Referat FAU møte oktober 2014

Download Report

Transcript Referat FAU møte oktober 2014

FAU møte 09.10.14
Desse møtte: Anne Berit Haugen Solheim, Olav Jan Tveiten, Olav Straume, Anette Uppstad
Viki, Arne Bakke, Jorunn Tveiten, Marit J. Brokke, Daniel Homme, Knut Erik Paulsen
Marit starter møte med informasjon om forrige møte, der det vart valgt sekretær og
kasserer. Det må velges leiar i FAU og det må også velges 2 medlemmer til Samarbeidsutvalget. Dette er eit utvalg rett under oppvekst og- kulturavdelinga og har stor innflytelse.
Det vert informert noko om kva ein gjer i FAU og kva slags innflytelse ein har med å sitje der.
Det er eit veldig viktig arbeid å sitje i FAU. Me jobber for barna våre og for at skulen skal vere
bra.
Rektor seier seg villig til å hjelpe til så godt ho kan i forhold til arbeid i FAU.
Sak 06/2014: Val av leiar FAU: Daniel Homme sa seg villig til å vere leiar for Fau og nestleiar
vert Arne Bakke. Desse vert også medlemmer av samarbeidsutvalget.
Sak 07/2014: Framlegg til revidera retningsliner for skuleskyss i Valle. Marit informerer om
dette og gjeng gjennom punkt for punkt i retningslinene. Det vert diskutera fram og tilbake
ulike løysinger og ulike problemstillinger. Det vert peka på at enkelte ikkje har tilbod om
skuleskyss, sjølv om ein betaler sjølv.
Konklusjonen vert: FAU er einig i framlegget, men har eit innspel på at Valle Kommune skal
vurdere kor farleg kryssing av alle vegane er for elevane. Viser til opplæringloven §7.1
Saker under eventuelt:
1. -Framlegg til skulerute. Marit informerer om dette, og me får utdelt framlegg til
skuleruta. Forslag: FAU vil foreslå at skulen starter att måndag 04.01.16, og at den
fridagen kan nyttast som fleksi fridag for eleven. Dette fråveret må då varslast 3
dagar på førhånd til kontaktlærer. Denne dagen må nyttast innanfor skuleåret.
-Det vart ein diskusjon om varsling av fråver. Det er viktig å informere om alt fråver til
skulen i forkant av fråveret. Om eleven er sjuk må alle melde frå med ei gong om
dette, slik at læraren veit kva orsaken er. Lærer treng dette for å planlegge dagen, for
å vite at det ikkje har skjedd noko med eleven på skulevegen osv. Dette vil Marit
informere meir om til foreldre. Meldinger om fråver skal meldast på epost.
-Det vart diskutert innhald i dei siste skulevekene. Dette er Marit sitt ansvar at desse
vekene vert innhaldsrike. Det skal jobbast med internt at desse dagane vert gode. Det
er for 10 klasse ein mogleigheit at skuleturen vert lagt til denne perioden. Det skal då
planleggjast med Bygland skule.
2. Det vart ein diskusjon om skuletur i 10 klasse. Det kom eit framlegg om at FAU skal
lage ein oversikt over ulike arrangement som gir inntjening til skuletur. Det er eit
ynskje om at arrangementene vert fordelt. Dette vil FAU ta videre og diskutere
nærmere. Kan FAU lage ein plan på dette og lage ein struktur på dette? Foreldre
representanter må innhente oversikt over alle planlagte arrangementer som 8, 9 og
10 klasse skal ha til inntjening til skuletur. Dette skal informerast om på neste FAU
møte.
3. Det vart gjort eit framlegg om at trafikalt grunnkurs skal sponsast av FAU. Det er ein
moglegheit at dette kjem inn som valfag til neste år. Det er ein diskusjon om det er
penger i FAU til dette. Forslaget vert lagt på is. Men FAU vil oppfordre Valle Skule til å
jobbe veldig for å få dette inn som valfag til neste år.
4. Det vert gjort eit framlegg om at det skal lagast nokre vedtekter for FAU. Då vil faste
opplegg ligge klart og rutiner for FAU klargjerast. Dette vil Marit kikke på og sjå om
ho finn noko ut i frå tidlegare referat.
5. Bygdekveld: Alle klasser må syte for 2 kaker og ein til å selge mat til bygdekvelden.
Valle 09.10.14
Anette Uppstad Viki
Referent