Folk går mann av huse for Sunnmøres beste dinnershow:

Download Report

Transcript Folk går mann av huse for Sunnmøres beste dinnershow:

VESTLANDSNYTT
10
TYSDAG 11. NOVEMBER 2014
* Feel It tilbyr dinnershow der mat og musikk blir fletta saman til ei heilskapsoppleving som du seint vil gløyme. Dette bildet viser vokalistane under framføringa av ein
James Bond-tittelmelodi-kavalkade. Variasjonen i det musikalske repertoaret er stor, men kapellmeister Håkon Vestnes legg aldri skjul på kva som er favorittgruppa hans.
Toto er representert med Africa og Rosanna på spelelista, samt ein låt som er signert eks-vokalisten til nemnde amerikanske band.
Folk går mann av huse for Sunnmøres beste dinnershow:
Feel It-gjengen overgår seg
Feel It Dinnershow, med ein
nydeleg, sofistikert fire-rettar på
menyen og eit vanvittig sterkt
konsertprogram – eller show,
rettare sagt – der vokalistar og
musikarar framstår som heilproffe
heile vegen, er ei gåvepakke
til landsbybebuarar så vel som
prominente gjester utanbygds
ifrå.
Dei fanst der, dei også, på landsbyhuset Breidablik. Mellom anna kunne
vi sjå sitjande NHO-president og kona
hans laurdagskvelden. Dei frammøtte
kom elles frå alle dei omkringliggande
kommunane; der var folk frå Herøy,
Vanylven, Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid – i tillegg til Sande, sjølvsagt. Ingen
kulturinteresserte på ytre søre Sunnmøre har unngått å få med seg gjetorda som går om Feel It Dinnershow, og
derfor står folk i kø når billettane blir
tilgjengelege på marknaden. Dei fire
framsyningane var utselde same dag
dei blei lagde ut, sjølv om det var ein
herleg, varm sommardag, og ein skulle
tru at folk var meir opptekne av kva dei
skulle kjøpe inn til grillkosen.
Stor spennvidde
Aldri har showet vore betre, med musikalske høgdepunkt der det nærast blir
umogleg å plukke ut eit enkeltnummer
som overgår dei andre. Sjølv om det er
veldig fint når blåserekka er på plass
og gir fullt trøkk i ein groovy blueslåt,
til dømes, så er det bra for konserten at
det kjem nokre nummer av det «stillare»
slaget, og vi kan konsentrere oss om å
nyte den nydelege teksten og vokalprestasjonane i til dømes Ka e du redd for.
På landsbyhuset på Larsnes er Karoline
Krüger og Sigvart Dagsland bytta ut
med Laila Fjørtoft Sandanger og André
Leikanger, men det høyrest like fint ut,
berre så det er nemnt.
Herleg lyd og lys
Underteikna fekk høyre at lyden hadde blitt endå eit hakk betre frå fredag
til laurdag, utan at lydmann Jogeir
Haanes hadde gjort nokon feil første
kvelden heller. Lyset blei styrt av Stein
Are Smoge, godt hjelpt av Marianne
Brune Leikanger og Kevin Søvre Myklebust, som styrte kvar deira gigantiske,
dynamiske følgjespot. Det er berre slik
at den heilproffe gjengen heile tida er
* I ein dynamisk og spennande scenografi var det også rom for å ta seg ein tur ute
blant publikum.
ute etter å forbetre det som forbetrast
kan, og alle er i så måte med på å drage
lasset i rett retning.
Utvida produksjon
I år prøver gjengen seg også med ein
matiné, og på nyåret er dei tilbake med
fire nye dinnershow-kveldar. Billettane
til desse er enno ikkje lagde ut, men det
er rett rundt hjørnet, får vi vite, så her
gjeld det å vere observant, om du vil få
med deg godsakene.
Kapellmeister Håkon Vestnes, med sin
karakteristiske hatt, er den som hovudsakleg introduserer låtane, og serverer
små, men viktige introduksjonar til
låtane vi får høyre. «Viktige» skriv eg,
fordi informasjonen kjem på muntert
vis, med sjarm og ein lun humor som
er med på å gjere atmosfæren varm og
inkluderande.
Heilproft - frå A til Å
Ute i god tid, som underteikna var, fekk
eg sjå litt av førebuingane. Allereie ved
Harald Sætre sin gjennomgang av detaljane knytt til skjenkeløyvet og branninstruksen reiser nakkehåra seg. Det
lyser autoritet på same tid som det er
ein ekte gjensidig kjærleik mellom dei
frammøtte i dugnadsgjengen, der eit
* Arnhild Bjerkvik og Laila Sandanger i
duett på ein Joe Cocker-song.
avsluttande «Lykke til folkens!» – før
det heile brakar laust – blir så mykje
større og mykje vakrare enn ein utanforståande kan forestille seg.
Gjort med kjærleik
Derfor er det også rørande å få med seg
detaljane i det som blir levert, ikkje
berre frå scena, men frå kjøkkenet, og
ikkje minst smila frå alle dei involverte.
Dette er dugnadsinnsats som blir utført
med den største varme og velvilje, for at
du og eg ikkje berre skal ha det bra, men
oppleve kvart sekund som eit eventyr.
For her går fem timar så altfor fort; når
vi går ut etter alle dei magiske augneblinkane skjønar vi ikkje at vi har vore
der så lenge, i det nesten litt beskjedne
landsbyhuset. Tid, stad og rom – det
kjennest vektlaust og fritt for friksjon,
alt er blitt opphøga i glede og kjærleik.
Gourmetoppleving
med noko attåt
