Bill Wyman`s Rhythm Kings

Download Report

Transcript Bill Wyman`s Rhythm Kings

2014
September
Oktober
November
Desember
Ål kulturhus presenterer:
Rolling Stones-bassist
Bill Wyman`s Rhythm Kings
Utstillingsopning 23. august
Anders Kjær
Utstillingsopning 27. september
Bente Haugland
Måleri
Arrangør: Ål kunstforening
Tekstilbilete
Arrangør: Ål kulturhus
Utstillingsopning 25. oktober
Torhild Grøstad & Philipp Dommen
Utstillingsopning 22. november
Hanne Haukom,
Kristian Finborud, Olav Thun
Teikning og skulptur
Arrangør: Ål kulturhus
Keramikk og brukskunst / Teikning / Måleri
Arrangør: Ål kunstforening
Utstillingar
Galleri Syningen
Ål kulturhus
Kjøp
Sjefens fristelse:
staden for dei gode opplevingane!
Konsert Ragin Wenk-Wolff
& Vebjørn Anvik
3 arrangement
for kr. 500,-
Danseframsyning
med Kartellet
Ordinær pris kr. 610,Gjeld berre
desse arrangementa:
Lars Fykeruds triumf
og tragedie
Kafe Kulturrampa
tlf: 962 31 383
Tonje Olsen og Tom Idar Nikolaisen ynskjer
publikum i Ål kulturhus velkomen med
velsmakande mat til hyggelege prisar.
Kafe Kulturrampa har ein meny som mellom anna inneheld eit utval
sandwichrettar, salatar, pastarettar og småsnacks,
i tillegg til herlege heimelaga kaker og sjokolade.
Med fokus på heimelaga mat og gode råvarer ynskjer Tonje og Tom
i tillegg å tilby levering av mat til små og store selskap. Dette gjeld
også tinging av servering ved møte og kurs på kulturhuset.
Det er spesialtilbod i kafèen i samband med arrangement.
Sjå info om dette på kvar side i programmet.
Kjære publikum
Ål kulturhus opna i 1992.
Den gongen var det nok få som heilt
forsto kva for innhald som etter kvart ville
bli tilgjengeleg på huset.
Når Bill Wyman frå Rolling Stones entrar
scena vår i november, blir det ein milepæl
i kulturhuset si historie! Det viser at
publikum i Hallingdal no kan oppleve
verdsstjerner på heimebane.Tilbodet på
Ål kulturhus spenner frå internasjonale
kjente artistar til lokale flinke amatørar,
noko som er i tråd med den rolla
kulturhuset ynskjer å spele.
Dei ulike aktørane har ulike kvalitetar,
men er like viktige for å skape det samla
tilbodet me skal presentere.
Landsdelsscene for dans i nye areal i
Ål kulturhus blir det jobba vidare med.
Det blir eit løft både for det lokale,
regionale og nasjonale dansemiljøet i
Noreg! Det vil også vere med på å sikre
publikummet vårt store kulturelle
opplevingar i framtida.
Info
Velkomen til Ål kulturhus!
Den store kinodagen
Stor filmfest på Ål kino med ferske
filmar, konkurransar med premiar,
underhaldning og overraskingar.
Halv pris på alle kinobillettar.
Ål kino
Laurdag 1. november
Halv pris på alle kinobillettar!
Ål kulturhus
Thor Olav Fjellhøi
kulturhusleiar
Myren 40, 3570 Ål
Telefon: 32 08 51 00
Telefaks: 32 08 16 44
[email protected]
www. aal.kulturhus.no
Ål kulturhus takkar hovudsponsor:
Kyrkjeakademi-VEKA I HALLINGDAL
Foredrag
Erling Rimehaug om naturtru og gudstru
Geilo kulturkyrkje
Redaktøren og skribenten Erling Rimehaug tek oss denne kvelden med på ei aktuell, filosofisk reise.
Han tek utgangspunkt i nokre av bøkene til forfattaren Olav Sletto der me finn tankar om gudstru og naturtru
som lever side om side.
Mange av oss finn ro og ny energi i fjellheimen, også i dag, enten vi er sekulære eller av det meir religiøse slaget.
Kan det vera at naturtru og gudstru har vore parallelle ’truer’ i norsk trushistorie? Er dette noko vi deler med
andre, eller er vårt tilhøve til naturen noko særnorsk?
Arrangør: Olav Sletto-selskapet,
Geilo kulturkyrkje, Ål kyrkjeakademi
NB! Geilo kulturkyrkje
Torsdag 11. september kl. 1915
Billettar kr. 150,-/120,-
Erling Rimehaug er fødd på Ål og vaks opp på Geilo. Han er cand.philol. frå
Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie. Han har arbeidd i avisa Vårt Land i
37 år, i ulike stillingar, og har skrive fleire bøker, mellom anna «Veien til Betlehem»
og «Jeg kan ikke hate. Testamentet i blikkesken». Han er fast spaltist i Hallingdølen.
Kyrkjeakademi-VEKA I HALLINGDAL
Foredrag
Janne Haaland Matlary
Religion i eit sekulært Europa
Nesch-museet
Kva rolle har religionane historisk sett hatt i Europa? Og kva rolle kan me seia at religionane i dag spelar i ein stadig
meir innfløkt, men sekularisert verdsdel? Kan det vera slik at eit kristent verdigrunnlag sikrar religionsfridomen best?
Kan ein stat vera verdinøytral?
Dette er nokre av dei spørsmåla som Janne Haaland Matlary, professor i internasjonal politikk ved Universitetet i
Spesialtilbod i kaféen:
Oslo, tek opp når ho kjem til Ål. Haaland Matlary har arbeidd mykje med tema innan tryggings- og
Kaffe og kake kr 55,forsvarspolitikk, demokrati og menneskerettar. Ho er katolikk og medlem i Det Pavelege Vitskapsakademi.
