10 års jubileumshistorie 2003-2013

Download Report

Transcript 10 års jubileumshistorie 2003-2013

ULLAHOLM BÅTKLUBB
10. års jubileum
2003 - 2013
Ein kveld hausten 2003 sat ein gjeng på KaffeBaren i
Ulstein vik å såg ned på hamna der Ullaholm låg,
brannskada å fæl. Båten hadde akkurat komt ut på finn.no
til salgs. IF Skadeforsikring skulle selje «Brannskadet
Skøyte» for 50.000. Vi syns det var for gale at denne
båten skulle fare frå Ulsteinvik, og kontakta derfor
selgaren, som var ein meklar i Ålesund.
Det kom inn to bod på båten, men Ullaholm Båtklubb
gav meklaren tilbod om at vi kunne ta båten slik den låg
og i den stand den var mot å dekke kostnadane til
meklaren. Meglarhonoraret, straum, og innkjøp av 2 nye
startbatteri kom på kr 37.000,- noko som også vart
kjøpsprisen på båten.
Klausulen i kjøpekontrakta var at motoren skulle starte.
Start kablane frå styrhustaket og ned i maskina var
smelta, men vi løyste dei frå skotet, og drog dei frå
kvarandre, og på den måten kunne vi sjekke at maskina
gjekk ved bruk av dei gamle kablane. Maskina og
manuellstyringa fungerte utmerket. Besluttninga om å
kjøpe båten sto ved lag. Eit møte vart stelt i stand, i
lokala til Bergen Rør i saunesmarka, i det gamle Televerk
bygget. Ulstein og Hareid Dykkerklubb var representerte
ved Tor Inge Normo, Voitto Jokinen, og Jan Helge
Dyngeland. Vi kjøpte offisielt båten frå dykkerklubben
for 1 kr. Ullaholm Båtklubb var no formelt eigar av M/S
Ullaholm LKHT.
3. November 2003 hadde vi skipingsmøte på Sjøhuset
(No KaffiKari) Ullaholm Båtklubb vart stifta, med Karl
Johan Barstad, Tom Henrik Muggerud, Jan Helge
Dyngeland, Jon Flø, Arnleif Kleven og Martin McGowan
som medlemmar.
10 januar tok vi båten ut på prøvetur, kjekt å la båten
pløyge bølgene igjen!
Seinare vart båten vart
teken ut til Ulstein Verft,
de det vart teke om bord
steamhøgtrykkvaskar, HD
vask og slamsugar.
Deretter starta vel det som
er den største grisejobben
til no om bord!
Akterlugaren, byssa,
egnarhuset og styrhuset blei spylt ned, og sot, trekol, og
anna drit vart sugd opp frå skutebotnen. Vi arbeida på
skift, og når dagen var omme var båten gullande rein, og
alle vi, var grovskitne!
Båten vart teken inn til sentrum igjen, og vi reiv ut 2
fulle containerar frå akterlugaren og styrhuset. Alle store
verktøy vart tekne i bruk, motorsag, vinkelslipar, slegge
og kubein!
Det var eit enormt arbeid å rive ned styrhuset og
akterlugaren. Det nye aluminiumstyrhuset viste seg å
berre vere bygd på utsida av det gamle tre styrhuset.
Treverket i taket var veldig råteskada, og vi beslutta
derfor å rive vekk alt saman. Dessverre var ein del av
treverket sopass bra at det blei ein veldig omfattande jobb
å få det vekk. Taket vart lekta oppatt, isolert og lagt på
70mm faspanel. Nytt instrumentpanel vart laga i firkant
jern og kryssfiner,
For å finansiere dette
arrangerte Ullaholm
Båtklubb diskotek på
samfunnshuset og tente
15.000,-. Dette var
kjærkomne pengar i ei tid
då vi var gode kundar hjå
diverse inkassoselskap
rundt om kring.
Fullt fokus vart sett på å få båten i operativ drift igjen.
Nye startkablar vart skaffa frå Ulstein Elektro, styrhuset
vart bygd oppatt i panel og stål. For lugaren vart fiksa
opp, og vi bygde også ein dobbelt lugar der framme.
Enormt med arbeid vart lagt ned i løpet av våren og
sommaren 2004.
Den første turen
9 August 2004 var vi på vår første tur med båten. Turen
gjekk til Borgarøya, der vi hadde teke på oss å bygge ei
utescene for kommuna. Dette skulle vise seg å verte eit
vendepunkt i interessa for båten! Turen vart ein suksess!
