Solund brosjyre, trykk her

Download Report

Transcript Solund brosjyre, trykk her

ØYRIKET SOLUND
ØYRIKET SOLUND
RIKET
VESTAFOR
KVARDAGEN
Solund er den aller minste kommunen i Sogn
og Fjordane og den vestlegaste i Norge, truleg
også den som er rikast på opplevingar. Nokon
dagar med avkopling og aktivitet, ein ferie med
familien, eit opphald der du og kollegaene
lader opp og får ny energi. Reis aller lengst
vest. Solund er øyparadiset framfor noko.
ØYHOPPING
EI REISE
MELLOM
!"## ØYER
Bli med på ei av de vakraste båtturane i landet.
Vi har små og store båtar som tar deg ut i øyriket.
Postbåten, for eksempel, er sjølve bindeleddet
mellom alle øyane og frakter skuleelevar og
vanlege passasjerar – ja, til og med sauer får plass
i båten. Bli med til havs til ein annleis øyhopping
i et særeige kystlandskap. Store øyer, små holmar,
nakne berg, naust og små øysamfunn. Her kan
du oppleve dagleglivet på nært hald.
PADLING
FRED I SJELA,
SVETTE I
PANNA
Åra bryt vatnflata og kajakken skjær gjennom
vatnet. I øyriket Solund kan du padle i smult farvatn
blant tronge sund og gå i land på din eigen holme.
Kanskje står ein av dei meir enn tusen villsauene
og ventar på deg. Kanskje kretsar havørna på
himmelen. Bruk augene. Øyene har et yrande
mylder av sjøfugl. Og i Solund har vi kajakker du
trenger for å komme dit.
VANDRING
MELLOM
HIMMEL OG
HAV
Å vandre til fots i øyriket er ein helt spesiell
oppleving. Gå ein av dei fire Nordsjøløypene og
la turen gå mellom knausar, viker og sjå det
mektige havpanoramaet. Ta med fiskestang
og kjenn torsken bite. Eller gå dine eigne stiar.
Prøv Pollatinden, omtalt som vestlandskystens
flottaste utsiktspunkt av den kjente reiselivsjournalisten Jens A. Riisnes. Kom deg opp bergskrentar og lyngvidder dekka med blomstrande,
purpurfarga røsslyng. Du finner alt i Solund,
kanskje også deg sjølv.
SYKLING
DET ER IKKJE
MOTBAKKANE
SOM TAR PUSTEN
FRÅ DEG
Utforsk øyane og den idylliske naturen frå
sykkelsetet. Sykkelen bringer deg ut på gamle
ferdaveier eller frå øy til øy. Terrenget er lett
kupert og med svært lite biltrafikk. La sykkelen
bli med på øyhoppinga. Gå av båten og ta ein
overnatting eller to. Bruk tida til å utforske
øyane frå sykkelsetet. Reis så vidare på
øyhopping ein anna turdag. Vil du ikkje ha
med din egen sykkel, kan du leige ein i Solund.
UTVÆR
SÅ LANGT VEST
DU KAN KOMME
I NORGE
Ta båten ut til Utvær, et lite øysamfunn med
vakre, gamle sjøhus. Gå på vandring blant
husklynger og ta stien forbi det nedlagte skulehuset, den gamle gravplassen og Likberget
med brynesteinen frå vikingtida, over moloen
som stoppar brottsjøen frå nord. Og kanskje
aller viktigast; bli med opp i det restaurerte
fyret og sjå den formidable utsikta. Langt, langt
i det fjerne ligger Shetland.
VI HELSAR DEG VELKOMEN
TIL ØYRIKET SOLUND
EI PERLE I HAVGAPET
Gåsvær fiskeferie har overnattingstilbod i særprega, gamalt sjøhusmiljø i idylliske omgjevnader med sau,
