Ei lita gåte frå Mykland, med svar frå Vegusdal og Herefoss Frå eg

Download Report

Transcript Ei lita gåte frå Mykland, med svar frå Vegusdal og Herefoss Frå eg

Ei lita gåte frå Mykland, med svar frå Vegusdal og Herefoss
Frå eg var liten gutunge minnest eg det blei tala mange gonger om «då Terjei Aslakson måtte i frå
Auestad» og kom til Vågsdalslia. Slik eg minnest det frå Anders Halvorsen Engesland, var saka at
Terjei hadde lånt pengar av han i Vågsdalen, og så bytte dei gard når Terjei ikkje kunne betale.
Mannen i Vågsdalen var svogeren til Terjei, og var kjend som Staffen Stållaus. Hjå Anders, Der Nord
på Øvre Engesland, hadde dei fleire ting som var komne frå Auestad, blant anna veskelåsen som i dag
blir brukt på Aust-Agder bunaden.
Dotter til Terjei, Anne, blei nemleg gift med gamle Anders Halvorsen Engesland, og ei anna dotter,
Gunhild, var mor til Halvor Andersen Engeslands kone, Asgjerd. Både mormor og farmor til den
Anders Halvorsen eg kjende var altså døtre til Terjei Auestad. På den måten kom det mange Auestadting til Der Nord, og på den måten var soga om då Terjei Aslakson måtte frå Auestad viktig for
Anders.
Og Anders fortalde, som om det hadde hendt i går, om at Terjei Auestad og Staffen Stållaus var gift
med kvar si dotter til Hans Olson Tveit i Mykland. «Men ken denna Hans Olson va, æ der visst ingen
som veit», sa Anders. Me kikka i Myklandsboka, og eg las høgt for Anders, som var blind då, om Hans
Olson. «Nei», sa Anders, «der stenne ikkje no’e». Og så: «Hor’e i verden kan han ha kome ifrå?»
No har eg svaret. Kan hende finst det slektsgranskarar som og veit svaret, men eg kjenner ikkje til
nokon skriftleg kjelde på det. Løysinga på gåta kjem nedanfor, lat oss berre ta med litt meir
bakgrunn, og peike på nokre fleire som denne gåta er relevant for.
Me er mange som stammar frå Anne Olsdatter og Hans Olsen Tveit i Mykland. I fylgje Myklandsboka
hadde Anne og Hans fire born, Ola d.e., Ola d.y., Asgjerd og Siri. Eg stammar frå både Asgjerd og Siri.
Asgjerd blei gift med Terje Aslaksen Auestad og Siri blei gift med Staffen Stållaus, eller Stephan
Gundersen Lia som han heiter i Vegusdalsboka. Siri blei mor til Berte, som blei gift med seinare
lensmann Ommund Olsen Fidjeland.
Dette som hende då «Terjei Aslakson måtte i frå Auestad» er nemnt i Vegusdalsboka nedst side 161
og ganske utførleg i Myklandsboka, band I, side 151-152. Staffen kjøpte, kort fortalt, i 1839 Terjei sitt
bruk i Auestad for Vågsdalslia og 750 riksdalar. Skamlaust, må ein vel kunne seie, selde han vidare
berre eit halvt år seinare til den andre bonden på Auestad, for 1500 riksdalar!
Det var som smed Staffen Stållaus hadde fått tilnamnet sitt, og lure det til med gardhandel kunne
han tydelegvis og. Om Terjei står det i Myklandsboka at «han var snill, kanskje litt for snill og fekk
etter kvart ei stor gjeld». Eg vonar eg har litt frå dei båe, sjølv om det på likningsoppgåva mi vel helst
står Terjei å lese…
Om Knut Mykland, som skreiv Myklandsboka, har visst kvar Anne Olsdotter og Hans Olson kom frå,
så har han i alle fall ikkje skrive det i boka. Men me får greie på at Hans Olson var 29 år då han kom til
Tveit i 1787, og at kona Anne Olsdotter var fire år eldre. Dette stemmer godt med folketeljinga for
1801 der ein finn Anne og Hans med dei fire borna på Tveit.
No kjem då omsider løysinga. Når ein les vidare, er det lurt å ha Vegusdalsboka framfor seg så ein kan
bla opp:
