Referat frå møte i porteføljeutvalet på Fylkeshuset i Arendal fredag

Download Report

Transcript Referat frå møte i porteføljeutvalet på Fylkeshuset i Arendal fredag

Referat frå møte i porteføljeutvalet på Fylkeshuset i Arendal fredag 12/9 2014
1400-1600.
Tilstades:
John G. Bergh,leiar
Åsmund Lauvdal, Svein Skisland, Svein Ove Nepstad, Tallak Hoslemo, Willy Hægeland, Inge Hurv,
Torbjørn Haugen, Stein Schanke, Arne Tronsen.
Det var ingen merknader til innkalling og saksliste.
Referatet frå møte 11/8 2014 vart godkjent.
Torbjørn Haugen orienterte om kraftmarknaden på kort og mellomlang sikt.
Stein Schanke gjekk gjennom rapport krafthandel Aust-Agder og rapport krafthandel Vest-Agder.
Arne Tronsen opplyste at det har vore ein feil i rapporten når det gjeld simulering av inntekter for
den usikra posisjonen- dette er no retta.
Rekneskap 2014- status pr 1/9 d.å- Arne Tronsen orienterte. Driftsutgiftene for 2014 synest å bli på
kr 7.750.000 eller om lag kr 850.000 høgare enn opphaveleg budsjett- Dette skuldast i
hovudsakstyrking av administrasjonen i samband med utviding av selskapet sin virkekrins og
eingongsutgifter knytt til dette. I tillegg til dette kjem dei direkte betalbare kostnadene med
implementeringa av konsesjonskraftvolumet frå Vest-Agder inn i vår sikringsportefølje . Det vil og
kome meirkostnader knytt til kontraktstingingar og sjølvkostutrekningar.
Meirkostnadene kan dekkast gjennom innbetaling frå Statkraft i samband med rettssak vedrørande
Saurdal pumpekraftverk alternativt gjennom inntektsføringa av delar av driftsfondet.
Inntektsanslaget ser ut til å halde, sjølv om selskapet taper om lag ein million kr på trading dette året.
Dei betalbare meirkostnadene vedrørande Vest-Agder skal periodiserast og belastast inntektene som
konsesjonskrafta frå Vest-Agder genererer i 2015.
Implementering av konsesjonskraftvolum frå Vest-Agder og vidare sikring hausten 2014.
Sikring 2015- deltakarane frå Vest-Agder er opptekne av ei pårekneleg inntektsprognose for
budsjettåret og ber om at dette behovet vert vektlagt av administrasjonen i KIKS.
Arne Tronsen opplyste at sikringsgraden pr. dato ligg noko høgare enn snitt sikring i
implementeringstrategien, men det må sikrast opp mot 90 % før det er mogeleg å sende ut ei sikker
innteksprognose. Sjølvkostvurderingane er ikkje ferdige for Mandalsvassdraget.
På bakgrunn av drøftingane i møtet vart det gjennomført ytterlegare sikring av 3 MW på år 2015.
Dagleg leiar vil take omsyn til risikobiletet i kraftmarknaden og deltakaranes behov for påreknelege
inntekter samanhalde med dei til kvar tid faktiske noteringane på NasdaqOMX for vedkomande
produkt.
Avsetting til reservekapital Vest-Agder.
Møtelyden legg til grunn at målsetting om 50% reservekapital og bør gjelde for deltakarane frå VestAgder og den årlege avsettinga bør ligge på om lag 5%. Dagleg leiar vil take dette inn som ein
budsjettføresetnad for 2015.
Program for seminar og styremøte 9 og 10. oktober- Sølvgarden på Rysstad.
Det er lagt opp til middag for porteføljeutvalet og styret klokka 1900 den 9. oktober.
PFU held møte frå 0800 til 0900 den 10. oktober og styremøtet startar klokka 0900.
Eg viser til vedlagte program.
Valle 18/9 2014
Arne Tronsen
Dagleg leiar
Referatet sendt dei som var tilstades.
Bjørgulv Sverdrup Lund
Anne Liv Lidtveit