Arrangør: Ål kyrkjeakademi
Ho har også vore politikar, mellom anna som statssekretær i Utanriksdepartementet
for KrF, men har gått over til partiet Høgre. Haaland Matlary har skrive fleire fagbøker,
Nesch-museet
og også ei personleg bok om sin overgang til den romersk-katolske kyrkja.
Fredag 12. september kl. 1915
Janne Haaland Matlary er kunnskapsrik og deltek ofte i aktuell samfunnsdebatt
i aviser, radio og TV. Ho har ei klar stemme som det er verdt å lytta til.
Billettar kr. 150,-/120,www.aal.kulturhus.no
Ål kraftverk 100 år!
Jubileum
Jubileumsmarkering
med avduking av minnesmonument og utstillingsopning
Klokka 13.00 blir det avduking av minnesmerke basert på
historiske gjenstandar frå kraftverket ved Stasjonsbrua.
Vidare blir publikum med opp til kulturhuset der det
er opning av ei innhaldsrik og flott jubileumsutstilling i
Trugeholu. Utstillinga der er open i perioden
13. september - 13. oktober 2014. Enkel servering.
Gode tilbod i
Kafe Kulturrampa!
Trugeholu
Laurdag 13. september kl. 1300
Gratis inngang
Kritikarrost humorshow:
Mann (44)
Bård Tufte Johansen snakkar om kjensler,
flaum og bark frå Plantasjen…
Haustens store høgdepunkt på stand-up
scena i Ål kulturhus nærmar seg når ingen
ringare enn Bård Tufte Johansen kjem på
Hallingdalsbesøk.
Tufte Johansen har sidan tidleg på 90-talet
laga ei rekkje humorprogram, blant anna
Lille lørdag, Åpen post, Ut i vår hage, Team
Antonsen, Tazte Priv, Tre brødre som ikke er
brødre og Brille.
Dei siste to åra har Bård jobba hardt
med å skrive nytt materiale, teste ut,
forkaste, skrive nytt. Han har slitt, sveitta
og ledd for å gjere seg klar til den største
utfordringa i karrieren – endeleg står han
åleine på scena med sitt eige show!
I ”Mann (44)” snakkar Bård om alt frå
mammablad, islam og bark frå Plantasjen,
om å vere arbeidsgjevar for polske
handverkarar, hærverk og kvinner til
diffuse muskel- og skjelettlidingar...
Show
”Herlig proft” – Dagbladet
“Tøff Bård Tufte Johansen i storform.
Et meget godt show!” – VG
“Dette er rett og slett noe av det beste
jeg har sett på en norsk humorscene.”
– Aftenposten
“Velformulert og ja, personlig,
Spesialmeny i kaféen:
gjenkjennelig, innsiktsfullt og
Blåskjell- eller reketallerken
fantastisk morsomt.”
OBS! Kun forhåndsbestilling
– Drammens Tidende
innan måndag 15. september
til Kafe Kulturrampa
Storesalen
Onsdag 17. september kl. 1900
Bård Tufte Johansen
Billettar kr. 470,-/440,-
Teater
Veslefrikk med fela
- eit folkemusikalsk eventyr for born
Spesialtilbod i kaféen:
10 % avslag på barnemenyen
OBS! Begrensa plassar
Max 100 stk
Scena Storesalen
Laurdag 20. september kl. 1330
Billettar kr. 160,-/130,-
Utøvarane Margit Myhr, Erlend Apneseth og Vetle Springgard tek
i denne forestillinga utgangspunkt i eventyret om Veslefrikk med fela, eit
eventyr for born med ei moralsk kjerne om at ”gjev ein noko frå seg, får ein
noko attende.” Gjennom skodespel, musikk og dans vil dette eventyret bli
levandegjort på ein original og til dels spektakulær måte. Borna vil få oppleve
nokre av dei viktigaste norske folkemusikkinstrumenta, fleire typar folkedans,
og i tillegg sjølve få delta aktivt i forestillinga.
Konsert med Ragin Wenk-Wolff (fiolin) og Vebjørn Anvik (klaver)
Ragin Wenk-Wolff fører vidare den
legendariske tradisjonen frå dei ruvande
fiolinmeistarane i musikkhistoria;
Nathan Milstein i London, Ivry Gitlis i Paris
og Aaron Rosand i New York, byen som
også har vore basen hennar i mange år.
Ragin har bak seg alt frå hyppige radio- og
TV-spelingar, uroppføringar og CDinnspelingar av fiolinkonsertar komponert
for og tileigna henne (m.a. av Johan Kvandal,
Ragnar Söderlind, Knut Nystedt) med
orkester som Royal Philharmonic i London,
til utstillingar av eigen kunst på stader så
ulike som Paris og Lyngdal.
Den offisielle debutkonserten hennar
i Aulaen i Oslo som 17-åring skapte
sensasjon og vart følgd av Debutantprisen
og fleire andre prisar, solistkonsertar
med alle dei store norske orkestra samt i
Europa og USA. Wenk-Wolff spelar på ein
Stradivarius fiolin frå 1689 med ex-Milstein
Tourte bogen, den same bogen som Nathan
Milstein brukte 99% av tida.
Konsert
Kjøp
Sjefens fristelse:
Denne kvelden får me ein konsert der
Wenk-Wolff også syner video og fortel
om den multi-dimensjonale opplevinga av
musikken, som inkluderer fargar, former og
bilete. Me får samtidig oppleve musikken
med heile 6 ulike kostymer av hennar eige
design, som harmonerer med fargane og
atmosfæren til kvart nummer i programmet.
3 arrangement
for kr. 500,Ordinær pris kr. 610,Gjeld berre
merka arrangement
Med seg har Wenk-Wolff pianisten
Vebjørn Anvik som me kjenner m.a. frå
Grieg Trio som har vunne ei rekkje prisar
og turnert i store delar av verda.