Uansett kven du får som «naboar» ved
langbordet der du sit, så vil du sjå store
og smil og høyre takksame kommentarar utover kvelden. Aldri har eg opplevd
ein flottare, kulare konsert i Sande, og
aldri har eg smakt ein betre samansett
fire-rettar på ytre søre. Starter’en med
* Fantastisk hovudrett – torskeloins med
oksehaleragu.
VESTLANDSNYTT
TYSDAG 11. NOVEMBER 2014
* Ekstranummer til ståande, taktfast
applaus frå eit entusiastisk publikum
laurdag kveld. Gjetordet går vidare om
det spesielle konseptet og kulturtiltaket
i landsbyen Larsnes.
sjølve!
salma à la Feel It, fasansuppe til forrett, torskeloins med oksehaleragu til
hovudrett og riskrem med blåbærsaus
til dessert – med handplukka vinar til
kvar av rettane – var eit herleg eventyr i seg sjølv, servert av hovmeister
Kari Johanne Skarmyr, og laga med
stor kjærleik av kokketrioen Tor Egil
Gulbrandsen, Erlend Sætre og Tormod
Ekroll.
Men servert i ein musikalsk kontekst,
så smakar det heile sjølvsagt endå betre. Uttrykt på ein annan måte, så blir
summen for totalopplevinga høgare enn
verdien av enkeltelementa. Den som
har opplevd Feel It Dinnershow kan
stedfeste bristen i det reknestykket.
Repertoaret
1. avdeling
Out in the fields
We built this city
Play that funky
Crazy little thing
2. avdeling
Let me entertain you
Africa
Ka e du redd for
Paulsen på kvar sin trompet.
Mellom dei fire musikalske avdelingane blir publikum vitne til ein dugnadsinnsats som er så drilla og velsmurt i alle ledd, at vi sit der og kjenner
oss som prinsar, prinsesser, kongar og
dronningar – heile gjengen. Når du er
forsynt og smilet ditt er endå breiare
enn før, er du klar for meir underhaldning. Og det varer ikkje lenge før du får
det. På ein skjerm les du at neste avdeling – eller sett, som dei gjerne kallar
det – startar om tre minutt. Der finst
ingen dødpunkt undervegs, og du får
aldri tid til å kjede deg, og det kjem heller ikkje snikande ein tanke om «no må
eg sjå og kome meg heim». For det er på
landsbyhuset Breidablik det skjer; det
er der du vil vere.
Fantastisk ensemble
Arnhild Bjerkvik, Laila Fjørtoft Sandanger, Trygve Sætre og André Leikanger gjorde alle ein kjempejobb som
vokalistar, godt hjelpte av Tor Helge
Lillebø på gitar, Arnstein Furnes på piano – i tillegg til kapellmeister Vestnes,
altså – John Magne Løvberg på bass og
Stig Arve Slettestøl på trommer; samt ei
eksepsjonelt flott blåserekke – Susann
Worren Hauge på saksofon, Marlén
Hauge Knotten på trombone, og trekløveret Guro Rovde, Harald Sætre og Rune
Strålande dugnadsinnsats
Heile vegen er det så presist og flott,
nettopp fordi dugnadsinnsatsen aldri
stoppar opp. Dei jobbar kontinuerleg, og
alt er «tima og tilrettelagt», nesten like
presist som låtane som blir levert frå
scena. Skjønt, dei vandrar gjerne opp og
ned trapper og plasserer seg nede blant
publikum også, vokalistane, og gjer sitt
til at dei som sit lengst unna ikkje føler
seg «gløymde».
* Herleg blåserekke – Susann Hauge, Marlén Knotten, Guro Rovde, Harald Sætre
og Rune Paulsen.
11
Groody groody
Where to touch you
Blues in the night
Ain’t that peculiar
3. avdeling
In the mood
Movin’ time
Dancing in the moonlight
Kvilelaus
Prison
Rosanna
You can leave your hat on
Good girls gone bad
4. avdeling
James Bond-kavalkade
Livin’ la vida loca
Splitter pine
Attitude dance
Show must go on
We feel it
Wish you well
Sceneriggen er eit kunstverk i seg
sjølv, der alle medverkande er synlege
for publikum. Det er ikkje få dugnadstimar som har gått med for at du som har
løyst billett skal få valuta for pengane
og skikkeleg «Broadway-feeling». Feel
It-gjengen har fått med seg heile Larsnes og omegn på dugnad for å skape ein
verdig setting, og vi saknar faktisk ikkje eit kulturhus i 100-mill-klassen når
ting blir gjort med kjærleik på denne
måten.
Aller sterkast på innhaldet
Fasilitetane er nemnde. Det er innhaldet i «pakken» som framleis er det viktigaste. Og her er det ingen som kan ta
frå Feel It-gjengen og medhjelparane
deira at dei, saman, leverer Sunnmøres
desidert beste dinnershow. Ekstremt
høg kvalitet heile vegen – både kulinarisk og musikalsk. Velbekomme!
– Det har vore svært god stemning på
dei to første dinnershowa våre, og vi er
spennklare for resten. Vi har nokre ledige billettar til våre januarshow , men
det minkar jamt og trutt, så ver tidleg
ute, kommenterer Håkon Vestnes.
* Vokalkvartetten i trappa. Dei gjorde
ein kjempejobb som vokalistar. Dette er
Trygve Sætre, Arnhild Bjerkvik, André
Leikanger og Laila Fjørtoft Sandanger.
På dinnershow:
Gunnar Wiik
* Feel It hadde funne plass til eit countrynummer denne gongen. Gjengen kosar seg
med å gi seg sjølve nye musikalske utfordringar. Her ser vi utsikta til karane ved
miksepulten, der Jogeir Haanes og Stein Are Smoge styrte høvesvis lyd og lys.