ÅRSMELDING 2014 - Fjell Idrettsråd

Download Report

Transcript ÅRSMELDING 2014 - Fjell Idrettsråd

ÅRSMELDING 2014
Fjell Idrettsråd har i 2014 bestått av desse medlemmane: Anita Heggholmen (Nest Sotra Fotball),
Brita Engeseth (Nordre Fjell IL ) Jan Kåre Mathiassen (Sotra Golfklubb), Siv Øye Carlsen (Sotra
Sportsklubb), Jacob Ihlen (Straume karateklubb), Åge Landro (Ran Seilforening), Bjørn Terje Olsen
(Bjorøy I.L), Kristine Lundekvam (Sotra Turn & IL), Jon Olav Hesjedal (Nordre Fjell IL ), Mikael Tangen
(Sotra Volleyballklubb).
I tillegg har det møtt representantar frå UKS Ungdommens Kommunestyre: desse har vore Charlotte
Nilsen, Preben Moldøy og Jørgen Snekkevik. Kommunen sin representant i FIR har vert ivar Einarsen.
Fjell Idrettsråd har hatt møter kvar første onsdag i månaden, med unntak av juli månad. Vi held stort
sett til i Sotra Arena, men har også til dømes hatt møte hjå Ran Seilforening i løpet av året som er
gått.
Samarbeidsavtalen med Fjell kommune er ferdigstilt og ligg til handsaming i kommunen. Denne vil
først vere formell etter at den er politisk handsama. Idrettsrådet opplever at kommunen ynskjer å
vere i tettare dialog om saker som gjeld idrett og vi har vorten invitert med på fleire prosjekt i regi av
kommunen. Eksempler på dette er:


Trygg i Fjell – eit pilotprosjekt som går ut på å avdekke og handtere mobbing i alle arenaer i
Fjell kommune, også i frivillig sektor. Det er no starta opp eit arbeid i to klubbar, NS/NF og
SSK. Desse klubbane skal gjennomføre pilotprosjektet, før det kan implementerast i andre
organisasjonar. Fir er representert i dette arbeidet.
Tilbod til born/ungdom med ulike behov: Kva tilbod har vi? Korleis kan dette utviklast? Dette
er også eit prosjekt under arbeid, og FIR har ein representant med her.
Sotra Arena har også i 2014 tatt mykje møtetid, både for Fir, kommunen og SSK. Det er utfordrande å
drive ein slik hall, og det dukkar stadig opp temaer som må diskuterast og handsamast. For første
gong er det utbetalt midler til idrettslaga frå inntekt til Sotra Arena. Ca kr 108000 vart fordelt og
betalt ut i desember 2014. FIR ser i desse dagar på om fordelingsnøkkelen for desse midlane, og vil
kome tilbake med eit forslag på dette når det er klart.
Fjell Idrettsråd hadde 4 representantar på Idrettsrådskonferansen, og vi hadde innlegg på korleis FIR
arbeider i Fjell. Dette var både ei kjekk og nyttig deltaking, kor vi fekk gode innspel frå andre
idrettsråd på korleis dei arbeider.
Ellers er FIR delaktig i fordeling av treningstider og LAM-midler, samt andre tilskot som kommunen
fordeler. Dessverre er det ikkje alltid at FIR får sakene tidsnok, grunna sein sakshandsaming i
kommunen. Det er heller ikkje alltid vi får svar på brev vi sender til kommunen, sjølv om det har
betra seg litt i løpet av 2014. Vi vil likevel stadig minne kommunen på dette.
FIR har fått tilbakemelding frå idrettslag som nyttar Sotra Arena at vi må sjå på om det er
formålstjenleg å leige ut arenaen til kommersielle formål. Desse utleiga fører til tapt treningstid for
idretten, og ein må sjå på om overskotet av inntekta, som skal gå til fordeling til laga, står i høve til
kor mykje treningstid som går tapt. Dette er under arbeid.
Vi ser at utfordringa vår er å følgje opp medlemmane våre slik vi skulle ynskje at vi kunne, og at dette
er noko vi må arbeide med framover.
Anita Heggholmen, Leiar