Anvik held både solokonsertar og
spelar som solist i orkester som
Oslo Filharmonien og Det Norske
Kammerorkester. I 1993 mottok Vebjørn
Anvik den prestisjefylte Levinprisen.
Spesialtilbod i kaféen:
Dagens suppe
Scene Storesalen
Torsdag 25. september kl. 1930
Foto: Steiner Foto
www.aal.kulturhus.no
Billettar kr. 200,-/170,-/100,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Litt stille før stormen
- komedie av Theresia Walser
Brageteatret med crazy humor blanda
med ettertenksamt alvor!
Tre sjølvopptatte stjerneskodespelarar
frå kvar sin generasjon skal debattere
teater, kunst og verkelegheit framfor eit
livepublikum. Dei har alle tre spelt den
same rolla i kvar sin film, nemleg Hitler,
og dei har utmerka seg ved innsatsen
sin. Men, kva skjer når målet for alle er å
kome best mogleg ut av det? Skjer det på
bekostning av dei andre? Eller kan dei tre
ha ei samtale utan å trø på kvarandre?
Medan dei sit og ventar på at showet
skal starte, utviklar diskusjonen seg
til eit nådelaust oppgjer mellom
dei tre mennene.
Tre generasjonar, tre måtar å sjå på
verda, tre verkelegheiter.
Med ei blanding av knivskarp satire og
absurd situasjonskomikk har den tyske
dramatikaren Theresia Walser skrive ein
moderne klassikar.
Teater
Med:Terje Hartviksen, Rune Temte
og Kai Kenneth Hansson.
Av Theresia Walser
Omsett av Audny Chris Holsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi: Elin Dahl
Koreografi: Sigrid Edvardsson
Forlag: Nordiska ApS
Spesialtilbod i kaféen:
Nachos med kjøttdeig
Scene Storesalen
Laurdag 27. september kl. 1900
Billettar kr. 215,-/165,-
Foto: Dag Jenssen
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Eldredagen 2014
Programmet for eldredagen i år kjem til å handle
om to hundreårsjubilantar:
Jan Magnus Bruheim og Alf Prøysen.
Jan Magnus Bruheim var frå Skjåk i Gudbrandsdalen.
Han skreiv dikt for born og for vaksne. 18 samlingar
med barnedikt, og 20 samlingar med dikt for vaksne.
Til dette kom 7 bøker med prosatekstar og
2 høyrespel for radioteatret.
Bruheim seier om seg sjølv: «Å dikte vart min
lagnad. Stille skulle mine ord vera».
Alt han skreiv handlar om korleis det er å vera
menneske, og om å vera medmenneske.
På eldredagen vil Odd Oleivsgard fortelje om, og
lesa dikt av, Jan Magnus Bruheim.
Aud Jepsen les av barnedikta hans.
Kultur
Alf Prøysen var frå Ringsaker og er godt kjend for
folk flest. Han også skreiv dikt (viser) for både born
og vaksne. Han skreiv prosabøker og skodespel.
Og han song og spelte gitar, var «barnetimeonkel»,
og gav ut plater som kjendt. På eldredagen vil folk
frå Ål syngje og lesa tekster av Prøysen:
Margrete Berg, Guri Ekse, Torill Kvalvågnes,
Aud Jepsen, Steinar Larsen, Sigbjørn Solbakken og
bandet Tippelaget HUB med m.a. Tore Dokken.
Etter programmet i Storesalen blir det dans i
foajéen for dei som vil svinge seg litt.
Foto: Kristian Hosar
Arrangør: Trivselsgruppa ved Ål bu- og
behandlingssenter, Ål Eldrelag og Ål Eldreråd
Storesalen
Onsdag 1. oktober kl. 1100
Billettar kr. 100,- inkl mat og kaffi
Billettelefon: 32 08 51 00
Humormusikalen
Norsk reisning
Teater
Foto: Fredrik Arff
Av Kjetil Indregard
Komponist og
musikalsk ansvarleg:
Atle Halstensen
Regissør: Kim Sørensen
Koreograf: Jan Ivar Lund
Espen Beranek Holm, Elisabeth Moberg,Teodor Janson & co
Scenograf: Gjermund Andresen
parodierer kjente nordmenn og kastar eit skråblikk på Noreg.
Kostymedesignar: Milja Salovaara
Lysdesignar: Anders Busch
Lyddesignar: Atle Halstensen
Alarmen går! Noreg er atter i krig! Men orkar me tanken på å
Dramaturg: Tine Thomassen
– og med skikkeleg dårleg nett-tilkopling? Alt håp er ute… om
Produsert av Riksteatret
- Frå viking til veiking på 120 minutt
Spesialtilbod i kaféen:
Småmat og lefsekling
Geilo Skolemusikkorps
i foajéen før framsyninga
gøyme oss i skogen utan getboks og caffe latte
det ikkje var for Henrik Wergeland.
Som ein hyperaktiv reiseleiar vender folkehelten vår attende for å forklare oss – for siste gong – kva det vil
seie å vere ein ekte nordmann. I eit desperat forsøk på å redde oss, tek han oss med på ei musikalsk rundreise
i historia vår, for å lære oss kvar me kjem frå og kven me eigentleg er. Men er det for seint?
Storesalen
Torsdag 9. oktober kl. 1900
Billettar kr. 370,-/300,-/270,Billettelefon: 32 08 51 00
OPPLEV MEIR:
Minikonsert med
Med Espen Beranek Holm, Teodor Janson, Elisabeth Moberg, Hina Zaidi,
Elias Holmen Sørensen, Johannes Winther Farstad, Monica Hjelle, Sondre Krogtoft
Larsen, Ingeborg Mohn-Reinaas og Charlotte Øverland Våset.