Sidan der ikkje var noko særlig med fasilitetar om bord,
måtte vi overnatte inne i hovudhuset. Men det var likevel
ein veldi flott tur, med grilling, bading å Tomma hadde
med seg gitaren. Interessa for å jobbe på båten steig
raskt, og planar og framtidsvisjonar vart laga. Vi ville
bygge oppatt båten basert på material og fargar vi fann
når vi reiv ned. All innreiing skulle vere i ståande
faspanel, same type som vi fann bak respatexen i
styrhuset. Ellers skulle vi få om bord alle fasilitetar for å
ha de komfortabelt om bord. Varme, ventilasjon, 220v
straum, varmt og kaldt vatn, toalett, etc.
Folk kom stadig ned på kaia og ville vite kva vi heldt på
med, og skuta låg der flott, og nymala. Ein av desse var
Bård Emil Ødegård, som vart meir å meir gira og til slutt
kom med i klubben på fulltid! Vi bestemte tidleg at
Ullaholm Båtklubb skulle vere ein klubb det var
vanskeleg å bli medlem av. Vi ville heller ha nokre få
medlemmar som jobba å sto på, i staden for ein haug med
medlemmar som berre ville vere med på tur, og gjer dei
kjekke jobbane. Det gjekk derfor fleire år før den neste
nye medlemmen kom til.
På tokt med NIVA
23 august sette vi båten på land på Vegsund Slip. Vi
hadde fått ei kontrakt med Norsk Institutt for
Vannforsking (NIVA) som skulle ta botnprøver utanfor
alle verft og industriområder på Sunnmøre. Dette gav oss
økonomisk moglegheit til å gjere nokre store jobbar som
stod i kø på båten. Slippsetting, nytt ladesystem,
kartmaskin og ekkolodd, diverse oppgraderingar i
maskina og ikkje minst, ein sinnsjuk aktivitet om bord
med snekring av forlugar og styrhus.
Båten vart med eit nødskrik ferdig til den søndagen då
NIVA kom om bord. Heilt på tampen vart vi overraska
av ein startmotor slutta å virke, og i hui og hast vart ein
bytte motor henta på Vatne, og montert om bord, vi var i
mål, og berre 4 timar forsinka i forhold til skjema. Karl
Johan, og Bård var med på mesteparten av turen, utanom
nokre dagar då Ottar Vattøy vikarierte som skipper. Det
vart ein spesiell tur, med NIVA folk som jobba og tok
botnprøve og vi mannskapet som jobba for å halde båten
i gong! Einaste problema vi hadde var stadige lekkasjar
på spylepumpa på dekk, denne gav vi til slutt heilt opp,
og laga til ei provisorisk elektrisk spylepumpe, og ein av
dagane då vi skulle over breisundet og til Ålesund, fekk
vi problem med maskina. Fuelfiltera var fulle av skit,
etter slingringa i breisundet, og vi klarte med eit
naudskrik å få båten inntil kaia ved Sunnmøre
Fiskeindustri. Folka frå NIVA gjekk i land, og tok taxi til
hotellet, mens Arnleif kom om bord å hjelpte Karl Johan
og Bård med å få skifta filter og draina tankar. Neste
morgon var vi klare for innsats igjen! På tross av
småproblema, so virka båten nesten knirkefritt heile veka
vi var ute! Vi gjekk heilt frå Statt til Molde i løpet av
denne veka, og klarte toktet 2 dagar før tida! Siste
kvelden, då vi kom fram til Molde, bydde Aud og Sigurd
frå NIVA på middag om bord, mens vi gjekk båten frå
Vestnes til Molde laga dei svinesteik og dessert, og når vi
klappa til kai var ankerdrammen klar! Vi hadde eit kjekt
måltid om bord, før dei to gjekk på hotellet, og kapteinen
og chiefen gjekk i land og på Petrines Pizza. Kvelden
vart lang og våt, og til slutt ville ikkje dørvaktene ha oss
der meir, ikkje fekk vi gjer opp bar rekninga vår heller.