aktivt fiskemiljø og naturreservat for sjøfugl. Enkel, men sjarmerande standard. Tre leilegheiter, grupper
inntil 20 personar. Båtar til leige og sløyeplass i sjøhus. Dagleg rutebåt.
www.visitgaasvaer.com, tel 57 78 72 60/99 29 89 75/99 27 40 99.
KYSTEN HAR MYKJE Å LÆRE BORT
Norsk Kystkulturakademi har kurs, studie og aktivitetar knytt til sjø og kystkultur. Lær gamle
handverksteknikkar, segl og ro gamle bruksbåtar, bygg grindanaust, eller lær korleis du foredlar og
tilberedar mat av villsauen. I sommarhalvåret driv vi leiraktivitetar og sommarskule for born 9-13 år.
www.nkka.no, tel 481 05 774, 57 78 73 09.
MATOPPLEVINGAR I VANKANTEN
Solund Brygge har uteservering i Hardbakke Hamn. Lokale råvarer og lokalprodusert mat.
Leverer til arrangement inne eller ute i naturen. www.solundbryggje.no, tel 91 37 63 25.
FÅ MEIR UT AV OPPHALDET
Solund Kreativ lager turpakkar og aukar reiseopplevinga på andre måtar. Guide og vertskapsteneste
i Solund. Musikkstudiofasilitetar. www.solundkreativ.no, tel 908 31 711.
NYT FREDEN OG UTSIKTA
Solund leilegheitshotell tronar over Hardbakke og havet og øyane mot vest. 11 nyrenoverte leilegheiter.
Høg standard med bad, kjøkkenkrok, TV, internett. Møterom for inntil 50 personar. Vi tilbyr fullpensjon
og aktivitetspakker til grupper. www.solund.com, tel 911 89 822.
LOKALE RÅVARER SMAKER BEST
Solund Mat har kjøtt, fisk og anna kystkonfekt utvikla i nært samarbeid med lokale friskarar og bønder.
Prøv villpinner av Solund Villsau og klippfisk av Solund Lange – premiumprodukt - fersk, lokalt og reint.
www.solundmat.no, tel 468 23 316.
NÆRSENTERET HAR ALT
Solund Næringsbygg ligger i sentrum av Hardbakke med matbutikk, drivstoff, blomsterbutikk, garn/bunad,
næringskafé, jernvarebutikk, klebutikk, gjenbruksbutikk, tannlege, lensmann, NAV, Sparebanken Sogn og
Fjordane, Postomdeling samt Fjord 1.
RORBUER MED HØG STANDARD
Solund Rorbuferie har seks rorbuer, 60 m2 grunnplan, 30m2 hems/loft. Grillhytte og utegrill. Havkroa
Café med uteplass og alle rettigheiter. Båtutleige og sløyebu med fryseboksar. Fleirbruksbygg til selskap,
konferanse mv. www.solundferie.no, tel 91 79 22 30.
BLI MED DEN KLASSISKE POSTBÅTEN
Stjernsund køyrer til dagleg ruta Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke for Fjord 1. Tilbyr også
skyssoppdrag og arrangerer båtturar og øyhopping med båtane M/S Stjernsund (28 pass.) og M/S
Sulejet (16 pass.), tel 977 95 989.
ØYANE VENTAR, VI TAR DEG DIT
Vidar Hop Skyssbåtar gir stor kystoppleving gjennom båttransport, charterturar og taxioppdrag med
utgangspunkt i basen vår i Hardbakke. Vi skreddarsyr også opplevingar med båtturar, naturopplevingar,
måltid og overnatting. www.vidarhop.no, tel 97 52 46 16 / 97 65 65 43.
Solund Naturopplevingar, kajakk/fottur, www.solundnatur.no, tel 918 61 047
Frode Kalgraff, feriehus, tel 959 76 825.
Steinsund Marinesenter, rorbuferie, www.steinsund.no, tel 57 78 72 52.
Start opplevinga di på
www.solundaktiv.com
Turistinformasjon: 90 88 28 60
www.solund.info