Musikar: Kay Hartvigsen.
www.aal.kulturhus.no
e
se
Foredrag ved
kunsthistorikar
Jan Kokkin
1814 og kunsten i Noreg.
Dilettantisme eller gryande storheit?
Foredrag
Medan Noreg fekk eiga grunnlov, var også eit gryande norsk
kunstnarliv i ferd med å etablere seg. Korleis makta den
unge nasjonen Noreg å stable på føtene eit eige kunstliv i dei
økonomisk tronge tidene etter unionsoppløysninga med Danmark
i 1814? Korleis overlevde kunstnarane i eit slikt fattigsleg miljø?
Kven var dei kulturelle fanebærarane som danna dei fyrste norske
kunstinstitusjonane? Var den norske kunsten framleis dansk sjølv
etter unionsoppløysninga?
I 1818 vart det oppretta ei teikneskule i Christiania. Den vart den
fyrste verkelege kunstskula i Noreg, og vart i 1822 fast organisert
under namnet Den kongelige Tegne- og Kunstskole, populært
kalla Tegneskolen. Denne skulen skulle fostre fleire generasjonar
av kunstnarar fram til Statens Kunstakademi vart oppretta fyrst i
1909.
Same år vart også den fyrste kunstutstillinga nokosinne i Noreg
arrangert i 2.etasje i Calmeyer-garden i Christiania. Sjølv om
utstillinga hadde arbeid av framståande kunstnarar som J.C. Dahl,
Jacob Munch, Flintoe og Heinrich August Grosch, var ein stor del
via reine dilettantar som utstilte broderi og lakkarbeid. Dahl vart
seinare sentral i opprettinga av to viktige institusjonar for eit meir
permanent utstillingstilbod, nemleg Nasjonalgalleriet og Christiania
Kunstforening i 1836.
Foredraget varar om lag 1 time og blir følgd av digitale lysbilete.
Spesialtilbod i kaféen:
Dagens suppe
Nesch-museet
Måndag 13. oktober kl. 1930
Billettar kr. 150,-
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Konsert
Regi: Ivar Tindberg
Musikalsk leiar:
Morten Reppesgård
Musikarar:
Morten Reppesgård,
Lena Rist Larsen og Bjørn Holm
Hematt med Prøysen
Spesialmeny i kaféen:
Stor jubileumskake!
Storesalen
Onsdag 15. oktober
Billettar kr. 350,-/290,-
2014 er jubiléumsår for Alf Prøysen. Den 23. juli var det 100 år sidan han vart fødd på Rudshøgda i Ringsaker.
Alf Prøysen var ein av dei fremste kulturarbeidarane, visediktarane og forfattarane i Noreg, og har gjennom
livsverket sitt formidla livsvisdom og kvardagsskildringar som i dag er ein svært verdifull del av kulturarven vår.
Tre av våre fremste artistar som har vakse opp med Prøysen som førebilete: Maj Britt Andersen,
Inger Lise Rypdal og Viggo Sandvik spelte i mai forestillinga ”Hematt med Prøysen” på
Østre Toten kulturhus. Der var det utselde hus og både publikum og anmeldarar var
strålande fornøgde. No skal forestillinga ut på turné. Dei tre har sett saman ein
unik konsert av sine eigne Prøysenfavorittar, og med seg på scena har dei
kl 1930
eit band som består av tre eminente musikarar på piano, fele/trekkspel og bass/gitar.
Dette er årets definitive Prøysenforestilling og ei fantastisk publikumsoppleving!
Danseframsyning med kompaniet Kartellet
Dans
Kan du komme ned og hente meg?
Me har årsak og virkning.
Og me har forgjengelegheit.
Og fordi me har forgjengelegheit,
så vil alt som startar, opphøyre.
Alt som kjem saman, vil gå frå
kvarandre att. Musikken vil starte,
og bli borte. Dansen byrjar, for til
slutt å ikkje vere meir.
Alt som er bygd opp, vil gå i stykkjer.
Kan du komme ned og hente meg?
Kjøp
Sjefens fristelse:
3 arrangement
for kr. 500,Ordinær pris kr. 610,Gjeld berre
merka arrangement
Foto: Knut Jenssen
Kan du komme ned og hente meg?
Ei vár danseframsyning initiert og koreografert av Sigurd Johan Heide etter bestilling frå Riksscenen. Her blir
sansane til tilskodarane, langt utover synet, sett i sving. Kompaniet Kartellet tolkar folkedansen og -musikken
sine premiss, nærleik, deltaking og leik, inn i eit habilt scenekunstnerisk uttrykk. Publikum sit midt mellom tre
utagerande menn, og opplever ei danseframsyning som er nær, både i avstand og i tema. Dei to dansarane,
Spesialtilbod i kaféen:
Inge Martin Helgesen og Sigurd Johan Heide har eit nostalgisk, men røft uttrykk, og nyttar den kroppslege
Eggerøre og laks
kunnskapen sin for å balansere på eggen av leik og alvor med kvarandre.
Scene Storesalen
Musikar Ole Morten Indigo Lekang trakterer trommer og piano, og har bearbeidd det
musikalske materialet til ein tilstand av mannleg fysikalitet, alvor og leik.
Fredag 17. oktober kl. 1930
For koreografen er Kan du komme ned og hente meg? poetiske bilete, ein illusjon.
Billettar kr. 250,Heile framsyninga er bygd opp rundt det å sjå livet sitt passere i révy:
Fellesbillett fredag/sundag kr 300,hugse både det gode og det vonde, og så ærbødig gje seg hen til jorda att.
Frå bygdamønstring til Landskappleik!
Konsert
“Meister og elev”
Spesialtilbod i kaféen:
Kaffe og kake kr. 55,-
Kom og høyr og sjå resultatene frå ei storhelg i Hallingdal der både elevar og etablerte meisterspelemenn deltek!