Men slik kunne vi ikkje ha de, Bård tok saka i eigne
hender og ville gjere opp for seg. Kapteinen vart beordra
av Chiefen ned på båten å hente den største
skiftenøkkelen vi hadde i maskina. Dum som Kapteinen
var gjekk han ned å henta den, utan å tenke på at planen
var å likvidere byens dørvakter! Til alt hell hadde chiefen
ombestemt seg når kapteinen kom tilbake, med
skiftenøkkelen… Morgonen etter starta med eit brak, då
dei to frå NIVA kom om bord, og mannskapet vakna,
tydeleg prega at gårsdagens strabasar. Men vi fekk i gang
båten kjapt, og var klar for ein ny dag med vassprøver,
før vi sette kursen for dei 50 mila heim til Ulsteinvik.
I ettertid hadde vi store problem med å få oppgjer frå
NIVA, dei klaga på alt mulig, og prøvde tydelegvis å få
redusert rekninga vår. Vi var forespeila Ca 120.000,- for
jobben, men fekk utbetalt 48.000,- Dette førte oss ut i eit
økonomisk uføre, og vi måtte gjere i stand ei
gjeldsordning med Sparebanken Møre. Dette skulle vise
seg å vere eit problem som vi sleit med i lang lang tid
etterpå. Vi vurderte ved fleire høve å ytre enkel, og banal
vold mot NIVA, ved for eksempel å reise til Oslo å stripe
opp bilane deira og slike ting. Men vi besinna oss, og lot
det heile passere, etter nokon epostar med harde ordelag.
I september hadde vi første overnattingstur om bord,
denne gjekk til Ålesund, og på tross av svært spartanske
forhold om bord, vart dette ein minnerik å flott
tur! Båten vart i stadig betre stand, og vi bygde ein
provisorisk lugar nede i lasterommet, for å få med meir
folk, og fleire turar vart de utover våren og sommaren
2005. I Juli 2005 var vi på vår første Molde Jazz, noko
som skulle vise seg å verte ein årleg tradisjon! Vi fekk ei
utruleg oppmerksomheit overalt der vi for. Alle var
interessert å sjå på denne flotte skuta som kom inn i
hamnene. Stadig fekk vi besøk av folk som hadde jobba
om bord, hadde slekt som hadde jobba om bord, eller
hadde andre minner om ”kviteskuta” frå Haramsøya.
Sesongen 2006 vart ein svært aktiv sesong for oss i
Ullaholm Båtklubb! Dei nye lugarane og salongen i
lasterommet tek form, og komforten om bord er blitt
veldig mykje betre. Vi var med på maritimedagar i
Fosnavåg, Margarets Sommarfest på Giske, Ullafesten på
Haramsøya og ikkje minst MoldeJazz! Maritimedagar
2006 gjekk føre seg i striregn, men takkavere partytelt på
dekk og kjekke folk, vart det veldig kjekt både om bord
og på land!
MoldeJazzen dette
året kan vel reknast
som då vi sette
Ullagutta på
Jazzkartet i Molde.
Utallige påfunn og
turnear dette året
har vel gjort at MoldeJazz ikkje vert det same utan
Ullaholm her etter. Dei ansatte på Dockside fekk gleda
av å ha oss liggande på piren dette året, og vi fekk veldig
veldig mykje nye og kjekke bekjentskapar i Molde.
Helga etter vi kom heim frå Molde fekk vi invitasjon til å
vere med på den lukka sommarfesten til The Margareths
på Giske. Dette vart ein heilt ubeskriveleg artig fest,
saman med heile VIP eliten frå norsk musikkliv! Dette
var før denne årlege ”sommarfesten” vart open for
publikum, og Ca 100 personar kosa seg i fjøra på Giske,
med musikk og sjømat. Heile festen var sponsa av
Remmereit, som dei fleste i Ulstein kjenner til.
Dagen etter gjekk vi vidare til Haramsøya, og til det som
vi nok kan kalle høgdepunktet i historia vår om bord i
Ullaholm. Allereie på Lepsøyrevet høyrde vi ”Ullaholm,
Ullaholm… ” på VHFen. Gamle reiaren Magnus Tomren
var ute i sjarken sin for å ynskje oss velkomne. Vi måtte
gå æresrunde ut i Ullasundet, forbi der Ullaholm brukte å
ligge i bøye, og forbi familiegarden til Tomren familia på
Austnes. Vi fortøygde båten i fiskerihamna på Austnes,
og ei taxi stod klar å venta på oss for å ta oss ut til
Ullasundet, der den årlege Ullafesten heldt til.
