite vind baud også på store utfordringar. Ved vind stille vart dei liggjande og driva, og Edvard kommenterte tørt 40 K YSTEN 2'11

reportasje historie artikkel

Tørking av klippfisk i Rossfjord, Troms. Arbeid på klippfiskberga ga inntekt til mange samfunn langs kysten. Her ser vi at ungane er med.

Biletet er teke 27. juni 1928, og mannskapet ser ut til å vera i gang med vedlikehald. Namnet på fartøyet er “Indianna”. Ho høyrde til i jondalsflåten frå 1910. Foto: Wilse. Norsk Folkemuseum.

at “var ho omgitt av hav på alle kanta, då måtte vi berre la ho ligge og reke.” Verre var det sjølvsagt om ein låg oppunder land og straumen førde ein innover. ”Då måtte vi jo til å buksere det vi greidde for å halda ho frå land. Då var det to mann i lettbåten og ro. Det kun ne ofte være ei plage viss det blei vindstille”.

Fraktfart i Nordland

Kva frakta dei med “Mathilde” i desse åra som seglande kystfraktar? Det var nesten alt ein kan tenke seg. Det gjekk mykje i trelast, sement, sand og andre byggevarer, tønner, fat og fiskekassar.

Jaktene og dei andre små fraktefartøya var slitarane på kys ten. Medan dampen fekk mykje å seie for passasjerskip, var det framleis seglande fartøy, og seinare småfartøy med die selmotor som sto for frakt av mange slags varer langs kysten.

På mange stader utan utbygd vegnett bidrog dei bokstavleg talt til å bygge opp Noreg etter den andre verdskrigen.

Dei seglande fraktefartøya heldt seg lenge, men utover i 1920- og -30 åra vart det stadig fleire som sette inn motor.

Naturleg nok vart det stadig vanskelegare å klara seg med segl aleine. Edvard Nilsen fortel: ”mens eg sigla på ”Mathilde”, så kom jo maskina inn i bildet. Difor vart det dårleg med fraktefarten, det var dår leg med frakt å få for oss, som var med segl. Motor fartøya stal marknaden frå oss stadig meir og meir. Vi fekk nesten ikkje laster, det einaste vi kunne var å fare inni fjordan å kjøpe ved og så fare rundt og selje han.” Peder Hansen i Gildeskål kjøpte jakta “Mathilde” i 1925 og dreiv ho fram til slutten av 30-åra. Hansen dreiv med oppkjøp av fisk, og brukte “Mathilde” i denne handelen. Hausten 1937 blas mastra ned. På denne tida vart den gamle jakta brukt som losji og innkvartering av fiskarar, som så mange andre utrangerte fartøy. Peder Hansen var den siste som brukte “Mathilde” som seglfartøy, då hadde ”Mathilde” vore i kon tinuerleg drift i 54 år. 2'11 K YSTEN 41

Motor og namneskifte

Klippfiskfirmaet Erik Rolfsen AS i Kristiansund kjøpte den nedrigga skuta, nærast som ein lekter. Men dei rusta fartøy et opp igjen, sette motor i og kalla ho for “Kari Louise”.

Ombygging til motorfartøy vart gjort ved Mellemværftet i Kristiansund. “Kari Louise” fekk styrehus, større lasteluke, og ein Wichmann-motor på 50-100 hk. Den einsylindra motoren viste seg å vere for liten, så etter kort tid kom det ein tosylindra 100-150 hk frå same fabrikken på Bømlo i Hor daland. I 1950 enda “Kari Louise” opp i sitt gamle heimfylke, Hor daland. Då var det ein familie i Mosterhamn som overtok fart øyet. Sten Skimmeland segla om bord på “Kari Louise” frå 1952 til 1957. Han fortel at det som regel var tre mann om bord, det vil seia skipper, maskinist og matros. Skimmeland fortel at dei ikkje var så nøye på rangordninga og illustrerer dette med den klassiske stillingslysinga: “ Kokekyndig maski nist med kystskippersertifikat søkes”.

Historia til “Kari Louise” som motor og seglfartøy er full av større og mindre havari, heilt fram til i 1981 då fart øyet, med fare for kantring, grunnstøytte i Vefsnfjorden.