Denne oktoberhelga startar opp med kurs i hallingspringar, hardingfele, langeleik, munnharpe, kveding med meir.
Så vil publikum få oppleve meister og elev i samspel og som solistar på den avsluttande konserten.
På programmet står kjende namn som Martin Myhr, Jan Beitohaugen Granli, Vetle Springgard,
Margit Myhr og mange fleire.
Storesalen
Sundag 19. oktober kl. 1500
Billettar kr. 150,Fellesbillett fredag/sundag kr 300,-
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hallingdal Juniorspelemannslag, Hugnad UL,
Ål spel og dansarlag, Folkemusikkveka og Ål kulturhus.
Hans og Grete - Teaterframsyning for heile familien
Teater
Gjett om det blir jubel i salen når borna sigrar over heksa!
Hugsar du Brørne Grimm sitt akkurat passe skumle eventyr om Hans og Grete
som går seg vill i skogen og blir tekne til fange av den vonde heksa?
No kan du glede deg til å oppleve det klassiske eventyret fortalt som ei fantasifull
barneframsyning spekka med musikk og oppfinnsam forteljarglede.
Bli med Hans og Grete på ferda gjennom skogen og følg dei til peparkakehuset,
der den slemmaste heksa i verda bur. Kan me hjelpe dei med å finne vegen heim
til pappa, tru?
Denne kritikarrosa oppsetjinga av Hans og Grete, som er sett av 35 000, er laga av
teaterkompaniet NIE (New International Encounter), som haustar lovord frå både
publikum og presse for fantasifulle framsyningar: «Dette eineståande teaterensemblet
kombinerer utsøkt, fysisk teater og vidunderleg integrert levande musikk ... djupt rørande
og genuint minneverdig”. The Daily Telegraph
Hans og Grete høver best for born frå 4 år.
Framsyninga varar i 1 time og 30 minutt inkludert pause.
Med Mia Hawk, Håkon Moe, Hilde Stensland, Elisabet Topp og Dagfinn Tutturen.
Av Brørne Grimm. Dramatisert av NIE. Omsett av Kjell Moberg.
Regissør: Kjell Moberg og Alex Byrne.
Scenograf og kostymedesignar: Stefanie Mueller.
Lysdesignar: Elke Laleman. Musikalsk leiar: Carly Davis.
Dramaturg: Tine Thomassen.
Nyprodusert av NIE i samarbeid med Riksteatret.
Billettelefon: 32 08 51 00
OPPLEV MEIR:
I foajéen før framsyninga kan
ungane bli sminka som små
skogsdyr. Kom i god tid og bli ein
del av skogen!
Spesialtilbod i kaféen:
10 % avslag på barnemenyen
Storesalen
Tysdag 21. oktober kl. 1800
Billettar kr. 200,-/170,-/160,-
www.aal.kulturhus.no
Foredrag
Øystein Morten
Jakta på Olav den heilage
Er det noko hald i mytene omkring helgenkongen Olav?
Kva er det mogeleg å vite om det verkelege mennesket Olav Haraldson?
Spesialtilbod i kaféen:
Kaffe og kake kr 55,-
I ei historisk periode prega av vald og strid, plyndringar og alliansar, kjempa leigesoldaten
Olav seg fram til makta. Som død vart han Noregs største helgen. Med boka «Jakten på Olav den hellige»
har Øystein Morten skrive høgst levande og engasjerande om kongen som kristna Noreg.
I jakta har Morten teke i bruk både gamle kjelder og moderne vitskap. Høyr han sjølv fortelje den
spennande historia om helgenkongen Olav i Ål bibliotek denne kvelden.
Arrangør: Ål bibliotek og Ål kyrkjeakademi
Ål bibliotek
Torsdag 23. oktober kl. 1915
Billettar kr. 150,-/120,-
«Glimrende historiefortelling. Spennende som en kriminalroman»
Sindre Hovdenakk,VG (terningkast 6)
«Drivende godt fortalt»
Ole Kallelid, Stavanger Aftenblad
Lars Fykeruds triumf og tragedie
Ei konsertforteljing ved
Per Anders Buen Garnås (hardingfele)
og Hallgrim Berg (forteljing).
Denne kvelden vil Per Anders og Hallgrim
teikne eit portrett av Lars Fykeruds
stormfulle liv og lagnad, hans musikalske geni
og viktige rolle i utviklinga av folkemusikken,
både som dansespel og lydarspel, og som
scene- og konsertmusikk.
Dette er ein reint akustisk konsert der
Buen Garnås og Berg presenterer norsk
slåttemusikk og kreativt solo hardingfelespel
på sitt beste.
Lars Fykerud (1860-1902) var si tids Elvis
i Telemark og det hardingfeleinteresserte
Noreg og Amerika. Stilskapar, scenekunstnar,
showmann og sjarmør. Umåteleg populær
som dansespelemann og kappleikvinnar, og
med legendestatus frå eit åtte års Amerikaopphald gav han hardingfelespelet status og
posisjon i den norske nasjonsbygginga mot
slutten av 1800-talet. På enkelte konsertar
i 1891 kunne Fykerud ta inn opp mot 4000
dollar (tilsvarande ein million kroner i dag).
Den kunstnarlege og økonomiske suksessen
fekk ein trist slutt i sterke møte med alkohol
og pene damer i USA, ran og sjukdom, –
og endeleg dei siste åra her heime med
fattigdom, tæring og død, berre 42 år gamal.
Lars Fykerud har komponert og sett sitt
klare stempel på ei lang rekkje slåttar
som spelemannsmiljøet i all ettertid har
halde fram som særleg vakre og krevjande;
til dømes Fjellrosa, Duft,Vårlengt, Signe,
Veneflamma, Ruske-Sara, Markensmondagen,
Livius Smitts Minne, m.fl.