Når vi steig ut av
taxien vart vi møtte
med ståande applaus!
Alle på festen kom å
skulle prate å røle, og
utrykke si entusiasme
over at vi tok vare på
”kviteskutå”.
Ullafesten 2006 kan
vel utan å overdrive
omtalast som
fantastisk! Knut
Halvard Ulla, som har
hjelpt oss mykje med å
få tak i gamle bilde av
båten og samla inn
historikk, var den som inviterte oss oppover, og
introduserte oss for gamle reiarane. Ulla er ei lita bygd på
Haramsøya, heilt ute mot havet ved Ullasundet. Dei
fleste husa er frå flytta, men plassen er veldig godt teken
vare på, og husa vert brukte som sommarhus. Ullafesten
er eit årleg arrangement der alle som stammar frå Ulla
kjem ”heim” og møtest. Vi vart inviterte inn i husa til
folk, fekk høyre mykje gamle historier. Dagen etter tok vi
med alle som hadde lyst ut på fjorden med båten, og
Magnus Tomren stod til rors! Dette var ei veldig spesiell
oppleving, både for oss og dei!
Vi fekk ei veldig annerkjenning for arbeidet vi hadde
gjort om bord, noko som var viktig for oss å høyre. Når
folk som har hatt sitt liv å virke om bord i båten, før oss,
er overvelda over å kome om bord igjen gjer dette eit
sterkt inntrykk! Besøket knytte også gode kontaktar med
Tomren familia, spesielt Magnus Tomren og systera
Bjørg Haram.
Vi reiste frå øya i gledesrus, og veldig motiverte for å
fortsette restaureringsarbeidet om bord på Ullaholm!
I romjula i 2006 hadde vi de første av Ullaguttas
tradisjonelle julebord. Dette hadde vi i leilegheita til
Bård, og vi både åt og drakk og hadde det veldig kjekt!
Chiefen heldt ein rørande tale. Dette julebordet har vart
tradisjon og alle som har vore med på tur vert invitert.
Året 2007 vart på mange måtar ein repetisjon av
suksessar. Ikkje det at året eller turane vart noko
dårligare av den grunn. Vi var i Ørsta på Klypashow, på
Haramsøya på båttreffet og sjølvsagt på Moldejazz. For
å kome med eit sitat frå Chiefen, frå dette året; ”Eg får ei
slik ro når eg er ute med Ullaholm!” Vi har det veldig
veldig kjekt på tur! Ein tur må nemnast, og det var turen
til Sandsøya på Vassendgutane konsert. Dette gjekk som
det må gå når Ullagutta og Vassendgutane møtest. Alt er
etter sitat frå dekksbasen, som er den einaste som huskar
denne turen. Vi hadde også med oss Ingar Dimmen på
denne turen, som belønning for mykje hardt arbeid om
bord. Han viste oss blant anna at det var muleg å starte
maskina frå styrhuset! Noko vi ikkje vil anbefale blir
gjort fleire gongar.
I 2008 var vi ikkje på like mange turar som åra før, rett å
slett på for lite tid, grunna alle andre prosjekta vi hadde
rundt lystbåtmessa, trebåtfestivalen, og de å få båten klar
til å gå på Molde Jazz.
Men det vart ein minnerik tur til Ørsta, for å sjå
uteshowet til Klypa. Utan om denne var det Moldejazz
som også dette året vart den store turen. Vi hadde stort
sett full båt heile veka, og på det meste var det 16
personar som budde om bord! Ei spennande erfaring, og
ein test på kor mykje folk vi kan ha med på tur. Etter
fleire veker med intens skruing, virka faktisk det tekniske
om bord svært godt igjennom heile veka. På heimvegen
derimot fekk vi store tekniske problem. Då vi skulle
passere Flø, fekk vi mykje slingring og veret var ikkje det
beste. Dette førde til stor belastning på båten, og mykje
rasa over ende og datt ned. Plutseleg ropar Bård frå
styrhuset at han ikkje klarer å styre skuta. Han sveivar på
rattet, og brukar joysticken utan at noko skjer! Vi
konstaterer at hydraulikkoljetanken på styringa er heilt
tom, og prøver å fylle på ny olje, men denne berre
forsvinn etter kort tid. Vi stoppar båten og startar å bakke
utover mot havet, og vekk frå Fløfjøra. Vi prøver å kalle
opp redningskøyta, og Florø Radio, utan å få kontakt. Det
viser seg at PCen i bestikket har vore stripsa fast til
ledninga for VHF antenne, og når PCen gjekk i golvet
sleit den av ledninga til VHFen. Vi ringte derfor Florø
Radio på mobil, og fekk vite at redningskøyta låg i
Måløy, men at losbåten i Ålesund kunne rykke ut dersom
det vart kritisk.