Ulukker og uhell må ein sjå på bakgrunn av den lange tida fart øyet har vore i drift. For det var jo lange periodar utan uhell òg. Fartøyet gjekk året rundt, ofte om natta, og inn og ut av hamner langs heile kysten. I mørke og snøtjukke krov det lokalkunnskap og godt sjømannskap å føra skuta trygt fram.

Trass i ein del større og mindre havari, må ein seie at mann skapa på “Mathilde” og “Kari Louise” i det store og heile luk kast med seglasen.

I tida då “Kari Louise” høyrde heime på Bømlo, gjekk ho i småfraktefart på kysten mellom Oslo og Trondheim. Frak ta var det meste, til dømes sand, sement, salt, trelast og gjød sel. Gjødsla vart frakta frå Norsk Hydros sitt anlegg på Her øya i Porsgrunn til ulike stader i landet. Om vinteren gjekk dei med sild i tønner, gjerne frå Måløy til Haugesund eller Sta vanger. Ein del turar gjekk òg til Sverige og Danmark.

På overtid som småfraktar

I 1968 kjøpte Leif Andorsen, Svolvær “Kari Louise”. I 1971 monterte Andorsen ein brukt GM diesel frå 1960. Denne

Norges ledende produsent av klassiske riggdetaljer tilbyr

Tauverk, treblokker, masteringer, kofilnagler, pokkenholtkauser, jomfruer, fåretalg osv.

Tradisjonell kvalitet og utførelse til riktig pris.

VETERAN-RIG

Postboks 63, 4853 HIS Telefon (47) 37 01 01 22. Telefax 37 01 15 55 www. veteran-rig.no

motoren vart ståande i fartøyet til 1997. Andorsen fekk også modernisert styrehuset, installert radar og reparerte skroget. Etter kvart som vegar, ferjer og bruer var stadig betre utbygd, vart det vanskelegare å drive lønsamt med dei små fraktefartøya. Dei fleste måtte gje seg på slutten av 1960- og byrjinga av 1970-talet. Men òg her heldt “Kari Louise” ut leng er enn dei fleste. Andorsen dreiv fraktfart med “Kari Louise”, i hovudsak mellom Trondheim og Finnmark, fram til midt på 1970-talet. Lastene var for eksempel saltfisk og fiskekasser og elles blanda stykkgods.

Andorsen selde “Kari Louise” til Per Angel, Øksningan i 1977. Angel dreiv fraktefart på kysten av Nordland og Trøndelag. Fraktene var dei vanlege blandingane av stykkgods.

Ei tid grabba dei sand sjølve med “Kari Louise”, og det var også ein del laster med tang. Drifta vart etter kvart nokså redu sert, og “Kari Louise” låg i opplag den siste tida før ho vart selt på tvangsauksjon i 1984.

Verneprosjekt

I første halvdel av 1980-talet var det stor arbeidsløyse, spe sielt blant ungdom. Hausten 1983 vart den unge Torbjørn Kaarbø engasjert for å greia ut fleire tiltak for å få ungdom ut i arbeid i Kvam herad i Hardanger. Kaarbø var interessert i eldre båtar, og ideen til å sette i gang eit restaureringsprosjekt fekk han frå mellom andre Stiftelsen Havnøy i Tønsberg og Stiftelsen Haugesjøen i Haugesund. Begge stader planla ein kombinasjon med vern av fartøy og arbeid med vanskelegstilt ungdom. Norsk kulturråd hadde registrert verneverdige fartøy på slutten av 1970-talet. Alt då var “Kari Louise” peika ut som det beste verneobjektet mellom Trondheim og Kirkenes.

Kaarbø samarbeidde heilt frå starten med båtbyggjar Kristian Djupevåg som hadde erfaring med restaurering av fartøy, mellom andre “Gjøa” og redningsskøyte nr. 1 “Colin Archer”.

Djupevåg tente på ideen og har vore ein viktig støttespelar for fartøyvernsenteret sidan. Dei fekk tilslaget som einaste bod gjevar på tvangsauksjonen for 29 000 kroner.

Eit interimstyre for Stiftinga Hardangerjakt av 1984 var dermed eigar av eit fartøy som vart slept frå Helgeland til Nor heimsund i juli 1984. Dermed var den verkelege jobben så vidt i gang. Sjølv om det hadde vore verna fartøy i nokre år går det eit skilje i første halvdel av 1980-åra. Fartøyvern som ei folke leg rørsle tok til å breie seg ut langs kysten, og sjølvsagt på alle vatn i innlandet der det har gått ulike typar fartøy. I 1985 tok Torbjørn Kaarbø del i stiftinga av Norsk Forening for Far tøyvern, som har blitt den viktigaste interesseorganisasjo nen for verna fartøy.