Konsert
Kjøp
Sjefens fristelse:
3 arrangement
for kr. 500,Ordinær pris kr. 610,Gjeld berre
merka arrangement
Spesialtilbod i kaféen:
Dagens suppe
Scene Storesalen
Torsdag 30. oktober kl. 1930
Billettar kr. 160,-/130,-
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Litt av et par
Ein komedie av Neil Simon
med Nils Vogt og Sven Nordin
i hovudrollene.
Eit velopplagt komedieteam med
Nils Vogt og Sven Nordin i spissen
gler seg til å reise landet rundt med
Riksteatret. Regien på stykket er
ved Kim Haugen.
Felix (Nils Vogt) blir kasta ut av
kona, og i fortviling oppsøkjer han
den gode vennen Oscar (Sven
Nordin) og ber om å få bu hjå han.
Oscar har stor leilegheit, mange
venner og likar å spele poker og
hygge seg – medan Felix er pedant
og hypokonder, har støv på hjernen
og vil gjerne gjere om på alle
rutinar hjå Oscar. Slikt blir det både
forviklingar og humor av.
Velkomen til ein kveld med
mykje latter!
Komedie
Av Neil Simon
Omsett og lagt
til rette av Nils Vogt
Regissør: Kim Haugen
Scenograf og
kostymedesignar:
John-Kristian Alsaker
Lysdesignar: Kai Roger Havn
Musikkonsulent:
Per Christian Revholt
Dramaturg: Tine Thomassen
Forlag: Nordiska ApS –
København
Produsert av Riksteatret i
samarbeid med Thalia Teater –
Komedieteateret AS
Spesialmeny i kaféen:
Tapastallerken
OBS! Kun forhåndsbestilling
innan fredag 31. oktober til
Kafe Kulturrampa
Storesalen
Måndag 3. november kl. 1900
Billettar kr. 400,-/330,-/310,Billettelefon: 32 08 51 00
Foto: Fredrik Arff
OPPLEV MEIR:
Kl. 1830
«Korleis få folk til å le?»
Møt skodespelarane i foajeen før
forestillinga startar.
Den prisløna komedien med
originaltittel The Odd Couple har
vorte spelt på teater over heile
verda, og er kjent - ikkje minst gjennom filmen med Jack Lemmon
og Walter Matthau i hovudrollene.
Med Sven Nordin, Nils Vogt,
Jonas Georg Digerud, Camilla Frey,
Stein Grønli, Ingolf Karinen og
Veronica Salinas.
Skarvebarna presenterer:
Musikal
Annie + Oliver = sant!
Kva skjer når Annie og barneheimsbarna rømmer frå Miss Hannigan – og møter Oliver Twist og gatebarna som har
stukke frå gamle Fagin? Det er ikkje greitt å vere Annie og dei andre jentene på barneheimen hjå Miss Hanningan.
Barna slit som slavar og som løn for strevet får dei i beste fall kald velling å ete. Det er eit elendig hundeliv, og ein
dag bestemmer dei seg for å stikke av. Samstundes har gamle Fagin godt tak på gateungane som losjerer på loftet
hjå han. Dei får tak over hovudet mot at dei brukar dei små fingrane sine i lommene til folk, og rappar med seg fine
silkelommetørklær. Mot si vilje blir Oliver Twist dratt med på dette, og ein dag rømmer han sin veg.
Annie og Oliver er på rømmen begge to – og tilfeldigvis treff dei på kvarandre og kjem i snakk. Saman lengtar dei
etter kjærleik og dei ynskjer seg mat og ikkje minst ein familie. Men midt i alt det triste har dei jo kvarandre, dei er
trass alt optimistar og har tru på framtida.
I framsyninga får me høyre alle dei mest kjente songane frå musikalane «Annie» og «Oliver Twist».
På scena står 18 barn frå 6-12 år frå Hovet og Hol. Dei syng til vanleg i barnekoret
Skarvebarna. To ungdommar har rollane som Fagin og Miss Hannigan.
Band: Sunniva Fossly (tangentar), Ramona Fossly (perkusjon),
Mathias Eide Sataøen (bass), Ola Søndrål (gitar).
Manus: Hilde Dahlen
Regi: Ingjerd Almås Anfinset
www.aal.kulturhus.no
Spesialtilbod i kaféen:
10 % avslag på barnemenyen
Storesalen
Laurdag 6. november
Torsdag 6. november kl. 1800
Billettar kr. 150,-/100,-/80,Familiepakke (2v/2b) kr 390,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Bakom Høgevarde
- med nokre omvegar
Konsert
Medverkande:
Jo Asgeir Lie
Thor Olav Fjellhøi
Sigurd Tunestveit
Audun Haugeplass
Foto: Terje Bjørnsen
Det blir ei musikalsk hyggestund bunde saman med eit knippe verbale anekdotar når Jo Asgeir Lie tek med seg gode
musikarvener og publikum på scena i Storesalen til konserten Bakom Høgevarde - med nokre omvegar.
Jo Asgeir Lie er eit kjent namn i musikklivet i Hallingdal. Med tradisjonsmusikken som inspirasjon har han komponert og
arrangert musikk for ei lang rekkje prosjekt. No er det tid for å både sjå litt attende på noko av musikken som har kome
til på vegen, og også presentere heilt nyskriven musikk laga til konserten. Når han inntek scena på kulturhuset, har han
fått med seg tre gode musikarvener som følgje, Sigurd Tunestveit, Audun Haugeplass og Thor Olav Fjellhøi.
Saman lagar dei musikk i skjeringspunktet mellom viser, folkemusikk og improvisasjon.