Vi starta ein intens jobb for å finne lekkasjen, og alt av
olje på båten vart tømt ned på styringa. På den måten
klarte vi å styre skuta innover. 2 timar og 50-60 liter olje
seinare, kunne vi klappe til kai i Ulsteinvik. Lekkasjen
vart funnen i ein kopar albue bak kjøleskapet i
egnarhuset. Mulig har denne vore dårlig, slik at når vi
monterte nytt avløp for vasken har dette røret starta å
leke. Dette forklarer også at vi aldri fann oljen som lak,
sidan all oljen gjekk ut igjennom dreneringa av
egnarhuset. Når vi kom heim fekk Arnleif hjelp av to
arbeidskameratar frå Dimo, til å legge opp heilt nye og
rustfrie rør til styringa. Dette fører også til at vi kan få
senka dørstokken til byssa, slik at denne vert enklare
tilgjengeleg. No når Ullaholm ikkje lenger går ut i
storhavet, er det ikkje nødvendig med denne høge
dørstokken. Vi hadde også med oss leiaren for Hardanger
Trebåtfestival på turen frå Molde. Ho fekk ei
uforgløymeleg oppleving om bord i Ullaholm vil vi tru.
Vi vart spesielt inviterte til festivalen i Nordheimsund i
Juni 2009, og målsettinga blei å få båten klar til denne
langturen!
Trebåtfestivalen
Ullaholm Båtklubb hadde heilt frå starten av slete med
dårleg økonomi. Sparebanken Møre måtte gå med på ei
gjeldsordning, og vi var registrerte ved dei fleste
inkassoselskapa i landet. Vi prøvde å finne kreative måtar
å få inn pengar på. Sponsormarkedet var vanskeleg, fordi
få såg nokon verdi av å støtte oss.
Til slutt kom vi opp med ideen om å lage Trebåtfestival i
Ulsteinvik. Vi såg fleire plassar vi var kor enkelt ting var
gjort for å trekke til seg folk. Spesielt gjorde besøket vårt
på Maritime dagar i Fosnavågen, at vi tenkte, ”Dette må
vel vi også klare”. Fleire av medlemmane i klubben har i
mange år dreve med arrangement å konsertar og
forskjellig, så kompetansen hadde vi.
17-19 august 2006 vart den første trebåtfestivalen
arrangert. Vi fekk med nokre sponsorar, leigde eit stort
telt, fekk skjenkeløyve, og hyra inn danseband. Ekstra
flytebrygger vart også lagt ut. Vi fekk eit fantastisk ver,
og det strauma på med besøkande! Festivalen overgjekk
alt vi hadde forventa oss, og gav oss eit godt økonomisk
resultat, som gjorde at vi hadde pengar til å halde
kreditorane litt på avstand.
Vi arrangerte festival igjen i 2007, og då, på tross av eit
forferdelig ver, klarte vi å doble oss i forhold til 2006!
Dette året fekk vi også besøk av Hardangerjekta
Mathilde, noko som hjalp veldig på sjølvtilliten vår. I
2008 toppa vi festivalen på nytt, og greidde på nytt å
dobble oss i forhold til 2007! Slik har det fortsett.
Trebaatfestivalen i Ulsteinvik er komen for å bli, og vert
rekna som den nest største Tre/Veteranbåtfestivalen i
Norge.
Lystbåtmesse
I Mai 2008 arrangerte vi
lystbåtmesse, i samarbeid
med XL Marin, dette vart
også ein suksess. Vi hadde
29 båtar utstilte, og messa
var veldig godt besøk. For å
kaste glans over
arrangementet leigde vi inn glamour modellen Aylar Lie,
og arrangerte moteshow saman med Blåhuset. Dette
arrangementet hjalp også veldig godt på økonomien til
klubben. Vi prøvde med ei messe også i 2009, det viste
seg at det var tyngre å få til ei slik messe enn kva utbyttet
vart, så vi beslutta å legge ned dette prosjektet. Vi fekk
mykje skryt frå Ulsteindagane komiteen for denne messa,
sidan den laga mykje ståk og styr i hamna og mykje flotte
båtar.