Drifta av “Mathilde”

Etter fem års arbeid, i 1989, var det klart for ein “gjendåp” av “Mathilde”. Mange fartøyeigarar har erfart at det å få etablert eit godt driftsopplegg, kan vera like krevjande som å få båten sett i stand. Våren 1988 tok planlegginga av rigginga til. Då var “Mathilde” så heldige at den røynde riggaren og seglaren 42 K YSTEN 2'11

reportasje historie artikkel

Ben Brynildsen tok jobben. Saman med Torbjørn Kaarbø og første skipper Cecilie Holm brukte dei mykje tid på å plan legga drifta av “Mathilde”. Både Brynildsen og Holm hadde fleire sesongars erfaring frå skonnerten “Svanen” og jakta “Havnøy”.

Målet var å ha ei drift som gav fleire bein å stå på. Dess utan måtte drifta kunne kombinerast med ungdomsarbeidet.

Elles var målet å ha ein så lang driftssesong at det vart råd å driva med eit fast tilsett mannskap, for å sikra kontinuitet og gode arbeidsforhold om bord. Løysinga på desse utfordring ane var ein tredelt driftsmodell som med visse justeringar har vore den same sidan “Mathilde” kom i drift i 1990.

Kvar sesong vert innleia med eit såkalla museumstokt i februar/mars, og avslutta med eit tilsvarande tokt i okto ber/november. Temaet varierer frå år til år, og turane vert orga niserte i samarbeid med museum, skular og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Nokre år har “Mathilde” reist rundt i fyl ket som flytande museumslokale, andre år har ho fungert som konsertlokale for fylkesmusikarane i Hordaland. Det vert gjeve tilbod til skuleklassar i samarbeid med fylkeskommu nen og den kulturelle skulesekken. Når museumstokta er slutt, startar leirskulen vårsesong en som strekkjer seg fram til skuleferien. Haustsesongen i leir skulen startar i byrjinga av september og strekkjer seg fram til museumstoktet. Skulen har namnet Hardanger Maritime Leirskule og ein eigen lærar, tilsett av Kvam herad, står for det pedagogiske opplegget. Kvar klasse er med i fem dagar og tek då del i dei aktivitetane som må utførast om bord i eit stort seglfartøy. Det inneber alt frå seglmanøvrar, navige ring, vask og matlaging til fisking, bading og anna moro som er knytt til båt og sjøliv. Både elevar og lærarar søv i hen gekøyer i lasterommet, noko som kan vera ei oppleving i seg sjølv. “Mathilde” er den einaste seglande leirskulen i landet. Tilbodet har synt seg stadig meir populært, og mange skular går att frå år til år. Leirskulen er på elleve til tolv veker årleg.

Med eit gjennomsnitt på mellom 20 og 25 elevar pr. tokt, har nær 5000 elevar vore innom leirskulen på “Mathilde”. Om sommaren mellom leirskuletokta vår og haust, tilbyr “Mat hilde” tokt som er opne for alle interesserte eller i samarbeid med organisasjonar og firma. Her er det tale om ein aktiv form for ferie der medseglarane tek del i aktivitetane om bord. Reiseruta varierer frå til år. “Mathilde” har vore frå Lofoten i nord, til Orknøyane i vest, Frankrike i sør og aust til sven skekysten. Sommartokta har hatt ulike tema. Dei mest stand haftige har vore jentetokta, der mange av dei same damene kjem att frå år til år. Då er Cecilie Holm skipper, og ingen mann har tilgjenge, ikkje ein gong som mannskap. Som vi ser, tidene endrar seg, “Mathilde” har vore med på store endringar og seglar framleis.

Kjelde: Richardson, Heidi og Oddvar Soldal (red.) 2009. “Mathilde” 125 år. Hardanger Fartøyvernsenter.

www.eldjarnbaat.no

Gunnar Eldjarn 91749791 [email protected]

41308644 [email protected]

Vi selger bokverket Nordlandsbåten og Åfjordsbåten.

Heftet om God Bør.

Arne Terje Sæther Ola Fjelltun 95166573 [email protected]

2'11 K YSTEN 43