Spesialtilbod i kaféen:
Snitter
Bakom Høgevarde er også namnet på ein av melodiane som vart skrive til teaterframsyninga Dødsdansen på Norefjell, eit
stykke som Eldgrim H. Springgard skreiv manus til. Samarbeidet med Eldgrim har resultert i mykje musikk
opp gjennom åra, og det blir eit gjenhøyr med fleire av melodiane og tekstane frå Dødsdansen og
andre prosjekt dei to har hatt saman. Jo Asgeir har også tonesett ei rekkje tekstar av Wenke Kolstad,
og eit knippe av desse blir også å høyre på konserten. Så blir det heilt sikkert nokre
musikalske omvegar og sprell i tillegg!
Scene Storesalen
Laurdag 8. november kl. 1800
Billettar kr. 200,-/180,-/160,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Anne Grete Preus
Solo
Du møter henne i det som er
kjernen av Anne Grete Preus
som artist. Sangane, gitarane og
den sterke stemma.
Konsert
Lys og scenografi slepp oss inn
bakom kraftfulle metaforar og
sterke melodiar, og let oss møte
henne der orda blir til,
i undringa over tilfeldigheitene
som bles oss vidare på livets veg.
Jo meir ein leitar, jo meir kjem
til syne, når sangane frå eit kvart
århundre finn nye musikalske
uttrykk i leikent møte med
augneblinken. Sangar som er
destillert liv.
At ho kjem frå rocken er det
ingen tvil om. Kjærleiken til
gitarane har vakse dei siste åra,
det høyrest.
Denne kvelden tek ho seg tid,
mellom sangane også.
Ei konsertoppleving der me
kan skru visarane av klokka
og feste blikket.
Velkomen til ein kveld med
Anne Grete Preus!
Spesialtilbod i kaféen:
Dagens suppe
Storesalen
Torsdag 13. november kl. 1930
Billettar kr. 300,-/260,-
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Spelemann på taket
Operaverket Buskerud AS og
Drammen Operakor, i
samarbeid med Buskerud Teater,
presenterer den varme, humørfylte,
alvorlege og livsglade framsyninga
«Spelemann på taket» med Øystein
Skre som Tevje, og ikkje minst
operakoret i full utfalding.
Regien er ved Adam Levine,
musikalsk leiar er Petter Anthon
Næss og ansvarleg for koret er
Marit Sehl.
Spelemann på taket er kalla
«verdas beste musikal»
og er musikkspelet som har alt.
Dei fleste av melodiane har forlengst
vorte evergreens så som
Om eg var ein rik mann eller
Matchmaker.
Ei frodig folkelivsskildring frå
tsartidas Russland er ramma rundt
ei gripande god historie - til både
latter og glede, grøss og gru.
Trass det dystre tema
- jødeforfølgjingane - er Spelemann
på taket ei livleg, menneskeleg og
varm forestilling.
Musikal
Spesialtilbod i kaféen:
Småmat og lefsekling
Storesalen
Laurdag 15. november kl. 1800
Billettar kr. 355,-/265,Billettelefon: 32 08 51 00
Spelemann på taket (originaltittel
Fiddler on the Roof) er ein amerikansk
musikal, som hadde premiere på
Broadway i 1964. Manus er skrive
av Joseph Stein, musikk av Jerry
Bock og sangtekstar av Sheldon
Harnick. Den er basert på historier
av Sholom Aleichem. Den norske
gjendiktinga er gjort av
Hartvig Kiran.
www.aal.kulturhus.no
Tonje Halbjørhus med musikarar
Upolert, jordnært og ekte.
Slik kan ein skildre låtane
til Tonje Halbjørhus frå
Hemsedal. Mandolinen
og norske tekstar dannar
grunnmuren i det svært
personlege og truverdige
uttrykket, inspirert av
folkemusikk, bluegrass og
country. 22-åringen tek
lyttaren med på ei reise
inn i vare tankar og sår
kvardagsmelankoli, der
formidlingsgleda og håpet
likevel alltid kan skimtas.
Konsert
Med seg på scena har Tonje
dei eminente musikarane
Sigrid Stubsveen på fele og
hardingfele og Kristian Larsen
på dobro og gitar.
Tonje Halbjørhus var sist å
høyre under Folkemusikkveka
i mai der ho mellom anna var
med på Kyrkjekonserten.
Spesialtilbod i kaféen:
Kaffe og kake kr 55,Foto: Nina F. Bratbak
Trugeholu
Onsdag 19. november kl. 1930
Billettar kr. 160,-/130,-
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Bokmessa 2014
Bokmessa 2014 byr både på lokale godbitar og på ny norsk
litteratur av høg klasse!
Gled deg til «Historia om Hallingdal» av Kåre Olav Solhjell
og til femte og siste bind av «Gamle Aal i tekst og bilete» av
Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard.
Sverre Mørkhagen kjem til Bokmessa med siste bind i
verket om den norske utvandringa til Amerika, ei historie om
oppbrot og om enkeltskjebnar, om vilje, håp og sakn.
Anette Storeide, kritikarrost forfattar av «Tidsvitner» og
«Arven etter Hitler», vil presentere ny og oppsiktsvekkjande
kunnskap frå boka «Norske krigsprofitører».
Vår eigen Bergljot K. Nordal gjestar Bokmessa med
romanen «Det ingen har fortalt deg», og fleire forfattarar er
på trappene!
Det blir eige barneprogram der barn får gratis inngang.
Litteratur
Arrangør:
Biblioteka i Hallingdal
i samarbeid med
Gode tilbod i kafeen med
varm mat + kaffe og kaker!