I 2009 tok vi besluttninga om å ta turen til Nordheimsund
og Trebåtfestivalen i Hardanger. Vi har spesielt inviterte,
og fekk omtale i lokale media der nede for at vi tok den
lange vegen. Det vart også gjort stas på at arrangørane av
Trebaatfestivalen i Ulsteinvik kom på besøk.
Det vart eit enormt arbeid å gjere båten klar til turen
sørover. Vi jobba målretta heile vinteren og våren med å
få båten klar. Vi bygde ferdig lugarane og salongen under
dekk. Nytt toalett med dusj vart ferdig. Flislagt å gode
greier!
Styrhuset måtte gjerast ferdig. Vi trengte skikkelig
navigasjonsutstyr. Det vi hadde fram til no, med ei PC
basert kartmaskin var alt for ustabilt. Ikkje hadde vi radar
heller.
Det viste seg at sonen til
gamle reiaren, Guttorm
Tomren var salssjef i
Furuno Norge. Det var
gode greier for oss! Han
laga til eit veldig godt
tilbod til oss, på det
sværaste av navigasjonsutstyr frå Furuno. Furuno NavNet
3D er in pakke med radar, satellitt Gyro, DGPS, AIS, og
3D kartmaskin med 2 skjermar. Hareid Elektriske sponsa
oss med skjermar, og Sparebank1 hjalp oss med
finansieringa. Dette er nok den største enkelt investeringa
vi har gjort på båten. Ved 2 arrangement fungerte vi som
demobåt for Furuno, noko som vi ser på som stor stas.
Vi starta turen sørover med heilt nystrigla båt. Båten har
vel aldri vore så fin i pussen sidan den kom til Ulsteinvik.
Litt småjobbar sto igjen, så vi heldt på litt på turen
sørover. Faktisk hadde vi ikkje elektrisk styring før vi
passerte Flåvær. Turen gjekk først til Florø, så vidare til
Bergen, og siste dagen inn Hardangerfjorden til
Norheimsund. I Solund møtte vi M/K Heland, som også
var på vei til Norheimsund, så vi gjekk i følgje med dei
til Bergen, og vidare til Nordheimsund.
Hardanger Båtfestival
var ein kjempe flott
festival. Vi hadde 3
flotte dagar i
Norheimsund. Med
besøk både på
fartøyvernsenteret, på
pub saman med Ausekarane, og på besøk på opplysninga
1881. Sistnemnde hadde heldigvis stengt for kvelden.
Etter Nordheimsund gjekk vi tilbake til Bergen, der vi
feira jonsok. Rjomegraut vart laga frå botnen av, ved
hjelp av 1881. Vi fekk besøk om bord av ein del utflytta
Ulsteinvikarar, så det vart ei flott jonsokfeiring! Dagen
etter gjekk vi til Askvoll, der vi kjørte alt Caterpillaren
orka for å rekke hamburgersjappa. Dette var same kveld
som Kjetil Rekdal kalla Erik Bakke for ein Alkis, og
Michael Jackson døde tragisk. Vi misstenker at Ullagutta
hadde ein finger med i spelet i begge episodane.
Vidare gjekk vi til Måløy, der vi var med på Måløy
dagane, dette var også minnerikt seiest de. Ullagutta har
ingenting å berette frå dette besøket. Vi gjekk heim over
Statt i eit strålande ver, same som vi hadde då vi gjekk
sørover. Det var ein sliten gjeng som kom heim etter 10
dagars tokt på kysten.
Åra går vidare, og Ullaholm har blitt brukt til småturar
rundt om kring, Molde Jazz og Båtfestivalen i Ålesund
har vore besøkt fleire gongar.
Ï 2010 var vi inviterte til FjordSteam i Florø, dette er eit
skikkelig stor arrangement, der stort sett alle veteranbåtar
frå heile landet var samla. Vi gjekk rundt frå båt til båt,
og vart kjende med mykje kjekke folk. Ullagutta leia
også allsongen, som seg hør og bør. Vi gjekk saman med
Hindholmen, Oront, Heland og Norlys sørover til dette
arrangementet. Norlys seilte standsmessig med ein 1930
modell T-Ford på dekk, noko som vakte stor oppsikt i
Florø! Dette er eit godt minne om vår gode
trebåtentiusiast kammerat Stig Aurvåglid, som dessverre
sette ut på sin siste seglas alt for tidleg.