Nøkkelen til kvar Hans Olsen kom frå kan ein nemleg finne i Vegusdalsboka. Under Ås, øvst på side
669, står det: «Om Tellef Olsen veit me bare at han var bror til Gunder Olsen Omland, Evje, og Hans
Olsen Tvedt, Mykland». Er det rette Hans Olsen dette er snakk om då? I såfall er det ikkje så «bare»!
At både Hans Olson og Tellef Olsen Aas har ei dotter som heiter Asgjer passar i alle fall godt. Hans må
vere fødd om lag 1758, og Tellef er fødd i 1748 står det i Vegusdalsboka. Om me no kunne finne ein
syskenflokk frå tida kring 1750 der tre born heiter Tellef, Hans og Gunder, så skulle me ha ein sjanse
på å rulle dette opp.
Før ein gir seg til å leite systematisk etter slike syskenflokkar, bør ein kanskje tenke seg litt om og
prøve seg litt fram. Ein veit jo at folk ofte gifte seg med syskenborn når ein kjem framover mot år
1800. Om no Siri Tveit og Staffen Stållaus var syskeborn, kan Lia i Vegusdal vere ein kandidat. Og,
ganske riktig, der er ein høveleg syskenflokk. På side 581 i Vegusdalsboka finn me ein syskenflokk på
seks der Tellef er fødd i 1748, Hans er fødd i 1757, og der er ein Gunder og (som då bør vere far til
Staffen).
Den gamle sogemannen, og han som på sine gamle dagar verkeleg fann utav slektene i Herefoss og
Vegusdal, Ole Andreas Pedersen Løland, eller OPL som han skreiv seg, skal som 90-åring, i fylgje Paul
Setane, ha uttalt at «me var ofte noko befengt med ønsketenking» når det handla om å finne
slektsband. Lat oss sjå om me kan finne fleire ting som kan stadfeste at me er på rett spor. Me veit
altså at dei tre namna stemmer, at fødselsåra på Tellef og Hans passar og at både Tellef og Hans har
kalla døtrene sine Asgjer. I tillegg ser me at Hans Olsen er gift med ei Anne Olsdotter Væting. Om me
no har rette folka, har me altså samtidig spora opp kvar Anne Olsdotter var frå.
Me går tilbake til Vegusdalsboka og ser at foreldra til Tellef, Hans og Gunder er Astri og Ole Lia.
Asgjer ser ut til å vere eldste dotter til både Tellef og Hans. Kvifor Astri? Det hadde passa betre om ho
heitte Asgjer. Etter Vegusdalsboka døydde Astrid i 1782. Eg har sjekka kyrkjeboka for Vegusdal for
1782, og der står det tydeleg at det er Asgier Gundersdatter Lien presten har kasta jord på.
Lat oss sjå i Herefossboka om me kan finne Anne Olsdotter der. Under bnr. 5 finn me Anne Olsdotter
fødd 1754, gift med Hans Olsen Lien. Einaste som ikkje er heilt bra, er at det står at dei kom til Tveit
sokn…, skulle det vere Tveit i Mykland heller, skal tru?
Eg har jo bygd mykje av dette på ein råsjanse, nemleg at Siri og Staffen var syskenborn. I så fall er
faren til Staffen fødd i 1750 og døydde i 1798, etter Vegusdalsboka. Kan me få bekrefta denne
hypotesa? Me møter Staffen att i Myklandsboka under Uldal. Nedst side 366 kan me lese at Staffen
var fødd i 1795, og at han berre var fire år då faren døydde. Det passar jo så toleg. Vidare står det at
Staffen flytte med mor si til Haugland i Mykland då ho gifte seg med «den fyrste Ola Anderson i
Heia».
Går me til Haugland i Mykland, får me servert stort sett same soga, og me får vite at syster til Staffen,
Asgjer, blei gift med Ole Hanson Tveit, altså bror til kona til Staffen. Det er vel svært mykje her som
tyder på at me har løyst gåta, og at dei to tinga som peikar i andre retninga rett og slett er småfeil i
bygdebøkene.
Eigentleg skulle ein ha sjekka ut alle data her mot originalkjeldene, men eg er overtydd nok, og
historia er uansett god nok til at Anders Halvorsen hadde blitt veldig begeistra.