Ål kulturhus
Laurdag 22. november kl 1200
Billettar kr. 200,-/90,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Verdensstjerner i Ål kulturhus:
Bill Wyman`s Rhythm Kings
Konsert
Bill Wyman - Bass og vokal
- Gitar og vokal
Albert Lee - Gitar og vokal
Andy Fairweather Low Beverley Skeete - Vokal
Terry Taylor - Gitar og vokal
Chris Stainton - Piano og orgel
Geraint Watkins - Keyboard/trekkspel
Graham Broad - Trommer
Nick Payn - Sax/fløyte/harmonica
Frank Mead - Sax/fløyte/harmonica
Special guest:
Mary Wilson (The Supremes)-Vokal
Ål kulturhus er stolte av å presentere tidlegare Rolling Stones- bassist
Bill Wyman med eit stjernelag av fantastiske musikarar! Wyman spelte med
Rolling Stones i over 30 år og er ei legende innan rockehistoria.
Denne konserten vil gå over i historia som ei kveld der publikum i Ål kulturhus
etterpå kan seie: Eg var der! Med heile 11 musikarar og vokalistar på scena vil
Wyman by på eit breit repertoire innan mange musikalske sjangrar.
www.aal.kulturhus.no
I samarbeid med:
Spesialtilbod i kaféen:
Foto: Ilpo Musto
Snacks med drikke
Storesalen
Torsdag 27. november kl. 1930
Billettar kr. 600,Start billettsal måndag 25. august kl 08.00
Billettelefon: 32 08 51 00
Ål kulturskule presenterer:
Julehygge
Spesialmeny i kaféen:
Julegrøt med saft
Ål kulturskule inviterer store og små til ei varm og glad forestilling. Gjennom stemningsfull musikk,
dans og teater vil elevane ved skulen vår gje dykk ein mjuk start på adventstida.
Det blir også høve til å danse rundt treet på Torget på den tradisjonelle julegrantenninga,
og bli med i eit fakkeltog av det uvanlege slaget.
Storesalen
Sundag 30. november kl. 1400 og kl 1730
Billettar kr. 150,-/80,Familiepakke (2v/2b) kr 390,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Velkomen til jul på Sundre!
www.aal.kulturhus.no
Julebordsbuffé og humorshow:
”Jeg snakket med en klarsynt for et par
år siden, og hun kunne fortelle at jeg
skulle sette opp et show i 2014, og at
showet kom til å bli dritbra.
Så vi kan ikke annet enn forvente at det
blir et dritbra show. Jeg gleder meg”
- Jonas Kinge Bergland
Korleis er det eigentleg å jobbe som
lege? Korleis er det å få behandling
hjå ei rekkje alternative retningar for
ei liding som ikkje kan bli behandla
av legar, når du er skeptikar? Kva er
alternativet til alternativ medisin? Kva
er skilnaden på å behandle sjukdom
med homeopati-medisin eller mjøl
frå knoklane til sjølvdrepte albinoafrikanarar? Kvifor i all verda blir
prinsesse Märtha tatt seriøst i eit
moderne samfunn?
Svaret på det fyrste spørsmålet får
du i dette showet...
Julebordsbuffé kl. 1900
kr 300,OBS! Begrensa antal plassar!
Bestill plass hos Kafe Kulturrampa
Tlf: 962 31 383
Spesialmeny i kaféen:
Julebordsbuffé
Storesalen
Laurdag 13. desember kl. 2100
Billettar kr. 250,-
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Show
Julekonsert med Ål Musikk-korps
og Geilo musikklag
Konsert
Ål Musikk-korps og Geilo Musikklag ynskjer publikum
velkomen til julekonsert. Solist på konserten er
Joseph Angyal. Han har ved fleire tidlegare høve spelt
i Hallingdal, mellom anna på Nyttårskonsertane og
Haugarocken. På konserten vil publikum få høyre
Angyal både som solist med klaverakkompagnement
og saman med korpsa.
Under leiing av dirigent Thor Olav Fjellhøi vil ensemblet
framføre kjende og kjære julemelodiar, i kombinasjon med
flotte originale komposisjonar for korps. Her blir det også
høve for publikum til å syngje med på noko av repertoiret.
Kjende melodiar som Adams julsong og
The Christmas Song vil mellom anna stå på programmet.
NB! Ål kyrkje
Få med deg denne konserten som tek mål av seg til
å skape god førjulstemning og gje alle
ei stor konsertoppleving!
Sundag 14. desember kl. 1900
Billettar kr. 150,-/75,-
NB! Geilo kulturkyrkje
Solist: Joseph Angyal
Måndag 15. desember kl. 1900
Billettar kr. 150,-/75,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Hallingrosa
Kunst
“Sjefens frue” (1954)
Skåpdør måla av Andres Dekko
Nesch-museet er verdas største
permanente samling av arbeida til
den internasjonalt kjende, tysk-fødde
kunstnaren Rolf Nesch (1893-1975).
Samlinga omfattar både grafikk,
skulpturar, måleri og materialbilete.
Opplev rosemålarkunst i verdsklasse,
med særleg vekt på hallingrosa.
Utstillinga tek utgangspunkt
i den kunsthistoriske utviklinga
frå slutten av 1700-talet og
fram til nyare rosemåling.
Museet opna i 1993 og er besøkt av
kunstinteresserte frå store delar av Europa.
Du finn utstillinga Hallingrosa
i nedre foaje på kulturhuset.
Nesch museet
Ål kraftverk 100 år!
I 2014 er det 100 år sidan Ål Kraftverk starta opp. Få, om nokon, hendingar har hatt større påverknad for den langsiktige
utviklinga av Ål i åra som har gått. Bli med og marker jubileet og få innsikt i Ål Kraftverk si oppbygging og nedbygging.
Høyr kva Ål Kraftverk har hatt å seie for Ål si utvikling fram mot eit moderne samfunn, og om kampen for rettane
til ei fjellkommune med kraftressursar.
Jubileumsmarkering
Laurdag 13. september kl 1300
Oppstart med avduking av minnesmonument ved stasjonsbrua
og så vidare til utstillingsopning i Trugeholu, Ål kulturhus.