I 2011 vart storturen vår å besøke Kystkulturdagane i
Kalvåg. Sjølve Kalvåg er rett å slett berre kystkultur.
Dette er ein fantastisk flott plass, og er eit populært
reisemål for båtfolket. Denne helga kokte det over av
båtar og folk! Vi var spesielt inviterte av arrangørane,
som var gutta om bord på Haugefisk. Vi var der saman
med Nybakk, Von, og Norlys. Det vart ein svært
minnerik helg! Ullagutta kom på ein god 2 plass, med 1
tidelsekund i suppekonkurransa, men vi vann som vanlig
allsongen og festen etterpå. Turen heim hart også
minnerik. Når vi passerte Gamla lyd og lys bøye gjekk vi
oss fram i ein vestlig kuling, noko som førte til ganske
mykje sjø. Ullaholm, eller Rullaholm som båten også
gjekk under tidlegare, sette mannskapet sitt på prøve.
Etter 2 timar med slingring, sjøsjuke, tårer og dramatikk
kunne vi svinge inn Vanylvsgapet, og atter få trua både
på livet og frelsaren.
Å bli spesielt inviterte til slike arrangement som
Fjordsteam, Hardanger og Kalvåg, gjer at vi trur vi har
gjort noko rett i alle fall. Restaureringa av Ullaholm og
arbeidet vi gjer vert lagt merke til i veteranbåtmiljøet i
Norge. Det viser også igjen i besøket vi får til festivalen
vår.
I 2008 gjorde vi ei
besluttning i klubben
som ikkje var så veldig
god. Under Molde Jazz,
relativt lite
gjennomtenkt, men med
store vyar tok vi over
M/B Taxi. Ein 50 fots
passasjerbåt frå Molde. Båten hadde ei lang og
spennande
historie. Men dessverre hadde tidens tann tatt eit veldig
godt grep i denne båten. Vi gjekk den heim til Ulsteinvik
for eiga maskin. Ting såg litt lyse ut, og vi jobba med å
skaffe finansiering og folk til å utføre ein del trearbeid
for oss.
Dessverre vart prosjektet alt for stort, og tida vår alt for
lita. I tillegg har vi ei 72 fots skøyte å ta vare på. Det
enda med at vi selde skroget til ein tysker i Gjerdsvika
for 1 kr. Båten står enda på Stranda Verkstad, og er ikkje
noko vakkert syn. Dette kapittelet passar eigentleg veldig
dårlig inn i Ullaguttas historie, som den tidvis har gått
under navnet Ulstein Success Forrening.
Aktiviteten vår har fått stor interesse i media, utallege
aritklar i aviser, radio og TV har det blitt gjennom 10 år.
Det som var ekstra kjekt var når vi vart kontakta av TV8
Sunnmøre som laga eit flott innslag om Ullagutta, båten
og festivalen vår. Ein heil
dag med solskin i påska
2011,med gode fohold var
vi ute på tur med TV 8.
Heilt frå 1989 har
Ullahom hatt fast kaiplass
ved den gamle fergekaia i
Ulsteinvik. Ulsteinvik
sentrum er no i jubileumsåret 2013 inne i ei kjempe
utbygging av sjøsida. Det blir nye kaier, brygger og hus
ved sjøkanten. Dette er kjempe positivt for den
aktiviteten vi har. Utbygginga har ført til at Ullaholm har
midlertidig kaiplass på Strandabøen ved Stranda
Verkstad. Der har vi også fått leige oss eit lagerrom på 60
m2. Det er godt å ha ei eiga kai til båten, med lager på
land til alt vi eig og har samla på igjennom 10 år. Vi ser
fram til den dagen vi kan flytte tilbake til sentrum. Det er
der båten høyrer heime, og det er viktig at den ligg i
bybildet slik at folk ser den. Båten er også med å skaper
liv i sentrum, og også ein synlig bevis for
fiskeriaktiviteten før i tida.
Ullaholm Båtklubb har også løyve frå Kystverket om å
leggew ut flytebrygger langs moloen på Sauneset saman
med eit par andre verna båtar. Kanskje er dette det som
skal bli eit godt fartøyvern miljø i Ulsteinvik?
Ullaholm Båtklubb har heile tida brukt media, og
internett aktivt. Dette har nok vore med på å laga ein del
av suksessen. Det at folk har fått sett kva vi driv med,
både godt og gale, gjer at vi har lettare for å få til ting.,
sponsorar og avtalar rundt om. På websida og på youtube
ligg det veldig mykje god dokumentasjon over kva
Ullaholm Båtklubb har drive med dei siste 10 åra.
Dei siste åra har medlemmane i Ullaholm Båtklubb vore
spreidde rundt om på alle hav. Nordsjøen, fjordane, og
studiar ved fjerne strender gjer at aktiviteten er litt lavare
enn før. Uansett klarer vi å halde båten ved like, å bruke
den litt. Vi klarer også å halde festivalen gåande. Folk
står på når dei er heime, og dei som er igjen i Ulsteinvik
gjer den daglige innsatsen. I planane for dei fleste er å
vende tilbake til Ulsteinvik etter kvart og då vil nok
klubb aktiviteten auke på igjen. Det er i alle fall det som
må vere drivkrafta for å halde båten og klubben godt i
stand.
Ullaholm Båtklubb feirar 10 år i 2013, og det er
ingenting som tyder på at ikkje klubben skal feire fleire
slike jubileum i framtida.
M/S Ullaholm
Svenskeskøyte bygd i eik på eikespant.
Opprinnelege mål frå byggeverftet:
LOA 20.84 meter,
Breidde 5,75 meter,
BRT: 64.40
NRT: 34.06 .
Kallesignal: LKHT
Fiskerimerke: M-48-H
Båten vart levert
i 1935 frå Ringens
Båtvarv i Marstrand med
navnet "GIPSY LOVE" til
The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Mest
truleg eigde motorleverandøren Bolinder-Munktell AB i
Eskilstuna ein del eller heile rederiet, for 24 oktober 1938
sel Bolinder Co Ltd, London, båten til Felix Mally,
Eskilstuna. Han sel den vidare den 5 november 1938
til partsrederiet Rickard Eliasson på Öckerö i Göteborgs
nordre skjærgard for 35.000 kroner. Dette rederiet står
som eigar frå 1938-1941 i følge www.fiskebatar.se. i
perioda 1935-1938 er det på samme webside oppført at
båten var i England. Båten hadde allereie då namnet
Zenit.
Rickard Eliasson er etter det vi forstår identisk med
mannen "Ernst Bremer" som er kjend som ein av sveriges
største smuglarar. Han var ein halden man og villaen som
han eigde i Öckerö, nærare bestemt Kalvsund er i dag
museum og blir kalla Bremerska Villan eller
Smuglarvillan.
Båten hadde Svenskt reg.nr 8309. Den første motoren var
en 100 hk Bolinder tennkulemotor, 1 cyl, 2-t, som blei
bytta ut i 1939 mot en 150 hk Bolinder, 2 cyl, 2-t. Båten
fekk svensk fiskeriregistrer nr: GG 63.
Då andre verdenskrig braut ut vart båten overteke av den
tyske krigsmarine ved Nordmeer Studien- & Reederei
Gesellschaft i Leipzig . Båten blei overført i 1945 til
kontoret for fiendtleg eigedom i Oslo og i 1948 overtatt
av Sjødirektoratets avviklingskontor. Under 2.
verdenskrig fungerte båten blandt anna som Isbrytar i
Narvik.
I 1949 blei båten solgt til Johan og Georg Hansen i
Åkrehamn og omdøpt til ”Spannholm” R-376-A. Båten
fekk då sett inn ein 180 hk Alpha motor.
I desember 1950 kjøpte Tomren-karene båten, og avløste
den forrige ”Ullaholm”. Båten fekk namnet "Ullaholm"
og registreringsnr M-48-H. I 1960 var eigarforholda
slik: Petter Tomren (4/5) og Hans Tomren (1/5). I 1969
eigde Magnus og Hans Tomren ”Ullaholm” ilag. I 1972
fekk båten ei betydelig oppgradering, ny Caterpillar
maskin med 425 HK blei installert og nytt overbygg i
aluminium vart sett på. Radiostasjonen på båten fekk
kallesignal LKHT.
Båten blei strukturert i 1989, men erklært verneverdig og
overtatt av Ishavsmuseet Aarvak, Ulstein og Hareid
Dykkerklubb stod for drift, og vedlikehold av båten.
Ulsteinvik 3.november 2013